Translate

søndag 22. januar 2017

Pumper pumpar som dei skal

Det gjekk ganske så fort å konstatere at vatn og pumper var OK. Utekranane hadde fått tid til å tine om dei i det heile tatt hadde frose. Ingen skade skjedd med andre ord. At eg fekk meg ein tur til Puglia kan ein gå stille forbi.  Ein så liten dose, bare ei veke, gjer likevel underverk. Eg trur eg skal klare å leve på denne veka fram til neste Puglia tur.

Pr i dag 22.januar  er det 65 dagar til eg set meg i bilen for å leggje bak meg dei 2592 kilometrane Google Maops fortel at eg skal kjøre. Det vart eit bilskifte som tok i november og som blir ferdigstilt i mars. Audien, som me utskjemte nordbuarar ikkje stort orka å kjøre med sist sommar på grunn av varmen, har kome eit hakk nærare heitare saker. Den står nå i gardsrommet heime på Vigrestad og ventar på å bli kjørt til Knoxen. Startmotoren var det første som tok kveld, og me hadde bestemt oss for at noko særleg utlegg vil me ikkje ta. Den trillar godt i gang, men det vil vera skrekkelig oll om ein alltid skal passe på å parkere i nedoverbakke. Det blir vel armeringsjern eller spiker av den i neste liv, og då tenkjer eg det blir meir varme enn det den opplevde i Puglia, den skal vel smeltas om.

Skoomsteren (langform av Skoda Roomster) passar vel så godt her nede. Smalare, kortare, høgare og ikkje minst kjøligare enn Audien. Og så er det vel greitt å få eksportere ein av dei forhatte dieselbilane, ein av dei bilane nokre meiner det var Stoltenberg & Co som fekk lurt meg til å kjøpa. Her går det helst endå meir i diesel enn heime. MDG ser ikkje ut til å ha forgreiningar hit.

Nå må ingen misforstå meg, men i mangel av puglianarar frå Rogaland å besøke, har eg måtta klare meg med det aller beste. San Vito, Leporano, Brindisi, Locorotondo har alle skattar det er vel verd å ta vare på.  Kjekt å sjå innom folk eg har kjent lenge og folk eg ikkje har kjent så veldig lenge. Godt drøs er ikkje meg imot.

Litt meir enn nyting måtte eg helst og få til. Pussing av benkeplate på kjøkken var nødvendig i det minste av estetiske grunnar. Det vart ganske fint, men ikkje alle svarte ringar gjekk vekk. Eit fint fat oppå verste flekkane, så ser det godt ut.
Klipp av pelargonia, spanske margaritter, og litt greinklipp frå trea ut mot vegen. Eg fekk tid til det og. 

Siste lekk i programmet er å hugse å slå av straumen til pumpene.
Denne er jo ganske oppi dagen eller rettare sagt oppå stoveveggen. Meir enn ein gong har vatnet forsvunne på grunn av at ein eller annan skulle slå av lyset. Får ikkje pumpa i dagtanken straum, blir ho ganske vrang. Nektar rett og slett å gjera noko som helst, og kosar seg sikkert når førstemann som skal ha vatn prøver eg med å opne ein krane utan at det kjem noko som helst.
Denne brytaren er det ingen som tek feil av. Inni eit kjøkkenskap styrer den brønnpumpa som er plassert 135 meter ned i bakken. Litt meir avansert enn bare av/på. Kan velje mellom manuell og automat. Best med automat for då stoppar og startar pumpa sjølv. Elles var det denne eg var mest redd for. Reknar med at Euroane vil rulle ganske mykje fortare enn dei rullar når ein tek turen til Taverna di Pascalone, Broadway, Locanda di Nonna eller Il Brigantino.  Om det blir ein av desse eg skal nyte i kveld veit eg endå ikkje. Kanskje det blir slik, kanskje det blir noko anna. God mat er ingen mangelvare her sør på hælen av støvellandet.

Det var godt med denne dosen av Puglia. Tek gjerne ein slik spontan snartur fleire gonger, men då treng eg kanskje hjelp med å finna gode nok påskot. Påskot som kan seljast inn med stor nok tyngde opp mot besluttande myndighet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar