Translate

tirsdag 23. april 2019

Life in Puglia


Me kom oss heilskinna fram sjølv om eg måtte ta meg av heile kjøringa. Det er faktisk ganske langt, men så er det og litt kva du gjer det til. Du må mest la deg imponere av naturen du reiser gjennom. Ja for der er natur nok å sjå på sjølv om ferdselsåra ein fer langs er motorveg av ganske så god standard. 
Frukost ute fekk me til kvar dag, men kveldane var kaldare enn ynskjeleg. Med gode ullteppe held ein nå varmen og bit ein tennene godt nok saman klarer ein utelivet på kvelden etter at det har blitt mørkt. Streifhundar og -kattar har me jamt over hatt heile tida, men denne her, den slo seg til hos oss. Var tydeleg van med folk. Etterkvart viste det seg at den var meir kleptoman enn det me sette pris på. Hadi sola seg og tok ein liten pause medan klokke, snus og mobil vart liggjande att på solsenga. Kven var ute med kjeften då lurte me på ei stund, for når jobben med soling skulle tas opp att, så var sjølvsagt mobilen borte vekk. Ingen stader å sjå. Å ringe til den var det heller inga hjelp i, for den stod på lydlaus. Då er det godt å ha Swap frå Telenor med full forsikring. Korleis karen skulle overleve resten av påsken utan mobil veit ikkje eg, men det er jo mykje som går på trass av at det på førehand ser umulig ut. Hadde vel mest gitt opp håpet om å finne den då Anne Marie oppdaga den under ein busk. Tydelege merke etter tenner på dekselet, men sjølve mobilen tok ikkje skade av opphaldet i kjeften av ei lausbikkje ute på campagnaen i Latiano.
Det er Hadi som er fyrbøtar når kveldskosen skal lagas til. Glødane kol etter olivengreiner er famifrå til å grille på fekk me sjå. Blir nok ikkje mykje kjøp av grillkol for vår del.
Kva nytte gjer ein gekko? Me har iallefall nokre av dei, både inne og ute. På denne tida var dei nokså bleike om nebbet, mest som innpakinga var litt transparent. Midtsommars er det kraftigare saker har eg sett der dei piler over veggene for å kome i løynd for nyfikne tilskodarar. 
Hunden som stakk av med mobilen gjorde meir ugagn etterkvart som den vart meir varm i trøya. Solcelle til lyskuler, crocks, feiekost og heile tønna med søppel vart gjenstand for gjenbruk. Nå leketøy for hund. Putene i eit par korgstolar vart effektivt partert og slengt utover. I eit håp om å få fred fekk den mat, Hadi kjøpte hundefor, men det var lite hjelp i det og. Endåtil plast-tallerkenen den fekk mat på enda opp som små gule plastbitar. For å halde seg i live har den utvikla ein frapperande fragmenteringsteknikk. Eit stort fleece teppe me hadde pakka ting i ved transporten sørover, enda opp som ei helseteppe. 
Julio og Julia tek vel vare på eigedommen i vårt fråver. hyggelige folk som for rundt 20 år sidan vandra inn frå Albania. Nå hadde dottera blir uteksamneirt frå universitet i Torino. då kan du sei etterkomarane har tatt eit lite steg oppvore i systemet frå der foreldra har funne sin plass. Ho hadde endåtil fått jobb hos Bosch. Forstå meg nå endelig rett, for meg er alle nyttige kvar på sin plass, men det var rett så stolte forledre som fortalte om korleis det går med dottera.

tirsdag 16. april 2019

Yeti eller Roomster?

Ikkje like lett å få alt rett når det skal gå fort. Eg fekk det med meg at det var i Roomsteren me inntok autobahn. Fekk du  det med deg? Kanskje ikkje ut frå mine lite nøye opplysningar i førre innlegg. Skulle rydde litt i gardsrommet før avgang til Risavika. Hadi flytta ferdig pakka Yeti, eg skulle setje nytømt Roomster på plass framfor garasjen. Då hadde den gule fare gått over. Ein rask tur ned til Hårr og heim att avgjorde. Turtall opp mot 6000 o/m, ingen lugging , bare haugevis med normalitet. Ompakking nummer TO denne dagen og så trilla me avgårde. Lite ante me kva eventyr som venta på Autobahn.
Ingen pass sjekk ved innsjekk på Bergensfjord. Ingen vellomstkomite i Hirtshals. Heller ingen sjekk ved grenseovergang til Tyskland. Frå Tyskland til Danmark stod det i motgående to kjørefelt fleire kilometer lang kø av folk som skulle godtgjere at dei var verdige til å kome inn i Danmark. Kan det ha noko med Inger Støjberg å gjere?
Vel, vegen låg framfor oss og Roomsteren støya seg vidare sørover.
Etter overnatting hos Metzgerei Lamm i Geiselwind med god svevn var me klar for sundagstrafikk mot München og vidare til Forlimpopoli der neste overnatt var tinga.
Men så skjedde det som eg aldri før har opplevd på Autobahn. Første biltur av det slaget var i 1983 på bryllupsreise. Seinare kan du sei det har blitt fleire slike turar i høg fart gjennom Tyskland. Men som sagt aldri før har eg vore ute for liknande. Ein mørk Mercedes,  type stasjonsvogn smatt inn like framfor oss. Skulle kanskje ha bremsa for å halde passande avstand, men der begynte det å blinke i ei lystavle bak på bilen. POLIZEI i raude bokstavar på svært bakgrunn. Etter litt kom det opp meir tekst: STOP, like raudt som det andre.  Forstod jo at dei ville ha oss til å stoppe. Måtte bare følgje til ei avkjøring der polizistane svinga inn. Ut av bilen med oss. Fram med alle dokument på både på folk og kjøretøy. Alt innhald i Hadi sin korthaldar vært nøye granska, også inngangs kort for treningssenter i Stavanger. Hanskerom vært sjekka og så var det tur for bagasjen. Kor er din koffert vart Hadi spurt om. Ut med kofferten og beskjed om å opne den. Men her er ikkje klede for ei veke i Italia var kommentaren. Heilt rett. Hadi ville kjøpe nye klede nå i påsken og når me prøver å gjere reisa i lufta rimeleg, er det bare småkoffert som får bli med. Akkurat nå sit eg på IPERCOOP og bloggar medan Anne Marie og Hadi trålar butikkar på jakt etter klede som Dell i smak. Eg trur nok han har tankar om å ta seg bra ut for jente heime når han gjer utvalet.
Medan me endå stod der på avkjøring frå Autobahn vart den potensielt skuldige spurt om han hadde pistol.  Nei, var det sjølvsagte svaret. Kva hadde skjedd om eg på tull hadde sagt: Keine Waffen, aber ein sehr grosse Bombe in Auto.
Eg skjønar behovet for kontroll, men at sakeslause personar skal bli plukka ut på null andre indikasjonar enn utsjånad det har eg problem med å forstå. Ok, bilen var norskregistrert, men trudde ikkje det var ein nasjonalitet tysk politi var spesielt på utkikk etter.
Dee

søndag 14. april 2019

Sjå opp for gule lamper

Lita lysande lampe kunne lett velta Roomsterturen sør gjennom Europa. Med bil ferdig pakka skulle eg ein snartur opp på stasjonen. Og trur du ikke det lyste i dashbordet. Konstant lys frå lampa som indikerer motorstyringsfeil. Drog ikkje heilt godt heller dei 80 ganske så kvikke hestane som bur under panseret. Drog på litt ekstra på tomgang, og då skjedde det noko. Kvar einaste ein av dei 80 sa eg vil ikkje meir. Ved eit turtall like under 3000 omdreininger pr minutt slo sperra inn. Sjølv med pedalen nesten gjennom golvet var det noko som hindra motoren i å ruse vidare oppover til dei 5 – 6 tusen den er god for under normale forhold. Med ein time igjen før avreise til Risavika måtte me handle raskt. Fekk ikkje tak i verkstad verken på Vigrest eller på Forus. Då vart det bare å flytte over frå Roomster til Yeti. Gule kontrolllamper  skal ein ikkje are overså. Kva kunne vel ikkje koma til å skje ein eller annan stad på vegen til Latiano. Passasjer og sjåfør som så inderlig vil koma seg til huset der sør i Pugliaradis, og ikkje mindre enn 80 hestar som samstemt gjekk inn fortelling  som rett og slett ikkje orka å vere med vidare på leiken. På ganske så kort tid var omlessinga gjort.
Å kjøre Yeti til Sør-Italia er ikkje noko dårlig byte, men slett ikkje planlagt.

På dette viset kom me oss 1050 kilometer sør om Hirtshals. Det er eit drygt stykke å kjøre. Men etter ein god dusj og akkurat passe hard/mjuk madrass, eit glass godt tysk brygg tok senga over for dei to langvegsfarande karane. Det er brunning og fôring av dei tobeinte. 20 mil kortare kjøring idag, men det er jammen langt nok det og.