Etter siste rappport frå Guido står huset vårt framleis stødig på same plass som før.
Førebels har dei visst fått nok med seg ved å forsyne seg utandørs og i eit lite påbygg som er godt nok låst, men som ikkje har gitterport i tillegg. Pumpe for vatn inn i huset og sementreie som førre eigararane brukte når dei pussa opp var vel det mest verdifulle som forsvann denne gongen. Livar har forresten og hatt nytte av reia både til eige bruk og vidare utlån til naboar oppe i Ceglie.
Som de ser har vatnet ausa ned. Men skal all væta i løpet av eit år, kome ned i løpet av 4 - 5 månadar, så blir det jo ein heil del. Resten av året må me sørge for å få gang på den væta som trengs. Godt oliventrea har djupe røter.Om det stemmer veit eg ikkje heilt sikkert, men eg har høyrt om opptil 20 meter djupe røter på desse "biologiske og sikkert også økologiske kjemifabrikkane".
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar