Translate

fredag 18. juli 2014

Har du billetane du treng til Operaførestellinga?

For første gang., for første gang, det giver mang en småting rang. Nå var det ikkje småting då, men aldri før har eg vore på Opera. Det næraste me så langt har kome dette fenomenet er noko søtt noko. Mint dragert i sjokolade med kvitt eller lilla yttertrekk. Pedellane i Ceglie inviterte oss med på La Traviata framført i Cave Fantiano, Grottaglie. 



Sidan me hadde besøk den dagen fann eg ut, måtte eg høyre med gjestene om dei kunne tenkje seg slikt. Med Jæren Kamerkor på CV-en viste det seg at Verdi absolutt kunne vera av interesse for gjestene som var ventande.  Eg teikna meg hos pedellane for 4 billettar og tenkte at for 4 personar ville det vera nok. Etterkvart måtte eg doble det talet, og det skal du få høyre  meir om.



Eg fekk billettane trygt i hende ei dryg veke før dagen. Betalte og la dei på ein trygg plass. Veldig trygg viste det seg. Eit par tre dagar før det heile skulle finne stad, ville eg sjekke kva opplysningar eg kunne finne på billetten. Ikkje fann eg opplysningar, og ikkje fann eg billettar. Sa eg trygg plass? Huset er ikkje så stort. Leita høgt og lågt utan å vera i nærleiken av funn. Ho som nok ofte kjenner eg legg skuld på henne når noko kjem bort, var og i aksjon. Framleis like lite resultat. Ettersom operaen var godt marknadsført andsynes gjestene, såg eg inga anna  råd enn å høyre med billetservice i Villa Serena om dei kunne skaffe fleire billettar. Før 10 søndag morgon var nye billettar kjøpt av ein pedell som ikkje nettopp søv i tenesten.  
Då eg kom tilbake frå Bari etter å ha henta barndomskamerat Asgeir med ektefelle Eva, var det for seint å kansellere siste billetthandel på trass av at den trygge plassen endelig var funnen. Dei første 4 billettane vart og funne. 
Kva gjer ein så med 8 billettar for 4 personar til La Traviata? Meggie og Pascalone frå Taverna di Pascalone var dei første som fekk tilbod om billettar. Det var innertier. Med fødselsdag den dagen operaen skulle vera, passa det perfekt for Meggie. 

I 30 år har me feira med utemåltid på eit eller anna vis at me, Anne Marie og eg 16. juli 1983 sette ring på fing og gav kvarandre ja i Vikedal kyrkje. Me hadde litt å feire me og som de skjønar. 
Nå var 6 billettar disponert. Kva gjer ein med dei 2 siste? Palma kunne ikkje,  for Guido som er Nonno på 60 passa det ikkje, han ville heller høyre på Shakira som sjølv eg er for gammal til å vite kven er. 
Gjestene frå nokre kveldar tidlegare frå Nærbø enda opp med dei siste 2 billettane. Då var alt klar for å møte ved Villa Serena slik at me kunne kjøre i lag til arenaen. Meggi og Pascalone skulle me møte ved porten inn til området klokka 20:00. Operaen skulle starte 21:00.  Det siste eg gjorde før la ut heimefrå, var å spørje Eva om ho ville passe på deira billetar sjølv, men nei, det kunne då ikkje vera nødvendig meinte ho. På vegen hadde ho tenkt litt om ho skulle dra ein fleip på kvar billetane nå var, men nå var det vel nok tenkte ho. Me la i veg på snirklete og holete vegar. Om det var jernbaneovergangen ved Ceglie som rista nok i hovudet til at eg brått tok til å lure på kor billetane nå var, veit eg ikkje. Søk gjennom lommar og veske gav null funn. Yngsteson Tor Sveinung sa ein gong som 4-5 åring: Eg leitar ikkje, eg finn. Eg kan utan tvil snu om på dette til: Eg leitar, eg finn ikkje. Gode råd er dyre, så eg tenkte sjølv ut at det beste ville vere å kjøre vidare til Livar og Sofie, setje av mine 3 passasjerar og la pedellen og pedellina ta seg av vidare transport til Cave Fantiano. Sjølv fekk eg lagt inn koordinatane til staden der operaen skulle framførast. Bånn gass heimover etter billettar og endå meir bånn gass på motorvegen frå Latiano til Grottaglie. 20:55 parkerte eg, 21:10 tok det eigentlige dramaet til.


Kort fortalt gjekk La Traviata ut på at  ein rikmannsson var så uheldig at han forelska seg i ei selskapsdame, les hore. Det vart jo skandale og ein haug med forviklingar. Lukkelegvis enda det godt, ho døde i siste scene.














Endelig har det blitt orden i sysakene, selskapsdama er DØD.


Sjølv Snøhetta hadde vel ikkje klart å lage slik storslått scene.


Om du skulle ha trong for å vite meir om sjølve forestillinga, kan du bruke denne linken: La Traviata Cava Fantiano Grottaglie

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar