Translate

torsdag 25. oktober 2012

Veret som kjem kan ein lite gjere med, men ei von om meir varme enn heime er vel lov


På ACCUWEATHER.COM tek dei sjansen på å spå veret ganske langt framover.  Det viser vel ein tendens, men noko presis varsling er det ikkje.  Når me i dag har grader svært nære null om ikkje like under, så er det interessant å sjå at Latiano byr på temperaturar som absolutt freistar til fleire turar dit. 15 til 20 grader meir enn her på Vigrest er ikkje å klage over. Einase må vere det at ein ikkje kan nyte det herifrå. Trøysta får vere flyet som tek av frå Stavanger lufthamn Sola klokka 06:00 onsdag 14. november. Oppi det flyet skal nemlig eg sitje.



Må visst ta til takke med noko regn og anna uver og, men det får vere omkostningane ein bare må ta med.

søndag 21. oktober 2012

Få opp fresen!

Den som hadde sagt for eit halvår sidan at eg skulle gå på nett og leite etter ein slik reidskap, ville fått ei kjempeutfordring. Ville ikkje blitt enkelt nettopp å få meg til å tru på det vedkomande sa. Rett nok kjekt med motor, gjerne ein som lagar litt bråk og, men kvar er fjernstyringa? Kor stor tromme skal ein så slå på?

Eg hugsar i gartneriet på Bakkebø der onkel Sigmund hadde ansvaret. Dei hadde ein tohjustraktor som kunne gjerast om til ein kraftig jordfresar. Medan det var traktor kunne ein setje på lastekasse med hjul og hadde då eit ganske så nyttig kjøretøy. Hjul med traktormønster hadde den og. Minnet kan spele meg eit puss, men eg trur den var grøn.
Denne er for liten, den klarer ingenting, den kjem til å setje seg fast i røter, den duger ikkje!



Men denne då? Den er skikkeleg tøff med traktorhjul og har sikkert krefter i massevis. Let seg sikkert ikkje stoppe av ein liten kvist eller ei lita rot som ligg og lurer under overflata. Men så er spørsmålet om ikkje den er i drygaste laget både når det gjeld pris og kapasitet. Som ein Pc med 16Gb RAM til ein bestefar som skal ut på Internett for første gong. 



Kanskje denne kan vera av det meir passande slaget. Stor nok til å klare oppgåvene den skal setjas til, men ikkje så stor at den hyler: "her kjem eg" til alle som kjem i nærleiken av den. Einaste store ulempen eg ser er at den nok ikkje kan utstyrast med lastekasse og drivhjul og slik utgjere transportalternativ til og frå butikkar eller flyplass. 


Nei, til det bruket får me heller satse på ein APE eller to.


Meir å lese frå nordmenn i PUGLIA finn du her: 

http://italiareferat.blogspot.no/


onsdag 17. oktober 2012

Ingen nevnt, ingen glemt

Søndag 7. oktober då me var samla ein god gjeng til PARTY under den kveldsopne italienske himmelen fekk me vitjing av ein fyr som eg ganske har gløymt å nemna. Angela, fru eigedomsmeklar, gjorde oss merksom på eit krek borte under oliventreet i tunet. Var det ein katt frå nabotomta borti vegen. 8 stk av sorten såg eg her ein dag eg kjørte forbi. Nei, ingen katt var det. Han kom tilbake og då såg me kva det var. Det var artsfrenden til norske Mikkel som var forviten på kva slag folk det var som var samla ved Villa Felizia.

Nå er det slik at den fotogene Mikkel du ser her er bare det ein kallar illustrasjonsbilete. Det får bli eit mål å vere minst like lur som reven og leggje seg i bakhald og skyte han. Eg skyt kun med kamera, så bare slapp av.

mandag 15. oktober 2012

Ny nedteljing til Latianotur


Med rette hjelpemiddel kan ein kome eit stykke på veg. 
Rett nok ikkje fysisk, men dog.


Fin Fiat 500 parkert i oppkjøringa til Villa Felizia. 
Super bil å ha. Den tek meg på tur etter tur, verda rundt.


lørdag 13. oktober 2012

Med von om eit blømande 2013

Er me heldige finn me att denne i blømande modus til neste år. Spørsmålet er bare om den får nok å drikke til å overleve vinteren. Me prøver, så lovar eg bilete av resultatet til våren.

Bråtebrenning i Olivenlundane


Det gjekk føre seg mykje arbeid ute under trea i olivenlundane. Samanraking av greiner og lauv for å gjere klar til dette året si avling. Eimen av bråtebrann låg tidevis temmlig tett. Det er mest vanskelig å tru at så mykje eld kan vere laus utan at det ein eller annan stad går galt. Ikkje såg er brannbilar og ikkje høyrde eg dei heller.

Avrunding og så heim. Haustferien 2012 er over.


I dag hadde me oss ein tur til San Vito for å snakke med meglar Guido.  Skjøtet  er ikkje klar, ventar på notaio eller notarus publicus som. Tak over terrasse eller veranda som det visst heiter her må sjekkas ut. Likeså om det let seg gjere å lage eit ekstra rom for å ha litt fleire sengeplasser enn dei 4 me har pr i dag. Dvs i dag fekk me eit par ekstra i form av sovesofa. Stova vart ikkje ny av den grunn, men me syns nå den vart finare. Automatisering av vannpumpe skal også meglar ta seg av. Etter at me var ferdig med det formelle på kontoret vart me invitert med heim for lunsj. Angela er tydeligvis ein framifrå kokk.  Pasta me tomatsaus, miksa fisk i tomatsaus, fylt aubergine, squash i tomat absolutt ein einar, iskrem med sjokoladesaus og mandlar til og heilt til sist espresso. Er vel ikkje mange meklarar heime som har så omfattande pleie av kundane sine.






Ettermiddagen har blitt brukt til småpuss rundt huset. Bråtebrenning går føre seg rundt alle stader der oliven lundane blir får stell. Me har juksa litt og lagt på litt ekstra i form av ein sofa og nokre pinnestolar. Me er kanskje litt kresne, men det er jo litt fint å setje ørlite grann personlig preg på Villaen vår. Ute har me teke sjansen på å plante ein bougainvilla. Har ikkje mykje tru på at det går godt, men nå i oktober og november er tida då det kjem nokså jamt med regn. På sommartid kan me ikkje lite på vatn ovanfrå, då må det eventuelt vatning til som me sjølv får sørgje for.  Har skaffa delane til eit enkelt automatisk vatningssystem, Gardena timer og reduksjonsventil for å kontrollere trykket. Det er bare det at automatisk pumping av vatn frå brønnen til tanken for mellomlagring må på plass før eg kan setje opp anlegget for vatning.

I morgon er der rydding og klargjering for retur til Vigrestad. Alt laust ute må inn bak lås og slå seier dei som har greie på det. Me får visst bare ta imot rådet og handle deretter. Flyet fredag morgon går frå Bari 06:45. Før det har vi ein kjøretur på 1t 30m. Litt tid før flyet går skal me vel vere på plass, så avreise herifrå blir truleg rundt kl 04:00.  Får me sove litt på flyet skal me ikkje bli heilt utslitne. Blir det null soving blir me nok passe susete når me kjem heim utpå ettermiddagen fredag 12. okt 2012. Eg kjem nok til å telje dagar til neste tur til Villa Felizià.

Me fekk oss ein tidleg start i dag. 04:00 var det avreise frå Cda. Coltura. Ein og ein halv time kjøring på motorveg med lite trafikk. Bilen vart avlevert ved innkast av nøkkel i nøkkelinnkast. Enkelt som bare det. I Bari hadde me bruk for tida. Innsjekking, sikkerthetskontroll og så rett om bord på flyet.


Slik ser det ut når flyet er på veg nordover att.

På Milano LiInate hadde me betre tid. Fekk ordne oss ein frukost, fekk med ossbåde  pengetasker og anna lausøre på tross av noko dårleg konsentrasjon. På Schiphol sit eg nå ved eit tomt serveringsbrett. Dei er gode på Spare-Ribs her. Anne Marie sin kylling var visst og god. Det er kaldare inne her enn det var ute der me kjem frå. Blir nok ein overgang å kome til Jærs att, men klede har me jo nok av.

Marknad og matøkt


Måndag hadde me oss ein tur til marknad i San Vito dei Normanni. Gate opp og gate ned med boder fylt opp av alt mulig. Korleis det er med kvaliteten på varene er nok vanskelig å seie, men utvalet er stort. Heile varelageret i store varebilar som fraktar heile butikken til ny stad kvar dag i veka. Må vera eit merkelig liv å leva syns eg. Gjestene våre kjøpte innflyttingsgave til oss på marknaden. Isskei, sykkelpumpe, oppvaskbørste med innbygd såpedispenser, 2 skjærefjøler, duk klemmer, ja så mykje ulikt var det at det er visst bare dette eg hugsar. Denne gongen har ikkje saknet av oppvaskmaskin gått heilt opp for oss. Gjestene har vist seg å vera framifrå dugande til den jobben.
Sidan gjestene våre er i slekt med guruen på Cda Sacramento, måtte me innom dit før me i lag med Livar og hans gjester Lill Karin og Gaute frå Noredalen i Sandnes reiste vidare til Martina Franca for eit godt matsete. Antipasti er ei flott oppfinning eller kanskje rettare sagt orsaking for å leggje i seg den eine velsmakande retten etter den andre, gjerne i ei rekkje på 12 – 15 ulike.  Me som var 7 stk til bords bestilte for 4 personar og då fekk me så mykje antipasti at det bare såvidt var litt plass igjen til 3 ulike hovudrettar: andebryst, biff og svin i form med butterdeigslokk. 
 Andebryst
 Svin med marinert lauk.
 Biff.


Utan GPS hadde vegen heimatt til Villa Felizia vore lang og krunglete. Nå var den bare krunglete. Teigane som er nytta til oliven produksjon er ikkje alltid så store. Stort sett er dei rektangulære og når vegar skal leggjast i eigedomsgrensene har resultatet blitt 90 graders svingar både titt og ofte. Eg vil tru også Petter Solberg hadde fått problem med å halde særleg høg fart på slike vegar. Vel heime prøvde me å få att pusten litt etter ein lang kveld før me tok natt. Gjester og hjelparar reiser vidare i dag med tog frå Brindisi til Roma. Der vil dei gjere storbyen nokre dagar før dei tek siste etappe til Vigrestad tidleg søndag kveld. Dei satsar på å få maks ut av ferien. Me har eit par tre dagar på å roe ned på. Kan nok hende me fer på sovesofaleiting, men det er ikkje noko som hastar så fælt. Me må vel ein tur til Guido meglaren for å hente papira på at me er eigarar av staden. Kanskje og sikre avtalane om kva arbeid som skal gjerast med olivenhausting. Opplegget så langt er at ein pensjonert politimann skal gjere haustinga og sørgje for at bæra blir pressa. Litt olje frå eigen plantasje må me halde att, men så veldig mange litrar treng me vel ikkje til eige bruk. 

Litt av kvart når ein skal ha PARTY


Medan eg skriv dette er det lørdag. Har starta dagen godt med smørjing av ein slag membran på fugene mellom steinane som tekker taket.  Som ei velling av sement og eit eller anna tettestoff. Lurt å gjera annakvart år i følgje guruen. Eg tok bare litt av taket og godt trur eg det var. Sikkert lurt å børste bort eventuell mose og anna laust rusk frå fugene for å få betre heft på membranen. Får ta resten av taket i november, for eg reiser ned dit att for eit par seinhaustsveker.



Fælt fort går tida, det har alt blitt søndag og me er klar for innflyttingsfest. Sidan Sofie for til Brüssel, kjem Livar aleine. Det vil seie, han har med seg Lill Karin og Gaute frå Sandnes som er her nede for å skrive kjøpskontrakt. Dei har kjøpt seg Trullo ikkje langt vekk frå Ceglie Messapica. Guido og Angela kjem. Om det passar slik kjem dotter deira Daniela og. Nabokona Lina fekk me «snakke» litt med i sommar. Ho er og invitert. Kelnerar har me henta heilt frå Norge, Arnt Håvard og Anne Irene er gjester her, kom på fredag og deg heimover tysdag med stopp i Roma fram til søndag. Det blei ei samansett forsamling av dette. Me gledar oss over at Palma og Ubaldo og har takka ja. Det var med henne Puglia eventyret starta for min del. 23. desember 1997 kjende eg triumfen rasa gjennom kroppen då eg etter fleire mislukka forsøk fekk henne i tale i andre enden av tråden. Schuola Media Statale Dante Ahligeri ville samarbeide om eit Comenius-prosjekt saman med oss frå Vigrestad ungdomsskule. Me fekk nokre interessante år der me møttes fleire gonger både i Italia, Nederland og Norge. Passeleg samansett forsamling der me alle har det til felles at me er glade i Puglia eller glade i nokon som er glade i Puglia.


Forno a legna er fyrt opp så godt som ein kan med så lite erfaring som me har. Pizzaomnen har forsynt oss med pizza og brød ein gong, men då var me nok litt utolmodige. Denne gongen har eg fyrt i snart to timar, og endå er det ein time til maten skal inni. Då skal alt sotet inni omnen ha blitt brent av, fargen skal ha endra seg frå svart til kvitt. Det ser så godt ut. Heilt kvitt har sotet blitt og varmen er ganske så intens. Skal ikkje ta lange tida å få ferdig pizza til 12.
Litt tilbake til laurdag. Me hadde oss ein tur på Lidl i San Vito dei Normanni. Fekk skrapa saman nok kontantar til å betale ettersom dei ikkje tok verken det eine aller det andre kortet. Så veit eg det. Handlar du på Lidl skal du kunne betale utan å bruke kort kort og godt.  Etter runden oppi San Vito tok me oss ein tur til San Cataldo der me fekk dyppe lekamen i Adriaterhavet. Litt kjølig syns eg det kjendest ut, men betydeleg varmare enn det ein nokon gong opplever på Brusand.  Lecce sto på programmet deretter. Varmt var det, 26 då me kom og 24 då me for heimover att. Mangt og mykje å sjå på og god mat for svoltne magar.
På søndagskvelden lærte eg at ekte pizza ikkje blir laga i former eller på brett. Den vert laga direkte på steinane i omnen. Ein soper glørne til sides og skyv pizzaen innpå med dertil passeleg reiskap. Kjøper ein ferdig pizzadeig er det og eit poeng å slå ned deigen like før ein har på fyll og set det heile inn i omnen. Om ein ikkje gjer det, kan det ein tek ut att av omnen fort likne meir på foccacia enn på pizza av det napotaleanske slaget. 




Dekka med nyfarga damask gjekk det godt å bruke gamle bortimot falleferdige bord til å dekke på for gjester frå aust og nord, frå sør og vest som samlast for å sitje til bords saman med oss på Villa Felizià








Litt juks får ei tole likesåvel som Ingrid toler det. Pizza i form er ikkje Pizza Originale, men når rette hjelpemiddel mankerer, då lyt ein ty nettopp  til former for å få pizzaen inn og ut av omnen.
Maten var god og drøsen rundt bordet gjekk glatt. Særleg paiane på basis av eple den eine og plommer den andre fall i smak.

 Oppskriftsmak, dvs fleire rundt bordet måtte ha oppskrifta.  Då må det ha falle i smak. 

Det er til å leva med dette.


Kveld har det blitt etter vår første dag i Villa Felizia. Me er ikkje lenger på visning. Me er heller ikkje gjester. Det er oss to som er husfolket. Det vil seie første dag her er ikkje heilt rett. Me kom i går etter fin tur frå Sola til Baria via Amsterdam.
Etter halvannan time var me i San Vito dei Normanni og då var det tid for å ringe Guido, meglaren. Me avtala å møtas på kontoret hans. Når han bare hadde funne nøklane til huset bar det avgarde på ein skikkeleg svingete smal veg, mykje smalare og meir svingete enn der me tenkte å kjøre.  Var det kortare spurde eg. Nei, men det er mindre kjedelig å kjøre når det er så mange svingar. Han skulle hatt seg ein tur i hårnålene opp og ned til Lysebotn.
Eit utal av nøklar såg det ut til. Det må to til for kvar dør. Ikkje noko systemnøklar akkurat, men det blir me sikkert vane med. Det er eit «reise å handle knippe» med nøkkel til porten, til hovuddør og til gitterporten i hovuddøra. Me får lage oss små knippe til dei ulike dørene. At vindauga også har lås og nøkkel til, gjer at plastposen med nøklar i var nokså uoversiktleg frå starten av.
Forventningane til eigedomen vart innfridd så langt ein får oversikt utpå kvelden når ein er skikkeleg trøytt etter lang reisedag. 
Me tok tidleg natt etter eit første måltid som herrar i eig hus i Puglia.
Ser du forresten kva som manglar på bordet om de skal vere eit fullverdig måltid?
Tidleg morgon.
Sjølv om me tok tidleg natt vart det ikkje så overmåte mykje soving. Kunne mest tru den biologiske klokka har kome litt i ulage. 
Torsdag vart det ommøblering i stova etter tidleg frukost i følgje med pulverkaffien som mangla kvelden før.
Lurer litt på korleis kaffierstatningane under krigen smaka. Som de kanskje forstår er eg ingen stor tilhengar av frysetørka kaffi.

Me har hatt eit par månadar til å tenkje på, og i går fekk me prøve ut det me hadde tenkt.  Frå å vere ei stove som var overmøblert med ein diger toseter plassert diagonalt i ei stove som ikkje er så altfor stor, vart det ganske bra. Nå er ikkje stova staden der me reknar med å opphalde oss så veldig mykje, det er uteliv som lokkar mest. Me flytta ei Ikeahylle inn på gjesterommet og kunne slik få plass til spisebord like innfor døra inn frå kjøkkenet. 
Traust tradisjonell norsk plassering av den digre doble sofaen inntil ein vegg, fjernsyn i eit hjørne ved omnen og ein lenestol i det hjørnet som endå var ledig.  Rommet vart nytt og mykje større. Endå nyare blir det når me etter kvart får skifte ut sofa og stol med dobbel sovesofa og ein stol som passar til. Det er tomt på veggene og slik blir det nok nå og fram til sommaren 2013. Då blir det truleg bubiltur nedover straks skuleferien tek til. I bubilen er det liksom litt enklare å ta med seg større ting enn det ein får plass til når ein reiser med koffert. Me har alt nokre øskjer med ting som ventar på slik transport.
Medan det endå var føremiddag tok me turen til Centro Commerciale like aust for Mesagne.  Auchan har matvarer i hopetal. Utvalet av matvarer er stort. Av ein eller annan grunn ser det ut til av høve til val er veldig viktig. Omtrent 10 meter kjøledisk med ulike typar yoghurt er visst nødvendig. Slik er det med mange varer, og då må det heile ta ganske så mykje plass. Euronics, same kjede me har heime har og butikk her. Godlyd frå Spotify finn nå veg gjennom ein sub og to satelittar. Mykje lyd vart det, sjølv om det ikkje i seg sjølv er noko kriterium for god lyd. Me har skjemt oss fælt ut heime med kaffimaskin. Den er heilautomatisk og lagar kaffien av heile bønner.  For omtrent 600 kunne me fått noko tilsvarande. På grunn av både pengane og plassen på kjøkkenbenken her i Vila Felizia vart det ein enkel manuell maskin frå DeLonghi til ein mykje lågare pris. Den lagar kaffi av ferdig malt kaffi, men har og steamfunksjon og kan difor lage cappucino. Det er vel dei første overnattingsgjestene våre som først får smake på den drikka. 
Anne Marie fekk seg ein Singer symaskin til ein pris truleg lågare enn det det vil koste å reparere maskinen ho har heime.


3 lommelykter med batteri inkludert til same pris som bare batteria heime. Her er godt med utelys rundt heile huset, men gatelys lyt me fara av garde nokre kilometer før me finn.
Leroy Merin er ein rett stor byggvare, elektrisk, baderomsutstyr, redskapshandel og hagesenter i ei og same eining. Dusjforheng og teleskopisk stong til å henge forhenget på skulle me ha. Eit par leselampar til nattborda på soverommet vårt fekk me for 5,9. Ei fin afrikansk skål kom og i vår eige. Seljaren ville bli kvitt fleire skåler. "Special offer for you". Han gav opp då eg sa: "No cash, you are no bancomat". Skåla var fin den. Kva løysing Anne Marie fann for betaling av skåla hugsar eg ikkje, men skåla vart med oss heim. Ho hadde visst litt mindre enn det seljaren ville ha og det er vel og ei form for pruting. Sjølv hevdar ho at det var ei ganske så ærleg pruting, og litt sanning er det vel i det.


Har du klave får du ku heiter det. Har du skål får du sofa kan ein seie. I allefall når det gjeld farge. Fargen på skåla som vart kjøpt først passar nemlig veldig godt med fargen på sovesofaen me kjøpte ei lita veke seinare. Kva som vart avgjerande i val av sovesofafarge er eg litt usikker på, men kven veit?

Ny dag, fredag med nye behov. Først ein tur til Francavilla Fontana som hadde blitt vår by om me hadde kjøpt første huset me såg på. Stengetid midt på dagen er ikkje me vane med, så kl 13:02 då me stod utanfor døra til ein «Europris»butikk ville dei ikkje gå glipp av handel sjølv om det alt var stengt. Møblar hadde me og tenkt å sjå på. Sovesofa i stova vil gjere det noko lettare med overnattingsgjester. Sofaen som står i stova nå er stor med altfor store armlene. Plass til to i den, men den tek omtrent plassen til ein fireseter. Eit par stolar ville og vore fint å ha. Men møbelbutikken Nuova Reddo var og i kvilemodus. Auchan er alltid open, Leroy Merlin likeså. Anne Marie tok seg av mathandel, eg skulle handle stige og frø på Leroy. Ein annan fordel med Auchan er at dei kjører open Wi-Fi. Det gjorde det mulig for meg å betale Guido det han skal ha i honorar for jobben sin med vårt kjøp at Villa Felizia. Medan eg sat og gjorde meg ferdig i Nettbanken kjende eg nokon som banka meg i ryggen og der var han, Livar. Han var litt i punktert tilstand etter at Sofie hadde reist, det vil seie det var Forden som hadde punktert. Med Livar som guide og tolk på Leroy fekk eg tak i stige, det som må til for å lage eit enkelt vatningsanlegg + frø til fennikel og to tre sortar løk. Eit termometer for å vite kor mykje ein skal skryte av varmen her var det og godt å få tak i. 

onsdag 3. oktober 2012

Bortimot ulideleg spennande.


Det må vere dette ein kan kalle ulideleg spennande. Timane kryp av garde mot avgang frå Stavanger lufthamn Sola.  Me får bare tru at alt når det gjeld reisa er i orden. Det var Alitalia som fekk æra av å frakte oss sørover. Kan jo ikkje heilt utelukke eitt eller anna med små skrift, bestillinga vart jo gjort på italiensk og enn så lenge er me ikkje særleg oppegåande på det området.
Reiseruta er frå Sola 10:05, mellomlanding Schiphol Amsterdam med ein time på oss til å kome vidare til Linate Milano. Det er lenge nok til at me klarer å finne rett stad for flyging vidare, og kort nok til at me slepp å kjede oss. Når me kjem til Linate rår me over mindre tid. Ikkje meir enn 45 minutt. Sidan flyplassen der er nokså liten bør det gå. Me har kjøpt gjennomgåande billett og blir vel tekne vel vare på av Alitalia. Slepp me bare forseinkingar skal me lande i Bari 16:20.
At det vart Bari skuldast det enkle faktum at reisa nå i haustferien var tenkt som ei rundreise mellom diverse B&B i Puglia. Som de skjønar har turen vore planlagt lenger enn sjølve handelen av hus. Frå Bari tek det med Navigon Garmin som rettleiar 1 time og 34 min å kjøre til Cda. Cultura Villa Felizià. Nøklar må me stoppe innom hos meglar Guido for å få. Halvsju sju set me nøkkelen i dørlåsen og inntek for første gong som eigarar Villa Giulia som nå har blitt til Villa Felizià. Førre eigar helsa oss og sa at om me fekk halvparten så mykje glede av staden som det dei hadde hatt, så ville me ha mange gilde stunder der. 

mandag 1. oktober 2012

Sanneleg seier eg dykk!

Mangt og mykje skal passast på.
Nå er det avtale om forsikring som må på plass.
Eit engelsk selskap er rådd til av skytsengelen vår, og i dag vart det telefon dit for å høyre etter.
Sære æ, ø og å når dei vårt namn og adresse skal få. Det går nok i boks dette og. Men sanneleg er det visst klokt å sørge for at forsikringsavtale er i sving frå dag 1. Ein kollega med leilighet i Spania har hatt vannmassar gjennom hele huset, heilt opp til over benkhøgde. Nå er vel ikkje vår eigedom utsett for akkurat slikt, men ein kan aldri vite kva som kan skje.
Når bare detaljar om kor Villa Felizia ligg i landet der sør kjem i retur frå meglar, kan eg ringe det engelsk forsikringsselskapet att og gje dei ei ny avdeling med 
dagens humor i norsk versjon.

Intasure, Property Insurance specialists er dei som skal forsikre huset vårt i Puglia.

Du kan finne dei her:    www.intasure.com
Om eg ikkje fer feil er huset nå forsikra.  Må nok ta ein sluttsjekk, men det meste er avklart. Litt merkelig å snakke forsikring over Nordsjøen. Ikkje dei orda eg brukar i det daglege akkurat, men det høyrdest ut til at forsikringsrepresentanten i andre enden av linja fekk opplysningar nok til å opprette ein avtale.