Translate

tirsdag 24. januar 2017

Slutt på denne dosen av Puglia


Varmtvannsbereder av, stengt vanntilførsel oppvask og vaskemaskin, slått av utekontakt, slått av pumpe dagtank, slått av pumpe brønn, låst og slått på alarm, låst porten. Kva viktig kan eg då ha gløymt tru?

Cappuccino i Brindisi må vel vera ein fin måte å avslutte vinterveka i Puglia.  Reiste litt tidleg inn til byen for å få tid til ein god trimtur. Men der var brått veldig mange andre som og var på trimtur, eller var det kanskje noko anna dei var på?

Først stoppa trafikken heilt opp, så vart rekkja med bilar bare ståande. Det var midt i tida for skulestart og mange både born og ungdommar var på veg til skule. Ettersom det drog ut fekk eg lirka bilen inn på ein ledig plass, i Italia er det ofte mange «ledige» plasser om ein ikkje er så nøye på det, men min plass var ein heilt forrektige parkeringsplass.  Blålys der framme i gata varsla ulukke for min del. Mange oransje jakker sa meg at det var ryddemannskap, men då eg kom nærare såg eg at det var ein demonstrasjon.

Cobas heitte organisasjonen. Eg trur det kan ha noko med kommunen å gjera. Får sjekka når eg kjem heim. Det vart ein kopp cappuccino på meg, og skulle eg betalt det same som heime hadde eg fått 3 eller 4 koppar for same sum.

Innlevering av bil var neste post på programmet. Eg trur om meg sjølv at eg for det meste er ein fredens mann. Etter italiensk målestokk var det kanskje det eg var og, men sjølv syns eg eg tok godt i. Kva eg lira or meg hugsar eg ikkje heilt nøyaktig, men eg fekk då sagt at slik eg ser det er det eit problem når Nettfirma presentere ein pris, med tydeleg beskjed om kva som skal betalast når ein hentar bilen. Når summen som blir belasta ved henting er meir enn dobla, då likar eg det ikkje.   
Elles var bilen Ok den. C3 Picasso, den må ha hatt brukande stor motor for den for fort avgarde på motorvegen, mykje fortare enn Audien. Einaste gale med sjølve bilen var ei skrape på framskjermen, men den fekk heldigvis ikkje fylgje av fleire dei dagane eg hadde bilen.  Ser du godt etter ser du min form for selfies også.


Hadde tenkt ein enkel lunsj i Roma på Fiumicino, men den gang ei. Hadde meir enn nok med å følgje med på kva Gate eg skulle reise frå. På ombordstigningskortet stod det B9, det vart skifta til B10. Ikkje så lenge etter kom det ny beskjed, nå B18. Der var innsjekkingspersonalet på plass, klar for å starte innsjekking. Men ho måtte flytte på seg ho med. B20 var Gaten eg forlèt Roma frå.
Svolten som eg var etter 9 timar utan mat, var det mest som eg fekk nytt mot då kabinpersonalet kom med traller.

Eg er såpass utskjemd at får eg ikkje mat innan 4 timar sidan sist, då vert eg rett og slett ofte sur. Eg vel å tru at det er kroppen som seier frå om noko.  Maten om ein skal kalle det det, var lite å skryte av. Eg har aldri prøvd å ete svamp, kanskje av den litt faste typen slik me hadde som tavlesvamp på skulen. Oksefilet, seig som eit fiskesnøre var pynten på det vesle rundstykket. Kaffi og cola var av beste merke.
Eit anna like sterkt behov som mat er trongen til å gå på do i alle umulige og mulige situasjonar.  Urgency bladder kalla urologen det. Ikkje farleg, men ikkje veldig behagelig når doen er heile 10 meter unna og trongen kjem over meg der og då. Taxfreehandelen i Stavanger gjekk fint, men å halde begge beina samstundes på bakken baud på problem. Godt det fins ein do rett til venstre når ein kjem ned trappa der bagasjebanda leverer frå seg innhald frå flybuken. Treng heldigvis ikkje vase med slikt som innsjekka koffert, kort prosess, inn til venstre og så ferdig med det.

Illustrasjonsbilete. Som mann klarer eg bare ein ting om gongen, og då var ikkje kamera det som vart prioritert denne gongen.

søndag 22. januar 2017

Pumper pumpar som dei skal

Det gjekk ganske så fort å konstatere at vatn og pumper var OK. Utekranane hadde fått tid til å tine om dei i det heile tatt hadde frose. Ingen skade skjedd med andre ord. At eg fekk meg ein tur til Puglia kan ein gå stille forbi.  Ein så liten dose, bare ei veke, gjer likevel underverk. Eg trur eg skal klare å leve på denne veka fram til neste Puglia tur.

Pr i dag 22.januar  er det 65 dagar til eg set meg i bilen for å leggje bak meg dei 2592 kilometrane Google Maops fortel at eg skal kjøre. Det vart eit bilskifte som tok i november og som blir ferdigstilt i mars. Audien, som me utskjemte nordbuarar ikkje stort orka å kjøre med sist sommar på grunn av varmen, har kome eit hakk nærare heitare saker. Den står nå i gardsrommet heime på Vigrestad og ventar på å bli kjørt til Knoxen. Startmotoren var det første som tok kveld, og me hadde bestemt oss for at noko særleg utlegg vil me ikkje ta. Den trillar godt i gang, men det vil vera skrekkelig oll om ein alltid skal passe på å parkere i nedoverbakke. Det blir vel armeringsjern eller spiker av den i neste liv, og då tenkjer eg det blir meir varme enn det den opplevde i Puglia, den skal vel smeltas om.

Skoomsteren (langform av Skoda Roomster) passar vel så godt her nede. Smalare, kortare, høgare og ikkje minst kjøligare enn Audien. Og så er det vel greitt å få eksportere ein av dei forhatte dieselbilane, ein av dei bilane nokre meiner det var Stoltenberg & Co som fekk lurt meg til å kjøpa. Her går det helst endå meir i diesel enn heime. MDG ser ikkje ut til å ha forgreiningar hit.

Nå må ingen misforstå meg, men i mangel av puglianarar frå Rogaland å besøke, har eg måtta klare meg med det aller beste. San Vito, Leporano, Brindisi, Locorotondo har alle skattar det er vel verd å ta vare på.  Kjekt å sjå innom folk eg har kjent lenge og folk eg ikkje har kjent så veldig lenge. Godt drøs er ikkje meg imot.

Litt meir enn nyting måtte eg helst og få til. Pussing av benkeplate på kjøkken var nødvendig i det minste av estetiske grunnar. Det vart ganske fint, men ikkje alle svarte ringar gjekk vekk. Eit fint fat oppå verste flekkane, så ser det godt ut.
Klipp av pelargonia, spanske margaritter, og litt greinklipp frå trea ut mot vegen. Eg fekk tid til det og. 

Siste lekk i programmet er å hugse å slå av straumen til pumpene.
Denne er jo ganske oppi dagen eller rettare sagt oppå stoveveggen. Meir enn ein gong har vatnet forsvunne på grunn av at ein eller annan skulle slå av lyset. Får ikkje pumpa i dagtanken straum, blir ho ganske vrang. Nektar rett og slett å gjera noko som helst, og kosar seg sikkert når førstemann som skal ha vatn prøver eg med å opne ein krane utan at det kjem noko som helst.
Denne brytaren er det ingen som tek feil av. Inni eit kjøkkenskap styrer den brønnpumpa som er plassert 135 meter ned i bakken. Litt meir avansert enn bare av/på. Kan velje mellom manuell og automat. Best med automat for då stoppar og startar pumpa sjølv. Elles var det denne eg var mest redd for. Reknar med at Euroane vil rulle ganske mykje fortare enn dei rullar når ein tek turen til Taverna di Pascalone, Broadway, Locanda di Nonna eller Il Brigantino.  Om det blir ein av desse eg skal nyte i kveld veit eg endå ikkje. Kanskje det blir slik, kanskje det blir noko anna. God mat er ingen mangelvare her sør på hælen av støvellandet.

Det var godt med denne dosen av Puglia. Tek gjerne ein slik spontan snartur fleire gonger, men då treng eg kanskje hjelp med å finna gode nok påskot. Påskot som kan seljast inn med stor nok tyngde opp mot besluttande myndighet.

mandag 16. januar 2017

Lettlurt som få?

Ho eg er aller mest glad i, held meg bortimot for narr når eg plent må ha med eit bilete frå flyturen sørover til Puglia.  Ho burde vite meir enn godt nok kva slikt fører til.

Då planane om å gje meg sjølv ein tur til Puglia, som ein litt forseinka julepresang, kom opp i skallen, då vart spørsmålet om bil også aktualisert. Sidan Pugliabilen vår står parkert i gardsrommet i Helmikhølen 5, måtte eg på markedet for å finne kjøretøy for denne veka. Utruleg kor lettlurt ein kan vera. Du betalar i forhold til det du får. GOLDCAR fekk eg bilen frå og formidling av leigeavtale stod Economy Car Rentals.  Komfortabelt for lommeboka like til eg stod der framfor desken og fekk presentert kva eg ville få for betalt Voucher.
Bil har eg, men ikkje trur eg at eg nokon gong vil bruke desse om eg skulle trenge bil i eit anna høve. Klagebrev er sendt til Economy Car Rentals.

Vel framme var det sjølvsagt Taverna di Pascalone som måtte få eit besøk. Det slår aldri feil, biffen der er utruleg god. Passe grilla, mør som smør og krydra ganske diskre, slik at kjøtsmaken kjem tydeleg fram. Tiramisu på Meggi sitt vis fyller opp dei holroma i magen som måtte vera att etter hovudretten.

Frukost fann eg i kjøleskap og frysar. Terje sitt blåplommesyltetøy smakar godt og gjev gode minne. Sist me i Hauskenfamilen hadde nokre mål land med tre på, det var barndomsheimen av far på Finnøy.  Blåplommer derifrå vart alltid til blåplommesyltetøy i mor sine gryter. Smaken på Finnøyplommer og Pugliaplommer er mest akkurat den same.  Saman med rundstykka høyrer det kaffi til, og i EINSEMDA her blir det Pc-en som er frukostlaget. Væske og Pc er dårleg kombinasjon, men eg er visst litt tungnem på det området.
Det er ikkje noko vinterhus der me held heime når me er i Puglia. Med god vedomn, varmepumpe og eit visst tolmod så er temperaturen i stova slik at det går an å gå i boxeren. Ja, det er jo det ein skal når ein er i vårt eige syden her i Puglia.
Forheng mellom kjøkken og stove vart vidareutvikla med ei sommardyne frå Ikea. Temperaturen er nå 22,1 i stova. På kjøkken er gradene ikkje meir enn 8,9,  så Ikeadyna fungerer fint som ekstra isolasjon. Det blir stova eg lever i.  Sovesofaen var rett så fin å sove på, var redd den skulle vere for hard, men eg fekk bare stadfesta det eg har trudd lenge. Med min kropp og vekt er det betre å liggje litt for hardt enn litt for mjukt.
Ut og gå, så langt i dag 15777 steg eller 12,66 km. Vegkanten gøymer skattar om ein har auge til å sjå.
Eg har og lagt merke til at ugraset i olivenlundane blomstrar i periodar. Nokre gonger i kvitt som her, andre gonger i gult og endå til i røde valmuer.
Klarer visst aldri å slutte å beundre korleis grøftekantane langs med olivenlundane kan bli utnytta. 
På biletet under har dei i det minste sørgd for at sanitærporselenet går ton i ton med fargane der det er etterlate. Er ikkje fint det heller, men det skrik ikkje mot ein på same måte som mykje av det andre som ligg der i kanten av vegen.

onsdag 11. januar 2017

Tur basert på TRU

Kven skulle vel tru at eg tok avgarde til Puglia basert på kjensler og tru. Nå er det gjort. Billettar er tinga og alt søndag førstkomane er det opp i otta for å nå flyet frå Stavanger lufthavn Sola kl 06:55 Privatsjåføren min får ein time lenger i senga enn om flyet hadde hatt avgang så tidleg som mulig kl 06:00. Rutefly får ikkje lov å starte før det.

Til Brindisi kjem eg søndag 15. januar kl 16:30, og når eg har fått meg ein leigebil ber det strake vegen til Villa Felizia for å berga det som bergast kan. Det er vatn eg er redd for. Som kjent utvidar vatn seg når det frys, og det er nettopp det vatnet i Puglia har gjort og gjer for tida.  Eg kontakta nabo Andrea på SMS i går ettermiddag. Han var på jobb, så han bad vaktselskapet VigilNova om å ta seg ein tur for å sjekke om alt var i orden. Det såg greitt ut, men som gode Terje seier: Det er når det tør at eventuelle skader syner seg. 

Under 0 har eg opplevd før på Cda Coltura, men nå har det vore blå grader mange dagar. Eg veit jo at der er tre utekranar, og ingen av dei vart sikra mot frost. Nei har du vel høyrt slikt, tenkt sikra mot frost. Hadde huset lagt på Geilo hadde eg vore ein ekte tulling som ikkje frostsikra før nedstenging for vinteren. Fullt trykk på vatnet, nærast for å sikre at det renn om vassrøyra skulle bli skada. Røyr kan forresten skiftas, ringare med pumpene. Dei kan og skiftast, men då snakkar me om euro og cent. 

Skjematisk forklaring av det som må sjekkast sundag 15. januar.
Lengst til venstre: Borehol 135 rett ned i grunnvatnet. Pumpe (rød) som blir styrt av nivåbrytar i dagtank (grøn)
Dagtank 1500 liter. I denne er det nedsenka ei trykkstyrt pumpe (rød) som startar å arbeide når trykket i vassrøyrane minkar. Pumpa har eigen brytar inne i huset. Denne brytaren er det eg treng å få slått av.
Svart lengst til høgre. Tappekran ute, og dei er det tre stk av. Frys det sundt, tek det til å dryppe når det tinar. Då startar pumpa i dagtanken og når den har tappa ned nivået i dagtanken, gjev nivåbrytar beskjed til pumpa i boreholet at den må fylle på med vatn i dagtanken. Eigen brytar i sikringsskapet regulerer denne pumpa, og sidan den også står på, så trengs det at ein eller annan slår brytaren av. Denne ein eller annan er visst meg.

Om du nå har mista oversikten, gjer det ikkje noko. Heile manøveren er jo eigentlig ein måte å skaffe seg ein Pugliatur på ei tid der ein til vanleg ikkje skal vere i Puglia. Iskaldt hus reknar eg med, men vedomn, varmepumpe, ullteppe og godt mot skal få meg gjennom første natta. Stråleomn på badet må i allefall gjere det mulig å gå på do utan at stråla frys.  Skal ein først ta i, kan ein like gjerne gjere det skikkeleg.

Lite etterspurnad etter leigebilar på denne tida fører til eit ganske rimeleg opplegg med bil. Utleigefirma reklamerer med inkludert kjetting. 

Skal eg tru at alt er bra og held fram med å vera bra, eller skal eg tru at det som kan gå gale det går gale? 

mandag 9. januar 2017

Uoppnåelig draum?

Søt som få.
Den er vel verd ei side i bloggen.    
Ypperste døme på italiensk bruksdesign.   
FIAT CINQUECENTO
Eg har då fått lov å sitje bak rattet i ein. 
Fekk endåtil kjøre litt, både framover og bakover.