Translate

mandag 27. november 2017

Pingle eller pyse

Ikkje fyse å ta på hydrofoiltur når sjøen går kvit. Sjekka vermeldingane i går, og det såg ut til å bli ein del vind. 
Bestemte meg likevel for å gi det ein sjanse. Reiste tidleg frå Catania for å unngå den tette bytrafikken. 
Bak denne døra stod bilen trygt medan eg beinflaug Catania.





Fekk beskjed av han i resepsjonen i går kveld at eg kunne ta ned tinga i bilen, låse opp den elektrisk doble porten som eg skulle ut gjennom, og så ta turen opp 2 etasjar og leggje nøklane att på disken. Og ganske rett, då eg kom ned att for å kjøre ut, då var porten automatisk lukka igjen att og der sat eg. Nå hadde eg ikkje lenger nøklar til å kome meg inn att på rommet, og nøkkel for å opne den automatiske porten dei låg på disken oppe i 2. etasje bak låst dør. 

Første som kom inn døra i porten hadde ikkje mulighet til å opne. Så kom det eit par, ho ville hjelpe så gjerne hjelpe og mannen prøvde, men fekk det ikkje til. Etterkvart kom det nokon i bil og skulle inn, og då var eg snar om å smette ut medan porten var open. 
Kjøreruta som GPSen teikna opp var faktisk ikkje så ille. Når byen heller ikkje hadde vakna heilt til live litt over 7 på morgonkvisten, så var det slett ikkje ille å kome seg opp til Autostrada per Messina. 
Om enn trafikken er tett, så er det smidig og på eit vis. Men ein skal ha hovudet med seg heile tida. Ville nå forresten sett merkelig ut om ein hadde lagt hovudet att heime.  Italienarar er faktisk veldig gode til å ta hensyn i trafikken. Det meste går godt, når ein bare har blikkkontakt med dei andre som ferdast på vegen.

Uroen min for sjø vart stadfesta når brenningane mot land gjekk kvite utover frå Messina til Milazzo.
Turen enda for min del når ho i billetttluka ikkje kunne sei om båten ville gå eingong. Dei som skjønar seg på sjø, ser lett at eg skjønar meg ikkje på sjø. 

Då har det seg faktisk slik at eg sit her i stova i Villa Felizia og lurer på om eg er både pingle og pyse. 

Frå barndommen sine turar til Finnøy for å besøke farmor og farfar hugsar eg at Ekspressen var ikkje god når det kom litt bølgjer. 
Så i staden for Stromboli vart det altså heimtur av det. Får ta den turen ut til vulkanøya ein annan gong.

Som erstatning for historien om Stromboli  tek eg litt vindusshopping. Likar fryktelig dårlig å shoppe inne i butikkar, anna enn når eg faktisk skal ha noko. Trur det må vera takka vere far sitt forhold til folk som bare skulle sjå utan å kjøpe. Det høyrer iallefall til i min barnelærdom at skal eg ikkje ha noko, så har eg lite ein butikk å gjera. Utruleg kor godt det sit i. 
Eg kjenner ein som er veldig glad i rødt, spesielt når det gjeld sko,  men denne kunne vel og passe for han.
Me har etterkvart ei stor samling julekrybber i heimen. Varianten her, "beachparty" har eg ikkje sett før.
Her var eg faktisk inne. Våga ikkje anna etter myndig tale heimefrå.  Handla gjorde eg og. Fekk tilbod om gavepapir på kvar ting, men det vart bare ein gråpapirpose. Det får bli førjulskos.
Gløymer aldri kollegaen som hadde med seg 17 par sko frå personaltur til Praha. Gjer så godt eg kan med oppdatering når det gjeld litt spesielle trendar.
Stoccafisso, litt frå Færøyane og litt frå Norge. Handla ikkje med meg noko, men innehavar smilte godt då eg sa "io sono norvegese".


Neste gong vil eg og mor vera med sa Hadi på linje heimefrå. Kommunikasjonsmessig har ting utvikla seg enormt på dei 5 åra me har hatt dette huset vårt her i Latiano. Eg måtte avgarde i bil for å kunne snakke med Anne Marie heime. Skulle eg laste opp blogg måtte eg gjere det på eit av dei store kjøpesentra der dei alt då hadde fri Wi-Fi. Nå kan ein snakke ubegrensa anten via Messenger eller ved hjelp av vanlig mobil. 

lørdag 25. november 2017

Som å sykle på solstråler

Utruleg så god kondis ein får etter bare to dagar med litt heftig gåing. På tysdag 19553 skritt, og onsdag 26036 skritt. For å kome litt rundt her i byen leigde eg meg sykkel. Herlig å trø først vestover, så mot nordaust. Tilsaman 3 timar.  Det var akkurat som å sykle nedoverbakke, sjølv om augene sa meg at det gjekk oppover. 

Lurer forresten på kva dei grøne lysa på styret kan vera for noko.
Først lyste 4 grøne lys. Så etter ein del oppoverbakke forsvann det 4. lyset. For ein flyt, omtrent som eg var dobbelt så sterk som det eg er og ikkje minst med ein kondis eg vel aldri har vore i nærheten av å ha.
Sykkelen såg nå ganske så normal ut den om ein ser bort frå reklameskilta. Damesykkel, men ganske stiv i ramma så den tålte alle kiloa mine. 
Eg er ikkje så hyperglad i blått, men til å sykle på gjekk det greitt.
Flott utsikt over havet, med Catania by i bakgrunnen.
Svart er ganske så sterkt tilstades nede ved sjøkanten. Vulkansk.
Tenk deg båt i Middlehavet.
Det kjem for ein dag det meste. Men eg hadde ikkje bruk for heile rundturen for å forstå at det var ein elektrisk sykkel eg hadde havna på. Det var jo på grunn av at den var elektrisk at eg ville ta leige. den dagen eg ikkje lenger vil prøve noko nytt, den dagen må eg ha blitt gammal.


fredag 24. november 2017

Hauste ljos


















Når nettene blir lange og kulda setter inn, me kjenner korleis det er. Stakkars gamlemor sit i gyngestolen og håpar alle skal få leve til jula set inn. Nettene er rett lange på denne tida. Mest slik at nokre dagar tek morgonen tak i kvelden utan å gå vegen om dag. Herråda og hendesløysa kunnne ein vera frista å sei.
Då er eg utruleg takksam for å ha høve til å setje kurs sørover for å hauste ljos, ljos i mørket. 
Merkelig med det der lyset. Me treng det visst alle for å halde gangen i løpet av mørketida. Eg treng iallefall store dosar. 

Biletet over er kanskje ikkje så superbra komponert, men hadde nokon sett innsatsen som skulle til, så trur eg dei ville vera nøgde. Stopplommar fins det mange av på vegen sørvest frå Taranto. Men så er det dei der rekkverka som ikkje er så fryktelig fine då. Men sola ventar ikkje. Er det på tide å stå opp, så ventar den slett ikkje på ein ljoshaustande mann som vil finne best mulig utgansgpunkt for eit bra bilete. Inn i nødlommen, soloppgang bak autovern. Måtte opp så mykje som mulig. Fekk vagla meg oppå ein stolpe til autovernet, men ustødig vart det. Eine foten på panseret av bilen, men framleis mesteparten av den dryge vekta mi på stolpen, då vart det det stødig nok.  Etter å ha knipsa hoppa eg ned att, og då kunne eg fort ha gjort det heilt store. Ein kabel av dimensjonar låg rett ved der føtene traff bakken. Om det var hund eller mann som hadde laga kabelen veit eg ikkje, men eg slapp heldigvis å bringe med meg vidare lukta frå den stoppen.

Castello Federiciano,  omtrent 95 kilometer sør-vest for Taranto. Der var det mulig å kome seg over vegen. Ingen kablar, men rikeleg med den italienske spesialiteten, flasker og anna runsk lang grøfta. Men lyfter ein blikket ser ein og her ljoset, det eg samlar.

Kan bli ein fin dag vidare. Får bare passe på å lyfte blikket. Skal ein bu billig midt i sentrum av ein by, må ein vere i stand til å kikke oppover om ein vil sjå himmel over dagen. Der ut til å bli ein solrik dag dette. 

torsdag 16. november 2017

Møje av alt

Dei som kjenner underteikna, veit at han likar store mengder, av alt. Slepp han laus i matfatet, så skal det litt til før han stoppar. Å reisa til Puglia skulle ein då tru var ganske så risikabelt, men den gang ei. Matchvekt ved avreise  er som regel høgare enn matchvekt ved innveging når eg kjem heim. Altfor mange kilo i begge tilfelle, men altså: Etter to tre veker midt i Puglia sitt matfat går nåla ned, ofte to til tre kilo.  Gunnen må vel vera  at maten rett og slett er sunnare der i Sørens land.
Mat må ein ha og er ein i godt selskap som her på  Sale & Pepe går tankane til eit reflektorium. Ingen las rett nok høgt under måltidet, men noko med stemninga. Intens konsentrasjon, høgt under taket, solide murvegger.  Ved bordsete var det full konsentrasjon om dei mange rettar som etterkvart kom på bordet.










Kransane til Paul er best av dei kransane som er å oppdrive. Kan bli hardt å klare seg utan i eit par veker. Danielsen sine var rett nok endå eit hakk over, men den tida er forbi. Får nøye meg med Pauls sine. Dei er meir enn gode nok til å friste meg og om polstringa rundt livet skal haldast vedlike.
Der fekk eg jammen ei unnskyldning for innkjøp av krans denne veka og. Må jo ha bilete for å illustrere. 

Etter så langt tre besøk på Sicilia, ligg det an til endå eit besøk, det fjerde. Det er slik eg tok til å tenkje på at "møje av alt". Etter eit par besøk på Etna, og for ikkje så lenge sidan tur langs krateret på Vesuv, er den kanskje tida for endå litt meir avansert opplegg når det gjeld vulkanar.   Stromboli, ei lite øy nord for Sicilia, vest for Calabria.
Ikkje bare det at øya i seg sjølv er meir enn nok interessant. Turen ut dit er faktisk interessant i seg sjølv. Då Hydrofoilen kom tidleg på 60-talet, vart Finnøy-turane til farmor og farfar endå gildare for unge Hausken som endå ikkje hadde blitt 10. Tenk å flyge på og gjennom bølgjene med venger under båten. Skal ikkje underslå at det skulle lite ekstra  bølger til før det vart ukomfortabelt, ja rett og slett kvalmande. Men fort gjekk det. 


Mellom Milazzo på Sicilia og Stromboli går det båtar av same slag som farne tiders Expressen.Då blir reisa ikkje bare noko ein gjer for å kome til eit mål, då blir reisa faktisk ein del av målet.
Ein kan jo prøve å late som ein er tøff.  Råtøff og litt til må ein vere om ein skal vere med på kveldsturar opp mot toppen av vulkanen. Eg trur eg nøyer meg med litt større  avstand.

Kva som er stilt ut på Castello Ursino Catania nå er eg ikkje mann om å finne ut. Picasso, Chagall og Warhol på dei tre førre besøka. Dermed vart den kulturelle reisesekken godt fylt opp dei gongene. Skal det halde same høge nivå, bør det vere Munch eller ei anna stjerne på kunsthimmelen.