Translate

onsdag 30. september 2015

Han vart jammen flat


Det er alltid fascinerande "å fjoga øve" Alpene. Nysnø denne gongen. Går litt fortare enn med bil. Elles viser det att og på slik ei reise at ting endrar seg i Europa. Har aldri før sett væpna politi rundt mange stader i terminalane på Schiphol. Sjefen for Ryan-air er i grunnen ganske tøff. Han ville slutte å krevje innreisedokument av flyktningar og han ville endåtil betale bota flyselskapa får dersom dei fraktar personar som ikke har gyldige papir.



Denne stakkaren var det første som møtte meg då eg kom heim til heim nummer to. Han var ganske så flat kan du sei, men det hadde vel både du og eg vore om me hadde enda i klem slik den gjorde. Hjelper lite då om den har evne til å gå på loddrette flater når den i farten gøymer seg der det akkurat då er aller farlegast. 





Eg er den skuldige, men har ingen problem med å tilgje meg sjølv. Ikkje såg eg stakkaren, ja han hadde sett seg i slik ein penibel situasjon sjølv. Kva skulle han vel der å gjera anna enn å gøyme seg. Ingen mat i gapet på porten. Bare akkurat så vidt rom for den vesle skapningen til å klemme seg inn og håpe at faren over signalet skulle kome fort. Først når eg hadde låst opp porten vart eg var den. Halen levde, men elles var den ganske så død.

Sidan sist for bare 4 -5 veker sidan, rekna eg ikkje med at så mykje kunne ha skjedd, og det hadde det heller ikkje. Så langt eg har sett er det ikkje andre enn autoriserte folk som har vore på ferde.
Sidan sist i august har Clemente jobba med jorda under oliventrea.

Det ser enormt mykje finare ut, og så sparer det han for mykje arbeid i samband med haustinga. Dette året ser ut til å bli det beste året så lenge me har hatt plassen, om det ikkje blir utsett for ei eller anna uhæme av ver i tida frå no og fram til november desember når innhaustinga tek til.

Hadde meg ein trimtur til fots i dag. Det vart slik ein kontrast då eg kom forbi ein lamia (enkelt hus) som står til forfalls med mykje rot rundt. Midt i eit stygt gjerde som såg ut som om det var laga av rusta armeringsmatter strutta desse fram.



Jammen har dei nå jobba for føda tjuvane frå førre episode.  
Med drill, hammar, piede di porco (svinefot som svarar til vårt kubein) og stige tok det ei stund før eg fekk tak på jobben. Når første plata var av, gjekk det fortare. 

Overgangen takplater vegg er tetta eller prøvd tetta med sement som var lagt på over og underside av platene. Ei god stripe med silikon toppa, og det har no vore tett nok så langt. Har ikkje sett renning eller spor av vatn verken på frukostplassen eller inne i cisternerommet. 
Eg tenkjer å bruka same 

prinsippet når taket er skifta med panelbord og shingel.
Det har vore dag for arbeid i høgda. Eit valnøtt-tre vart hausta. Rundt 100 valnøtter vart det av det. Litt stigespenning vart det og. Vårt valnøtt-tre er rett så høgt. Første greinene som støa stigen, gav etter med meg 2 - 3 meter opp stigen. Lukkeligvis var dei av ein litt grovare dimensjon dei neste greinene som stigen traff. Det kan fort gå godt.



fredag 25. september 2015

Det lugga litt . . . .

For 10000 kilometer sidan vart den trufaste Corsa-en sjekka med omsyn til bremser. Det var Meggi som tok bilen og meg med til ein verkstad i Francavilla. Der vart det konstatert at bremsene ville vera fullgode endå minst 10000 kilometer. Det lugga litt når bremsene vart brukt i starten etter at bilen hadde stått i ro nokre månadar. På verkstaden sa dei det skuldast anløp til rust på breseskivene. Beste måten å fikse det på var å bremse litt hardt fleire gonger for å slite vekk det tynne tynne laget med rust. 
Pris for bytte av bremseskiver og bremsebelegg fekk eg, men det kosta ingenting å få det sjekka. Bilen på bukk, av med alle fire hjul og nøye inspeksjon til ein kostnad av null €uro.

Ettersom det nærmar seg retur ti Puglia for min del, har eg meldt ankomsttid til Meggi. Eg spurde henne samstundes om ho kunne gjere ein avtale for meg ved den verkstaden der dei for 10000 km sidan sjekka tilstanden på bremsene. Meldinga tilbake på telefonen lyd slik:   If you want we can bring your car before so when you’ll arrive your car will be ok. Tilbodet var for godt til å seie nei til. Skamvitet mitt heldt på å ta overhand, det er då grenser for kva Meggi skal styre med for vår del. Men så tenkte eg som så: Ho veit at eg veldig fort takkar ja til hjelp, og då skulle hennar erfaring tilsei at ho ikkje skulle by på hjelp om ho ikkje meinte det.
                          


Litt dumt at det ikkje viser meir att når ein skal leggje ut nærare 3000 kroner  for total gjennomgang og bytte av bremsedeler, men det vil nok vise att når ein eventuelt har bruk for ein bråstans, og i eit uoppmerksomt øyeblikk kan det fort nok bli trong for ein slik stans.
   
Slik gjekk det til at Corsa-en får seg ein liten tur før eg kjem nedover tysdag ettermiddag.  

lørdag 12. september 2015

Ta tak for nytt tak

Det er tid for nye tak. Ettersom dei ukjende vennene som var innom ein eller annan gong i mai juni dette året, ikkje var så nøye med korleis dei gjekk frå det,


måtte me bare legge opp til nytt tak. Ikkje plent i varmen i sommar, men nokså snarleg. 

Vår gode venn Livar fekk det for seg at han måtte ha nytt tak over uteplassen sin, og der baud det eg ein sjanse for både han og oss. Vinn vinn må ein vel kalla det. Eg reiv gamletaket hans, og fekk den materialen eg kan gjer meg nytte av. Transportmiddel fekk eg låne. 
Varmen var der lite å gjere med. God var den, men passande for arbeid midt i solsteiken var den ikkje. Når gradestokken ligg mellom 35 og 40 er det ikkje mitt første val å gå på taket for å jobbe. Nå derimot, når temperaturen er på veg nedover skal eg ta tak i taket. Med panelborda frå Villa Serena som undertak, skal det bli eit noko meir solid tak enn det som var. Bølgeplater av bitumen har ikkje stått mot varme og nedbør. Det bølgar der det skal, men og på tvers.
Forsikringsoppgjeret gjekk forresten veldig fint. Gjenkjøp av reiskapar er null problem med Leroy Merlin bare snaue 2 mil unna.
Reparasjon av tak var heller ikkje noko problem. Eg visste at taket var dårlig og hadde difor planar om å skifte det ut. Gjorde bare eit anslag på fjerning av gammalt tak, sette opp pris på nytt tak og gav beskjed om at det nye taket ville eg betale sjølv, men eg kunne godt ha dekning for fjerning av det gamle. Det måtte nokre e-mailar til for å ordne det, men då eg veldig detaljert forklarte korleis eg tenkte, var det visst ok for INTASURE at dei IKKJE skulle dekke anna enn fjerning av gammal tak.  Noko anna som er fint med INTASURE er dei trekkjer ikkje frå på alder. Dei erstattar det det kostar å kjøpe att nye tilsvarande maskinar som det takvennene våre for av med.  I forsikringsoppgjeret etter flaumen her på Vigrestad i august 2014, vart det trekt ikkje mindre enn ca 50000 kr med grunnlag i alder på øydelagde gjenstandar. Akkurat som om me hadde planlagt å skaffe både kjøleskap, fryseskap, vaskemaskin og tørketrommel på ein gong. 

Ein månad aleine i  kan fort bli litt mykje. Anne Marie kjem heldigvis nedover eit par tre dagar etter at eg har kome dit. Då kjem ho til duka bord, der utemøbler er på plass, stova rydda for lagra gjenstandar, golv vaska, kort sagt alt skin. Me får mest eit par veker i lag i Villa Felizia på ei tid der me kan vente godt norsk sommarklima. Ikkje slik som siste sommar, nei passe varme rundt 25 grader og gjerne litt regn i ny og ne. Valnøttene våre skal og bli tatt hand om, og får me ikkje nok er der meir å hente oppe hos "amice di Ceglie". 

Eg blir eit par veker til, og då har eg tenkt meg på ny tur til Sicilia. Leiger hus av ei matglad friskus av ei dame som nå er busett på Nærbø saman med norsk ektemann og ein liten norsk-siciliansk etterkomar. 
Kan fort bli ein dag til på vulkansk grunn, for staden der eg skal bu ligg ved foten av Etna. San Giovanni La Punta er heller ikkje langt frå Catania. Ein og annan bytur blir det ve og, og denne gongen vil eg prøve is i lompe. Pistasjeis servert i ei flat tynn kake rulla saman som om det skulle vere pølse i lompe.