Translate

torsdag 31. juli 2014

Siste gjest denne sommaren


Han skein som sola då han kom. Flott sykkel, friskus på sadelen som kjører aleine med masse motor mellom beina heilt frå Vigrest hit til Villa Felizia. Uvitande om kva han tok ut på, er han ikkje heller med mange års erfaring både som buss-sjåfør og ikkje minst druetransportør mellom Italia og Norge. Svært mykje av druedyrkinga går føre seg nettopp i Puglia, så Reidar har vore på vegen her på hælen meir enn ein gong før.



Kjem det gjester til husar må me by dei av noko  av alt det gode som er å få tak i her. T-bone frå Taverna di Pascalone høyrer med i det me reknar som toppklasse når det gjeld kjøt. Skjønnsomt handsama er det og i Pascalone sitt eige skap for modning og mørning av kjøt. Der held han kontroll på fukt og temperatur og legg først kjøtet i grillen når det er klart.


Ceglie ligg ikkje så langt borte og i ei helst anonym bakgate enda me ein kveld hos "gottene til Livar". Det vil sei, eg tok sjansen på ein klipp først. Skal i stor dag hos dei Villa Serena om ikkje så lenge, og då kjem ein ikkje dit sjåandes ut som farande fant. To tøffe ungdommar sat i frisørstolane og fekk puss på toppen. Då må vel desse frisørane vera OK tenkte eg. Etter litt venting var det opp i stolen og spørsmål om korleis eg ville ha det. Spennande nok det, når ein i grunnen lite kan av språket. Eitt eller anna som likna corto sa han og viste til sidene rundt øyrene. Piu longo sa han og viste til toppen. Syns nok han spesielt litt bak på skolten kunne sagt molto longo, men det høyrde eg ikkje han seie. Finare frisyre enn eg fekk trur eg ikkje det kan bli. Ein er då plent bunden av utgangspunktet.
"Gottene"  hadde sin faste meny dei og etter fleire tunge kjøttmåltid var det bare herlig. 

Dagen deretter var eg ein snartur innom hos L'acanto italiensk-kurs i Mesagne. Fekk godt inntrykk og vil ta eit kurs på ei veke til hausten. Kan gjere godt på sjølvkjensla å klare litt meir enn å forstå kva pris ein skal betale i kassen dersom dei ikkje har display som syner prisen. 



Reidar og eg hadde oss en velsmurt tur inn til Brindisi. Velsmurt i den forstand at det var sykkelolje me var ute etter, og det lukkast oss å finne ein stad der slikt var å finne. Nå var det ikkje helt vanlig olje for trøsykkel. Boxeren frå BMW vil ha olje som både held smøring på motoren, men som og er med og kjøler. Då hjelper det ikkje med olivenolje. Eg tenkjer heller ikkje å bruke det, anna enn i ytterste nødsfall. Om så skulle skje, reknar eg med å starte med ein toliter først, og innan eg då stoppar håpar eg å kunne fylle rein diesel på bensinstasjon før eg må ta til på dei meir anonyme oljekannene.



Han skein som sola då han kom. Når han for, skein sykkelen og. Trur aldri det tidlegare har vore ein 1100 kubikkar og tatt seg ein sving nedom på olivenlunden før den for nordover mot Norge.


Her er karen klar. KJØR FINT, og det trur eg han gjer og. Så røynd på kjøring som han er, måtte han vera dum om han kjørte uansvarleg. Og dum det er han ikkje. 

GOD tur og hels heim!

onsdag 30. juli 2014

Var det presten Bjånes frå Haua?

Mesagne ein kveld seint i juli. Ingen planar anna enn ein bytur og eit måltid mat. Mat er ikkje vanskelig å finna, så spørs det bare om det smakar. Andre smakar, nye smakar, gode smakar. Repertoaret er visst tilnærma uendeleg her i området når det gjeld kombinasjon av ulike smakar.

Etter maten gav me oss ut på byvandring i smale smau og romslige piazza-er. Me kom faktisk ikkje lenger enn til første piazza før me gav oss. Noko skulle skje såg det ut til, og då var det ikkje anna å gjere enn å finne ein stad å vente. I første omgang på eit knallhardt steintrinn, men betre det enn å bare stå rett opp og ned. 
Me hadde kome til Piazza Orsini del Balzo. Folk flokka seg i god tid når noko skal skje, så etter dryge timen venting tok det heile til. Pizzica. Levande musikk saman med ein mildt sagt karakteristisk måte å syngje på. 
Medan me endå venta kom det stolar borne dit av Comune Mesagne,  eg trur mest det var kommunen sjølv som var i sving. Han hadde T-skjorte merka med Comune Mesgane og stolane var og merka CM.  Godt at nokon var greie og lånte ut sete når så mykje folk var samla.  Ein legg alltid merke til mykje rart der mange folk er samla. Ein av dei som kom, var ein mann rundt 60. Han bar på ei slags tromme, men merka seg på ingen måte ut frå dei andre elles. Einaste var at han minna både meg og Anne Marie om presten Bjånes på Haua. Då han etterkvart kom på scenen, fekk me stadfesta det me tenkte. Det må ha vore presten Bjånes sin ukjende italienske tvilling. Sangteknikken var faktisk heilt den same.

Neste gong me vil ha ei liknande oppleving, er det kanskje nok å ta turen til Haua?


torsdag 24. juli 2014

Bari multiplisert med 2


Så stor kopp har eg vel aldri før fått kaffi frå. Etter frakt av gjester frå Villa Felizia til Karol Wojtyla Lufthavn Bari, hadde eg trong for noko som kunne halde svevnen unna. Eit par espresso, litt kald drikke og  is gjer underverk. Eg må forresten trene på å få i meg is samstundes med at eg tek gellfie (forkorting av gelleh +  selfie) I styret med å balansere både isen og mobilen var det isen som måtte gje tapt. Den gjekk i bakken. Kanskje det seksfota uhyret tok ein tur ned og slikka opp restane.


Det er lenger og lenger mellom urcampingbilen, VW camper.  På turen nedover gjennom Danmark, Tyskland, Austerrike  heilt hit til hælen av Italia har eg ikkje sett ein einaste før nå på søndag som var. Det var ein familie på fire som var på tur. To små og to store. Me var fem i same bil, men den var utan fast høgt tak, hadde bare hevetak frå SCA.



Det var søndagsturen. Litt tomt i huset vart det jo etter fleire veker med meir enn oss to, Anne Marie og eg. 

Men så vart det tur til Bari igjen, andre dag på rad for meg.
Når ein lagar mat på gass, driv kjøleskapet på gass og varmar vatn til dusjing og oppvask på gass, då er det litt om å gjera at det fungerer som det skal. Gassregulatoren i bubilen har vore litt lei. Den var truleg ikkje skifta sidan bilen var ny i 2006, og då var det sikkert på høg tid med eit skifte nå i vår. 


Me har vore litt plaga med brent lukt når varmvatnet har vore i gang. Tenkte det var støv som vart forbrent og at det var lenge mellom kvar gong utstyret vart brukt. 
Med mange gjester i hus, vart det til at me overnatta i bilen. Sidan kvart soverom inne har sitt eige bad, kunne me ikkje vera verre. Me måtte ha gang på badet i bilen, også varmtvatnet til dusjing.
Det enda med "auspuff" som dei sa på TRUMA. 


Næraste sertifiserte TRUMA service ligg i Bari. Dei hadde plass og tid for ein norsk italienar.


Det er helst litt moro når servicefolka ser gassflaskene, ikkje minst hurtigkoplinga, og ristar på hovudet medan dei smiler litt oppgitt. Etter feilsøk på TRUMA C6000 utan å finne feil, går dei vidare. Telefonkontakt med fabrikken i Tyskland der eg  på tysk, så godt eg kan forklarar kva det går i, deretter på italiensk frå fabrikken til servicefolka kva dei skal gjera vidare. Gassregulator vart kopla frå og målt. Det viste seg at påtrykket med 30 mbar ikkje stemmer. Den gjev 48 mbar i trykk ut, og det er jo meir enn 50% over det det skal vera. Det forklarer "auspuff" der ytre del av pipa frå omnen regelrett vart blese av og låg halvannan meter frå bilen. Kanskje det og forklarar den høge varmen og brendalukta når me i vår har prøvd  å varme vatn med TRUMAen.

Eig ein noko, må ein rekna med at ein kan få bry med både det eine og det andre. På veg heimatt frå Bari, gav luftkjølinga tapt. Ville ikkje meir. Har hatt sporadisk feil før og, men nå var det heilt stopp. Godt med AutoPro i San Michele som tok inn bilen på ein dags varsel og fiksa ny kjøling på 2 -3 timar. 50 Euro omgjort til 425 Nkr er vel ikkje meir enn ein ville måtta betalt for å spørje ein verkstad heime pr. telefon. 
Får bare håpe alt er på plass då når det gjeld Giottilinen. Det er jo den eg skal bruke på returen og sidan det er oppoverbakke heile vegen heimover er det best at alt fungerer.


Notte di Ombre i Latiano

Me fekk med oss Opera i Cave Fantiano trass i iherdige forsøk frå mi side på å sleppe unna.  Alt eg gjorde mislukkast, og i grunnen var det greitt nok. Det var ei flott oppleving både musikalsk og ikkje mindre scenografisk. 
Ei veke går fælande fort med gilde gjester. Virka til at dei fann seg vel tilrette. Ikkje at dei tok seg tilrette, men latskap er nok ikkje deira største last. Vedkapping, greinebrenning, felling av tre  var mellom det som vart gjort. Me rakk endåtil ein dag i Porto Cecareo der vatnet bad om å få kjøle ned heite kroppar. 

Siste kveld før retur til Klepp var det Notte di Ombre i Latiano. Me starta det heile hos Meggie og Pascalone på Taverna di Pascalone. 





Dei hadde fått laga seg nytt visittkort. 


Når du opnar vindauga der du ser Meggie og Pascalone i profil, så får du detaljane om spiseplassen i Via Roma Latiano.



 Pascalone stiller meir enn gjerne opp til fotografering. Grillmeisteren likar  å vere i søkelyset. Korleis han klarer varmen frå grillen er meir ei gåte. Perfekt grilling er noko han kan og .....



..... når gjestene er flinke til å plukke ut dei kjøtstykkene dei vil ha, så er måltidet i boks. 



Etter maten hadde me byvandring. Boder, juggel, pannekaker, grillmat, musikk og ikkje minst folk. Folk i alle aldrar, frå gamle krokete koner og menn til dei yngste av dei unge i triller og vognar. Yrande folkeliv akkompagnert av musikk med volum som kjendest i brystkassa.

 Me hadde oss ein tur innom Atriet i det gamle rådhuset i Latiano. Mellom all den andre kunsten openberra ein kjend silhuett seg. Det må vel vere vår venn Pascalone. Ein litt eldre mann med alpelue og runde kunstnarbriller synte interesse for fotograferinga mi. Var det kanskje ikkje så godt likt, tenkte eg. Pascalone? spurde eg. Han nikka og flirte, det stemte visst godt det. Meggie vart ganske så oppgødd ho og, då eg på retur til bilen viste henne biletet. Må vise det til Pascalone sa ho, men ho kom litt slukøyra tilbake. Han visste jo om det, utan at han hadde fortalt noko til henne.
Det vart helaften i byen vår.

fredag 18. juli 2014

Har du billetane du treng til Operaførestellinga?

For første gang., for første gang, det giver mang en småting rang. Nå var det ikkje småting då, men aldri før har eg vore på Opera. Det næraste me så langt har kome dette fenomenet er noko søtt noko. Mint dragert i sjokolade med kvitt eller lilla yttertrekk. Pedellane i Ceglie inviterte oss med på La Traviata framført i Cave Fantiano, Grottaglie. 



Sidan me hadde besøk den dagen fann eg ut, måtte eg høyre med gjestene om dei kunne tenkje seg slikt. Med Jæren Kamerkor på CV-en viste det seg at Verdi absolutt kunne vera av interesse for gjestene som var ventande.  Eg teikna meg hos pedellane for 4 billettar og tenkte at for 4 personar ville det vera nok. Etterkvart måtte eg doble det talet, og det skal du få høyre  meir om.



Eg fekk billettane trygt i hende ei dryg veke før dagen. Betalte og la dei på ein trygg plass. Veldig trygg viste det seg. Eit par tre dagar før det heile skulle finne stad, ville eg sjekke kva opplysningar eg kunne finne på billetten. Ikkje fann eg opplysningar, og ikkje fann eg billettar. Sa eg trygg plass? Huset er ikkje så stort. Leita høgt og lågt utan å vera i nærleiken av funn. Ho som nok ofte kjenner eg legg skuld på henne når noko kjem bort, var og i aksjon. Framleis like lite resultat. Ettersom operaen var godt marknadsført andsynes gjestene, såg eg inga anna  råd enn å høyre med billetservice i Villa Serena om dei kunne skaffe fleire billettar. Før 10 søndag morgon var nye billettar kjøpt av ein pedell som ikkje nettopp søv i tenesten.  
Då eg kom tilbake frå Bari etter å ha henta barndomskamerat Asgeir med ektefelle Eva, var det for seint å kansellere siste billetthandel på trass av at den trygge plassen endelig var funnen. Dei første 4 billettane vart og funne. 
Kva gjer ein så med 8 billettar for 4 personar til La Traviata? Meggie og Pascalone frå Taverna di Pascalone var dei første som fekk tilbod om billettar. Det var innertier. Med fødselsdag den dagen operaen skulle vera, passa det perfekt for Meggie. 

I 30 år har me feira med utemåltid på eit eller anna vis at me, Anne Marie og eg 16. juli 1983 sette ring på fing og gav kvarandre ja i Vikedal kyrkje. Me hadde litt å feire me og som de skjønar. 
Nå var 6 billettar disponert. Kva gjer ein med dei 2 siste? Palma kunne ikkje,  for Guido som er Nonno på 60 passa det ikkje, han ville heller høyre på Shakira som sjølv eg er for gammal til å vite kven er. 
Gjestene frå nokre kveldar tidlegare frå Nærbø enda opp med dei siste 2 billettane. Då var alt klar for å møte ved Villa Serena slik at me kunne kjøre i lag til arenaen. Meggi og Pascalone skulle me møte ved porten inn til området klokka 20:00. Operaen skulle starte 21:00.  Det siste eg gjorde før la ut heimefrå, var å spørje Eva om ho ville passe på deira billetar sjølv, men nei, det kunne då ikkje vera nødvendig meinte ho. På vegen hadde ho tenkt litt om ho skulle dra ein fleip på kvar billetane nå var, men nå var det vel nok tenkte ho. Me la i veg på snirklete og holete vegar. Om det var jernbaneovergangen ved Ceglie som rista nok i hovudet til at eg brått tok til å lure på kor billetane nå var, veit eg ikkje. Søk gjennom lommar og veske gav null funn. Yngsteson Tor Sveinung sa ein gong som 4-5 åring: Eg leitar ikkje, eg finn. Eg kan utan tvil snu om på dette til: Eg leitar, eg finn ikkje. Gode råd er dyre, så eg tenkte sjølv ut at det beste ville vere å kjøre vidare til Livar og Sofie, setje av mine 3 passasjerar og la pedellen og pedellina ta seg av vidare transport til Cave Fantiano. Sjølv fekk eg lagt inn koordinatane til staden der operaen skulle framførast. Bånn gass heimover etter billettar og endå meir bånn gass på motorvegen frå Latiano til Grottaglie. 20:55 parkerte eg, 21:10 tok det eigentlige dramaet til.


Kort fortalt gjekk La Traviata ut på at  ein rikmannsson var så uheldig at han forelska seg i ei selskapsdame, les hore. Det vart jo skandale og ein haug med forviklingar. Lukkelegvis enda det godt, ho døde i siste scene.














Endelig har det blitt orden i sysakene, selskapsdama er DØD.


Sjølv Snøhetta hadde vel ikkje klart å lage slik storslått scene.


Om du skulle ha trong for å vite meir om sjølve forestillinga, kan du bruke denne linken: La Traviata Cava Fantiano Grottaglie

søndag 13. juli 2014

Supermåne over olivenlundane

Så heng den der, månen. Den er stor, større enn den brukar vera. Ser helst ut til at den lyser klarare og. Dei kallar det supermåne. Men tenk, det er same månen. Den er ikkje større, heller ikkje mindre. Den er bare nærare jorda i sin bane. 



























Framleis heng den der, nå i vest. Det er like før den tek dag. Det er tid for meg og til å ta dag. Blir litt endringar i gjesteprotokollen i dag. Mona og Tor Sveinung får eit par dagar til på gjesterommet. Me flyttar ut frå det rommet me vanligvis brukar. Dei som overtek der blir henta i Bari i dag alt klokka 11:25. Dvs dei reiste frå Sola for 5 minutt sidan.  Nokre bubilnetter er heilt greitt det. I bubil er det jo slik at kvar du enn er, er du heime i di eiga seng. Ja me står parkert i oppkjøringa her, så vertskapspliktene har me ikkje tenkt å overlate til Tor Sveinung og Mona.
Me trur det vil bli triveleg med nye gjester og. Får håpe dei vil oppleve plassen her som oss, som ein superplass.



Arbeid skal det ikkje mankere på medan me er her. Når nærare 50 oliventre blir rydda i, då skal eg lova det blir både greiner å bladverk å rydde i. Ein del av greinene er fine til ved, nokre mest til opptenning, men ein heil del og til vanleg fyring. Bladverket er tett og i store mengder. Når det turkar og visnar blir det samla i lange render som ein set fyr på. Store bål er heilt openbert farlege. Oljerike greiner og blokker brenn med kraftige stikkflammar, så ein skal helst vera varsam i denne geskjeften.



















Me kan brenne bål kvar kveld om me det vil. Trur nok helst det blir til at me samlar i passe haugar der det ikkje er til skade for trea. Så får det ligge og turke vidare til det vert haustferie. Ikkje så brannfarleg då. Hadde jo mildt sagt vore ein katastrofe om me, norskingane på Cda Coltora skulle setje fyr på området her. Her er ein olivenlund omlag ein kilometer herifrå som har brunne. Alle trea ser daude ut, men det er tett i tett med nye renningar nede ved stammen.  Slikt treng ein ikkje gjenta her.





lørdag 12. juli 2014

Ospiti perfette e pizza perfetta

Det vart som ei opning av nybygget. 



Inviterte gjester, valgt med omhu. Pedellparet kom. Me må jo kunne sosialisere oss litt med dei tilsette og. Dei hadde fremmane frå Nærbø som og var med. 
Livar som stod for kjøringa, har blitt såpass italienske i løpet av mange år her i Puglia, at dei ikkje kom før tida, heller litt etter. Men så viste deg seg at det ikkje var påverknad lokalt som gjorde dei seine. Eitt bad på deling av to damer kan vera trøblete nok same kor ein er.

Anne Marie stod for tomatsuas, fyll og deig. Underteikna nøyde seg med å kjevle tynne og perfekt runde botnar som gjestene sjølv danderer med det fyllet dei ynskjer. Om eg så må seie det sjølv, så vart denne runden med pizza den beste så langt i karrieren. Det har slett ikkje vore dårleg før, rett og slett bare veldig bra denne gongen. Heilt runde botnar har tydeligvis veldig mykje å seie for det endelige resultatet.

Dei to som delte bad, her i midten og til høgre. Gjer ikkje noko med 10 minutt over tida.

Hektisk aktivitet rundt forno di legna.  Alle vil ha ei hand med i bakinga av sin pizza.


Nokre er vel meir ekspertar enn andre når det gjeld matstell. Britti her hadde nok litt problem med å finne rett mengde tomatsaus, men ho var ikkje vanskelig å rettleie.



Stolt som ein kykkeliky vandrar han konsentrert til bords for å nyte sin pizza.

Mona og Tor Sveinung slapp til etterkvart dei og. Det er jo takka vere deira besøk me har nytt tak å sitje under.


Frå venstre: Tor Sveinung, Mona, Asbjørn, Livar, Sofie, Anne Marie og Geir.

Gjester som dette er velkomne tilbake til gards. Triveleg kveld.

torsdag 10. juli 2014

50 års utvikling som kokk

Godt kan det bli om det er aldri så enkelt. Spaghetti med hol i midten, tomatsaus, litt bacon. Det er alt som skal til. Utviklinga av kokekunst sidan eg som 8 - 9 åring tok til med å koke makaroni er mest som eit kvantesprang å rekne.

onsdag 9. juli 2014

Me peisar på med beis

Haugen var ikkje akkurat kjempehøg. 

men varmen krev sitt av beisfolket. Arbeidaren ventar på å få halde fram oppå taket, men så lenge me ikkje klarer levere raskt nok, stoppar det opp. 
Midt i arbeidet måtte me sjølvsagt gå tom for beis. Godt det ikkje er så lang veg for å få tak i meir. Går du inn på Leroy, går du mest garantert ut med litt meir enn det du hadde tenkt du skulle kjøpe. Ein ampel til + hengeplanter til å ha oppi var resultatet i går. 
Me er her så lenge at me kan ha glede av sommarblomane. Tenkjer å lage til vatning med timer, eller evt høyre med pedellen om han kan vere blomefosterfar dersom me leverer blomane på døra til Villa Serena for den omsorg dei treng mellom sommarferie og haustferie.

Litt travelt vart det, sjefen piska på. Me hadde invitert folk til kvelden og tenkte å finne ly under det nybygde taket. Litt finpuss står att, men me 8 som åt pizza i lag hadde ikkje blitt blaute om det så hadde kome ei real sommarbyge. Av naturkrefter var det heller vinden som kunne merkas, men bles det litt slepp ein myggen. For nokre er insektlivet her plagsamt. Mygg i form av stikk og kløe og sikader i form av øredøvande lyd som må opplevast om du skal tru at eit kryp ikkje større enn 4 -5 centimeter kan lage så høge og skarpe lydar.



lørdag 5. juli 2014

Når far og mor er på marknad dansar Tor Sveinung i stigen

Mykje av jobben er alt gjort når ein bare får tak i gode arbeidsfolk. Nede i Latiano fann me rustikke materialer. Materialer som står i stil med det rustikke ved Villa Felizia. 
Om dei kunne kjøre varene?
Jau, det kunne dei. 
Men kva tid då? 
Oggi. Idag, akkurat nå, var svaret. 
Eg sat på i lastebilen og synte veg. Tor Sveinung fylgde etter i Opelen. Me kom fram trass stor lastebil og smale vegar. 


Etterpå måtte me ein tur til Leroy for å få tak i rett utstyr. Det er så mykje lettare når ein kan leite seg fram i hyllene sjølv, og ta den tida me treng.  
Me diskuterte litt fram og tilbake kva me trudde ville bli fint. Hamna stort sett på arbeidskaren sine løysningar.  Han sette også i gang med grove innfellingar utfrå det som var av reiskapar. Motorsag frå Jula til kr 500,- har vore til god hjelp så langt. 2 tankar bensin har blitt forbrent i "lafteløysingane" Tor Sveinung ville prøva seg på.


Finurlege biletvinklingar kan kanskje vekkje åtgaum. Denne kameravinkelen er særs populær her på bruket. 


HMS er ikkje heilt på topp i svart arbeid som dette. Heilt svart er det vel forresten ikkje, for me held kost og losji for både Mona og Tor Sveinung. 


Endå lite å sjå enn ei omraming av vindauga, men det går fort for seg, så om ikkje lenge.......

Trelasta frå førre dagen minkar. Endå meir enn trelasta som ligg innved steingarden og ventar på å bli til varme. Det er andre som og vil varme seg på den veden og har eg sett. Det har minka ganske så godt i oliventreveden som ligg innved steingarden.

Medan arbeidaren jobba, tok resten av husfolket seg ein tur på marken i Francavilla Fontana. Det vart eitt og hitt ein fann slik det ofte er når ein blir utsett for kaskadar av juggel, krimskrams og eitt og anna av kvalitet innimellom.


Nærare tre timer etter, når me kom tilbake att, er visst sjølve hovudjobben gjort. Med bjelkar og søyler på plass, er det lett å sjå at dette blir fint. Huset vil garantert sjå betre ut frå inngangssida. 


Me har vore forferdeligt redde for at det ville bli lite male og beisearbeid i sommar. Ubehandla trevirke vart kjøpt inn, men ubehandla skal det ikkje få bli så lenge. Brun beis er og kjøpt inn i rikelege mengder, så her kan me gå over anna treverk i same slengens. 



Borda på tvers av bjelkane er på plass. Nå er det bare over og underliggjarar som skal på plass, så er taket faktisk ferdig har me tenkt. Spuns tett treng det ikkje vera. Då høpp me bukk over tjørepapp eller anna tetting på toppen. Skulle det visa seg  vera nødvendig, lyt me gjera det i ein seinare omgang. 

Mest så ferdig at me kan flytte inn gjenbrukshagemøblene våre. Bålpanna får få sin pass litt utforbi. Her er høgt under taket, men ingen sjansar skal tas når det gjeld lauseld.