Translate

søndag 8. desember 2019

"Medisinsk lys"

Kunne du ikkje nøye deg med pelarar, treng du eit heilt land for å halde deg frisk? Palma, den puglianske krumtappen i "The more you know, the more you grow"prosjektet sa ein gong: Italia, det er jo din medisin det.  Av erfaring kan eg ikkje anna sei enn at ho har rett. I det minste fungerer det utmerka som kompletterande behandling.
Kebab på Corso Garibaldi Brindisi er eit godt og rett så rimelig alternativ til dei fleste andre etestadene i byen. Godt er det og om ein likar oppskore grilla kjøt og salat.
Herlige fargekombinasjonar skjemmer absolutt ikkje ut. Kanskje i heftigaste laget for nokon, men går greitt for min del. Skal verken bu der eller sove der.
Mellom alt som skal ordnast før avreise var vask av bil. Gjorde det på fredag, og alt lørdag var den ganske så skiten att. Å kjøre ute på småvegane mellom olivenlundane medfører svært rask tilskitning av kjøretøy. Ikkje for det, å gå tur med sko med kvite solar er heller ikkje det luraste ein kan gjere.
"Poesia" er namnet dette kjøtstykket går under. Mørt, mørt, mørt. God kvalitet på innkjøp, men ikkje mindre god kvalitet på grilling. Det er Pascalone som tek seg av det som skal i grillen.
Den vesle puglianske byen Latiano held på å ta julepynten på. Julepynta butikkar, men er ein der utanom opningstid ser ein lite til det når sjalusi er trekt ned. Her sjølvaste gamle rådhuset som blir opplyst. Håpar det er like mykje lys inni (i overført tyding) som utanpå.
Dette året hadde me ikkje så mange gjester på bruket. Me har ikkje ordna oss med gjestebok så langt, og då får heller attgløymde slippers tene som  minne om dei som har vore våre gjester.  I tillegg er dei gode til å hindre slark i dørlåsen. 
Det gryr av dag ,7.desember 2019 klokka er 06:34. Denne siste dagen vart som ein sommardag på Jæren, 18 grader. 

Så kort tid på Fiumicino har eg aldri opplevd før. Frå eg gjekk inn døra på Terminalen etter bussfrakt ute frå oppstillingsplass, og til eg gjekk ut ei anna dør til ny buss, tok det bare 10 minutt. Kortpusta hjartebank høyrde då med på kjøpet.

Vel heimattkomen til alt anna enn striskjorte og havrelefse.  Har vel samla såpass med "medisinsk lys", at det held til over Kristmesse.

fredag 6. desember 2019

Hit eit steg og dit eit steg

Det vart visst beste oljehausten så langt medan me har eigd huset på Cda Coltura. 25 liter på oss og 25 liter på Julia & Julio. Godt å få hjelp med både hausting og transport til oljepressa. Etter nabo Lina si utsegn skal det vera olje av veldig god kvalitet. Ikkje har no eg særlig greie på det, men å sjå til ser det bra ut. Måtte skaffe meg eit par glas på 100ml slik at eg kan ta med smaksprøve heim.
Anne Marie er den av oss som har mest interesse for det som veks rundt huset. Appelsintre var ho ikkje klar over at me har, men slik er det. Juleappelsin frå Cda Coltura skal eg få med meg heim sjølv om eg bare har handbagasje.
Det er trea nedover her som har levert oliven til oljepressing.
Siktemålet med denne turen sist i november og starten av desember var å samle lys. Har ein hang til å bli nedtrykt er det god hjelp i dagslys, og det er her meir av på denne tida her i forhold til heime.

19. nov    31435
20. nov    13913
21. nov    34154
22. nov      9144
23. nov      3420
24, nov      1275
25. nov    20484
26. nov      4068
27. nov      4739
28. nov      4220
29. nov      7350
30. nov    15347
 1. des      17108
 2. des      10404
 3. des        7227
 4. des      17163
 5. des      25888
 6. des        2831

Ikkje alle dagane har vore like heftige, men det gjer godt å koma seg ut i lyset, blir ein del skritt av slikt. Siste dagen nå er her regn, men fram til nå har det vore opphald og for det meste sol.
Her har vore problem med laushundar ute på campagnaen. Er ein bare på god nok vakt, kryr det endå av dei. Dei ser ut som dei ligg klar både her og der til å rykke ut når ein forbipasserande fer forbi reviret. Men så er det faktisk slik at både farge og kontur på god avstand kan likne på ei bikkje, mest så eg vert skuffa innimiellom. Ikkje hund denne gongen heller.

Julia & Julio kom innom i dag. Me fekk orden på utveksling av telefonnummer. Dei forklarte litt om nødvendig arbeid i olivenlunden. Eg fekk på min eminente italiensk forklart at mine "due fili" kjem heim til "pasqua". Mitt "nipote" fyller "due anni" 15. april og min onklunge har sin "cresima" i starten av mai. Difor kjem me truleg ikkje nedover att hit før sist i "maggio".

Arbeidet dei skal gjera er betalt arbeid, men ingen problem med å gjera opp for arbeidet i mai. Eg stolar på dykk, sa eg etter å ha funne orda ved hjelp av Google translate. Me stolar på deg og, var svaret på det.

mandag 2. desember 2019

Slik går no dagane

Skulle ha vore i bekken på Ualand. Mor fortalde om klesvask inni "krigen". Har heldigvis nok til både vaskevatn og skylling her. Same feil endå ein gong nå på den nye vaskemaskinen, så får eg håpe det blir fiksa denne gongen. Inn med kleda, såpa i såpeskuff, val av program, off we go. Vatn blir fylt på og trommelen tek seg ein runde eller to. I displayet lyser det så kjekt, VASKER. Kunne velgje kva språk eg ville ha tilbakemeldingane på. Etter omtrent eitt minutt er det stopp, FERDIG gjev displayet melding om. Dei kunne blitt rike på ein slik patent om den bare hadde fungert, men dessverre, kleda er like skitne men nå våte. Lite hjelp i at maskinen seier den er ferdig etter kun eitt minutt.


Servicemannen konkluderte raskt at dette kunne han lite gjere med utan å ta maskinen med.
Ja ja, så har eg då hatt litt å henge fingrane i.
Då vaskemaskinen tok ut på tur, vart det STORE museholet avslørt, trudde eg i det minste i første omgang. Har hatt den mistanken ei tid, men så er det bare hol i veggen inn mot kjøkken. Mus har no passert her, men det er ikkje der dei kjem inn i huset.
Det har vore mange gode frukostar ute i sola. Denne var lørdag 30. oktober. Importert sild saman med egg og grei drikke til. I dag måtte eg halde meg inne med maten. Nattetemperatur heilt nede i 6 grader gjorde morgonlufta i friskaste laget.
Eg har bare eit problem når det gjeld frisøren oppe i Ceglie. Han tek så mykje i bakhovudet at snart er eg snau. Har bede han om at det skal stå att litt fyldig, men eg trur ikkkje heilt han forstår.  Elles klipper han og steller håret bra.




Dette må vera det søtaste oppsyn som tenkjast kan  når det gjeld slikt so trillar på 4 hjul. Endå er ein god del av dei ute her i distriktet og tener herrane sine til dagleg. Såg ein i går i Bari. Den var fødd i 1969, ho som kjørde den var nok ein stad mellom 85 og 90 vil eg tru. Eg har endå nokre år att til den alderen, men skulle ønskje eg så sjølvsagt kunne manøvrere eit kjøretøy som det den godt tilårskomne dama kunne.
Draumen om å kjøre Fiat 500, av den ekte sorten, det har eg fått oppfylt. Tur med seglbåt til havs står endå att, men kven veit. Ein dag kan kanskje den draumen og bli røyndom.
Bare har eg så langt bare kjørt forbi. Det våre kollegaer i skulesamarbeidet sa for 20 år sidan må ha festa seg skikkeleg. Me kunne ikkje reisa til Bari, der var gatee fulle av kriminelle som endåtil klarte å stele ringar direkte av fingen. Rett så gale er og var det sikkert ikkje. Men rivaliseringa mellom storebror Bari og lillebror Brindisi er ganske tydeleg.
Det var godvel i gr på søndag. Regatta så det ut som det var.
I Bari sit makta, eller kanskje ein skal seie overmakta. Det kommunen vår Latiano tillet, det seier Bari nei til. Me ventar på godkjenning frå Bari på noko kommunen vår har sagt ja til, men det tek tid. Ingeniøren som jobbar for oss seier me får bare vere tolsame, så går det nok gjennom før eller seinare.
Ikkje denne bygningen dei sit i dei som trenerer vår sak, men tenkte bygget kunne symboliserer sen samlinga av makt som sentrale organ kan ha. Panoramabiletet er litt urettvist, flott nok bygg utan at eine fløyen av bygget fekk form som ein bue.
Elles var det den store kyrkjedagen for min del, 1. sundag i advent. 2 ulike gudstenester i Bari, den eine med ei form for barnevelsigning trur eg. 15 barnvogner telde eg, og stolte både foreldre og besteforeldre. 
Basilica San Nocola var kyrkje nr 2. Rakk innom 3 i San Vito dei Normanni på veg heim.
Eg har ein son heime som ville ha ny vinterjakke. Eg skjønar ikkje på nokon måte kvifor han ikkje ville ha denne.

tirsdag 26. november 2019

Helse i kvar stråle.

Himmelen er høg anten ein er på Jæren eller her i Puglia. Solnedgangane er spektakulære her og. Føresetnaden om å samle lys er ikkje vanskelig å innfri når bare sola er med på lag. Helga gav rett nok noko regn, men veka som kjem blir visst god om ein skal tru på Il Meteo,  det er ofte dei som melder mest rett på veret her i Puglia. 
Ei fnisande dame på 72 kom bortom frå nabohuset i september. Ho lurte påom eg hadde gjort pi pi på persillen. Den lukta så merkelig. Om ho trudde det veit eg ikkje, men eg forsikra henne om at mine stråler aldri fall der persillen veks. Nespolen derimot, den er gjødsla over fleire år og det som tidlegare bare var ein enkel bladkrans er nå på veg til å bli eit lite tre.
Det som knyter seg her, trur eg er anlegg til frukt.
Me hadde tidlegare internett via parabol og satelitt. Lynet for eit år sidan tok for seg av utstyret, så det vart ein stopp i signala. Hadde igrunnen aldri vore skikkeleg fornøgd heller, så abonnementet vart sagt opp. Farten var ofte bare det halve av det eg betalte for. Nokså tilfeldig kom eg over eit tilbud der Tiscali kunne by signal via antenne. Farten var dobbel av SkyDSL og prisen litt lågare. Dessutan mulighet for å pause abonnementet når ein ikkje er her i huset. Marcello frå Teknobit sette opp antennen og kopla til modem inne. Var litt  urolig for antennen på taket og dei kraftige kastevindane som kan vera her frå tid til anna. Av den grunn la eg ned antennen og kopla straumen frå modemet då Anne Marie reiste herfrå i september. Vel tilbake hit vart det heller vanskelig å tak igjen i dei rette signala. Det var rett og slett null tilkopling same kva eg gjorde. Marcello vart tilkalla, og jammen var det ikkje lenge før problemet var løyst. Hugsar i tidlege fjernsynsår, i den tida Vigrestad Handelslag selde fjernsyn.  Far var ute for å yte brukarstøtte, nokre gonger vart eg sendt ut. Hugsar ein gong då problemet egentlig var at antennen måtte koplas til og fjernsynsapparatet måtte slåast på. Eg syns ikkje akkurat at eg var verd på bli genierklært på slikt grunnlag, men dei som mottok hjelpa syns visst eg var utruleg flink med teknikken. Marcello fekk ikkje stempel som geni, men elles likna det litt med då eg ytte assistanse for å få gang på fjernsynet. Då eg kopla saman utstyret frå sist me var her, tok eg feil straumadapter. Kontakten passa, og lenger tenkte ikkje eg. Straks Marcello kopla rett straumadapter med modemet, strøymde heile vide verda inn på mobil og Pc.  Marcello ser ut til å vera mann med sans for kvalitet, han kjører Ford og hadde han kjørt eit par meter til hadde han kjørt heilt inn i husveggen.
Ein tur til Locorotondo og Trullo Pernoll er slett ikkje å forakte. Når det blir kombinert med søndagsmiddag på La Silvane er suksessen sikra for min del. Rett nok kan ein vel knapt kalla opplevinga middag. Nei, det er mykje meir enn det. Når me kjem inn i spisesalen, denne gongen via kjøkkeninngangen, så blir me møtt av denne menyen, meny i form av naturalia.
Aragosta eller ein slag hummer utan klør. Dandert på fat med litt anna smågodt frå sjøen rundt.


Pasta i lag med litt kjøt  frå aragostaen og ein saus som nok var mellom dei aller beste tomatsuasane eg nokon gong har smakt. Fyldig og frisk av ferske råvarer.
Når trippa blir servert på La Silvana får eg visst prøve sjølv om eg tidlegare har lova med sjølv at det stoffet skal ikkje innfor mine lepper. Må faktisk vedgå at så heilt ille var det ikkje når trippa trippa avgarde mot munnen i lag med saus av beste slag. Men noko særleg meirsmak gav det allikevel ikkje.  Kuvom kallar me det på norsk. Kjenner det meir som hundefor frå før av med lukt som ikkje nettopp kalla fram tankar om menneskemat.
Eg må bare få vist fram grapefrukttreet vårt. Store fine saftige frukter. Bare synd at dei er så bitre.
Føremålet med turen min hit ned denne gongen er å samle helsebringande lys. Denne er visst ute i same ærende der den ser ut som naturen sin eigen parabol på jakt etter solstråler.
Denne vesle stakkaren hadde ikkje nettopp lukka med seg i det korte livet sitt. Den har nok ikkje funne verken mat eller drikke på lengre tid. Låg spinndaud og heilt inntørka på kjøkkenbenken. Kunne vore forsølva og etterpå brukt til lukkeamulett.

onsdag 6. november 2019

Helsebringande lys

Det er den tida nå. Sjølv om dei siste dagane er rett så trivelege når det gjeld ver, så kjem ein ikkje unna at dagane vert kortare og kortare og kortare. Det held visst på slik til mest heilt oppunder jul.
Korleis skal ein så kome unna dette uføret? Dagslyslampe kan hjelpe til å fylle opp banken med dagslys, men om det er så triveleg å sitje framfor ei slik lampe det er nå ein spørsmål for seg. 
Då har ein eit anna alternativ som kan vere gildare. Ut på tur, og fer ein først ut på tur er det vanskelig å heile tida vere sur.


Det som kanskje er aller best for ein slik ein som meg, er nok å kome  eg sørover der dagslyset herjar i 8 timar og 32 minutt når ein kjem heilt til slutten av november.. Ein får kome seg opp i otta for å få mest mulig av lyset med seg.  Nå kan det vel og leggjast til at i Puglia kan det også regna og då blir himmelen ganske mørk der og.

6 timar og 54 minutt er tida for dagslys her på Vigrestad sist i november. Ein skal ikkje plent tenkje negativt, men enn så mørke dei overskya dagane kan vera, nesten som mørketida i Finnmark slik eg hugsar derifrå.
Kunne ein leve på solnedgangar hadde me som bur i Helmikhølen 5 lagt godt an. Dagens, me skriv 6.11.2019 ser slik ut. 
Lysstolpen som stod så i vegen,  klarte eg å få med sjølv om den er flytta. Det er den som gjev lys når sola er slått av.
Månen fekk visst og lurt seg med. Det er ikkje fototriks som gjer den heil, det er rett og slett mobilen som ikkje klarer å hanskas med to så sterke lyskjelder ved sida av kvarandre. 

onsdag 11. september 2019

Enn alt det dei får til

At det går an å vera så vekkreist. Helst vanskelig å tru, men nå sit eg første vakt denne natta. Vaktskifte klokka 4. Men kva i hendelse har skjedd som krev vakande natteteneste?
Morgonen etter valgnatta såg Anne Marie ein solstol som stod oppetter muren halvvegs opp til vegen som passerer forbi her. Hadde eg plassert stolen slik? Ikkje lett å forstå, for verken ho eller eg hadde flytta på stolen seint på kvelden før me la oss. Sjå der sa Anne Marie, panseret på bilen er ikkje heilt lukka. Eg løfta på for å sjå, og der var det rota til og startbatteriet var heilt fråverande. Det same var forresten vindusviskarane og, bare spindelen dei er festa til stod att. Litt meir kikking inni bilen avslørte at eit pipenøkkelsett, startkablar, lydkabel, Gps, ein myntboks, reparasjonssett med lakk og ikkje minst eit par pakkar med tyggegummi var borte vekk.
Endå ein gong fekk me hjelp til opprydding, sjølv om me meir enn gjerne kunne klart oss utan den hjelpa.
Etterkvart gjekk det opp for meg at eit sett nøklar til huset med fjernstyring til alarmen også var borte.
Når me parkerer Roomsteren hos Meggie og Pascalone let me alltid att eit sett med nøklar om noko skulle skje med huset. Etterpåklokskap er i grunnen veldig enkelt, bare så synd det 
ikkje hjelper. Med nøklar på videvanke er det ikkje lett å finne roen denne natta. Låssmed hadde ikkje rett størrelse på låssylinder. Han ville skaffa det, og koma for å montere på torsdag.
Batteri fekk me på Autopro, ein tidlegare bitteliten verkstad inne i San Michele. Ryddig og reint var der, men mange av reparasjonane vart utført på fortauet på grunn av plassmangel. Verkstaden har sett opp nybygg i utkanten av byen, og der er det ikkje snakk om plassmangel verken inne eller ute.
Nødbatteriet Pascalone kom med og som gjorde at eg sjølv kunne kjøre til Autopro vart demontert og nytt friskt sett inn i staden. Vindupussar og vinduspussar armar vart bestilt, så problem med å kjøre i regnver slik som i dag skulle det ikkje bli. Ikkje meir enn kjørt vidare frå verkstaden får eg telefon om at eg kan kome til Pascalone og hente pussar som er klare for montering. Var oppe hos Autopro i dag. Det mangla ein mutter elles var det nokså enkelt. Hadde nok fått det til sjølv om eg bare hadde hatt mutteren. Kor mykje skal du ha for de spurde g karen når han var ferdig. "Andare via. Niente" var svaret. Han brukte vel 5 minutt på jobben, men betalas skulle der ikkje.
VigilNova lova å koma i morgon for å omprogrammere telekommando som dei seier her, fjernstyringa til alarmen. Dei baud seg sjølv til å patruljere forbi her fleire gonger i løpet av natta. Men så vart Anne Marie og eg likevel samde om å sova på skift i løpet av natta. Om 12 minutt er det min tur i senga, så reknar eg med at svevnen tvingar seg på nokså fort.


Rett innforbi døra der nøklane er på videvanke, plasserte me ei gardintrapp med diverse metall kjøkkenredskapar på. Reknar med at det vil vekkje dei som søv på innsida av døra om nokon prøver å opne den.
Dagens hyggeligaste: Då eg var hos låsmannen som kanskje er litt yngre enn meg, kom det ei eldre dame inn. "Det er mor mi" sa han, "ho har budd på Contrada Coltura". Han hadde alt fått mi adresse med tanke på at han skal kome hit ned på torsdag. Men kor på Cda Coltura har ho budd lurte eg på. Ved sida av Lina, ho med to søner i Roma fortalde ho og Netta i neste hus og så i huset deretter, der hadde ho budd.  Og det er faktisk huset vårt.  
Eg fekk slikt godt inntrykk av dama. Ho helsa med begge hendene og hadde slik ein varme i ansiktsuttrykket.  Så mor til låsmannen har altså budd ein del år i det huset me bur i her i Puglia. "Il mondo non è grande". Kanskje me skal invitere henne på ein liten visitt?