Translate

torsdag 31. juli 2014

Siste gjest denne sommaren


Han skein som sola då han kom. Flott sykkel, friskus på sadelen som kjører aleine med masse motor mellom beina heilt frå Vigrest hit til Villa Felizia. Uvitande om kva han tok ut på, er han ikkje heller med mange års erfaring både som buss-sjåfør og ikkje minst druetransportør mellom Italia og Norge. Svært mykje av druedyrkinga går føre seg nettopp i Puglia, så Reidar har vore på vegen her på hælen meir enn ein gong før.



Kjem det gjester til husar må me by dei av noko  av alt det gode som er å få tak i her. T-bone frå Taverna di Pascalone høyrer med i det me reknar som toppklasse når det gjeld kjøt. Skjønnsomt handsama er det og i Pascalone sitt eige skap for modning og mørning av kjøt. Der held han kontroll på fukt og temperatur og legg først kjøtet i grillen når det er klart.


Ceglie ligg ikkje så langt borte og i ei helst anonym bakgate enda me ein kveld hos "gottene til Livar". Det vil sei, eg tok sjansen på ein klipp først. Skal i stor dag hos dei Villa Serena om ikkje så lenge, og då kjem ein ikkje dit sjåandes ut som farande fant. To tøffe ungdommar sat i frisørstolane og fekk puss på toppen. Då må vel desse frisørane vera OK tenkte eg. Etter litt venting var det opp i stolen og spørsmål om korleis eg ville ha det. Spennande nok det, når ein i grunnen lite kan av språket. Eitt eller anna som likna corto sa han og viste til sidene rundt øyrene. Piu longo sa han og viste til toppen. Syns nok han spesielt litt bak på skolten kunne sagt molto longo, men det høyrde eg ikkje han seie. Finare frisyre enn eg fekk trur eg ikkje det kan bli. Ein er då plent bunden av utgangspunktet.
"Gottene"  hadde sin faste meny dei og etter fleire tunge kjøttmåltid var det bare herlig. 

Dagen deretter var eg ein snartur innom hos L'acanto italiensk-kurs i Mesagne. Fekk godt inntrykk og vil ta eit kurs på ei veke til hausten. Kan gjere godt på sjølvkjensla å klare litt meir enn å forstå kva pris ein skal betale i kassen dersom dei ikkje har display som syner prisen. 



Reidar og eg hadde oss en velsmurt tur inn til Brindisi. Velsmurt i den forstand at det var sykkelolje me var ute etter, og det lukkast oss å finne ein stad der slikt var å finne. Nå var det ikkje helt vanlig olje for trøsykkel. Boxeren frå BMW vil ha olje som både held smøring på motoren, men som og er med og kjøler. Då hjelper det ikkje med olivenolje. Eg tenkjer heller ikkje å bruke det, anna enn i ytterste nødsfall. Om så skulle skje, reknar eg med å starte med ein toliter først, og innan eg då stoppar håpar eg å kunne fylle rein diesel på bensinstasjon før eg må ta til på dei meir anonyme oljekannene.



Han skein som sola då han kom. Når han for, skein sykkelen og. Trur aldri det tidlegare har vore ein 1100 kubikkar og tatt seg ein sving nedom på olivenlunden før den for nordover mot Norge.


Her er karen klar. KJØR FINT, og det trur eg han gjer og. Så røynd på kjøring som han er, måtte han vera dum om han kjørte uansvarleg. Og dum det er han ikkje. 

GOD tur og hels heim!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar