Translate

fredag 22. august 2014

Frå paradis og rett i kjellaren?


Ein avtale om kva tid eg og Pascalone skulle reise til Francavilla for å kjøpe dekk, vart "helaften" med husets folk på Taverna di Pascalone. Denne gongen var det ikkje "carne". Sidan det var mat for husfolket, var det sjømat. Velsmakande var det og, og no pay, no pay. Det er mest så eg skjemmest til tider av slik oppvarting, men eg har funne ut eg får bare lene meg tilbake og bli traktert. Akkurat slik eg bare må finne meg i å bli kjørt til og frå flyplassen utan minste bidrag til drivstoff. Me får prøve å vere lure nok til å finne noko å gje dei tilbake. Finnbiff kan vera eit greitt alternativ i så måte.



Nokre dagar før aveise nordover, oppdaga eg at kjøleskapet i bubilen absolutt ikkje ville spele på lag. Eg høyrde at tenninga fungerte, men noko start på kjølinga vart det ikkje.


BrinCamper fiksa saka. Eg fekk kald drikke og kunne oppbevare mat som trong kjøling dei dagane som måtte til for å kome seg heim att til Helmikhølen.




Og jammen var det nødvendig med kjøling. Det var helst varmare nordover gjennom Italia enn det var heile sommaren sør i Puglia. På vegen nordover heldt eg meg oppdatert pr mobil om korleis situasjonen var heime. Lite hadde Telenor tent på meg så langt. Det var Skype som gjaldt for samtalar og SkyDSL som på den måten drog inn pengar. Innteninga for Telenor kom seg då eg stod i kø for å få tak i saksbehandlar hos TrygVesta, det er der me har innbu forsikra gjennom kollektiv avtale i Utdanningsforbundet. 





Ikkje langt frå Pescara dette, om eg då ikkje hugsar feil. Heilt ordinær god mat og utover det vanlege flott terrasse med utsikt rett mot Adriaterhavet.



Den vanlege vegen frå Tyskland til Italia går for vår del frå München via Rosenheim, Kufstein og Insbruck. Tilbakevegen rekna eg med bare var å spole det heile bakelengs, men Gps-en ville det annleis. James gav beskjed om at eg skulle halde til venstre. Til venstre der eg trudde det skulle gått til høgre.  Inn, bortimot til sentrum av byen bar det og over elva Inn. Kan dette vera rett tenkte eg ikkje bare ein gong. Stoppa til sist på ein Shell- stasjon. Der såg eg ein av den gode gamle sorten, endåtil med rett farge. Då fekk eg grunnen til omkjøringa vest og over fjella. Ferietrafikken hadde starta på den vegen eg ville ha kjørt. Det var mykje kø og sikkert difor James heller ville ta turen innom Seefeld og Garmisch-Partenkirchen.



Fer ein langs vegane i sentral-Europa er det så mangt ein får sjå. Denne varianten av bil å bu i har eg aldri tidlegare sett. Målsydd presenning over heile sulamitten. Ingen problem med mykje regn vil eg tru.

Kjøretøyet som viste baken til fotografen i Hirtshals trur eg mest hadde forvilla seg dit. Bjarne på langtur? Kva gale den vesle lastebilen  har gjort for å måtte gje slepp på eit meir autentisk italiensklingande namn, er meir enn eg veit. Ingenting gale med Bjarne, men som namn på ein Ape går det bare ikkje an.





Godt når ein endå er eit stykke heimefrå (Vigrestad) opplever at noko er litt heimsleg i det store utland (Danmark). Pizza og is med opphav frå Italia er det "nulla mi manchera", ingen problem å få tak i varene heilt nord i nabolandet vårt i sør. Italianos italienske isbar får representere dei 8 - 9 plassene som reklamerte med Italia for å lokke kundar i havblåsten frå Skagerak.



Ei hard natt til sjøs, tre timar forsinka, der såg me land. Risavika ligg bak der, eit sommareventyr på 9 veker er snart slutt. 

Det bar heim og der gjekk eg rett i kjellaren. I allefall i bokstavelig forstand. Endå ikkje i overført tyding, men det tek på. Generalopprydding er bra, styr i forhold til forsikringsselskap mindre bra. Eg må vel kanskje ikkje konkludere for tidleg heller. Kan faktisk godt hende at alt ordnar seg til slutt. Dei seier det ordnar seg for snille jenter. Nå er ikkje eg jente, men eg har ei å støtte meg til, og ho er snill. Får satse på at det ordnar seg for meg på hennar kvote.



Eg måtte sende ein SMS til ho snille nå i dag. 

Elles er lukka i livet alltid å ha noko å leite etter. 
Nå er det pengetaska. 
Kan den liggja i bilen/Skodaen tru?

Den leitinga gav resultat. Det gjorde leitinga før det igjen og.  Nå ligg nøkkelknippet med far sitt skinnfutteral og grøn fargemerking klar. Trykk på knapp 1 så blir alarmen til Villa Felizia dearmert. Men eg må jo ned dit for å få det til.  Det er bare Anne Marie si fjernstyring som fungerer på slik avstand . Fjernstyringa for alarmen fungerer bare på 60 - 70 meters hald.


søndag 3. august 2014

Oppbrudd?


Det vert litt oppbruddsstemning etterkvart som huset og plassen tømest for folk. Sjølv har eg akkurat att ei veke, men fru Anne Marie dreg i dag, frå Brindisi via Roma og Paris.
Eg tenkte akkurat på det, tenk om ein kunne starte sommaren på ny? Tenk om Knut og Helge skulle kome hit på tysdag. Utan fotballkamp i dag for Helge. Det kunne vore gildt det.  På tomta har det skjedd eitt og anna i løpet av dei 7 vekene eg har fått høve til å vere her. Alle oliventrea så nær som eitt er flikka og pussa på. Bare eitt i så stor grad som biletet syner, men Clemente har skore såpass at han meiner det skal bli oliven å hauste neste år. Inneverande år har all krafta gått til greiner og lauvverk.



Kjøkkenhagen vart fresa då eg kom i starten av juni.  Nå før heimreise har eg tatt til med flatene opp mot vegen. Dvs, på eine sida er det så lite av ugras at der får jorda ligge i fred. På sida mot nabo Lina er 2/3 ferdig. Skal nok nå over resten og før mi heimreise tek til om ei veke.



I går kveld måtte me ha oss ein tur til Daniela og Mino. Eit slikt vidunder som Lorenzo må me ha med oss.  5 veker gammal nå, trivs og veks. Bare velstand.


På vegen til Viale Andrej Sakharov passerte me dette festpynta kjøretøyet.

Krom og sløyfer i hopetal. Kven har vel før sett ein Scania pynta for bryllupstransport?  Då Daniela og Mino gift eg i fjor, kjørte dei Maserati.  Nå sit dei der, ferdig etablert familie. Kor mange born tru dette ekteparet sit med om eitt år? Skal det stå i stil med kjøretøyet må det bli ein heil flokk. 


Me hadde oss ein Brindisitur i går kveld. For meg er det mest som eit rituale. Det var i Brindisi Pugliaeventyret tok til. Det er ein by det kjennest godt å vera i. L'experience var staden, og forretten var i grunnen hovudretten. Mix av sjømat, mest blekksprut i diverse variantar servert på skal frå kamskjell dandert på ei seng av grøn salat. Velsmakande, det må eg ha lov å seie som har vore der 5 eller 6 gonger denne sommaren. Me hadde bord like innafor staden der piratar i eigendefinert teneste for miljøet hadde lagt til kai.

Hadde sjefen på denne farkosten her vist seg, trur meg mest eg måtte teke tilflukt på L'experience sin do. Då hadde eg fått fred. Kunne lett fått fred ganske lenge og. Dørlåsar a'la dette er ganske vanlege i Italia. Dodørslåsen i Giottilinee er faktisk og av denne typen. I bubilen låser eg aldri dodøra. På restaurant er det meir nødvendig å låse, og der stod eg her eine kvelden på bytur med Reidar. Umulig å få opp frå innsida. Risting i døra måtte til for å tilkalle hjelp. Så vart døra opna frå utsida og dei syns visst ikkje det høyrde med til suksessfaktorane for plassen dei to som opna. Men Paul Watson kunne eg sluppe unna ganske så lenge, om eg hadde gjentatt innlåsing frå Brindisi-kvelden med førre gjest.



Båten såg forresten tøff nok ut den. Haugevis med folk både på kaien og ombord. Det var omvisning ombord for dei som ville det.



Eg bare lurer litt på korleis verda ville bli dersom alle laga seg sine eine reglar og ikkje bare levde etter dei sjølv, men og handheva dei i forhold til andre. 
Blir det heilt feil å sei at det vil føre til eit demokratisk underskot?


Ferske fiken i hopetal. Anne Marie har lenge lurt på om mogninga av fiken ville gå fort nok til at ho kan få teste heimtransport av ferske fiken. 

Ferskplukka frå "Edens hage" i dag.  Lagt litt på kjøl, deretter sirlig på rekke og rad i pakkemaskin for å vakumerast.


Til sist innpakka i bobleplast med varleg hand. 
Kven skal fristas av friske frukter i morgon?


Slike sirlige plastinnpakka saker er vel normalt av stor interesse for tollarane. Her får dei seg bare ei søt, paradisisk oppleving om dei opnar for nærare sjekk.

Episode ein (Helge og Knut), to (Tor Sveinung og Mona), tre (Anne Marie), fire (Eva og Asgeir) og fem (Reidar) er over for denne gong. Siste episode (Geir) kjem nå, denne veka. Eg skal prøve å rekkje over litt av det som står att av gjeremål her på eigedommen i løpet av komande veke. Nå gjer det forsåvidt ikkje noko om eitkvart blir att ugjort heller. Det kjem haustferie der eg kan ta opp att det som  er starta på og ikkje fullført.