Translate

fredag 25. januar 2019

Tolmodig Roomster! Du får ikkje vere med denne gongen heller.

Den får vente litt til med tur sørover. Tåler frost og tåler snø der den står, som om den kviler seg og samlar krefter den treng i starten av april. Like før påske kan Roomsteren sjå fram til mil etter mil etter mil etter mil på veg frå Vigrestad til Latiano.
Når så mitt tolmod ikkje rekk til heilt til påske, får eg klare meg med det beste alternativet. Ein svipp ned sist i februar starten av mars. 
Bil må ein ha, så eg får ta til takke med rimeligaste alternativet. Eg får bare passe på å unngå testing av kollisjonsikkerhet, for denne bilen er fryktelig langt ned på rankingen når det gjeld å ta vare på personane inni om noko skulle gå galt.

I overgangen februar mars er ikkje forskjellen på dagslengd så veldig stor. Det nærmar seg vårjamndøgn, og då er dagane nærast like lange anten ein er i Norge eller sør i Italia. Startar ein time tidlegare der sør, men det er på grunn av at er på nokre lendegrader lenger aust.

 Vigrestad Sol opp 07:36 Sol ned 18:03 soltimar  10:27
Latiano    Sol opp 06:25 Sol ned 17:38 soltimar 11:14

Temperatur er jo fort litt oppskrytt. Eg vel som før å ta dei statistikkane som er mest optimistiske, men får nok rekne med å fyre ganske så tett når eg kjem ned. Fuktig er det. Ingen luftavfuktar har stått på koplingsur, men du verda som dei skal få jobbe begge to når eg bare får starte dei opp. Varmepumpa brukar og å vera ganske så effektiv i avfuktingsmodus.
Kanskje det er tid for blomstring på mandeltrea? 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar