Translate

tirsdag 23. april 2019

Life in Puglia


Me kom oss heilskinna fram sjølv om eg måtte ta meg av heile kjøringa. Det er faktisk ganske langt, men så er det og litt kva du gjer det til. Du må mest la deg imponere av naturen du reiser gjennom. Ja for der er natur nok å sjå på sjølv om ferdselsåra ein fer langs er motorveg av ganske så god standard. 
Frukost ute fekk me til kvar dag, men kveldane var kaldare enn ynskjeleg. Med gode ullteppe held ein nå varmen og bit ein tennene godt nok saman klarer ein utelivet på kvelden etter at det har blitt mørkt. Streifhundar og -kattar har me jamt over hatt heile tida, men denne her, den slo seg til hos oss. Var tydeleg van med folk. Etterkvart viste det seg at den var meir kleptoman enn det me sette pris på. Hadi sola seg og tok ein liten pause medan klokke, snus og mobil vart liggjande att på solsenga. Kven var ute med kjeften då lurte me på ei stund, for når jobben med soling skulle tas opp att, så var sjølvsagt mobilen borte vekk. Ingen stader å sjå. Å ringe til den var det heller inga hjelp i, for den stod på lydlaus. Då er det godt å ha Swap frå Telenor med full forsikring. Korleis karen skulle overleve resten av påsken utan mobil veit ikkje eg, men det er jo mykje som går på trass av at det på førehand ser umulig ut. Hadde vel mest gitt opp håpet om å finne den då Anne Marie oppdaga den under ein busk. Tydelege merke etter tenner på dekselet, men sjølve mobilen tok ikkje skade av opphaldet i kjeften av ei lausbikkje ute på campagnaen i Latiano.
Det er Hadi som er fyrbøtar når kveldskosen skal lagas til. Glødane kol etter olivengreiner er famifrå til å grille på fekk me sjå. Blir nok ikkje mykje kjøp av grillkol for vår del.
Kva nytte gjer ein gekko? Me har iallefall nokre av dei, både inne og ute. På denne tida var dei nokså bleike om nebbet, mest som innpakinga var litt transparent. Midtsommars er det kraftigare saker har eg sett der dei piler over veggene for å kome i løynd for nyfikne tilskodarar. 
Hunden som stakk av med mobilen gjorde meir ugagn etterkvart som den vart meir varm i trøya. Solcelle til lyskuler, crocks, feiekost og heile tønna med søppel vart gjenstand for gjenbruk. Nå leketøy for hund. Putene i eit par korgstolar vart effektivt partert og slengt utover. I eit håp om å få fred fekk den mat, Hadi kjøpte hundefor, men det var lite hjelp i det og. Endåtil plast-tallerkenen den fekk mat på enda opp som små gule plastbitar. For å halde seg i live har den utvikla ein frapperande fragmenteringsteknikk. Eit stort fleece teppe me hadde pakka ting i ved transporten sørover, enda opp som ei helseteppe. 
Julio og Julia tek vel vare på eigedommen i vårt fråver. hyggelige folk som for rundt 20 år sidan vandra inn frå Albania. Nå hadde dottera blir uteksamneirt frå universitet i Torino. då kan du sei etterkomarane har tatt eit lite steg oppvore i systemet frå der foreldra har funne sin plass. Ho hadde endåtil fått jobb hos Bosch. Forstå meg nå endelig rett, for meg er alle nyttige kvar på sin plass, men det var rett så stolte forledre som fortalte om korleis det går med dottera.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar