Litt lys over tilværet får ein une seg. Her det sola som leverer det som trengs for å halde tuntreet opplyst gjennom kvelden og natta. Det særs kraftige og rundt 250 år gamle treet slapp unna motorsaga, iallefall nesten. Stammen som har delt seg i 3 fekk stå, ville vore altfor ille å fjerne heilt sjølv pga xylella. Nye førebels friske greiner veks ut, faren er vel bare den at dei truleg blir ramma av same elendet som treet frå tidlegare har blitt ramma av. Me får glede oss enn så lenge over dei nye greinene som er iferd med å gje ei ny krone på treet.
Kapersbusk i full blomstring. Nydelige bloma, og rekk ein å plukke knoppane før dei blomstrar så har ein etter ,ange si meining eit rett så godt krydderi. Wienerschnitzel med skiver av sitron og litt kapers på toppen er det eg mest tenkjer på når det gjeld bruk av kapers.
Bougainvillea nektar å avgå med døden. Har blitt feilklipt med kantklippar, nærast kvelt av omkringveksande ugras og heller ikkje fått den væta den treng. Men klamrar seg fast likevel. Har fått kantsteinar rundt for å markere at den fins, planteduk for å halde unna det verste av ugrasetm vatn har den og fått men bare når me når vore der. Skal visst ikkje gje den opp.
Sjølv om det heilt i det siste har vore turt, så har graset halde fram med å veksa. Nå var det klart for slått. Slåmaskinen "låner" eg hos Bøje, den blide gode danske me har blitt kjent med gjennom Livar. Bøje held hus i Ceglie i lag med Lisa, som er den mest lidenskapelige blomstereelskar eg noko gong har blitt kjent med. Ho må ha rekord i tørketålande blomsterhage. Ho har samla først og fremst blomar som tåler den puglianske turken som kan vare frå april til langt uti september. Medan Lisa driv med blomar ordnar Bøje med kartofler. Han set pris på å få disponere maskinen vår som har fått namnet havens Miss Rolls Royce. Freseaggregatet til Miss Rolls Royse gjere kartoffeldyrkinga lettare.
Enkel demontering gjer maskinen sine mål små nok til å få den på plass i Corsaen som Goldcar lot meg ha desse dagane der sør.
Turt gras er nokså utsett når det gjeld brann. Har meir enn ein gong vore vitne til brann i turt gras på forlatte tomter. Giulio var tydelig på det at grast måtte klippas. Med klippeskjær på Hondaen blir den brått ein ganske så effektiv slåmaskin. Medan ein først er igang kan ein like godt ta grøftene langs vegen forbi tomta vår.
Målet med reisa var å sikre vatn til dei sit planta oliventrea. Bøje som er erfaren elektrikar brukar sjansen til å frikse opp att gamle kunster innfor elektrikken. Han var innom huset vårt medan Livar og Gerd lånte huset. Han var nedom seinare og. Det foreløpige resultatet såg slik ut. Kabelsalat som kunne avskrekke ein amatør på området som meg.
Men sjå om ikkje der kom orden på det heile. Etter både kabelklipp kabelkopling var det mest om om det heile hadde vore innnom ein frisør. Perfekt klipt og perfekt lagt i dei rette bukter. I tillegg til automatisk fylling av dagtank for vatn til daglig bruk gjekk Bøje vidare inn i problematikken. Vatn til "irrigazienone" skal på plass.
Koplingsur eller timer kopla direkte til sikringsskapet skal gjere det mulig å lage vekeprogram for vatning.
Som toppen av det heile er det satt på kontroll-lamper som lyser alt etter kva funksjon som er aktiv.
Som toppen av det heile er det satt på kontroll-lamper som lyser alt etter kva funksjon som er aktiv.
Med ein siste touch av ei nennsom elektrikarhand tilhøyrande Bøje, skal trea få det tilskot av vatn som er nødvendig for vidare vekst.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar