Translate

onsdag 20. mars 2019

Beina i veret, godt tilbakelent

Du kan sei det slik at varmepumpe som heller lagar is enn varme, det er det lite hjelp i. Einaste fordel måtte vera at trongen for isbitmaskin blir mindre. Bare å fikse ei lita hylle under innerdelen, plassere glas under og vips så er isen klar.
Det vart verre etterkvart. Til sist var heile innerdelen fylt opp av is, og ganske så utgjort, verken fjernstyring alle anna makta å slå kjølevidunderet av.
Då var der ikke anna å gjere enn å sjalte ut ENEL, dei me kjøper straum av. Av med hovudsikring, opna koplingsboksen og vips, det vart det det dei kallar ein hard stopp. Endelig ville varmepumpa lya. Mange gonger hjelper det å slå hardt av når elektronikkk ikkje funkar som det skal, eller ein Pc har hengst seg fast i ein bagatell og ikkje vil vidare.
Påskeførebuing på det praktiske planet. Arbeider ein med klorin, skal ein ikkje nøye seg med å håpe det går godt. Ut med alt som skal ta skade. Deretter ikle seg passande verneutstyr for eigen del. Adams drakt fungerer forresten fint til slikt.
Mugg i taket fekk seg ein omgang med sprøyta,
 og vips; der vart taket like kvitt og fint att.
Slike temperaturar som dette hadde eg ikkje kvar dag, men denne dagen stoppa ikkje søyla før på 26 i sola i skuggen. Då var det kortbukse og T-skjorte som gjaldt.
Av alle lame namn på etestader må vel Broadway vere mellom kandidatane til ein pris når plassen er å finne i ein liten by nede på hælen av Italia. Namnet skjemmer ingen, men her er det like på kanten. Men eg et jo ikkje namnet på restauranten, det er maten som tel. Pizzaen her er god, passe stor, har fylgje av god drikke, blir servert i eit ok lokale av ok både servitør og kjevlemeister. Må liksom ha ein tur innom der minst ein gong pr. Pugliavitjing. Du finn Broadway i San Vito dei Normanni.
Hos Sofie og Livar står det klar for mottak av huset sine eigne folk til påske.
Kanskje åkeren får seg ein omgang med eit velvakse udyr, men kva veit vel eg. Den eine av dei to som held til her skal feire stor dag til sommaren. Då hadde det vel vore fint med heimeavla grønnsaker å fore gjestene med.
Blomstrar gjer det og inne ved gapahuken. Eg tenkjer det blomstrar nok i fleire krukker når dei bare kjem seg nedover dei som høyrer til her.
Me styrer med vask og muggfjerning innvendig og kalking av vegger utvendig. Endå litt tid att før Lill Karin og Gaute er heilt på plass oppi bakken der dei har funne sitt Puglianske hus nr 2. Men fint blir, det er ikkje vanskelig å sjå, sjølv nå medan det endå står att litt finpuss før det blir ferdig.


Det blir faktisk såpass, ja biletet altså gjennom ikkje heilt reine vindauge inn i eit heller dunkelt rom. Litt skryt må eg vel få koma med av det utruleg gode fotoapparatet eg skaffa meg. Det går forresten an å ringe med det og, både på telenett og internett.


Når her blir fuga blir det supert gardsrom.  ENEL som før fekk sin inngang oppå veggen til trulloen, er i ferd med å flytte. Har dei sendt flyttemelding mon tru?
Omfattande arbeid både inne og ute, gjev som resultat at dei til påsken 2019 får bu inn ein skikkeleg fin plass både når det gjeld hus og trullo og også når det gjeld området der huset ligg. Det er faktisk slik at eg blir litt misunnelig. Men eg manglar både mot, pengar og kjøpar av det gamle. Ikkje for det. Cda Coltura er ein fantastisk fredelig og god plass å vera, både for å samla nye krefter og for å ta vare på dei krefter ein endå ikkje har brukt opp. Absolutt ingen andre forventningar enn dei ein sjølv har. Livet er rett og slett extra godt å leva når ein er der. Og nå minkar det på tida til neste tur.  Anne Marie fer nedover med fly 11. april. Hadi og eg kjører via Risavika - Hirtshals med  avreise herifrå fredag 12. april. I ein alder av 63 år er det jo litt spesielt å bli far til skuleungdom. Skulerute som det er fleire år sidan eg sist eg måtte forhalde meg til, styrer no både avreise og retur. Roomsteren har vore til Eu-kontroll og blitt funnen skikka til 2 nye års teneste i Puglia. 80 hestar blir henta ut frå 3 sylindrar, ikkje så mykje på autobahn tenkjer du kanskje, men eg har nå kjørt same etappe før med bilen og den klarer seg forbausande godt. I fart rundt 120 -130 drikk den 0,58, så me må innom for brønning innimellom. Elles hadde me tenkt å kjøre på skift, eg søv Hadi kjører, Hadi søv eg kjører. Det blir visst ikkje heilt slik ser det ut til.  Men tek me tida til hjelp skal me nok vera nede til mandag ettermiddag kveld. Eit døgn seinare enn opprinneleg tenkt.
Beina i veret, godt tilbakelent, god mat på bordet og godt lag. Det er dette me lengtar etter.

onsdag 6. mars 2019

Oppå, inni, rundt

Etna er bare utruleg fascinerande. Krefter av uante dimensjonar har forma landskapet her i mange mils omkrins. Har tidlegare vore oppe om ikkje heilt på toppen, så iallefall så langt ein kan koma med hjelp av terrengbuss.
No var det tida for å prøve noko anna. Jernbane, CIRCUMETNEA. Rundt heile Etna med tog.


På skikkeleg gammalt smalspora dieseldrive tog heile runden rundt Etna. Av rimelege grunnar må banen halde seg eit stykke unna toppen. Det er grenser for kor stor stigning ei personvogn kan klare utan til dømes å ta tannhjul til hjelp i klatringa. Avreise frå Catania Borgo klokka 09:00 og ankomst Catania Centrale 15:30. Ein stor del av tida var toppen på Etna synleg.
Elles ser ein jo litt av kvart. Skulle ha fanga det med kamera, men ikkje alltid det er klart. Medan toget like før ein stasjon tøffa over ein planovergang, oppdaga eg ei gammal kone inne på stasjonen som stod og sveiva på ein sveiv. Wire vart rulla ut og då kom eg på kva det måtte vera. Bommen ved planovergangen vart fjernstyrt på denne måten.

Ved Adrano var stasjonen gøymt nede i fjellet. Det vil sei, stasjonsbygningen stod oppå bakken, medan plattforma var plassert langt nede i svarte lavaen. Rulletrapp så lang som bare det for å kome opp og ned. 
Då var eg ferdig med inni. Vidare gjekk toget til Randazzo. Der var det bytte av tog og eit par timars ventetid. Ventetida vart godt utnytta, fekk meg både panini med prosciutto crudo, cappuchino og litt god drikke elles og. 




Tilbake på stasjonen for siste etappe mot Giarre fekk eg med meg ei selsom oppleving. Hadi sa ein gong at me hadde kome mykje fortare fram til Italia om ikkje eg heile tida måtte ha pissestopp. Men så overhendig travelt brukar eg ikkje å ha det heller. Ikkje så travelt som han karen som kom farande bortover perrongen og minst 5 meter før dodøra ordne med buksesmekken. Eg er mest heilt sikker på at junior fann vegen ut i det fri i det han kom til døra, så travelt hadde han det. 

Skulle mest tru eg hadde teke for god tid på vegen til do denne gongen, men de får tru meg. Det var ei flaske med Aqua frizzante som gjekk amok i det ho vart opna. Eg vart pisseblaut, det rann på setet og på golvet, men heldigvis bare det nemnde flaskevatn. Ikkje buksevatn denne gongen.
Men så var det der passsarfoten var plassert i den sirkelen der toget teikna ein strek rundt Etna. 
Det er eit fantastisk og kraftfullt syn. Ikkje lenger tilbake enn rundt juletider då kreftene sørgde for både aske lava og røyk. Godt då å halde seg på passeleg avstand frå dei enorme kreftene som slepp laus rett som det er.
Eg har lett for å ta ting på forskudd. Både det som er problematisk, men og det som er gledelig. Me skriv framleis 6. mars, to dagar att til

8. MARS

I 1946 valgte "Unione donne Italiane" (italienske kvinners union), mimosablomsten til å  symbolisere kvinnedagen. Mimosatreet vokser vilt mange steder i Italia akkurat på denne tiden. Den var derfor en blomst som alle skulle kunne ha mulighet og økonomi til å gi bort.  Hvis du befinner deg i Italia på den 8.mars vil du kunne se "blomsterselgere" på hvert et hushjørne, som selger mimosakvister som menn skal gi til kjæresten, kona eller mamma for den saks skyld.
 Indianerne mente at blomsten symbolisterte styrke og feminilitet, så det var nok ikke tilfeldig at akkurat mimosaen ble valgt.

mandag 4. mars 2019

Godt med det som funkar

Godt med det om funkar. Vatnet let seg hente opp frå 135 meter djup borebrønn. Det strøymer i strie straumar. Godt smakar det og livsnødvendig er det. Har vore her før på sommaren i fleire dagar utan det våte og det er jammen ikkje så enkelt. 
Opplegget her er at vatnet blir pumpa opp frå den djupebønnen og inn i ein tank som mellomlagrar 1500 liter av godstoffet. Ei mindre, trykkstyrt pumpe sørgjer for vatn i do, dusj, badekar, vaskemadkin, oppvaskmaskin, kjøkkenkran,utekjøkkenkran og to utekranar elles. Når så det minkar på vatnet i tanken må ein vri på brytaren for å skaffe meir frå det tilsynelatande utømelige underjordiske lageret.
Så får ein bare passe på å vri brytaren over i null att før det renn over.
Ein kunne kanskje tru det er ein sport frå mi side når det gjeld å fortelje om ubedne gjester. Som vanlig har det ikkje vore nokon inne i huset, derimot har skuret der dagtanken står hatt besøk. Ikkje tobeinte, nei slike på 4 føter. VigilNova stakkar har gått i fast trafikk opp til Villa Felizia. Vart heilst metta av slike turar om eg har forstått Meggie rett. Når teknikaren kom, såg me skit. Kunne vore muselort, men eg har meir trua på gekkoen. Det bur i allefall ein av slaget der inn i skuret. er nokså sikker på at det er lort frå den som låg på hylla rett under den infrarøde sensoren til tjuverialarmen. Kva den har gjort oppe på sjølve sensoren veit nå ikkje eg, men det kunne mest sjå ut som den hadde prøvd å få avkom med den. Fotspora på sensoren tydar på noko som inga mus hadde klart. Kunne blitt eit stort produkt av dette om det lukkast. Pr i dag veit ein jo ikkje om det lukkast eller ei, for ikkje veit eg kor lang tid ein gekko går drektig. Bare sjå det for deg. Ein infrarød sensor som går på eigne gekkobein dit den skal brukas. Utfordringa må vere straumtilførsel, men med dagens trådlause teknologi må vel det og la seg ordne. Gekkosensoren kan gå sjølv til eit definert ladepunkt ved behov og på det viset halde seg i drift ved hjelp av eigen aktivitet.
Klorin er godt til  mykje. Søler ein med det har det lett for å vise att på kleda, så ein lyt passe på at dei tekstilane ein har på seg er dedikert kun til slikt bruk. Det har vore ein veldig våt vinter i Latiano. Vatn i enorme mengder. Hus laga av mur er tett nok, men enn så fuktig. Då blir forholda for muggvekst upåklagelig. I dei åra me har hatt huset har eg faktisk ikkje før sett så mykje av slaget på vegger og tak. På vegger, i tak, på kjøkkenbenk, utanpå kjøkkenskap, inni kjøkkenskap og på ei samling trereidskapar på kjøkkenbanken var det mest så ein kunne dra kammen over og bruke sleivene til handdokker. Ein omgang med klor, oppvaskbørste og til sist turking i steikeomnen. Ja du skjønar vel at det bare var sleivene som fekk plass i steikeomnen?
Det lyse på veggen er der eg alt har vore med pumpekanna og klor. Det lagar mykje søl når ein brukar ei eller anna pumpekanne som før har vore til såpe. Betre då med den ugrassprøyta eg var på ferramento i San Vito. Fyll på klorin, pump opp trykket og utan søl legg det seg ein fint forstøva lag av klor både på vegger og tak. Grusgangen frå vegen ned mot huset kan fort få seg ein omgang den og med trykksprøyta, men då må eg nok fylle på anna stoff enn klor. 
Restemåltid. Eg såg jo at Tomahawksteak ville vera meir enn eg kunne klara i eitt måltid. Men det var noko nytt i Pascalone sin disk, og då så. Eg kunne jo ha spurt om ein doggiebag til eldsteson Knut sin hund, men verken Knut eller Barney er med, så eg sa som det var: Det der kan vera god mat for meg neste dag. Godt var det på tysdag kveld då eg kom til Puglia. Godt var det dagen etter og når det hadde fått seg ei oppvarming i omnen. Elles var klokkka over 12, så då er det vel greitt med det i glaset og vil eg tru.
Enn så enkelt dei har det dei av oss som slepp styret med frisør. For meg er det slik at alt håravfall skjer utanfor min synsvidde. Litt viker får eg med meg, men eige månelys slepp aldri inn på mine netthinner. Så kan eg gå der til frisøren i Ceglie Messapica og late som om hårveksten er som i min ungdoms vår. Lurer forresten på kor lenge det går før eg kan rekne med rabatt? Eg har av og til i eit gløtt sett at det er litt tynt der ein plass på bakhovudet og då kan det ikkje vera rare jobben frisøren treng gjera når han ikkje treng fara over meir enn halve hovudet med saksa.
Førebels får me vera samde om at han gjer ein god jobb. Betre jobb kunne vel knapt nokon annan gjera. Endåtil øyregangar, ytre øyre, augnebryn og nasehol får nærkontakt med saksa. Nesten så det er litt nervepirrande å ha spissen av ei saks der rett framfor fjeset, når saksoperatøren tek eit kjapt utfall mot dei håra som veks så altfor godt i nasen. Kunne det vore mulig å flytta dei opp i bakhovudet tru?