Translate

onsdag 11. januar 2017

Tur basert på TRU

Kven skulle vel tru at eg tok avgarde til Puglia basert på kjensler og tru. Nå er det gjort. Billettar er tinga og alt søndag førstkomane er det opp i otta for å nå flyet frå Stavanger lufthavn Sola kl 06:55 Privatsjåføren min får ein time lenger i senga enn om flyet hadde hatt avgang så tidleg som mulig kl 06:00. Rutefly får ikkje lov å starte før det.

Til Brindisi kjem eg søndag 15. januar kl 16:30, og når eg har fått meg ein leigebil ber det strake vegen til Villa Felizia for å berga det som bergast kan. Det er vatn eg er redd for. Som kjent utvidar vatn seg når det frys, og det er nettopp det vatnet i Puglia har gjort og gjer for tida.  Eg kontakta nabo Andrea på SMS i går ettermiddag. Han var på jobb, så han bad vaktselskapet VigilNova om å ta seg ein tur for å sjekke om alt var i orden. Det såg greitt ut, men som gode Terje seier: Det er når det tør at eventuelle skader syner seg. 

Under 0 har eg opplevd før på Cda Coltura, men nå har det vore blå grader mange dagar. Eg veit jo at der er tre utekranar, og ingen av dei vart sikra mot frost. Nei har du vel høyrt slikt, tenkt sikra mot frost. Hadde huset lagt på Geilo hadde eg vore ein ekte tulling som ikkje frostsikra før nedstenging for vinteren. Fullt trykk på vatnet, nærast for å sikre at det renn om vassrøyra skulle bli skada. Røyr kan forresten skiftas, ringare med pumpene. Dei kan og skiftast, men då snakkar me om euro og cent. 

Skjematisk forklaring av det som må sjekkast sundag 15. januar.
Lengst til venstre: Borehol 135 rett ned i grunnvatnet. Pumpe (rød) som blir styrt av nivåbrytar i dagtank (grøn)
Dagtank 1500 liter. I denne er det nedsenka ei trykkstyrt pumpe (rød) som startar å arbeide når trykket i vassrøyrane minkar. Pumpa har eigen brytar inne i huset. Denne brytaren er det eg treng å få slått av.
Svart lengst til høgre. Tappekran ute, og dei er det tre stk av. Frys det sundt, tek det til å dryppe når det tinar. Då startar pumpa i dagtanken og når den har tappa ned nivået i dagtanken, gjev nivåbrytar beskjed til pumpa i boreholet at den må fylle på med vatn i dagtanken. Eigen brytar i sikringsskapet regulerer denne pumpa, og sidan den også står på, så trengs det at ein eller annan slår brytaren av. Denne ein eller annan er visst meg.

Om du nå har mista oversikten, gjer det ikkje noko. Heile manøveren er jo eigentlig ein måte å skaffe seg ein Pugliatur på ei tid der ein til vanleg ikkje skal vere i Puglia. Iskaldt hus reknar eg med, men vedomn, varmepumpe, ullteppe og godt mot skal få meg gjennom første natta. Stråleomn på badet må i allefall gjere det mulig å gå på do utan at stråla frys.  Skal ein først ta i, kan ein like gjerne gjere det skikkeleg.

Lite etterspurnad etter leigebilar på denne tida fører til eit ganske rimeleg opplegg med bil. Utleigefirma reklamerer med inkludert kjetting. 

Skal eg tru at alt er bra og held fram med å vera bra, eller skal eg tru at det som kan gå gale det går gale? 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar