Translate

fredag 28. august 2015

Tenk det, ho toppar sjølvaste Mont Blanc.

Då eg dette året la opp til bilbruk tur retur Latiano, var det ikkje bare galskap eller trong for transport av tunge eller store saker. Nei, eg hadde planar om å ta att det som forsvann i fjor i flaumen.  Ei veke på tur opp frå hælen der omtrent midt i Middelhavet var det eg tenkte.  I Chamonix er det ein fjellheis som tek ein opp til Aguilee de Midi. Dei 3800 metrane opp dit er eg ikkje typen til å fikse sjølv. Skulle eg kome såpass opp i høgdemeter måtte det bli bil først og så gondol. Eg var heller ikkje budd på å gje slepp på Italia slik med ein gong, så vel oppe i høgda var planen å ta kabelbane tilbake inn over italiensk territorium. De har vel høyrt om vesle broremann som skulle lage syskrin til mora si. Etter kvart, i små steg, tok realitetane over, og planen vart gradvis redusert like til han stod att med ei skjærefjøl. Da blir hun sikkert glad, den vil hun sikkert ha, og at det er en nyttig ting kan ingen komme fra.
Mine planar om Mont Blanc forsvann som dogg for sola då eg kom til krysset der eg måtte velje. Via Frankrike eller snarast råd nordover?
For to år sidan hadde eg bilen inne på ein verkstad i Poggibonsi. Eg var innom, men midt i den italienske ferien var det vel ikkje anna ventande enn at der var stengt. Får prøve å få til ein førehandsavtale neste år ved hjelp av Sandra på Giottiline-fabrikken.
Skifte av nedre del bakvegg på Giottilinen og fiksing av feil på styringspanelet for straumen var ærendet då. Eg tok ein sjanse, men sidan det var så å seie langs vegen eg likevel ville kjøre, stoppa eg innom for mulig fiksing av nye feil på det elektriske. Straumen går ikkje via brytarane på styringspanelet, det går bare styrestraum til kvar forbruker. Du kan sei det slik at det er gildt når det fungerer, og passe frustrerande når det ikkje vil spele på lag. Ikkje heilt moden teknikk på det tidspunkt vår bil vart produsert. (2006) Verkstaden hadde ferie og det skulle ikkje vere vanskelig å gisse seg til det. 

Dei ein til to dagane eg hadde tenkt å vere der, vart brått til bare 1 til 2 timar. Det var då ideen kom. Har Fjordline ledige plasser på tidlegare avgangar? Først nettsjekk. Ja, der var det ledige plassar med avgang torsdag 27. august. Så telefon til Fjordline med negativt svar. Ingen ledige plasser. Ny sjekk på nett via mobilen. Ledig? Ja. Eit kjapt skifte i hovudet. Gammal plan: Til toppen av Euopa, med fjellheis like til kanten av Mont Blanc. Ny plan: Overraske ho som toppar sjølvaste Mont Blanc med ein uventa tidlegare retur.
Det er med slike planar som med reiser. Meir enn halve gleda er planlegging. Eg likar ikkje å lyga direkte. Omskriving kan gå, men direkte lygn er ugreitt. Då Anne Marie i forgårs spurde "Kor er du nå?", så vart eg svar skuldig. Ja, ja, eg hadde nå kosa meg rett så godt allereie ved tanken på at ho skulle koma heim frå jobb fredag og finne meg i stova, kan hende endåtil med middagen klar.

Kjøring langs trafikkert vegar kan vere krevjande. Når der er vegarbeid og vegen blir snevra inn til 2,15 i breidde, då er det trailersporet som gjeld for meg. I eit uoppmerksomt øyeblikk, fekk eg eg møte med ein markør som viste deling mellom trailerfelt og personbilfelt. Det gjekk helst godt i forhold til korleis det kunne ha gått. Vidvinkelspegelen håpar eg det let seg gjere å få tak i. Kanskje eit eller anna frå Biltema kan gjere nytta.

Det store skjedde likevel i dag. Måtte beintfram til Danmark før ein skikkeleg farleg situasjon oppstod. Når ein ligg i 80 – 90 km i timen i trailerfeltet til høgre av dei to felta nordgåande på motorvegen, så hender det ein vil forbi. Eg la meg ut og var vel komen på høgd med bakhjula på tralla til ein trailer. Men trur du ikkje han starta å leggje seg ut til venstre han og. Det jog gjennom meg. Bilen dreg godt den, men akselerere seg ut av situasjonen var heilt håplaust. Bli pressa inn i autovernet på venstre sida var heller ikkje noko særleg alternativ. BREMS DÅ. Kor uttrykket «Hjartet i halsen» kjem frå veit eg ikkje, men eg kjende det. Ein klump, mest som hjartet hadde tatt seg eit hopp opp i halsgropa. Kor mykje adrenalin som vart frigjort veit eg heller ikkje, men eg kjende korleis kroppen dirra og skalv. Når trailersjåføren var vel ferdig med manøveren sin, såg eg sjansen til i det minste å kvittere. Så lenge har eg vel aldri før tuta  på ein medtrafikant. Skjønt nå var eg vel altfor snill, potensiell drapsmann som han var etter mi meining.
Ejer Banehøj var fin stad for stopp. Kaffi og smørrebrød. Roa nervå. Går fort godt ser det ut til. Men vegen kalla, fleire mil att før Fjordline tok over. Då eg kom kjørande der hovudvegen frå Aarhus kjem inn på motorvegen, kom jammen meg traileren trillande endå ein gong. 
AVSTAND   AVSTAND  AVSTAND  AVSTAND  AVSTAND  
Hald god avstand, hald god avstand, hald god avstand. Ingen grunn til å utfordre til fleire nære på opplegg.


Nokre timar i Hirtshals blir det fort. Likar best å ha god tid.  Hjartet i halsen opplevinga tidlegare i dag er historie.  Har mange gonger før sagt at styggaste kjøringa skjer når ein har kome heim, når ein har kjørt i land i Kristiansand og er på veg vestover til Vigrest. Danmark blir mest heimsleg det og når ein har lagt bak seg rundt 2650 kilometer. Så episoden skjedde altså når eg så å seie var komen heim. Elles er her visst fleire som eg begeistra for Italia. Dei som driv denne her i Hirtshas til dømes:
32 dagar går fort. 
Det er talet på dagar som er att til eg tek fly sørover. Kan jo om italialengten blir altfor stor ta ein tur til Hirtshals. Fekk GRATISbillett frå Fjordine for 4 personar på utvalde avgangar i haust og vinter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar