Translate

onsdag 2. juli 2014

Gevinst på flyplassen

Etter nokre dagar aleine, er romma på Villa Felizia fullbooka.

Olivenplantasjen får stell desse dagane. Tidlege morgonen kjem Clemente listande på fire hjul. Han trudde visst eg sov første dagen, men slett ikkje. Her er godt å sova, men og veldig godt å vakna. Morgonen er fine timar. Passe varmt, ikkje den steikande sola som ein seinare på dagen lyt kome seg i skuggen for.

Opelen ville ikkje samarbeide heilt godt i helga. Eg måtte beintfram ut med bubilen for å få handle meg mat. Då vart det Lidl mat på meg, der kan eg halda med på en breide vegen og parkerngsplassen er open og fin. Vegane inne på campagnaen er snautt kjørande på med så stor bil. Det skraper og kvin i det ein kjører gjennom smale passasjar av villniss og kratt. Syns ein fartsstriper på bilen er bra, er vegane her dei rette til å kjøre fort å med 2,35 meter breid bil. Verkstaden i San Michele der eg har vore på oljeskift og bremsesjekk med bubilen tok inn  Opelen mandag morgon. Eg kunne fått den ettermiddagen same dag, men då var eg så heldig å få vera med på besøk til folk i Campomarina. 

Ei av dei italienske naboane hadde medbrakt. Skiver av melanzane raskt steikt  i olje. På det vart det lagt litt mozarella, så litt skinke før det var rulla saman og lagt tett i tett i ei aluminiumsform. Tomatsaus oppå og så inn i omnen. Eg tek kanskje vel sterkt i når eg seier det var det beste eg har smakt så langt på denne turen, men fælt langt unna var det ikkje.

Det vart tysdag morgon og spennninga var stor. Kva var gale med Opelen, og kor mykje skulle dei har for å reparere. Ei fordelarinnretning som gav spenning til pluggane hadde tatt kvelden. Det vil sei, av 4 var det 3 som funka, men den fjerde gjorde sitt til at gassdrift ikkje lenger var mulig. Låten på bensindrift vart meir som ei skøyte som hadde gått på land, men nekta å gje opp. Dunk, dunk dunk, dunk, dunk dunk...... Clemente kunne visst tenkt seg å bruke saga på prisen eg betalte, men eg vi tru bare delen heime ville vera dyrare enn skifte av del, pluggar og arbeid. 270 Euro komplett. Kr 2273,40 omgjort i norske etter gjeldande kurs.





Dei fleste har kanskje høyrt om Via Appia, vegen frå romertida frå Roma til Brindisi. Den flombelyste søyla markerer endepunktet på Via Appia. Her måtte romarane som ville til Midt-Austen over i båt for å kome vidare. 





Utpå kvelden tok eg turen inn til Brindisi. Betty's cafe lokkar med både mat og is. Denne gongen bare is, cassati. Nedpå hamna er det i tillegg til restauaranter, promenade, utsikt mot hamnetrafikk og innkomande fly også noko som liknar tivoli. Hadde eg vore 11 hadde eg garantert mast meg til å kjøre radiobil. 


Lodd til ein BAMSE hadde eg kanskje og jobba knallhardt for å få. Eg vant ikkje noko på tivoli denen kvelden. På flyplassen var det derimot gevinst. Ganske få minutt over tida kom premien for dagen, Mona og Tor Sveinung. 
Etter lang reisedag var det sikkert godt å få litt mat og ei seng. Utforsking av nærområdet får kome seinare i dag, onsdag. 
Det er forresten bare ein dag til ho som fjernstyrer kan skru ned effekten på sendaren. Anne Marie kjem i morgon til same tid som Mona og Tor Sveinung kom i går.  Då blir det omtrent så bra som det kan bli. Han i Rørvik og han i Florø hadde toppa det heile om dei og hadde kome ein gong til denne sommaren.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar