Translate

onsdag 12. august 2026

Heim etter 5 dagar

 

Sol og varme får ein fort nok av sommarstid i Puglia. Då er det bare om å gjere å stå opp tidleg nok, før den heilt store varmen slår til. 10000 steg før klokka rundar 7 er brukbart det. Med podcast på øyret, kortbukse og elles ingenting og ein god kjepp i handa til å true eventuelle nærgåande laushundar. Det er ein god kombo for fin start på dagen.
Bilen stod klar for avhenting på C4 på Aeroporto Leonardo Da Vinci Fiumicino Roma. Litt uvant med ein gong i bil ein aldri før har kjørt. Men automatgira Jeep var slett ikkje verst, sjølv samanlikna med heimleg bil. Assistentsystem som varsla både ved fart høgare  enn fartsgrense, for kort avstand til bil framføre og om ein ikkje låg greitt i midten av kjørebanen. Sikkert meir og, men det var det eg fekk med meg. Ettter 2 minuttars kjøring ut frå parkering C4 på Aeroporto Leonardo da Vinci, sto eg plutselig med ein bil både på venstre og høgre side og bare 2 kjørefelt vidare framover. Er nokså sikker på at bilen frå høgres hadde stoppskilt som ikkje vart respektert, men litt  varm rundt øyrene blir ein jo når ein står slik og ikkje straks veit heilt kva ein skal gjera. 

Å stå opp alt klokka 03:30 er ikkje det aller mest behagelig å gjera, men må ein så må ein. Godt då å kunne dele reisa frå Roma til Latiano i to. 
Aggriturismo e B&B Selvanera var midt i blinken for mitt behov. Stille, nokre få kilometer unna motorvegen langs ein smal utrafikert veg. I Italia er det ganske vanlig å plassere hus høgast mulig i landskapet. Her låg overnattingssstaden midt oppå ein ganske smal åsrygg.

Antipasti på kvelden, og det var ekte haimelaga mat av høg standard. Men så altfor mykje for bare ein, ein som var på tur aleine.
Primo var pasta som også smakte godt. Om eg så etterpå skulle gått laus på secondo hadde det nok ikkje gått godt. Er ein overmett smakar ikkje maten lenger godt. 

Druene hang der, godt mogne. Eg hadde kome fram til staden vår, casa a strada senza nome cda Coltura.
Appelsingn eller mandarinen treng visst lenger tid for å bli mogen.
I seinare år har det vorte mindre og mindre oliven på trea våre. Dei gamle og sjuke trea er fjerna. Dei nyplanta ber sjølvsagt ikkje frukt. Men det gjer alle dei mellomgamle trea. I vår var der veldig rik blomstring, då lurte eg bare på kor mykje som ville knyte seg til bær/frukt. Nå fekk eg sjå resultatet. Det er rikeleg. Men om det er rikelig nok til hausting i november veit ein jo ikkje.
Oversikt over mandelhausting fekk eg og. Ingen av trea langs grensa mot nabo Lina hadde mandler til hausting. Fann likevel litt på andre sida, men slett ikkje i nærheten av mengda som skal til for å levera til knekking med maskin. 
Litt nyttig verksemnd vart det og tid til. 
Bommen har bare fått ein omgang med farge sidan me kjøpte i 2012. Nå var det på tide med eit nytt strøk.
Gitterporten frå 2017 i galvanisert stål fekk sitt første strøk med farge.
Innimellom slaga fekk eg dyppa lekamen i svalande vatn. Livet i heten blir fort veldig mykje meir behagelig om ein kan ordne seg ein tur i de våte element.
Frukost i hengestolen i skuggen umder den store sypressen i tunet vårt. Det gamle tuntreet som gav rikeleg med god skugge heile dagen vart heftig kupert når dei andre gamle oliventrea vart fjerna. Nå veks det rett nok ut nye greiner, men så langt er trekrona ganske gresen.
Barodontalgi er slikt ein ikkje vil har så mykje nærkontakt med, men der kom det. Etter murring sidan ankomst Roma oppsøkte eg apotekeren i San Michele. Han har vore til god hjelp før. Denne gongen kunne han og hjelpe.  Smertestillande i stor dose.
Å gå tur gjennom olivenlundane er noko av det fine når ein er der sør på hælen. Her foreviga kombinasjon av rein energi og energi frå meir ukjende kjelder. Store kraftlinjer frå Brindisi på austkysten og vestover til Taranto passaerer like sør for der me har huaset vårt.  Heldigvis langt nok unna  til at me ikkje ser dei frå eiendommen vår.
Ferragosta på Samare måtte vike. Tannplagene vaks på seg og gjorde omrokkeringar i hovudet mitt. Eg bestemte meg rett og slett for å reise tidlegare hein enn planlagt. 9 dagar tidlegare heimreise vart det, med tannlegetime alt dagen etter heimkomst. 

Her bare eit lite døme på kva det unne blitt om ikkje gebisset hadde lag plager. Fritert sjømat er bare noko av den beste maten sjøen kan by på.

Ser heilt gale ut dette heller. Skulle nok fått det til å gli ned utan motstand, men denne gongen vart det altså ikkje. 

onsdag 29. juli 2026

Straks ny avgang mot sør

//
Litt kjekt  å sjå at "irrigazione" fungerer på eiendommen der sør. Pumpa i borebrønnen dreg straum, no for 4. gong. Då kan eg ikkje anna tru enn at vatnet hamnar der det skal, på dei 22 oliventrea som vart sett i jorda i desember 2024.  Ei ekstra sløyfe med vatn til 8 - 10 sitrustre vart også laga til. Som om ikkje det var nok, fekk nokre eple og plommetre som Dylaver planta også ei sløyfe med vannforsyning. Vannslangane er det Dylaver som har stått for. 

Bøje har gjort koplingane opp i mot straumstyring og eit lite tidsur i tillegg til nivåbrytar som sørgjer for at dagtanken ikkje blir tom 


Sidan dette blir eit kort besøk, bare 2 veker, blir det å låne venger frå SAS. Galltidleg morgon, avreise frå Grønholsvegen 5 04.08.2026 alt klokka 03:45. Då bør eg vera tidleg nok til å koma med kl 06:00 frå Sola. Ein stopp med flybytte blir det det på Gardermoen, men alt kl 11:45 skal eg vera klar til å gå over til neste transportmiddel, bil. Det blir ein Fiat 600 med automatgir, passar seg for slike gamlingar som meg. Så slepp ein unna med å bare gje gass og bremse når trafikken på ringvegen rundt Roma blir tett. Ein må liksom inn i ringen og der kan det gå både fort for seg og innimellom bli ganske så bråe stoppar. Då er det veldig enkelt å sleppe den der pinnen mellom framseta i bilen og den der ekstra pedalen. Innpasse seg etter annan trafikk og leggje seg i rett felt for vidare kjøring blir prioritet. Retninga får mobilen ta seg av.

Av erfaring frå tidlegare veit eg at å kjøre bare 6 timar for å nå målet "casa a strada senza nome Cda Coltura" kan bli i meste laget. Litt sør for Napoli ved Eboli har eg funne meg ein "Agriturismo e B&B Selvanera".
Der tek eg inn og roar av for ei betre natt enn den siste før eg for heimefrå. 
Er ein ikkje søt frå før, er det god mulighet for å bli det etter slik ein frukost.
 
Omtrent 3 timars kjøring vidare, så er eg ved målet.

Alltid gildt å kome fram før det blir mørkt. Bør vere framme lenge lenge før mørket senker seg over campaniaen. Blir god tid til å lufte ut eit sommarvarmt hus og.

Kva skal eg så finne på 2 veker heilt aleine. Det blir varmt om ein skal tru vermeldingane. Men daglege rundar for å samle skritt skal det nok bli. Er ein lettkledd nok, bør ikkje varmen vere noko problem verken tidleg morgon eller dei par siste timane med dagslys. På natta hjelper propell i taket ved setje lufta i rørsle, då virkar det litt avkjølande på ein heit kropp. 

Me har ein del ytredører som etterkvart kan trenge litt oppshining, Dør til gjestesoverom, dør til stove, 2 dører den eine dobbel til cisternerommet og sist inngangsdøra. Må visst retta litt på det, bare dørene inn til cisternerommet er dører i tradisjonell forstand. Dei nadre dørene er gitterportar for å sikre litt ekstra mot ubedne gjester.  Eit dissestativ treng fornying av lakk, likeså treng porten ny lakk. 

Om benkeplatene på kjøkkenet år seg ein omgang får me nå bare sjå. Slipemaskin som slipte benkeplatene i Helmikhølen opp til nærast ny standard har alt blitt frakta sørover med bil og ventar på ein eller annan som vil bruke den. 

Elles vil eg nå innom dei faste minst ein gong. Gaute og Signe i Trullo Pernoll, Lisa og Bøje  og ikkje minst Palma som har selt sin store leilighet og flytta til ny stad.

Då får eg ønskje meg sjølv ei god reise.

 





søndag 19. juli 2026

Eg lurer meg avgarde ein liten tur.

 Det er stritt å vera pensjonist og vera heilt avhengg av å finne ok dagsprogram ein heil sommar.

Temperaturen er det siste eg skal klage på. Ikkje mykje anna heller som treng føre til jammer og elende.

Min far hadde aldri fred på seg til å feriere heime. Der me budde oppå Handelslaget, var det slik at vegen var fryktelig kort om noko stod på på arbeidet. Slik fekk eg det inn nokså tidleg at ferie, det er å reise bort. Sør-Norge rundt og på kryss og på tvers. Alltid med eit besøk hos tante Thea i Eilert Sundts gate 11. Det var i den tida Danmarksturar vart meir og meir vanlig, men ikkje eg. Bare syster Ingunn fekk seg ein Danmarkstur rett før motorferga Skagerak gjekk ned sommaren 1966. Mor, Oddvar og eg var tilbake på Evjetur i telt medan Ingunn og far tok seg ein svipptur til Danmark.

Første utanlandstur for min del vart i 1975. Då var det Vest-Europa rundt med Interrail. Ein del turar har det blitt etterkvart, både aleine og i godt lag. Normal Sydentur har det endå ikkje blitt noko av, men Sydentur meir enn god nok likevel. Etter å ha vore heime på Vigrest som det vel heiter frå nå av etter EBH si utsegn,  melder abstinensen seg. Villa Felizia kviskrar ikkje, her var ikkje ørens lyd å få lenger. Så ille vart det til sist at eg måtte til og leite på nett. Og jammen fann eg det eg leita etter. Tur til vårt Syden i 2 veker. SAS til fram og tilbake til Roma Fiumicino. Når Lufthansa la ned flygingane frå Sola, vart det rett og slett Luftstansa i forhold til det selskapet.  Frå Fiumicino blir det leigebil,  ein Fiat 600 med automatgir. 

560 kilometer til huset vårt, men sidan eg må opp midt på natta for å nå avgang frå Sola kl 06:00, har eg bestemt meg for å stoppe litt aust for Eboli. Det er langtnok å kjøre 3 timar etter ein dag som kjem til å starte så tidleg som den gjer.
Dagen etter er det ikkje mange timar att å kjøre siste biten fram til Latiano. Fine vegar gjennom fint landskap.
Fint å gå tur i Haugstadskogen der stien slynger seg mellom forakta stammar av sitkagran. 
Ikkje mindre fint å få seg ein eller to daglige turar langs olivenlundane i Puglia. Xylella har øydelagt mykje, men i området vårt har folk teke tak i problemet. Store område med sjuke tre er sanert og det er planta i nytt. Frå å vere eit ganske så deprimerande syn har det blitt eit syn som ber bod om håp. 
Hos oss vart 14 gamle tre fjerna og erstatta med 22 nyplanta, i tillegg til at det frå kvar av dei 14 stubbane er teke vare på ein kraftig renning som faktisk er i ferd med å bli eit lite nytt tre. Rik blomstring på dei nye kvistane frå den gamle rota. Litt forsiktigare blomstring på dei unge nyplanta trea. Blir spennande å sjå om all blomstringa på oliventra blir noko meir enn blomstring.

Anne Marie som let seg skræme av varmen der sør, har bedt meg plukke mandler. Men det er slett ikkje noko eg har fornøyelse av. Mandelbotn med gul krem er nærast favorittkaka mi, men det let seg jo gjere å kjøpe mandler. Uansett var det så liteå sjå på trea i mai at me kan ikkje levere til knekking. Skal ein leverer til knekking må ein opp noko i volum.
  
Varmt kan det bli, på tirsdag førstkomande er det meldt 39 gr, og det kan vel seiast å vera nok. Trur slett ikkje eg skal frysa. Elles ser eg på Il Meteo at temperaturen komande dagar er pluss minus 35. Reknar med noko omtrent der frå 4. til 19. august og.




fredag 12. juni 2026

Heime er framleis heime

Etter nesten 2 månadar i vår andre heim med adresse "casa a strada senza nome, 72022 Latiano, Brindisi, Puglia, Italia" kjenner eg takksemd for å vere på plass i Grønholsvegen  H0205. 

Turen nordover gjennom Østerrike, Tyskland og Danmark gjekk fint. Bilen oppfører seg fint det. Ikkje eit einaste rusk i forgassaren. Alle ladestolpar fungerte, og ikkje er dei vanskelige å finne heller. Lad når du må, er eit godt råd som går ofte igjen. Så spørs det kva du må. Kan like gjerne vere at ein må på do. Då blir det ofte utnytta til ei lite ladestund på kanskje bare 15 min når ein først har  ein dostopp.

                   

For å gjere heimreisa litt komfortabel bestemte me oss for å ta den med 3 overnattingar undervegs og siste overnattinga ombord i Bergensfjord. I Bussolengo like nord for Verona tok me inn på L'Upupa, ein B&B på eit digert gartneri.  Sara vertinna der har alltid vore veldig hyggelig. Gode rom, fredelig plass. 5 minuttars gange derifrå ligg det eit idrettsanlegg. Og i tilknytning til det anlegget fins der ein pizzarestaurant. Sist me var der bventa me oss ikkje så mykje. Vart helst overraska då nære på verdas beste pizza kom på bordet. Dit ville me tilbake, og smaken skuffa ikkje. Sidan det var lørdagskveld fekk me i tillegg med oss eit yrande folkeliv. Eldre som oss, ungdommar og barn. Fulle bord heile tida. Også eit langbord med pass til sikkert 30 gjester. 


Mykje trafikk langs vegane når ein nærmar seg Bologna.  Vidare nordover blir det mykje aktiv kjøring. Sidan me kjørte gjennom Østerrike og søre del av Tyskland, slapp me trailertrafikken. Men mykje innsnevringar på grunn av vegarbeid og eit utall av tyskarar og østerrikarar på veg heim etter helgeturen gjorde sitt til at eg tenkte, aldri meir på ein søndag. Og om så det skal bli ny søndagstur der, så må ein  nok bare akseptere at det samstundes blir ein tolmodighetsprøve. Turen til Würzürg var ikkje så lang i mil, men jammen lang nok i timar. 
I 7.etasje her var me høgt heva over all jordisk uro nede på gateplan. Grei frukost. Litt brent bacon, men elles heilt ok. Fint og å sleppe å kjøre heilt inn i sentrum for å overnatte. Då er det lettare og ikkje minst raskare å kome seg vidare neste dag.
Denne kjempa av ein bubil hadde vore gild å hatt. Trekk på alle 4 hjul og utstyrt med alt du treng, truleg både vaskemaskin og tørketrommel ombord. Men så er det prisen då.  Messetibud rett nok, men framleis noko dyr syns eg.


Tesla plasserer ofte sine ladestolpar i nærheten av Mc Donalds, Kentucky Fried Chickens eller likande. Då profiterer dei på kvarandre. Den knasande lyden av frittert deig rundt kyllingkjøtet har eg lenge likt. Sjølv eit besøk for sikkert meir enn 20 år sidan på ein KFC i London til lunsj ein dag klarte ikkje å setje skrekk i meg. Me fekk mat me vart samde om måtte ha vore noko som låg att frå dagen før og som hadde blitt varma opp att. Nå er det sjølvbetjening som ser ut til å bli den store bøygen. I det minste er systemet lite tilpassa 70 år gamle gjester på heimveg frå Puglia til Jæren.  Men straum det fekk me der i Bispingen, og sidan Bispingen ligg litt sør for Hamburg var det kanskje solstraum me fekk kjøre vidare på. Eller kan det ha vore straum frå Sira-Kvina? 

Me hadde god tid og det vart det ein stopp på City GrossMarkt i Flensburg. Der er det alltid mykje å finne, og fant gjorde me, både til den eine og den andre. Id7 var full nok då me tok vidare mot Hirtshals. Alle holrom vart utnytta. Mengdemål på det me hadde med oss får vera dei 6 store handlevognene me lånte hos naboen for å få tinga våre opp frå garasjen då me hadde kome heim.
I
I Hirtshals viste det seg at billetten faktisk stemte denne gongen. Eg klarte rett og slett kunststykket å møte ved innsjekk til rett tid på rett dato. 
Siste øving vart å kome seg ombord, finne seg eit bord i buffetrestauranten og deretter finne rett lugar. Lugar i rimeligaste kategori, men ikkje verre enn at der var 2 senger. Det vil sei, når døra vart opna var det akkurat plass til at 2 personar kunne kome seg inn på den vesle golvplassen der var. Kompakt bad, mest som i ein bubil av normal klasse. Og så ei heil enkel seng innerst i rommet, eller kanskje ein heller skulle sei kottet. Så her er det me skal me slappe av siste natt før me er heime tidleg om morgonen og klar for  bryllupsfeiring på kvelden. Det hadde jammen vorte trongt om ikkje det var for senga som var felt inn i taket. Når me fekk dradd ned den var det i det minste 2 enkelt senger å fordele seg på. Stige opp til taksenga, men ingenting å halde seg i på veg opp eller ned. Eg sa det då og gjentar gjerne nå: Slik lugarplass burde dei ikkje selgje til folk på 70. Ein blir jo ikkje smidigare med åra. Men då blir det endå ein ting å passe på i samband med handel av billettar. Pass på å møte på rett tid på rett stad og sikre deg ein stad å ligge nedpå som ikkje krev akrobatiske evner når du skal legge deg eller stå opp. Gamle menn har ofte ei tilleggsproblem, hyppige besøk på veslehuset i løpet av natta. 2.gongen eg vakla meg ned stigen får å late vatnet, gav eg opp, vart litt tidlig morgon, men eg fekk med meg Jærkysten medan Bergensfjord på stille sjø nærma seg innseglinga til Tananger. 
Så får eg litt å rive meg ut på når me endelig er heime. Huset ein bare ser taket av like bak sanddynene, skal få nytt tak. Det er Mona og Tor Sveinung si hytte. Blir liksom det heilt motsette av vår hyttedraum. Kortreist hytteferie i motsetnad til vår stad som er litt meir langreist.
Mona og Tor Sveinung held jo til her i Stokkelandsmarka. Om det ikkje var for kryssing av Jærbanen der det jo kjører eit og anna tog innimellom, så kunne ein gått til fots på ein dryg halvtime. I Stokkalandsmarka kom det forresten ein ny innbyggar medan me var sørover. Me gledar oss ein heil haug til å helse på henne. Oda og Helge er foreldre, William er storebror.
Heimreisa vår vart tima etter planane til halvsyskenbarnet mitt.  I ein alder av nesten 70, har Aslaug gått hen og forelska seg så ettertrykkelig at det resulterte i vigsle i Ogna Kyrkje og fest på Ogna scene etterpå same ettermiddag som me kom heim frå Italia. 
Godt for Aslaug at Even var like betatt. Gildt å få vere med og feire ei slik hending.

Returplanar til Latiano har me. Men endå ikkje datofesta. Me får tilpasse oss det som skjer i familien. Blir trulig i slutten av august eller heilt i starten av september. Dette året var det rik blomstring på oliventrea våre, men kva sommar det blir veit me jo ikkje. Det kan bli ein del oliven av det, evt litt olje, men det får me vente med og sjå etterkvart.
Om me reiser over til Danmark med Fjordline på nattbåt, veit eg iallefall at eg skal ha noko anna å oppbevare meg i enn eit nærast kott der ein lyt vera  røynd sirkusartist for å kome seg oppi og utav senga. Alternativet kan jo vere kateter. Det har eg jo mykje erfaring med.


tirsdag 2. juni 2026

Hett, men ikkje nødvendigvis godt.

Her har varmen kome etterkvart. Ei av dei første nettene eg var her sist i april var det frose på tak og vindu då eg skulle ut på morgonen å kjøre. 
Gradvis har det gått over til norske sommartemperaturar. Nå er det helst meir. Tett opp mot tropenetter og dagtemperatur heilt oppi 32 grader. 
Nydelig kveldslys over nyplanta oliventre. Plantesjukdomen xylella har fore stygt med mange av oluvenlundane her, men nå etterkvart har det kome dit at store område blir rydda. Deretter blir det planta nye tre. Sjølv om det nok vil ta år før det løner seg, så er det godt å sjå at folk gir ikkje opp. 
Her er påbod om å klippe graset innan 1.mai. At det er nødvendig fekk me prov på i går. Me var på handletur heilt til Otranto. På heimveg såg me det røynte ganske heftig mellom oss og San Vito. Tenkte iķkje så mykje på det før det vart mørkt. Då vart det mest som ein ekstra solnedgang. Etterkvart kom det brannbil til og det heile roa seg. Litt ubehagelig når det heile går føre seg bare ein halv kilometer frå huset vårt. Men her er det både klipt og horva, så elden hadde nok ikkje så lett fått tak.
Når det gjeld oliven, ser det ut til ar det kan bli noko avling til hausten. Eg har aldri før sett så rik blomstring på våre tre. Me kan jo håpe i det minste på nokre kanner olje frå eiga avling.