Translate

søndag 24. mai 2026

Bilbyen San Michele på sitt beste


Me fekk ver med vennene frå blokka vår heime på Vigrest på Sushi i Martina Franca. Eg har ikkje allltid vore like begeistra for slik mat. På besøk hos Knut i Namsos vart det hamburger på meg etter at Anne Marie og Knut hadde ete opp både sin sushimat og min sushimat. Men der,  ved torget i Martina Franca smaka det godt, så godt at eg fekk lyst å koma tilbake dit. Har vore der før eingong ilag med Lill Karin og Gaute.  Denne gongen var det som takk og betaling for limousinservice i samband med eit bilsalg. Har ein skaffa seg hus som ligg litt langt frå allfarveg,  treng ein fort hjelp med skyss når ein skal kvitte seg med ein bil. 

I 2013 var eg for første gong på AutoPro San Michele. Ein liten verkstad nokså sentralt i byen. Verkstaden heldt til i ganske gamle, små lokaler. Giottiline måtte få hjelp ute langs fortauet. Rett og slett så lågt under taket at bubilen ville fått skrelt av taket om eg hadde prøvd å koma meg inn. Kva som var  gale med bilen hugsar eg ikkje, men datering av biletet viser dette hende på vår bryllupsdag, faktisk på 30 årsdagen for det som skjedde i Vikedal kyrkje 16.juli 1983.


Sjølv om lokala var små og det var lågt unde taket, merka eg meg ein utrulig orden. Kvite fliser på veggene gav like mykje assosiasjonar til eit tannlegekontor som til ein bilverkstad. Fekk tiltru til Antonio som i alle åra etterpå var min kundekontakt.

Etterkvart flytta AutoPro inn i nye mykje større bygningar eit par kilometer ut frå sentrum av bilbyen. Det reine ryddig inntrykket tok dei med seg. Etter dette biletet frå heimesida til verkstaden, er det byggt på slik at sjølve bygget no er dobbelt så stort.


Ei ganske så viktig side ved drifta av AutoPro må vere sal av bruktbilar. Ikkje mindre enn rundt 300 i talet står oppmarsjert ute og med dei aller finaste bilane inne. Då Gaute fortalte dei skulle kvitte seg med bilen sin, tenkte eg Antonio kunne vere rette mannen å ta kontakt med. Me møtte fram i kundemottak. Utan å legge merke til kva som stod på disken spurte eg etter Antonio. Han fekk eit litt rart uttrykk han eg spurde, vart liksom litt perpleks. Det vart jo eg og då han sa: Il e morte.  For ein månad sidan døde Antonio. Han vart hedra med bilete og blomar på resepsjonsdisken. 

Mitt siste møte med Antonio vart i november 2025. Då fekk eg utlevert i Bari ein eiøygd Panda. Atonio sette i ny hovudlyspære for 10 Euro arbeidet inkludert.

Det vart bruktbilsalg av det for Gaute og Lill Karin sin del og. Så då handelen var unnagjort bar Lill Karin så mykje setlar i taska si at ho mest måtte bruke skoskei for å få setlane på plass inni veska.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar