Translate

fredag 28. august 2015

Tenk det, ho toppar sjølvaste Mont Blanc.

Då eg dette året la opp til bilbruk tur retur Latiano, var det ikkje bare galskap eller trong for transport av tunge eller store saker. Nei, eg hadde planar om å ta att det som forsvann i fjor i flaumen.  Ei veke på tur opp frå hælen der omtrent midt i Middelhavet var det eg tenkte.  I Chamonix er det ein fjellheis som tek ein opp til Aguilee de Midi. Dei 3800 metrane opp dit er eg ikkje typen til å fikse sjølv. Skulle eg kome såpass opp i høgdemeter måtte det bli bil først og så gondol. Eg var heller ikkje budd på å gje slepp på Italia slik med ein gong, så vel oppe i høgda var planen å ta kabelbane tilbake inn over italiensk territorium. De har vel høyrt om vesle broremann som skulle lage syskrin til mora si. Etter kvart, i små steg, tok realitetane over, og planen vart gradvis redusert like til han stod att med ei skjærefjøl. Da blir hun sikkert glad, den vil hun sikkert ha, og at det er en nyttig ting kan ingen komme fra.
Mine planar om Mont Blanc forsvann som dogg for sola då eg kom til krysset der eg måtte velje. Via Frankrike eller snarast råd nordover?
For to år sidan hadde eg bilen inne på ein verkstad i Poggibonsi. Eg var innom, men midt i den italienske ferien var det vel ikkje anna ventande enn at der var stengt. Får prøve å få til ein førehandsavtale neste år ved hjelp av Sandra på Giottiline-fabrikken.
Skifte av nedre del bakvegg på Giottilinen og fiksing av feil på styringspanelet for straumen var ærendet då. Eg tok ein sjanse, men sidan det var så å seie langs vegen eg likevel ville kjøre, stoppa eg innom for mulig fiksing av nye feil på det elektriske. Straumen går ikkje via brytarane på styringspanelet, det går bare styrestraum til kvar forbruker. Du kan sei det slik at det er gildt når det fungerer, og passe frustrerande når det ikkje vil spele på lag. Ikkje heilt moden teknikk på det tidspunkt vår bil vart produsert. (2006) Verkstaden hadde ferie og det skulle ikkje vere vanskelig å gisse seg til det. 

Dei ein til to dagane eg hadde tenkt å vere der, vart brått til bare 1 til 2 timar. Det var då ideen kom. Har Fjordline ledige plasser på tidlegare avgangar? Først nettsjekk. Ja, der var det ledige plassar med avgang torsdag 27. august. Så telefon til Fjordline med negativt svar. Ingen ledige plasser. Ny sjekk på nett via mobilen. Ledig? Ja. Eit kjapt skifte i hovudet. Gammal plan: Til toppen av Euopa, med fjellheis like til kanten av Mont Blanc. Ny plan: Overraske ho som toppar sjølvaste Mont Blanc med ein uventa tidlegare retur.
Det er med slike planar som med reiser. Meir enn halve gleda er planlegging. Eg likar ikkje å lyga direkte. Omskriving kan gå, men direkte lygn er ugreitt. Då Anne Marie i forgårs spurde "Kor er du nå?", så vart eg svar skuldig. Ja, ja, eg hadde nå kosa meg rett så godt allereie ved tanken på at ho skulle koma heim frå jobb fredag og finne meg i stova, kan hende endåtil med middagen klar.

Kjøring langs trafikkert vegar kan vere krevjande. Når der er vegarbeid og vegen blir snevra inn til 2,15 i breidde, då er det trailersporet som gjeld for meg. I eit uoppmerksomt øyeblikk, fekk eg eg møte med ein markør som viste deling mellom trailerfelt og personbilfelt. Det gjekk helst godt i forhold til korleis det kunne ha gått. Vidvinkelspegelen håpar eg det let seg gjere å få tak i. Kanskje eit eller anna frå Biltema kan gjere nytta.

Det store skjedde likevel i dag. Måtte beintfram til Danmark før ein skikkeleg farleg situasjon oppstod. Når ein ligg i 80 – 90 km i timen i trailerfeltet til høgre av dei to felta nordgåande på motorvegen, så hender det ein vil forbi. Eg la meg ut og var vel komen på høgd med bakhjula på tralla til ein trailer. Men trur du ikkje han starta å leggje seg ut til venstre han og. Det jog gjennom meg. Bilen dreg godt den, men akselerere seg ut av situasjonen var heilt håplaust. Bli pressa inn i autovernet på venstre sida var heller ikkje noko særleg alternativ. BREMS DÅ. Kor uttrykket «Hjartet i halsen» kjem frå veit eg ikkje, men eg kjende det. Ein klump, mest som hjartet hadde tatt seg eit hopp opp i halsgropa. Kor mykje adrenalin som vart frigjort veit eg heller ikkje, men eg kjende korleis kroppen dirra og skalv. Når trailersjåføren var vel ferdig med manøveren sin, såg eg sjansen til i det minste å kvittere. Så lenge har eg vel aldri før tuta  på ein medtrafikant. Skjønt nå var eg vel altfor snill, potensiell drapsmann som han var etter mi meining.
Ejer Banehøj var fin stad for stopp. Kaffi og smørrebrød. Roa nervå. Går fort godt ser det ut til. Men vegen kalla, fleire mil att før Fjordline tok over. Då eg kom kjørande der hovudvegen frå Aarhus kjem inn på motorvegen, kom jammen meg traileren trillande endå ein gong. 
AVSTAND   AVSTAND  AVSTAND  AVSTAND  AVSTAND  
Hald god avstand, hald god avstand, hald god avstand. Ingen grunn til å utfordre til fleire nære på opplegg.


Nokre timar i Hirtshals blir det fort. Likar best å ha god tid.  Hjartet i halsen opplevinga tidlegare i dag er historie.  Har mange gonger før sagt at styggaste kjøringa skjer når ein har kome heim, når ein har kjørt i land i Kristiansand og er på veg vestover til Vigrest. Danmark blir mest heimsleg det og når ein har lagt bak seg rundt 2650 kilometer. Så episoden skjedde altså når eg så å seie var komen heim. Elles er her visst fleire som eg begeistra for Italia. Dei som driv denne her i Hirtshas til dømes:
32 dagar går fort. 
Det er talet på dagar som er att til eg tek fly sørover. Kan jo om italialengten blir altfor stor ta ein tur til Hirtshals. Fekk GRATISbillett frå Fjordine for 4 personar på utvalde avgangar i haust og vinter.

søndag 23. august 2015

Å fylle år er ingen stor kunst

Å fylle år er vel ingen stor kunst. Ikkje når ein kjenner dei rette folka, både på arrangørsida og mellom gjestene. Dagen kom ikkje så brått på heller, me hadde tid til å førebu oss. Grunnlagsarbeidet gjorde mor og far for mange mange år sidan. Utan dei hadde der jo ikkje vore noko å feire.
Som de ser har min far sett tydelige spor. Liknar på han meir og meir for kvart år som går.
Hadde ingen ambisjonar om italiensk feiring, sjølv om det gjekk føre seg i Italia på italiensk spiseplass med ein god del italienske vener. Norsk-italienarar kom og, saman med sommar-italienarar og nordmenn på ferie i denne herlige delen av Italia. For herlig er det. Fint å ha blitt "gammal og gløymsjen". Ankomst 1. juli og besøk hos Carabinieri har visst blitt heilt borte i varmen, eller rettare sagt frustrasjonen rundt dei plagsommen stygge mennene som kjem igjen og igjen, har blitt borte. Det kan faktisk vera så at dei har notert i kalenderen sin at når ein kjem til august, då får me passe ekstra godt på om det held fram med liv og røre På Villa Felizia eller om det stilnar av. Dei reknar vel med fritt leide endå ein gong til lagerrommet, men nå er det nok. Nok om det, det var fødselsdagen som skulle få seg eit blogginnlegg.

Ville folk koma til invitert tid, eller ville dei koma slik tradisjonen her ser ut til å vera. Eg trur dei fleste tenkte norsk. Når klokka vart halv ni hadde dei fleste kome. Etter nøye vurderingar hadde me plassert ut namnelappar, Litt dumt å setje ein italienstalande ved sida av ein eller ei som bare kunne snakke norsk.

Meggi var i storform. Hadde endåtil slått til og laga kake. Første gong til bruk i Tavernaen, fortalde ho meg. Dei som kjenner meg veit et eg er glad i mat. Dei som ikkje kjenner meg kan bare kaste eit blikk i min retning, så kjem dei til same konklusjon. Programmet for kvelden var enkelt nok det. Drøs, drikk og dugeleg god mat. Antipasti frå området her, og grilla kjøt av ypperste klasse. Me har vel ulike preferansar, men familien Hausken er ganske så samstemte: Få eller ingen slår Pascalone når det gjeld grilling.


Men skal ein feire, lyt ein ha gjester.







Eit nøye utval vart gjort. Me enda opp med 20 personar rundt bordet. Eit av venskapa har vart i rundt eit halvt hundre år. I andre enden av skalaen finn me dotter av vår nabo Netta, Maria. Henne hadde eg ikkje sett før eg var over hos Netta for å invitere. Sidan eg er så utruleg lettlærd (eller var det motsatt?) når det gjeld italiensk, så har ikkje eg og Maria snakka saman nokon gong før. Heller ikkje etter
Eg gledde meg over å sjå igjen folk frå Comenius-tida. Palma og Ubaldo kom, Stella kom og. Alessandra var me nett saman med i Punta Proscutto på stranddag. Demetrio og ho høyrer med mellom oss heldige som har fått to stk i ein jafs. Herlige Florina og Luigi er bare ein gave i seg sjølv å ha som gjester. Meglar Guido med Angela, halve Livar og Sofie ( spør du Livar var det ikkje ein gong beste halvparten, men slik vart det denne gongen),  Nabo Netta var einaste av nabodamene som kunne.  Ein "gamling" som meg klarer endå å knytte nye venskap og det gleder eg meg over. Gildt å bli kjend med nye. Gaute og Signe høyrer med i den kategorien det er gildt å vera i lag med. Dei har gjort italienarar av seg permanent, og har sett bu i Trullo Pernoll ein times kjøring herfrå.

Men slike dagar varer ikkje evig. Neste dag starta nedturen. Rettare sagt oppturen for ho som skulle opp i lufta på veg heim, men for meg definitivt starten på nedteljing for retur. Helge for dagen etter. Same ettermiddag for kjørte eg Livar til flyplassen. Fredag for Eva og Asgeir. Nå er det bare Knut og meg att her i olivenlunden. Det blir reising på oss begge i morgon.

fredag 14. august 2015

Nedpakking nærmar seg farleg fort

Alt godt tek visst slutt ein dag ser det ut til. Nedpakking nærmar seg farleg fort.  Nå er det attende til middagslaging og husvask og den daglege traskinga frå Varhaug og heim. Men innimellom blir det vel ein  gåtur av den litt lengre varianten.. Fann ut nett i dag at det er på tide å kome litt i gjenge att. I varmen er det ikkje like behagelig å gå for trimmen sin del. Har forresten fått meg ein ny ven på vandringane her nede mellom alle laushundane. I løpet av vinteren ser det elles ut  som dei har blitt borte i lause lufta. I Italia skal det finnast 600 - 700 ulvar, og nokre gjev ulvane æra for eller skulda for at hundebestaden på campagnaen er kraftig desimert. Eg tenkjer nok helst at det er nokre kommunale hovud som har funne ut at nok er nok. Og så har dei sikkert ikkje hatt ei Kari Mills å kjempe mot slik kattehatarane i Stavanger har. Ja for det har eg funne ut, at hundehatar er eg. Men det gjeld hedigvis bare slike lause gneldrebikkjer som flekkjer tenner og lagar lyd, dobbel så stor som det dei er sjølv. 
Då er Terje god å ha, han veiftar så godt han kan med den eine foten sin, og jammen tur eg det vil nytte om bikkjene skulle kome. Det er forresten ikkje bare til å kimse av. Meggi på Taverna di Pascalone fortalde om ei belgisk dame som fekk hundar etter seg då ho gjekk tur her i Latiano. Hadde ikkje ein annan turgjengar kome til, og lukkast med å jage dyra, hadde ho garantert fått kjenne hundetenner i leggjene sine.

Me manglar eit par for å vere full familie her nå. 

 Einkvan lyt vel vera heime og halda hjula i gang der. Tor Sveinung hadde jobbomsyn å ta, og det var vel grunnen til at korkje han eller Mona kjem hit i år. Medan me ventar på siste gjestene i sommar, nyt me livet etter beste evne. I kveld blir det grillmat her i vårt private paradis. Eva og Ageir tok sjansen og landa midt i mafialand, Napoli. Etter nokre dagar på rek er det me som er heldige og får besøk. 

Fritøsen Livar  hjalp med å bestille på netthandel her nede, har sluppe ut i det fri. Ho må få prøve seg med kunstene sine. Rett nok kan ho ikkkje så veldig mange kunster, men pommes frittes går heilt fint.
Det er ikkje sunt, men det er godt. Saman med pommes frittes var det nokre hønelår som hadde forvilla seg og tatt ut på tur heilt aleine. Med ein god spray balsamico såg dei rett så delikate ut. Velsmakande  var dei og.

Dei to fotballgale har rigga seg med Ipad for å få med seg ein viktig kamp. 90 min med så dårleg fart på Internett at dei mest ikkje kunne sjå ballen, vart kompensert av 5 gode minutta der farten var god nok til at dei fekk med seg det eine målet kampen hadde å by på. Lukkeligvis var det rett lag som sette inn ballen der den skulle.

Har nådd over nokre utvalde og mindre utvalde utestader så langt. Mykje pasjon for god mat rundt om her i Puglia, men ikkje nødvendigvis slik at all mat me får ute er i toppskiktet. I går kveld var me der me brukar å gå for å få god pizza. (Utanom den me får når me fyrer opp i vår eigen forno a legna.)  Pizza rett frå vedomnen på Broadway brukar vera i toppklasse. Eg vil ikkje sei kjøtet var så godt. Over helga, når me samlast hos Meggi og Pascalone for feiring blir det ein annan kvalitet på kjøtet. Det brukar vera både møyrt og velsmakande.


Frå velinformerte kjelder veit eg at det meste av druene me et heime på denne tida av året kjem frå Puglia. Store, søte, fristande langt over evne. Må bare sørge for å ha nok av dei heime til ei kvar tid. Her er druene kortreist mat. Dei ligg der i fruktdiskane og lokkar.  Umulig å gå forbi, slik er det bare.
Det aller mest kortreiste er det ikkje så mykje stell med. Nokre vinrankar med spisedruer, men i år bare ein bitteliten klase, og ikkje mange druer i klasen heller, færre enn 10. Nei då er det meir velstand borti vegkanten her.
  
Nå kan eg som likar å skryte av at eg aldri har vore på epleslang, skryte av at eg derimot har vore på drueslang. Men du er vel enig med meg, at når eg bare tok ei for å smake, så var eg ganske finsleg.

Då me kjøpte plassen her, var me visst overoptimistiske når det gjeld olivenolje. Trea har visst sin syklus og i tillegg vil alltid klimatiske tilhøve ha eit ord med i laget når det gjeld kor mykje oliven det blir. Stell av trea i form av beskjæring har og mykje å seie. Lite, men noko å hauste første året. I fjor var der lite eller ingenting å hauste og i år er det ikkje så mykje betre. Skulle mest tru at i same område ville det vera nokså  likt, men ulikskap i stell av tre, slår vel inn når det på våre tre er nokså glissent og bare ein halv kilometer herifrå bugnar på tre av nokolunde same alder (rundt 200 år etter det meglar seier)

I morgon ettermiddag eller kveld kjem Eva og Asgeir. Me får garantert triveleg dagar i lag før Anne Marie, som første dame ut må til Aeroporto Salento førstkomande onsdag for å ta fatt på etappane nordover. Deretter går det slag i slag, Helge fer på torsdag, og det gjer Livar og. Han høyrer nå med litt her han og. Gløymer aldri Sofie då ho kom ut av Villa Julia: Me tæge dette. Og seinare har det vore slik.  




søndag 9. august 2015

Namnet skjemmer ingen

Namnet skjemmer ingen. Skjemmer ikkje hus og heller ikkje folk. I det høve at husfolket i Villa Felizia rundar år i år, og det litt rundare enn før, har me sett oss føre å feire ikkje bare husfrua på hennar dag, husets herre kjem diltande etter eit drygt halvår seinare og kan ikkje så lenge til skryte av at han er i femtiåra.

Her ein kveld kom Livar innom, me ville ha han med på grilling. Det beste som kom ut av den kvelden, var smijernskunst på veggen. 
Me har så kjekke folk rundt oss her i Puglia, og jammen har dei tenkt i lag før dei kvar for seg drog nordover og dermed gjekk glipp av festen hos Meggi og Pascalone. Ho som har patent på ideen til smijernsnamn på veggen, skal ta att for alt fråværet dette året med ekstra godt oppmøte i 2016.

Men gløym nå ikkje maten. Helge stod for grilling av hest, svin og ein slags hamburgerrull med pinne gjennom og bacon surra rundt. Er ein i stand til å ta lærdom utfrå erfaring, så var vel erfaringa denne gongen at litt heitare grill kunne gjort seg. Råvarene fekk me frå  Macelleria di Urgese Stefano, like ved AutoPRO i San Michele. På slaktarbutikken var det første gong me var innom. På AutoPRO har eg hatt Giottilinen inne til service nå for tredje gong. Kor god jobb dei gjer, er eg dessverre ikkje i stand til å vurdere. Lokala deira er i allefall tillitvekkkjande. Alltid mange bilar inne for jobbing på, og alltid nærast tannlegereint på vegger og golv. Rettnok slepp ikkje Ivecoen inn, den er så altfor høg for portane, men kva gjere vel det? Høgare tak enn utandørs kan ein vel ikkje finna. Det er bremsene eg har vore mest oppteken av. Lite kjekt med motorvegferdsel der bremsene brått ikkje vil ta tak lenger. Eg håpar me forstod kvarande eg og verksmeister. Mykje å gå på endå når det gjaldt bremsebelegg. Opelen har vore innom nokre gonger den og, både til service og til bytte av tenningseining då den ikkje ville dra på meir enn tre sylindrar. 


Knut er mest ikkje samd i at namnet skjemmer ingen. I allefall ikkje når det gjeld huset vår på Cda Coltura. Treng eg sei så mykje kva assosiasjonar Knut får av dette namnet? På portugisisk liknar det visst på eit gledeshus og då i ei anna betydning enn eit hus fyllt av glede og glade folk. Nå står i allefall namnet der, svart på kvitt. Og slik skal det stå, så lenge me er husfolk her i lunden, 
Villa Felizia.

Like før eg reiste heim etter påske sa oppvaskmaskinen takk for seg. Den tok ikkje avgarde på eiga hand, og hjelp fekk den ikkje før nå i sommar. 9 juli tok me avgarde me to, nå skal det bli oppvask rekna eg med, men på IperCOOP var det ingen problem i det heile. Rett nok skulle reparatøren kome på døra i Villa Felizia, men noko motvillig tok dei imot maskinen. Eg kunne ikkje ha den med i bilen når eg skulle hente første innrykk av gjester. Opelen svel godt unna, men to vaksne koffertar og to vaksne gjester + oppvakmaskin, det var meir en bilen kunne klare. Du får kome att om 4 veker når reparatøren har meldt at maskinene er ferdig. Eg har vore innom i mellomtida, men ingen maskin ferdig til då. I dag, då var maskinen klar.
Nå kjører den jormfrutur med stort sett glass. Må ikkje røyne den altfor mykje slik første gong etter av den har vore ute på reis.

Namnet mitt er nok fælt framandt for dei innfødde her i Italia. men så lenge eg klarer å signere med rett versjon, så er det visst greitt.
Seinare på kvelden kom beskjeden på mitt italienske telefonnummer. 

Du kan hente maskinen og det er ingenting å betale. 3 års garanti var grunn for det.



Betty's på hamnepromenaden i Brindisi er aldri feil om ein vil ha mat blanda med mykje å glo på. Sjømat servert på kamskjell, pizza med sardin og mykje god is til sist. Og ikkje minst alt det kjekke ein  får med seg om ein brukar augene. Ungt og gammalt, smått og stort, kveldspromenenering er ein kunst det er lettare å bedrive med rikeleg publikum og god temperatur. Heime på Vigrest blir det meir tangåing, ikkje gåing for å sjå og bli sett.


søndag 2. august 2015

Ferdafolk på miniferie midt i ferien



Då me kom heim, var me alle to samde om at det hadde vore ein gild dag





























Me ville ha med oss heile hælen. Ein dag forsinka kom me oss i veg. Gallipoli, Leuca, og Grotta Zinzulusa var hovudmål for turen. God varm dag, men kva gjer vel det så lenge vår gassdrive vesle Opel gjer varmen om til kald luft inn i kupeen. I Gallipoli var me framme noko før ni. Parkering i skugge var me og så heldige at me fann. Iskald drikke i kjølebag i bagasjerommet var faktisk framleis iskald då me hadde gjort unna første vitjing i ein gallfin Gallipoli.

Etter ein god marsj ned gjennom det som såg ut som paradegata,og innlagt brunning undervegs, kunne me stje føtene på vegen over til gamlebyen. Mild bris kjølte ned heite nordmenn. Ingen hadde gløymt å slå på varmen for dagen. 
Me vende nybyen ryggen og gav oss på vandring inn i eit konglomerat av smale gater, tronge smau og uventa 90 graders svingar.
Sal og servering av fiskemat frå eit bygg som kunne vore Vikingskipet i Hamar, fasongen likna om ikkje anna. Det var vel denne hamna som var endepunktet for eit av spøkelsesskipa frå i vinter då manskapet rymde eit gammalt lasteskip og overlet til 
Guardi Costiera å ta seg av dei stakkars som folka som gav opp finne tryggleik der dei heldt til. 
Såpass tidleg ute på dag var me, at det vart det ingen smak av verken
kortreist eller 
     

langreist mat.  

Aleine var me forresten ikkje heller på ferie her. Sikkert bytte dag på mange hotell og andre overnattingsstader.  Knatring frå trillekoffertar på tur alle overalt der dei skuva eigaren framføre seg. Me kom over i gamlebyen med sine krokete smau og tronge gater der ein ikkje skulle tru at nokon kunne kjøre bil. Nokre av kjøretøy var forresten i ferd med å bli sendt over til dei evige jaktmarker. Når ikkje nye lag lakk maktar å halde det heile saman lenger, når lufta har gått ut på dato blir Apen som eit minnesmerke over seg sjølv.




Når ein først styrer med bil. Garasjeplass er fint å ha. Jo større garasjen er, jo mindre plass blir det lett i den.Vår garasje heime på Vigrestad, er så stor at det mest akkurat ikkje er pass til bilen lenger. Her er det akkurat plass til ein Panda.



Me hadde meir på programmet. Sørligaste punkt på hælen var neste stopp.Varmen var ikkje mindre her, så me hamnunder soltaket på Lupe di Mare. Akkurat nok trekk til at eit lite måltid av sjømat var å halde ut.























Fascinerande å sjå kor mange av desse "biene" som er i aktiv teneste. Eg måtte beint fram vise mitt transportoppdrag av nytak til lageerrommet her i Villa Felizia til ein av mennene utanfor Lupo di Mare.  Han var imponert.

Fyrlykta i Santa Maria de Leuca  syner kva kurs sjøfolk som rundar sørspissen av Salentohalvøy skal halde.


Ingen fyrlys som viste veg inn hit. Grotta Zinzulusa ligg der heilt nede i sjøkanten, på nedsida av stupbratte klipper. Hadde det ikkje vore for turistvennlige folk som hadde lagt tilrette for folk som meg, så hadde denne opplevinga vore bare for dei få. 


Sjølve turen inn i fjellet var ikkje meir enn eg har sett før, men båtturen etterpå, et var det som gjorde besøket i Castro til nok for seg sjølv.






Stor som ein dory, med ein båtførar som manøvrerte med centimeters klaring. 

Snudde båten inne i ei grotte der det ikkje var plass til noko som helst anna enn båten på tvers. 



Djupt nok, men ganske så smalt. 10 meter azurblått vatn under oss.




Dei duen som vel desse grottene som reirplass, får sikkert fred frå dei fleste av reirplyndrarar som elles går etter slike reir.

På veg vidare mot Otranto fekk me ikkje eit einaste glimt av Albania på austsida av Adriaterhavet. Det vert sagt at under rette vertilhøve skal ein kunne sjå like over til naboen i aust, men lørdag 1.august 2015 var ikkje ein slik dag. Etter ein rett så varmt dag, først i august var me annige på å bada. Me fann ein plass heilt nord i Otranto, fekk parkert for så å oppdage at badinga var betalbad. Det er mest som det er basert på refleks. Betale for å bade utandørs? Nei, der kunne me ikkje bada. Kva prisen var var ikkje ein gong interessant. Vidare til ein anna plass litt lenger nord. Ny betaling av parkering. Kom oss i badebukse og badedrakt, ja me har kvar vår då. Kor lenge varte badegleda? 2 min? 5 min? Ei svært smal sandstrand der born kunne trivast i bølgeskvulpet. Deretter såg me ut på dei steinut strender, det vil seie me såg ikkje steinare i det heile for uroleg sjø ruska opp rusk og rask frå botnen. Men me kjende steinane, og nokre av våre venner veit at underteikna gjer seg særs dårleg på steinete underlag om sjøen helst vil hjelpe ein både hit og dit. Etter 2 min var me på land og på veg inn i bilen. 
San Cataldo aust for Lecce har fristrand, dvs ein kan bade utan pengar, ikkje bade utan klede om nokon trudde det. Temperaturen var mest i varmaste laget. Ikkje så veldig klar sjø her heller, men sandbotn gjer det meir behagelig enn når ein må stavre seg mellom små og større steinar som i tillegg kan vere ganske så skarpe i kantane.

Biten frå San Cataldo og heim vart teken i ein jafs. Litt lenger rett nok på motorveg via Brindisi, men å leite seg fram gjennom endelause olivenlundar tek fort meir tid sjølv om det kan vere litt kortare i kilometer.

Me har ikkje fått gatelykter her ute på Contrada Coltura. Me får lita på månen om me vil ha lys om natta.