Translate

søndag 24. mai 2026

Bilbyen San Michele på sitt beste


Me fekk ver med vennene frå blokka vår heime på Vigrest på Sushi i Martina Franca. Eg har ikkje allltid vore like begeistra for slik mat. På besøk hos Knut i Namsos vart det hamburger på meg etter at Anne Marie og Knut hadde ete opp både sin sushimat og min sushimat. Men der,  ved torget i Martina Franca smaka det godt, så godt at eg fekk lyst å koma tilbake dit. Har vore der før eingong ilag med Lill Karin og Gaute.  Denne gongen var det som takk og betaling for limousinservice i samband med eit bilsalg. Har ein skaffa seg hus som ligg litt langt frå allfarveg,  treng ein fort hjelp med skyss når ein skal kvitte seg med ein bil. 

I 2013 var eg for første gong på AutoPro San Michele. Ein liten verkstad nokså sentralt i byen. Verkstaden heldt til i ganske gamle, små lokaler. Giottiline måtte få hjelp ute langs fortauet. Rett og slett så lågt under taket at bubilen ville fått skrelt av taket om eg hadde prøvd å koma meg inn. Kva som var  gale med bilen hugsar eg ikkje, men datering av biletet viser dette hende på vår bryllupsdag, faktisk på 30 årsdagen for det som skjedde i Vikedal kyrkje 16.juli 1983.


Sjølv om lokala var små og det var lågt unde taket, merka eg meg ein utrulig orden. Kvite fliser på veggene gav like mykje assosiasjonar til eit tannlegekontor som til ein bilverkstad. Fekk tiltru til Antonio som i alle åra etterpå var min kundekontakt.

Etterkvart flytta AutoPro inn i nye mykje større bygningar eit par kilometer ut frå sentrum av bilbyen. Det reine ryddig inntrykket tok dei med seg. Etter dette biletet frå heimesida til verkstaden, er det byggt på slik at sjølve bygget no er dobbelt så stort.


Ei ganske så viktig side ved drifta av AutoPro må vere sal av bruktbilar. Ikkje mindre enn rundt 300 i talet står oppmarsjert ute og med dei aller finaste bilane inne. Då Gaute fortalte dei skulle kvitte seg med bilen sin, tenkte eg Antonio kunne vere rette mannen å ta kontakt med. Me møtte fram i kundemottak. Utan å legge merke til kva som stod på disken spurte eg etter Antonio. Han fekk eit litt rart uttrykk han eg spurde, vart liksom litt perpleks. Det vart jo eg og då han sa: Il e morte.  For ein månad sidan døde Antonio. Han vart hedra med bilete og blomar på resepsjonsdisken. 

Mitt siste møte med Antonio vart i november 2025. Då fekk eg utlevert i Bari ein einøygd Panda. Antonio sette i ny hovudlyspære for 10 Euro, arbeidet inkludert.

Det vart bruktbilsalg av det for Gaute og Lill Karin sin del og. Så då handelen var unnagjort bar Lill Karin så mykje setlar i taska si at ho mest måtte bruke skoskei for å få setlane på plass inni veska.




mandag 11. mai 2026

Bonde på halv deltid

At eg skulle bli ein slags bonde og drive med maskinstasjon, det er meir enn eg skulle trudd om meg sjølv. Nå veit eg jo at skal ein drive skikkeleg som bonde, så må der meir til enn den innsats eg legg for dagen her på våre 7 1/2 mål tomt sør i Italia, nærare sagt Puglia. Gateadresse "Casa a strada senza nome" som dei skriv på kvitteringa når me betalar for vakthald til The Rangers. Å lage rampe for å få inn Hondaen som driv klippeaggregatet er ikkje noko problem. Tenkte nok eg måtte demontere for å få inn i bilen, men den kjørte like fint inn i Id7 som den tidlegare har gjort i Kodiaq. Bare litt justering av handtaket så gjekk det heile fint.
Planen var at gjesterommet skulle bli okkupert av venner i 10 - 12 dagar. Streik i Lufthansa, prishopp på drivstoff til fly og sjukdom i nær famile hos gjestene førte til endring i planar. Nå har dei turen hit til gode. Likefullt blir rommet dei skulle hatt pussa opp. Einaste rommet i huset der taket flassar. Veggene og for den del. Pascalone frå Taverna di Pascalone stilte med mann som ville ta på seg arbeidet, Rocco heitte han. Han gav eit tilbod og nokre dagar etter kom han i lag med eit par arbeidskarar som skulle gjere sjølve jobben. Pussing og maling innandørs i tillegg til pussing av ein del av ytterveggen inn mot soverommet. 

Me håpar det held. Dette var etter pussing. Til sist fekk det eit strøk maling, så nå ser det ganske fint ut.
Basseng må ein ha. Ein del styr med å få det montert og ikkje minst for å fylle i dei 26000 litrane vatn det rømer. Solmatter til oppvarming om temperaturen skal bli slik at eg eg ser syn på å dyppe lekamen i væta. 
Her er ein del koplingar som skal halde tett. Eine solmatta fekk ein sprekk, så den måtte koplast frå. Er eg heldig klarer eg å lappe. Om ikkje så kan du seie den eine matta som held tett vart akkurat dobbelt så dyr. At det hjelper er ganske sikkert. Ein av dagane når det var full sol heile dagen auka temperaturen med 4 grader. Kalde netter gjer at det fort  blir 3 gr opp om dagen og så ned 2 gr i løpet av natta. Då tek det ein del soldagar før behagelig badetemperatur er oppnådd.



Lita snor kan laga mykje trøbbel. Å løfte maskinen inn i bilen aleine er meir enn eg kan klare. Då vart det pause i arbeidet til startsnora hadde blitt fiksa. Og eg måtte halde gang i Hondaen til den hadde tatt seg inn att i bilen.

Her var meir nok av gras å ta av. Etter startsnorfiksing var det framleis rikelig å ta tak i for klippeaggregatet. 

søndag 3. mai 2026

På veg til vårt jordiske Paradis

Det er langt å kjøre frå Hirtshals til Cda Coltura. Mest som  vegen blir endå lengre når ein kjører aleine og ikkje kan dele på kjøringa.  Tanken var å ha ei overnatting i hus og så ta den andre sovinga i bilen. Viste seg forferdelig fort at det var ein dårlig plan. Frå Hirtshals til Bispingen gjekk det igrunnen godt unna, men så er det heller ikkje meir enn snautt 60 mil. Lading på Tesla, rolsemat på KFC og så fekk eg plass på eit bittelite hotel der adkomst til rommet skjedde via branntrapp i vindel.  Heime går me bare ut den type trapp.  


Veldig tidleg kveld, så utsjekk vart faktisk om ikkje midt på natta så jaffalt dobbelgrytidlig morgon. Tok avgarde alt kl 03:00. Fint med stille start av bilen, så vekkjer ein verken vertsfolk eller andre gjester i det ein fer.

Lurt å kome seg fort avstad. Neste dag stoppa eg først då eg kom til Tiby hotel i Modena. Då hadde eg tilbakelagt 125 mil. Kjende meg ikkje så trøytt etter den kjøringa, men nok er nok. Har budd på det hotellet før og syns eg får godt igjen for det ein må betale. Ekte PIZZA i nabohuset og så bar det i seng. Normal morgon når det gjeld oppvakning, vel i tidlegaste lagt for mange, men normalt for meg. 


Hadde meg ein runde på byen før frukost. Lar meg imponere av barnesko i størrelse ca 6 mnd. Skulle tru det var nok med sokkar då, men her er det altså sko som bare skal vera på men  ikkje skal gås med. Dei får nok salg og, for butikken har eksistert i mange år. 
Fekk med meg rikhaldig frukost. Vanlig brød og påleggsmat, og sikkert 20 ulike kaker. Ikkje kremkaker, men saftige og tørre kaker om ein annan.  Det er visst slik sunn frukost er i Italia. Høyrer nok med i Middelhavskosthald. 

Opprinneleg hadde eg tenkt å kjøre på direkten frå Modena til Latiano, det er 83 mil på veldig gode vegar.  Men dei to føregåande dagane melde seg fort. Eg har veldig lett for å ombestemme meg, og det gjorde eg. Omtrent halvvegs tok eg ei overnatting i Vasto, og det trur eg var lurt.

Det gjekk akkurat å kome inn og ut i denne gata. Då eg hadde parkert måtte eg krype over på passasjersida for å kome ut. Det var då verten gav eit lurt råd. Set bilen slik at døra opnar inn i eit innhykk i veggen der det er ei utgangsdør. Det var mykje enklare.


Her var det lite vindu. Bare eit høgt på veggen over hovudenden av senga, kanskje 15 cm høgt og i heile bredden av rommet. Opp og ikgjen med moter og brytar ved senga. Elles var det store blanke  keramiske fliser med kraftig blomsterdekor på veggen. Ville ein ha utsikt mot natur, så fekk ein heller ta seg ein tur ut på brinken, og der mangla det ikkje på utsyn.

Likar ikkje å kome fram i mørkna til tomt hus. Kanskje  tidlegare erfaring har ført til. Ikkje for det, då eg var liten var eg ikkje akkurat den som var tøffast i møte med mørkna. 

Utpå dagen då eg kom fram til Villa Felizia fann eg alt i skjønneste orden. 

Me har hatt mykje mandler her tidlegare år. Appelsinaer har her vore lite av så langt, men dette året har me ganske god haust. Heile 1 stk etter det eg kan sjå.  Eg tørr ikkje plukke den. Får bare henge ei veke til. Då kjem Anne Marie,  og eg vil helst tru ho har lyst å smake.