Er alarmen framleis på?
Eg fekk svar 08:54 i dag 24.02.2017
YES
Solid arbeid? Ein gong i mai 2015 hadde me ubedd besøk til Villa Felizia. Taket over cisternen vart bretta til sides som skulle det ha vore lokket på ein boks makrell i tomat.
Ingenting å seie på innsatsen frå dei ukjende. For å gjere det litt meir solid enn det var då me kjøpte eigedomen, vart det lagt på panelbord som hadde gjort teneste nokre år først ved Villa Serena. Underteikna stod for riving, Livar tok seg av kapping og opplasting på ein vaklevoren trehjulsmopedlastebil. Levande bilete frå Ape-transporten av takbord.
Når bare taket var rydda og takbjelkane kom til syne, kunne takborda over Livar og Sofie sin veranda få nytt liv som undertak over cisternerommet/skuret vårt.
Fekk akkurat melding frå VigilNova:
Tentativo di furto in C/da coltura, non sonio riusciti ad entrare la guardia è intervenuta in poco tempo.
Cordiali saluti
Eg meiner på at det skal bety noko slikt som:
Forsøk på innbrot ved Cda Coltura, ingen klarte å kome inn vakten braut av etter kort tid.
Ved siste høve var der bare magnetkontaktar på kvar av dørene. I sommar vart det installert infrarød sensor, men kva som har slått ut er det vanskelig å vita. Alarmen har gått av, og det er vel det viktigaste.
Ser mest ut som her skulle ha vore ein jekk innblanda. Heile taket er så langt eg kan sjå løfta opp og har tatt med seg ei remse av muren. Ikkje lett å vurdere omfang av skaden bare ut frå nokre bilete tatt i mørket. Ser i grunnen ikkje så heilt galt ut. Noko bry er det jo, men så lenge ingen har vore inne i sjølve huset skal me ikkje klaga. Syta litt får me vel lov til, men klaga: Nei.
Pengar til vakstselskap er vel investerte pengar. VigilNova har sett stoppar før for innbrot og gjev sjølv grunnlag for gode attestar etter vel utført arbeid.
Fekk meldinga frå dei klokka 20:06. Såg vel melding rundt klokka 21 og sende då nokre oppfølgingsspørsmål. Klokka 22:02 kom svaret:
Salve, grazie per la risposta.
Siamo certi che i ladri non siano entrati nel capannone.
Pensiamo sia un'ottima idea quella di far riparare da qualcuno il danno. In questo modo possiamo prevenire danni causati dalla pioggia e l'intrusione di animali.
In ogni caso fateci sapere le vostre decisioni.
Cordialmente
Cordiali saluti
Eg har gjort eit solid arbeid på taket.
Tjuvane har gjort eit solid arbeid i forhold til muren.
VigilNova har gjort eit solid arbeid med å stoppe tjuvane.
Du kan ikke bare henvise uten dokumentasjon.
SvarSletthttps://goo.gl/photos/GfRwfgmxNDb4bMtAA