Translate

lørdag 3. april 2021

GOOGLE æ dar tiare enn okke

Ei sanning med visse modifikasjonar rett nok, men siste nytt frå lufta er det. Kvart minste livsteikn er viktig.  Kva er så nytt her i forhold til førre bilete? 
Der bassenget stod utfor treet på høgre hjørne av huset, der er det no bare ei biltemapresennning som skal vere underlag for bassenget når det ein eller annan gong skal setjas opp og fyllas med krystallklart vatn frå eigen brunn.
Skodaen vår, som måtte til Norge for å bli EU-kontrollert, den finn snart vegen sjølv frå tomta vår og ned til Meggie og Pasqalone når den ikkje får vere med oss heim til Norge. Forresten gjekk bilen gjennom kontrollen utan ein einaste merknad.
Her står bilen trygt bak høge murar, her forsvinn ikkje batteriet når kjeltringar finn høve til det. Her blir batteriet tvert om teke vel vare på av Pasqale. Før me kjem nedover brukar han å sjekke tilstanden og lade om nødvendig.

Elles syns eg det er interessant å sjå talet på klikk korleis det aukar:
Pr dags dato er det 98616