Translate

mandag 4. mars 2019

Godt med det som funkar

Godt med det om funkar. Vatnet let seg hente opp frå 135 meter djup borebrønn. Det strøymer i strie straumar. Godt smakar det og livsnødvendig er det. Har vore her før på sommaren i fleire dagar utan det våte og det er jammen ikkje så enkelt. 
Opplegget her er at vatnet blir pumpa opp frå den djupebønnen og inn i ein tank som mellomlagrar 1500 liter av godstoffet. Ei mindre, trykkstyrt pumpe sørgjer for vatn i do, dusj, badekar, vaskemadkin, oppvaskmaskin, kjøkkenkran,utekjøkkenkran og to utekranar elles. Når så det minkar på vatnet i tanken må ein vri på brytaren for å skaffe meir frå det tilsynelatande utømelige underjordiske lageret.
Så får ein bare passe på å vri brytaren over i null att før det renn over.
Ein kunne kanskje tru det er ein sport frå mi side når det gjeld å fortelje om ubedne gjester. Som vanlig har det ikkje vore nokon inne i huset, derimot har skuret der dagtanken står hatt besøk. Ikkje tobeinte, nei slike på 4 føter. VigilNova stakkar har gått i fast trafikk opp til Villa Felizia. Vart heilst metta av slike turar om eg har forstått Meggie rett. Når teknikaren kom, såg me skit. Kunne vore muselort, men eg har meir trua på gekkoen. Det bur i allefall ein av slaget der inn i skuret. er nokså sikker på at det er lort frå den som låg på hylla rett under den infrarøde sensoren til tjuverialarmen. Kva den har gjort oppe på sjølve sensoren veit nå ikkje eg, men det kunne mest sjå ut som den hadde prøvd å få avkom med den. Fotspora på sensoren tydar på noko som inga mus hadde klart. Kunne blitt eit stort produkt av dette om det lukkast. Pr i dag veit ein jo ikkje om det lukkast eller ei, for ikkje veit eg kor lang tid ein gekko går drektig. Bare sjå det for deg. Ein infrarød sensor som går på eigne gekkobein dit den skal brukas. Utfordringa må vere straumtilførsel, men med dagens trådlause teknologi må vel det og la seg ordne. Gekkosensoren kan gå sjølv til eit definert ladepunkt ved behov og på det viset halde seg i drift ved hjelp av eigen aktivitet.
Klorin er godt til  mykje. Søler ein med det har det lett for å vise att på kleda, så ein lyt passe på at dei tekstilane ein har på seg er dedikert kun til slikt bruk. Det har vore ein veldig våt vinter i Latiano. Vatn i enorme mengder. Hus laga av mur er tett nok, men enn så fuktig. Då blir forholda for muggvekst upåklagelig. I dei åra me har hatt huset har eg faktisk ikkje før sett så mykje av slaget på vegger og tak. På vegger, i tak, på kjøkkenbenk, utanpå kjøkkenskap, inni kjøkkenskap og på ei samling trereidskapar på kjøkkenbanken var det mest så ein kunne dra kammen over og bruke sleivene til handdokker. Ein omgang med klor, oppvaskbørste og til sist turking i steikeomnen. Ja du skjønar vel at det bare var sleivene som fekk plass i steikeomnen?
Det lyse på veggen er der eg alt har vore med pumpekanna og klor. Det lagar mykje søl når ein brukar ei eller anna pumpekanne som før har vore til såpe. Betre då med den ugrassprøyta eg var på ferramento i San Vito. Fyll på klorin, pump opp trykket og utan søl legg det seg ein fint forstøva lag av klor både på vegger og tak. Grusgangen frå vegen ned mot huset kan fort få seg ein omgang den og med trykksprøyta, men då må eg nok fylle på anna stoff enn klor. 
Restemåltid. Eg såg jo at Tomahawksteak ville vera meir enn eg kunne klara i eitt måltid. Men det var noko nytt i Pascalone sin disk, og då så. Eg kunne jo ha spurt om ein doggiebag til eldsteson Knut sin hund, men verken Knut eller Barney er med, så eg sa som det var: Det der kan vera god mat for meg neste dag. Godt var det på tysdag kveld då eg kom til Puglia. Godt var det dagen etter og når det hadde fått seg ei oppvarming i omnen. Elles var klokkka over 12, så då er det vel greitt med det i glaset og vil eg tru.
Enn så enkelt dei har det dei av oss som slepp styret med frisør. For meg er det slik at alt håravfall skjer utanfor min synsvidde. Litt viker får eg med meg, men eige månelys slepp aldri inn på mine netthinner. Så kan eg gå der til frisøren i Ceglie Messapica og late som om hårveksten er som i min ungdoms vår. Lurer forresten på kor lenge det går før eg kan rekne med rabatt? Eg har av og til i eit gløtt sett at det er litt tynt der ein plass på bakhovudet og då kan det ikkje vera rare jobben frisøren treng gjera når han ikkje treng fara over meir enn halve hovudet med saksa.
Førebels får me vera samde om at han gjer ein god jobb. Betre jobb kunne vel knapt nokon annan gjera. Endåtil øyregangar, ytre øyre, augnebryn og nasehol får nærkontakt med saksa. Nesten så det er litt nervepirrande å ha spissen av ei saks der rett framfor fjeset, når saksoperatøren tek eit kjapt utfall mot dei håra som veks så altfor godt i nasen. Kunne det vore mulig å flytta dei opp i bakhovudet tru?

2 kommentarer:

  1. Så livsbejaande lesnad. Måtte til og med humra litt her eg sit i utestova og nyt at kvelden bankar på��

    SvarSlett
  2. Det er ikke mange frisører som klarer det som Luciano får til på øverste etasje. Det er heller sjeldent at man har meir hår når man går ut enn man hadde når man gikk inn.

    SvarSlett