Translate

onsdag 12. oktober 2022

Snipp, snapp, så var . . . . . .


Kven som kjem først til mølla står att å sjå. I verste fall er der ingen som vil til mølla som førstemann. Men me får då prøva. Dei første til å bla opp mange nok setlar av rett valør, har god sjanse til å få seg sitt eige vesle paradis sør i Puglia
10 år er passe for oss. Nå vil me søkja andre beite for eventyrlyst.

Me haddde oss ein akkurat passe travel tur nordover med start lørdag 8. oktober frå Latiano. Stopp for overnatting i Bussolengo frå lørdag kveld til sundag morgon. Derifrå tenkte me oss ein kort kjøredag med overnatting i Nürnberg og tid til litt vandring i byen før natta tok oss. Etter å ha tenkt meir grundig gjennom det heile, fann me at då ville neste kjøredag bli meir hektisk enn det me ynskjer og det me ser på som trygt nok. Me gjorde om på planane og enda på H+Hotell ikkje langt frå Halle. Fin plass det, tett på Autobahn, lydtette vindu heldt støyen ute. God frukost mandag morgon og så vidare heilt til Hirtshals neste dag. Der var det og god standard og herlig frukost i selskap med Else Karin, ho såg snurten av oss i det me for inn dørene kvelden før. Ho kom altså til Hirtshals like etter oss. "Kan det stemma at du og Anne Marie gjekk inn på Skaga i Hirtshals ca kl 20 i kveld? kom det inne på mobilen min. Det var nok ikkje ekstremt godt syn som gjorde at ho såg oss. Ho bare låg eit lite minutt bak oss nordover på vegen mot Hirtshals. Dermed hadde me triveleg lag både ved frukosten og seinare på Superspeed.



Me slo sikkert ikkje av lyset for siste gong då me for denne gongen. Må ned att for å ordne det formelle ved eventuelt sal. Blir det ikkje sal av det i denne omgang tenkjer me å bruke plassen tilsvarande det me har brukt den dei 10 åra me har eigd den.  Men sjølvsagt håpar me nokon vil overta nå når me etter god tids tenkning har bestemt oss.