Translate

søndag 21. oktober 2012

Få opp fresen!

Den som hadde sagt for eit halvår sidan at eg skulle gå på nett og leite etter ein slik reidskap, ville fått ei kjempeutfordring. Ville ikkje blitt enkelt nettopp å få meg til å tru på det vedkomande sa. Rett nok kjekt med motor, gjerne ein som lagar litt bråk og, men kvar er fjernstyringa? Kor stor tromme skal ein så slå på?

Eg hugsar i gartneriet på Bakkebø der onkel Sigmund hadde ansvaret. Dei hadde ein tohjustraktor som kunne gjerast om til ein kraftig jordfresar. Medan det var traktor kunne ein setje på lastekasse med hjul og hadde då eit ganske så nyttig kjøretøy. Hjul med traktormønster hadde den og. Minnet kan spele meg eit puss, men eg trur den var grøn.
Denne er for liten, den klarer ingenting, den kjem til å setje seg fast i røter, den duger ikkje!



Men denne då? Den er skikkeleg tøff med traktorhjul og har sikkert krefter i massevis. Let seg sikkert ikkje stoppe av ein liten kvist eller ei lita rot som ligg og lurer under overflata. Men så er spørsmålet om ikkje den er i drygaste laget både når det gjeld pris og kapasitet. Som ein Pc med 16Gb RAM til ein bestefar som skal ut på Internett for første gong. 



Kanskje denne kan vera av det meir passande slaget. Stor nok til å klare oppgåvene den skal setjas til, men ikkje så stor at den hyler: "her kjem eg" til alle som kjem i nærleiken av den. Einaste store ulempen eg ser er at den nok ikkje kan utstyrast med lastekasse og drivhjul og slik utgjere transportalternativ til og frå butikkar eller flyplass. 


Nei, til det bruket får me heller satse på ein APE eller to.


Meir å lese frå nordmenn i PUGLIA finn du her: 

http://italiareferat.blogspot.no/


1 kommentar:

  1. Jordfresar må du vente med til du kjem til området. Selv om det kan friste å kjøpe i Norge og dra med seg ned. Det som er viktig er å kjøpe et merke som er kjent og som du kan få service på i Latiano eller San Vito dei Normanni. Og å ikke kjøpe for liten! I alle fall dersom du planlegger fresing av heile tomta. Snakk med Guido om dette og. Han har sikkert oversikt over gode forhandlere. Du må ha ein på minst 150-200 cc og 6-7 HK.

    SvarSlett