Translate

tirsdag 26. november 2019

Helse i kvar stråle.

Himmelen er høg anten ein er på Jæren eller her i Puglia. Solnedgangane er spektakulære her og. Føresetnaden om å samle lys er ikkje vanskelig å innfri når bare sola er med på lag. Helga gav rett nok noko regn, men veka som kjem blir visst god om ein skal tru på Il Meteo,  det er ofte dei som melder mest rett på veret her i Puglia. 
Ei fnisande dame på 72 kom bortom frå nabohuset i september. Ho lurte påom eg hadde gjort pi pi på persillen. Den lukta så merkelig. Om ho trudde det veit eg ikkje, men eg forsikra henne om at mine stråler aldri fall der persillen veks. Nespolen derimot, den er gjødsla over fleire år og det som tidlegare bare var ein enkel bladkrans er nå på veg til å bli eit lite tre.
Det som knyter seg her, trur eg er anlegg til frukt.
Me hadde tidlegare internett via parabol og satelitt. Lynet for eit år sidan tok for seg av utstyret, så det vart ein stopp i signala. Hadde igrunnen aldri vore skikkeleg fornøgd heller, så abonnementet vart sagt opp. Farten var ofte bare det halve av det eg betalte for. Nokså tilfeldig kom eg over eit tilbud der Tiscali kunne by signal via antenne. Farten var dobbel av SkyDSL og prisen litt lågare. Dessutan mulighet for å pause abonnementet når ein ikkje er her i huset. Marcello frå Teknobit sette opp antennen og kopla til modem inne. Var litt  urolig for antennen på taket og dei kraftige kastevindane som kan vera her frå tid til anna. Av den grunn la eg ned antennen og kopla straumen frå modemet då Anne Marie reiste herfrå i september. Vel tilbake hit vart det heller vanskelig å tak igjen i dei rette signala. Det var rett og slett null tilkopling same kva eg gjorde. Marcello vart tilkalla, og jammen var det ikkje lenge før problemet var løyst. Hugsar i tidlege fjernsynsår, i den tida Vigrestad Handelslag selde fjernsyn.  Far var ute for å yte brukarstøtte, nokre gonger vart eg sendt ut. Hugsar ein gong då problemet egentlig var at antennen måtte koplas til og fjernsynsapparatet måtte slåast på. Eg syns ikkje akkurat at eg var verd på bli genierklært på slikt grunnlag, men dei som mottok hjelpa syns visst eg var utruleg flink med teknikken. Marcello fekk ikkje stempel som geni, men elles likna det litt med då eg ytte assistanse for å få gang på fjernsynet. Då eg kopla saman utstyret frå sist me var her, tok eg feil straumadapter. Kontakten passa, og lenger tenkte ikkje eg. Straks Marcello kopla rett straumadapter med modemet, strøymde heile vide verda inn på mobil og Pc.  Marcello ser ut til å vera mann med sans for kvalitet, han kjører Ford og hadde han kjørt eit par meter til hadde han kjørt heilt inn i husveggen.
Ein tur til Locorotondo og Trullo Pernoll er slett ikkje å forakte. Når det blir kombinert med søndagsmiddag på La Silvane er suksessen sikra for min del. Rett nok kan ein vel knapt kalla opplevinga middag. Nei, det er mykje meir enn det. Når me kjem inn i spisesalen, denne gongen via kjøkkeninngangen, så blir me møtt av denne menyen, meny i form av naturalia.
Aragosta eller ein slag hummer utan klør. Dandert på fat med litt anna smågodt frå sjøen rundt.


Pasta i lag med litt kjøt  frå aragostaen og ein saus som nok var mellom dei aller beste tomatsuasane eg nokon gong har smakt. Fyldig og frisk av ferske råvarer.
Når trippa blir servert på La Silvana får eg visst prøve sjølv om eg tidlegare har lova med sjølv at det stoffet skal ikkje innfor mine lepper. Må faktisk vedgå at så heilt ille var det ikkje når trippa trippa avgarde mot munnen i lag med saus av beste slag. Men noko særleg meirsmak gav det allikevel ikkje.  Kuvom kallar me det på norsk. Kjenner det meir som hundefor frå før av med lukt som ikkje nettopp kalla fram tankar om menneskemat.
Eg må bare få vist fram grapefrukttreet vårt. Store fine saftige frukter. Bare synd at dei er så bitre.
Føremålet med turen min hit ned denne gongen er å samle helsebringande lys. Denne er visst ute i same ærende der den ser ut som naturen sin eigen parabol på jakt etter solstråler.
Denne vesle stakkaren hadde ikkje nettopp lukka med seg i det korte livet sitt. Den har nok ikkje funne verken mat eller drikke på lengre tid. Låg spinndaud og heilt inntørka på kjøkkenbenken. Kunne vore forsølva og etterpå brukt til lukkeamulett.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar