Translate

fredag 28. februar 2014

Like før


Det er nok ikkje så mykje meir enn statistikk frå tidlegre år, samanfatta i noko som ser ut som ei vermelding. Men som eg før har sagt; melder dei godt ver er eg førstemann til å høyre etter. Kor realistisk det er er ikkje så nøye. Ikkje for å skryte, men 16 dagar med sol av 17 er slett ikkje verst.Tett skydekke ein dag og 5 dagar der ho bare gøymer seg delvis bak skyene. Temperaturane liknar meir ein sommardag på Jæren, så det er og til å leva med.

Alt før avreise har nok planane for bygging av soltak tatt til å få noko Prøysensk over seg:

Og det var vesle Jensemann han strever dagen lang, 
han snekrer på no spennende som snart skal bli presang, 
nå er det bare kassebord, men gjett hva det sal bli, 
et sybord slik som mor vil ha med mange skuffer i,
det vil hun sikkert ha det og hun blir sikkert glad, 
og at det er nyttig ting kan ingen komme fra
...................
Og nå er gaven ferdig selv om  langemann er blå, 
og tommeltott har plasterlapp så fryder han seg nå 
for gaven ligger pakket inn og gjett hva mor skal få, 
en spekefjøl som hun kan smøre skolematen på, 
det vil hun sikkert ha, da blir hun sikkert glad 
og at det er en nytting ting kan ingen komme fra.

Her er ein del saker som må ordnast slik at eventuelle framtidige gjester ikkje kjenner seg så velkomne som dei har gjort ved eit par høve i løpet av dei snart par åra me har vore olivenoljebaronar i Puglia.
Korleis det skal ordnast reint praktisk er eg ikkje heilt sikker på, men eg har ei kjensle av at hjelp ikkje er langt unna. Låsesmeden som fiksa låsane etter førre innbrot vil sikkert kunne sveise på beslag på dørene slik at kraftige hengelåsar set stoppar for langfingra gjester. 
I det minste vil det gjere arbeidet med å kome inn såpass tidkrevande at 









rekk fram før gjestene har kome seg inn.

Det er nå det er fint å bli henta på flyplassen. Eg melder tidspunkt for landing på Aeroporto Salentino Brindisi i dag eller i morgon. Meggi som er med og eig og driv Taverna di Pascalone gjev meg

(Alfa) skyss for at eg skal få plukke opp Opelen som har kvilt seg bak høge murar sidan sist i oktober.

Er eg heldig startar bilen på det som er att av straum på batteriet. Viss ikkje vert det viss vas i første omgang, men deretter blir det nok ei råd med det og.

torsdag 13. februar 2014

SIKKER parkering

Med stadig tilbakevendande ubedne gjester til Villa Felizia kan ein lure på kor sikre me kan vera på at me finn att bilen vår når me reiser nedover. Ei framifrå god ordning med Meggie på Taverna di Pascalone har me fått. Ho hentar og bringer frå Latiano til flyplassen i Brindisi. Og me kan ikkje vera anna enn takksame. 
Me melder behov eit par dagar før det er aktuelt og må med skam melde at betaling det vil ho ikkje ha snakk om. Litt nyrøyka laks brakt snarvegen frå norske fjordar til spisebord i Latiano har me arrangert. Utruleg nok er det Meggie sjølv som har bydd seg fram som parkeringsvakt utan parkeringsavgift eller gebyr for for lang parkeringstid.
Høgare murar enn dette trur eg ikkje det er bruk for. Corsaen vår klarer ikkje ta avgarde når slike hinder er det første som må forserast.

torsdag 6. februar 2014

Villa Felizia står der framleis


Etter siste rappport frå Guido står huset vårt framleis stødig på same plass som før.


Solide gitterportar framfor dører og vindauge gjer sitt til at våre innpåslitne og ubedne gjester  enn så lenge ikkje har lukkast med å kome seg inn i huset. 




Førebels har dei visst fått nok med seg ved å forsyne seg utandørs og i eit lite påbygg som er godt nok låst, men som ikkje har gitterport i tillegg. Pumpe for vatn inn  i huset og sementreie som førre eigararane brukte når dei pussa opp var vel det mest verdifulle som forsvann denne gongen. Livar har forresten og hatt nytte av reia både til eige bruk og vidare utlån til naboar oppe i Ceglie.



Solcelledrivne lamper er rimeleg nok populære dei og. Tanken har jo vore at ei sensorstyrt kraftig lampe over inngangsdøra ville vere i det minste litt avskrekkande. Kanskje gjestene våre tok den for å bruke den til same føremål der dei held hus.



Som de ser har vatnet ausa ned. Men skal all væta i løpet av eit år, kome ned i løpet av 4 - 5 månadar, så blir det jo ein heil del. Resten av året må me sørge for å få gang på den væta som trengs. Godt oliventrea har djupe røter.Om det stemmer veit eg ikkje heilt sikkert, men eg har høyrt om opptil 20 meter djupe røter på desse "biologiske og sikkert også økologiske kjemifabrikkane".