Translate

mandag 8. juni 2020

Litt ferskvare.

Litt ferskvare først. Det vil seie, nå tek desse bileta til å få litt alder på seg, 1 månad omtrent vil eg tru. Truverdige folk har knipsa. Det var slik det såg ut der i midten av mai. Plassen der sør i Puglia er me glade i, så får det heller våge seg med ein lenger pause enn planlagt når det gjeld å reise dit. Hadde jo vore gildt om ein såg ein ende på uhæma, men nå får me bare smørje oss med tolmod og vente til det på ny blir mulig å reise. 
I mellomtida kan me glede oss over litt siste livsteikn frå denne for oss fantasiske plassen. Snart 8 år sidan me tok over det som er vårt "paradis" i Puglia.


Her blir litt jobb med, klipping. luking og rydding. Heldigvis hadde Julio kjørt horving på 3/4 deler av tomta, den delen av tomta der oliventrea står. Reknar med at dei forbarmar seg over resten av tomta og, med hjelp av decespugliatori eller kantklippar på meir forståelig norsk.
Om det blir til hausten, er som me alle veit ganske så usikkert. I så fall blir det eit unntaksår for min del. I løpet av av tida me har eigd huset, har eg vore der 3 og 4 og heilt oppi 7 gonger på eit år. Så står det att å sjå då om me må heilt til 2021 før me kan fyre opp forno a legna og bake vår eigen steinbakte pizza.
Alv Prøysen syng om guten som skulle lage sybord til mor. Store planar hadde eg og, som etterkvart enda opp som ei skjærefjøl. Hos oss starta det liksom i andre enden. Eg hadde planar klar for pizzaomn i hagen. Hadde sett på ferdige element, men vart avskrekka av ein pris på 25000. På ein ikkje heilt tilfeldig tur til Puglia fann me ein omn, ferdig oppmurt og innbakt. Det viste seg jo fort at det følgde med hus og land, men bryet og kostnaden med å stelle til pizzaomn i hagen heime på Vigrestad slapp me jo unna. 
Engelskmennene som hadde kjøpt staden ut av italienske hender, inviterte oss til å vera med på pizzasteiking alt medan me endå ikkje hadde skrive kontrakt. Kanskje me vart offer for eit markedsføringskomplott? Trur ikkje det. Eit og anna skjær i sjøen har der vore, men då tenkjer eg nokså konsekvent, ting er ikkje kompliserte, dei er ikkje vanskelige, ting er bare så annleis frå det me er vane med.  Me har liksom så god oversikt her heime og reknar ting for å vera så enkelt. Spør ein utlending, gjerne ein italienar kva ho/han synes om ulike sider ved vårt byråkrati. 


Så enkelt, og så godt.
Sitroner har me ikkje så mange av endå, men du så fine dei er dei på den forlatte naboeigedommen. Me har lært at sitrontre er ganske krevande å få til.
Ein tømrar er god å ha i familien. Tak til skugge for dei brennheite solstrålen har vore godt å ha meir enn ein dag. Sommaren brukar å vera både solrik og skikkeleg heit. 43 grader er vel det meste eg har målt og heldigvis er ikkje det det vanlige.
Det tok ikkje mange dagar for ein røynd kar å få opp det me seinare har hatt så god nytte av.
Å kvile auga på slikt gjev glede, meir enn i akkurat den augneblinken.

Her har me fått besøk av Pascalone og Meggie. Eg trur helst det var pinnakjøt dei fekk å eta. Gele med heile jordbær og vaniljesaus til dessert. Mest overmot å invitere dei slik til mat. Pascalone har figurert i aviser i Puglia som "il re di carne", kjøtkongen av Puglia. Dei driv Taverna i Latiano i lag og har spesialisert seg på grilling av ulike typar heimelaga pølser, kjøtrullar og biff med Black Angus som er min favoritt.
Her blir visst ute under tak plassen brukt for første gong. Innrykk av gjester er på plass. Det er noko av det som gjere det så triveleg å ha fått sin eigen plass der sør i Puglia.
Ikkje alt ved det å ha sitt eige hus der sør i Italia er like enkelt, men vil ein få det til å gå, så går det.
Ikkje mykje å gjera med det. Nå får me bare satse på at viruset taper seg i kraft, og at det blir snart mulig å reise sørover att og nyte staden vår.