Translate

lørdag 11. mars 2023

Romantikk på båten

Me ville prøva noko nytt denne gongen på veg sørover til Villa Felizia. Romantika ville ta oss med frå Kristianand til Eemshaven nord i Nederland. 

600 km mindre å kjøre har ikkje så mykje å seie når heile turen ifølgje Google Map kjem på 2900 km. Å sove ei natt medan båten tok oss frå Kristiansand til Eemshaven  med innlagt fin middag på kvelden og fin frukost på morgonen, det tenkte me kunne vera bra. Prismessig fant me vel ut kostnad på reise via Nederland var omtrent det same som ved den tradisjonelle  ruta gjennom Danmark.  Me hadde blinka oss ut Weil am Rhein som passe plass for ei overnatting. Dagen etter ankomst der tenkte me å besøke 3 land på same dag til fots, Tyskland, Sveits og Frankrike møtes der.

Rettnok ikkje i ei treriksrøys (Norge, Sverige, Finland), men i eit punkt midt ute i Rhinen.

Eg er sjeldan vond å vende, skiftar meining rett som det er.  Båten som går til Nederland er sikkert fin den, men etterkvart har me teke til å tvile på om me vil kome dit. Det har seg nemlig slik at Romantika ikkje alltid slepp til kai i Eemshaven. Der er rett og slett ikkje plass å legge til kai for den gamle Østersjøfararen som seilte for Tallink før den hamna i Nordsjøtrafikk. Det har nå ført til ei rekke av kanselleringar. Akkurat nå i skrivande stund ligg båten til kai i Kristiansand etter det appen Marine Trafic fortel.Sist helg hadde dei 3 kansellerte seilingar, kva det blir til denne helga veit eg ikkje. Treng ikkje vite det heller, for nå har me nytta oss av Flexbilletten der me utan utgifter har bedt om å få utgiftene våre refundert. Det var rettnok sagt frå rederiet si side at dei rekna med å ha orden på kaitilgang i løpet av 6 til 8 veker. Då har me alt kome til vårt avreisetidspunkt, og eg er redd for det fort kan ta meir tid enn det optimistane i rederiet antek.

Det blir Superspeed for oss denne gongen. FjordFSTR har me prøvd ein gong, og var slett ikkje overbevist. Den går fort, men komforten blir deretter. Er ein glad i mat, så har det også litt å seie kva drivstoff sjåføren blir presentert for ombord. På FjordKatt fekk ein buffet som faktisk var ganske så god. På nybåten valde me servering som me trudde var tilsvarande buffet. Men det me fekk var noko putl av mat som ikkje sat i lenger enn til avkjøringa til Hjørring. Skal me først betale for matservering over Skagerak, må me helst få noko me kan kjøre til Tyskland på.  

Booking.com er ein fin plass å vitja når ein skal ut på tur. Me er slik laga at me veit nokså godt kor langt me kan kjøra pr dag. Då er det lett å ha klar bestilling på overnatting der det trengs. Denne gongen peisar me på til Peiβen. H+ hotel har hyst oss før, og tilbyr oss både seng og frukost før ferda går vidare sørover til Affi. Me har nokre venner som har snakka så vel om Affi at det ville me og prøva når L,Upupu i Bussolenga viste seg å vera opptatt. Affi ligg bare på andre sida av autostrada ikkje langt frå Verona. Lørdag går med til turen langs heile Italia, frå sør til nord langs Adriaterhavskysten.Der er fleire vilkår for denne turen vår. At me framleis er eigarar av huset er ikkje mellom desse vilkåra, for der er me ganske så sikre. Det tek tid i Italia å bytte eigarar på hus. Meir enn dei 40 dagane til me er der. Huset er i utgangspunktet ganske rimelig, rett og slett enkelt. Det har likevel den komfort me har bruk for i form av 2 bra soverom, bra flislagt bad til begge soveromma og eit for 10 år sidan godt og enkelt Ikeakjøkken som dekker dei behov me har. Huset ligg noko einbølt til, men har nå ikkje hatt så mange fleire ubedne gjester enn andre hus som ligg i meir etablerte naboskap. Huset er ikkje eigna som heilårsbustad. Kunne kanskje gå med jamn fyring med eigenprodusert ved. Slik tidene er pr idag har eg lite tru på salg til engelskmenn, nederlendarar, belgiarar eller tyskarar. Folk som vil ha eit hus i vår prisklasse, trur eg ikkje er dei som legg pengar inn i eit hus i utlandet nå. Til det er dei økonomiske tilhøva i Europa for usikre.Men me får bare innrette oss etter røynda. Klarer ikkje dy meg, eit lita politisk ytring må til. Det er i allefall ikkje Støre som står bak problema i Europa, sjølv om ein kan få inntrykk av at han står bak alt som er ille her heime. Slik eg tolka Erna på radioen i går , har ho same meiniing. Store internasjonale straumingar gir den situasjonen me har nå når det gjeld økonomi var det eg fekk ut av intervjuet ho gav i samband med boka ho har gitt ut.

Om ein snau månad er kontrakten med meglar over. No cure, no pay. Skulle nokon ganske så uventa visa interesse for Villa Felizia, får dei jaffalt venta til me har blitt ferdige med vårt første opphald ein gong i siste halvdel av juni.

Det kan fort bli ein blogg eller to eller fem vidare framover slik det ser ut pr i dag. 26.april tek me ut, med open retur, truleg rundt 15.juni. Me ser fram til fine veker med passeleg temperatur. Må jo medgi at over +40 gr det blir i meste laget. I juli og august må me i det minste rekne med periodar med så høg eller høgare temperatur. Etter 10 år har me funne ut at april og mai og september og oktober er beste tida for å nyte livet på campagnaen. Men så er det først nå etter 10 års eigarskap at både Anne Marie og eg er pensjonistar og kan styre kalenderen som me vil.