Translate

fredag 11. oktober 2013

Og slik går no dagane

På søndag hadde me med oss krumtappane i vår verksemd her sør, Guido meglar saman med Angela og Sofie saman med Livar til Taverna di Pascalone i Via Roma Latiano. Me vart så forsynte så, og ikkje var me aleine som gjester heller slik eg var første gong eg var hos dei.  Solid lokal mat i endå meir solide mengder. Det einaste som ikkje var solid var prisen. For 15 € vart me solid mette og ganske så solid utørste og.

Neste dag, måndag, tok veret ei ny vending. Me hadde lenge bestemt oss for ein IKEA tur, og på vegen hadde me ein stopp etter gammalt i Polignani a Mare. Sør-Europas beste pizzafekk Anne Marie, medan eg fekk ein lunka lasagne som nok hadde bak seg ei tid i fryseboksen. Etter ekstra oppvarming smaka den godt. Pizza til Anne Marie kunne godt bere merkelappen Sør-Europas beste. Den var bare kjempegod rett og slett. På veg frå pizzaplass til parkeringsplass vart me overraska av eit overhendig høljeregn. Alt overvatn skulle finne sin veg til sjøen via dei gamle steinlagde gatene. Eg lyg ikkje når eg seier vatnet enkelte stader stod 10 cm opp frå gata. Med joggesko vart det bare eitt resultat av det, klissblaute tær resten av den dagen
På IKEA var det som det brukar vera på IKEA. Litt venting, men det er jo ikkje anna enn ein del av prisen. Overskap til kjøkken vart kjøpt inn, likeså fyll til ei hylle som stod her då me overtok. Dører, skuffer og boksar gjer det meir passande som oppbevaringsmøbel. All den engelske damelitteraturen vart auksjonert bort heilt gratis for akkurat eitt år sidan. Ingenting vart igjen anna enn ein del engelsk fotballbøker som våre to fotballgale søner, Knut og Helge hadde glede av sist påske då dei var her for første gong.


Det vart kveld og det vart mørkt før me var heime att

lørdag 5. oktober 2013

Røyrtong stor nok i kjeften

04.10.2013
18 timar sidan støpselet til kjøleskapet mista kontakt med Enel. Me har jo hatt ei von, men slett ingen visse om at det ville hjelpe. Det var trusstyrkande å sjå at øvste hylle i kjøleskapet etter kvart vart fylt med vatn.  I botn av skapet samla det seg og vatn. Så måtte skapet ut frå veggen, og der i skåla oppå kompressoren var det fullt til kanten. Ei lita gjennomblåsing av slangen for kondensvatn viste full opning.
Kjøleskap med for mykje vatn i frosen tilstand og vannkranar utan fytande i. Det var status då me kom hit tysdag kveld. Det kunne godt ha vore motsett. Samma hur, når kjøleskapet nå har svive ein time har det gått 8 grader ned i kjøledelen. Det lovar godt.
Endeleg i normalt gjenge. 

Jordskokksuppe på menyen i kveld, men trur du ikkje vatnet stoppa att. Ikkje ein gong dråpar i kranen. Etter nokre rundar i hovudet kom eg til att pumpa frå brønnen var slått av under arbeidet med cisternepumpa og at det av den grunn var for lite vatn i cisternen til at pumpa der ville jobbe meir etter tre rundar med vaskemaskin og ein runde med oppvaskmaskin.. Medan eg jobba for å fylle cisternen kom eg til å vri på kranen for å stenge til cisternen slik at alt vatnet skulle ut til ein diger utekrane. Den var sjølvsagt stengt, og jammen gjev brønnpumpa trykk. Puff sa det så spratt både utekrane og røyrbit av. Utan røyrtong av stor nok dimensjon var det lite eg kunne gjera.  Ferramente oppe i San Vito hadde tong. Spenninga på vegen heimeover var merkbar. Ville me få att vatnet, eller var det bare å bla vidare i ei bok med mange sider, ei side for kvar feil som kan oppstå knytta til eit hus. Vatn vart det og ikkje mykje bry var det  få det til heller. Opne og llukke rette kranar, så fekk me att vatn i cisternen. Når vatnet der kom opp på eit visst nivå, vart brytaren for den andre pumpa slått på. Vatn frå kranane kom som om det aldri hadde vore annleis nokon gong. Bohylla vår fekk ikkje eit nytt bind av  "Dette kan gå galt i eit hus"
 

Lina har vore i huset sitt i ettermiddag. I det ho skulle gå løyste ho ut alarmen. Det tok ikkje meir enn 3 minutt så var alarmselskapet på plass for å sjekke ut kva det var. Eg slo kloa i dei og fekk tilbod på rappen. Så spørs det om innsatsen til vaktselskapet er verdt € 540 pr år. Dei to karane kunne koma alt i morgon tidleg for å montere sensorar. Avtalen vart at eg skulle evt ringe måndag morgon. Då har eg fått sjanse til å konferere med innfødde. At Lina har akkurat dette selskapet skulle borge for kvalitet vil eg tru. Me får sjå kva det blir til. 

Altfor mykje varme i kjøleskapet

03.10.2013
Truleg har det vore overspenning i straumnettet som har tatt knekken på pumpa som forsyner kranane i huset med vatn. Her er 13 uttak i alt når vaskemaskin og varmtvannsbereder er rekna med. Om så er, så har kjøleskapet også tatt kveld av same grunn. Frysedelen fungerer heilt fint, men sjølv kjøleskapet er heilt duglaust når det gjeld å få temperaturen ned.  Etter Øystein Bratland sitt tips for mange år sidan, har skapet vore ålveltes i ein halv time. Deretter kom det på rett kjøl, men like lite kjøl vart det inni skapet. Nytt kjøleskap er det, men eg finn ingen papir på kvar det er kjøpt eller kva tid det er kjøpt. Er redd for det endar med at me må kjøpte nytt det og. Slangen for kondens innanfrå skapet er tett, men eg kan ikkje tru det er det som drep kjølinga.(Men eit iskaldt spor er det) Eit siste forsøk blir å bruke kompressoren i bilen for å prøve å blåse opp slangen og få vekk det som blokkerer. Kan bli endå litt meir mas att på hjelpesmannen Livar. Greitt nok å ta kontakt på telefon med ein elektrikar eg har snakka med før. Verre å ringe helpdesk for Indesit kjøleskap når mine italienskkunnskapar avgrensar seg til å telje frå ein til hundre, namn på vekedagar og månadar og elles ein heil del gloser.
Før me for til Villa Serena hadde me ein tur innom banken i Francvilla Fontana. Roberto Ricchuta ringde for å finne ut om me kan få nettbank, men svaret var framleis negativt. Men der er endringar på gang. I løpet av året kunne det bli endra slik at personar frå land utanom EU også kan få nettbank i Deutsche Bank Italia. Han lova å maile når forandringa kjem. Ein kjem heller ikkje utanom den etter kvart obligatoriske ærend i banken espressoen/cappuccinoen. Har i god tru kjøpt cappuccino i Stavanger eit par gonger i det sist, men det har på ingen måte vore nokon saliggjerande oppleving. Ok at prisen er forskjellig, snaue 20 kroner her mot 40 i Stavanger. Skummet som er det som gjer cappuccino til cappuccino skil cappuccinoen i Stavanger ut som skvip med litt melkesøl i.
Då me kom frå til Villa Serena hadde Livar alt vore på nett og samla tilbod p nye kjøleskap. Han hadde og funne fram til fleire adresser der me kunne spør etter hjelp. Mellom anna to adresser  i San Vito dei Normanni. To karar for attende til der eg kom frå. Damene vart igjen for å stelle i huset. Første adressa me prøvde var bom. Skilt med namn på alle slag kjøkkenmaskinar, Whirlpool, Zanussi, Beko, Miele, Husqvarna var til lite hjelp i seg sjølv så lenge portane var nedrulla og ingen folk var på plassen anna enn me to nordmenn på leit etter kjøleskapshjelp. Den andre adressa viste seg å vera ganske tett på den første, men heller ikkje der var der folk tilstades. Ein kikk inn vindu viste ei heil rekkje med nye og gamle kjøleskap, utstyr elles tyda på at det var slikt som blir bruka til påfyll av kjølemedium. Dette må heilt klart vera rette staden om nokon reparasjon skal bli gjort. Ein rask telefonsamtale fortalte at staden ville opne att rundt ½ 6.
Vel tilbake på Villa Serena venta Sofie sin velsmakande heimelaga lasagne på oss, dessert av typen me tek det me finn (fiken, druer, eple, nøtter, litt rødvin, dryss av brunt sukker og topping med ein smørklatt) og så til sist ein liten kopp krutsterk kaffi.  Godt med gode folk som kan ta vare på oss ferskingar i faget «Å leva det gode liv i Italia»

Utpå kvelden når kjøleskapsreparatøren opne verkstaden sin fekk eg forklart at frysedelen av kombiskapet heldt -24C° medan kjøledelen kava med temperatur rundt 17 -18C°. Er det eit NO-frost skap spurde reparatøren om. No currente venti quattro ora, porti operta. 

Det bar heim for å ta ut stikk-kontakten. Fælt å måtte setje frysevarene for øydelegging på kjøkkenbenken, men isbitar og fryseelement funkar kanskje godt nok i ein kjølebag til at noko av maten kan etast nest dag.

Dobbelt hushald, dobbelt bry?

02.10.2013
Det er travelt å halde hus i både Norge og Italia. Dobbelt så mange ting som kan lage kluss. Dagen før me for nedover fekk eg mai frå pedellen vår. Bad news skreiv han. Dårlig med vatn. Feilvisning på panelet for styring av vannpumpa. Noko bad vart det ikkje når me kom hit ned. Til det var trykket altfor dårlig, der var ikkje trykk i det heile visste det seg. Heldigvis har brønnpumpa ein bypass funksjon, slik at me får vatn opp av brønnen. Det er bare levering av vatn rundt i kranen som ikkje er g hit ned. Han har vore her før. Det er han som la inn nivæbryter for vannpumpa slik a me skal sleppe å fylle opp cisternen manuelt, dvs la pumpa gå og passe på å stoppe før det renn over. Automatikken har funka fint den. Det spørs om ikkje vatningsanlegget evt alle litrane i sommar til bassenget kan vere syndaren. At pumpa rett og slett har tatt kvelden. Kan og vera fukt på styringspanelet.
Frukost ute under open himmel i passe temperatur set me pris på. Må rettnok skikkert vera norskingar for å synas det er godt, men kan bare me nyta det er det jo fint for oss. Småplukk av arbeid er her, men det er triveleg nok det. Litt luking, litt raking, litt brenning, me styrer sjølv kor mykje me vil gjera.
Telefon til Guiseppe Arcangelo vart starten. Møt meg ved «bensina a strada Mesagne ora undice». Der venta eg i ein halv time før godeste Guiseppe dukka opp. Strake vegen til Villa Felizia. Eter litt jobbing kom han fram til at det måtte vere ein kondensator i pumpa som hadde svikta. Styringspanelet hadde ikkje feil. Guisppe reiste i lag med assistenten sin, og kom tilbake nokså fort i lag med eit par andre karar. Det var nok folk med pumper som spesialområde. Etter utmontering av pumpa, står det att å sjå om den let eg fikse.
Den let seg ikkje fikse. Her står den gamle og ventar på siste reis.


Eg kjem tilbake i kveld, "oggi" for å setje pumpa på plass att. «Credo» sa han også, eg trur det.

Elettrico kom og timar vart det to av før pumpa gav vatn og stoppa av seg sjølv når kranen vart stengt. Det kan vere like viktig at pumpa stoppar som at ho startar. Bytte av pumpe til ei litt større + montering av overspennningsvern er ikkje gratis, men med arbeidspengar som heime ville vere ein vits, så skrapar me ikkje botn i lommeboka. 2, delvis 3 mann i 3 timar for € 150, det er slett ikkje gale. Med dagens kurs på rundt 8,10 blir ikkje timesatsen stor meir enn vel 200 Nkr. Då skal ein jobbe ein del timar pr veke for å ha nok å leve for. Prisane aukar her som heime og om enn folk klagar over dyre tider heime, så har dei meir grunn for å klage her. Her er større gap mellom det som kjem inn og det som må ut enn tilsvarande i Norge.

tirsdag 1. oktober 2013

Vente med å hente

Til Sola kom me ganske så greitt. Italiensken vår vart utfordra hos Simonetta på Kannik på mandagskvelden. 
Når ein fer og rek på dette viset er det ofte nødvendig å starta dagen tidleg, men i dag var det lite å vinne på det. Boarding starta alt kl 05:20, og kl 05:40 var alle på plass. Likevel vart klokka 07:20 før flyet rulla avgarde for take off. Tekniske problem gjorde det umulig å flyge trygt etter det kapteinen opplyste. Med 50 min til å kome seg vidare med neste fly frå Amsterdam, seier det seg sjølv at nettopp det flyet hadde tatt av lenge før me hadde landa. 
Me får eit kort opphald på Fiumicino. I Brindisi landar me 4 og 1/2 time seinare enn opprinnelig oppsett tid. 
Meggi må vente med å hente. Sofie og Livar som skulle ete middag hos oss må og vente. Me klarer ganske mykje, men å servere middag klokka 18:00 når me sjølv kjem fram tidlegast 19:30 det vert rett og slett vel vanskelig. Middagen blir sikkert ikke dårlig om den må vente til i morgon. Kaffimaten held seg og godt pakka som den er i kofferten.

onsdag 25. september 2013

Let's Make Puglia the New Umbria

Tok meg den frihet å lenke til ein artikkel frå  
Er det dette som er PUGLIA?


fredag 20. september 2013

Opphaldsløyve?

Hadde herr Sikade søkt om opphaldsløyve på vår tomt, hadde han nok fått tvert nei. Det hadde ikkje nytta om han hadde fått gode venners hjelp heller. Byråkratane som styrer over tomta vår hadde definitivt sagt nei. Men når han ikkje bryr seg om formalitetar og søkjer, kan det vere forvitneleg å sjekke litt ut kven han er.
Sikader, overfamilie i underordenen plantesugere. De har bredt hode med store fasettøyne, og de korte antennene ender i et langt hår. Bakkroppen smalner av bakover, og under hvile ligger vingene møneformet over bakkroppen. Første par er tykkere, iblant svakt farget, annet par er klare flyvinger. Bakerste benpar er kraftige hoppeføtter. Hos de fleste hannene finnes et lydfrembringende trommeorgan på siden av bakkroppen. Sikadene kan ha én eller flere generasjoner om året, men det finnes også arter som har mangeårig livssyklus. De er sugere, vesentlig på urteaktige planter, og i tørre, varme somrer kan flere arter opptre tallrikt og gjøre skade på kulturvekster.
Denne krabaten slepp me heldigvis nå i haust. At noko som ikkje er større kan lage slik ein øredøvande lyd, er mest ikkje til å tru. 
Omtrent som dette høyrest det ut på det mest høglytte. Tek eg ikkje feil, har eg lese ein stad at hannane av sikadene har nedsett hørsel for å sjølv å unngå å bli plaga av halloien dei lagar.
Vil du høyre meir enn ein om gongen går du hit og KLIKKAR og  KLIKKAR og KLIKKA og KLIKKAR.
Stopp før det KLIKKAR for deg.

Lyden er lånt på nett, men biletet er autentisk, tatt av broder Oddvar nå i sommar som var. 

lørdag 24. august 2013

Kor kjem den gode olja frå?



Dette tener litt som eksperiment, men samstundes er det meste av det som er filma frå eigdommen vår.
Cosimo brukar maskin for å rake saman oliven, og det skjer på naboeigdommen på andre sida av vegen.
Oljepresseriet er sjølvsagt ikkje vårt. Dei bileta er frå San Vito frå eit presseri der eg fekk kome inn og sjå prosessen

tirsdag 13. august 2013

Siste vers av denne sommarsongen

Siste verset er det eg syng nå. Sommaren 2013 er over for vår del når det gjeld Puglia. Alt av utemøblar er rydda inn. Fresaren som mest ikkje har vore  bruk i sommar, står på soverommet saman med syklane. Bassenget har fått plass på gjestebadet. Skal bli godt med ekstra soverom, for i eit hjørne mellom huset og påbygget skal me få til eit skikkeleg sikkert og låsbart rom for lagring av slikt som nå må inn i huset.  Denne gongen let eg Lidl lampene stå att ute.  Søppeltøming har blitt problematisk etter at San Vito starta med dunkar til kvar hushaldning. Me kan ikkje godt bare fylle opp ein tilfeldig søppeldung langs etter gata. Brenning vart løysinga i dag, så får me bli meir miljøvennlig etterkvart. 
Ingen av sitrustrea skal lida naud når det gjeld vatn. Dei plantene som er så heldige at dei står langs leia for vatnet får sin dose. Ein time vatning kvar fjerde time bør halde tenkjer eg. Pumpa bør og ha kapasitet til det.
Ein liten svipp bortom hos Lina for å sei farvel for denne gong. 
Andrea, son hennar var der. Det vart eit møte med det mange tenkjer er ein typisk italiensk mann.  Han prøvde seg med Google translate, men var ikkje på langt nær så kommunikativ som mora. Grillate a sera. Kom over klokka 20:30.
Grillsjefen Andrea. Sjølv Lina måtte rette seg etter han.

Antonella var der, Andrea var der, Rickardo og kona hans var der saman med mor hennar Anna Maria som er søskenbarn til Lina. Dottera av Antonella og Andrea var der og, men ho hadde fått for mykje sol og varme i løpet av dagen. Hovudverk enda det med. Interessante folk å vera i lag med.  Fica / fico vart grundig diskutert med Lina som førande i samtalen. At rektor/precide sa «no no» når eg har sagt feil bokstav på slutten av ordet, det har visst gjort inntrykk på fru «når eg blir 66». Det vart utetter kvelden  ein del utspørjing om temperatur i Norge og ikkje minst mengde dagslys på vinter og sommar.  Her i Puglia er ikkje lengda på dagane på langt nær så ulike som det me har i Norge. Vinternatt på eit par månadar heilt i nord trur eg ikkje gjekk heilt inn. Heller ikkje den lange dagen frå midten av mai til langt uti juli med sol over horisonten dag som natt.

Natt vart det, og litt soving vart det og, men eg skal nok vera temmelig trøytt når eg etter lang reisedag kjem til Sola i kveld kl 22:20. 11 timar tek reisa, det er litt av kostnaden ved å få reise til rimeligast mulig pris.
Meggi organiserer både parkering av Opelen og skyss til og frå flyplassen. Siste ho sa då eg var framme på Aeroporto Brindisi var: Send meg ein mail når de kjem nedover att, og gje beskjed om kva tid flyet landar. Då skal eg hente dykk. Det var forresten ikkje Meggie som kjørte til flyplassen, det hadde ho fått venner på besøk til å gjere, sjølv måtte ho i eit viktig møte om arbeid.

søndag 11. august 2013

Heile dagen i det Joniske hav

onsdag, 7.august 2013
Floriana, Luigi, Demetrij og Alessandra har leigt seg sommarhus ved Torre Lapillo. Me var så heldig at me fekk koma dit på besøk. Absolutt sommar må ein kunne kalle det. Rundt 40°C på land og ikkje så få grader i sjøen heller. 


Stranda var fullpakka med innfødde solbrune kroppar i alle slag fasongar. Det vart nokre turar i løpet av dagen ut og rundt Margherita som låg fortøydd eit stykke frå land. Det er ei stund sidan eg sist  har hatt så lange badeøkter. Det vart erterhud på både fingrar og tær. Medan me var der ved sjøen, på stranda kom det gåande ein mann me drog kjensel på. Var det Jesus mon tru? Nei, må nok skuffe deg der, men hadde mannen stilt på audition for ei rolle som Jesus, då hadde han garantert blitt plukka ut som den som passa best, i alle fall når det gjeld utsjånad.

Tibake til huset og lunsj + soving for Floriana og Luigi. Luigi ville forresten ikkje, han ville nok ha med seg alt rundt dei norske gjestene.

Dei norske gjestene hadde ingen annan intensjon enn å slappe litt av, men bileta Alessandra tok, tyder på at dei begge var langt inne i draumeland.  Luigi hadde ikkje fått nok av vatnet så han brukte ein time og vel så det til leik i det vesle plastplaskebassenget me kjøpte til han og søstera.



Ny økt i det Joniske hav og dette vart  langøkta denne dagen.  
 

Gamlingar på god veg til  bli seksti blir som barn att når dei får leike seg i vatnet. Trøbåtar med rutsjebane og stupetårn vart leigd og med Anne Marie som motor fekk eg skyss for både siling, hopp og stup. Luigi vart lettare forskrekka då mora sklei uti sjøen og forsvann, men han gliste godt når ho dukka opp att. 

Etter kvart tok sola kvelden. Då var det tid for retur for oss. Dei to små trong ro når dei skulle leggjast tenkte me.  Første stopp vart for pizza og den var god. Rakst levert var det og. Har elles aldri før opplevd make til nivå på fukt i lufta. Papirduken vart heilt våt. Kartet som låg på bordet kunne tørkast av som om det var sølt skikkeleg med vatn på det. Vinduspussaren hadde jobb med å ta dogg som la seg på ny og på over frontruta. Det var nok ikkje dårlig sikt som laga trøbbelet med å finne vegen gjennom Erchie. Litt uoppmerksomme typar i bilen, litt dårlig skilting. Til saman ein lite god kombinasjon. Då me endelig fann nokre vegvisarar/skilt,  var sjølvsagt tuppen med pila på brekt av på det skiltet som viste vegen til Torre Sta Susanne og dermed viste det rett og slett ikkje vegen. Ein ung mann i stilig Alfa stoppa i same kryss og spurde etter ein eller annan piazza i Erchie. Eg kunne lite hjelp gje, men han visste kva veg me måtte kjøre for å kome på rett kurs att.

Villaen vår var verkeleg veldig varm. Heftig varm. Det varmaste eg har opplevd så langt i sommar. Anne Marie måtte opp midt på natta for å kjøle ned systemet, det og første gong så lang i sommar. Til natta trur eg me må flytte inn Aircondition på soverommet vårt. Den durar ein del, men vil nok hjelpe til med å halde temperaturen nede på det ein kan sove i. Ei viss akklimatisering er vel greitt nok når me nå reiser heimover til temperaturar på ca 20° lågare enn her. 

Når EINASTE dotter skal giftas bort, då skal ingenting mankere.

søndag, 11. august 2013
Det vart litt omanidom her. Badeturen til det Ioniske hav skulle kome før bryllupet, men av ukjende grunnar vart det som dette.

Eg tek ikkje mål av meg til å gje noko fullstendig omtale av det som skjedde i går. Daniela fekk sin Cosimo (Mino). Seremonien i kyrkja var mykje annleis enn me er vane med heimefrå. Helst langdrygt og med veldig tett luft inne i kyrkja. Etter fleire månadar utan regn, kom sjølvsagt regnet den dagen ein helst vil sleppe det. Ikkje for det, regnet førte med seg at temperaturen gjekk ned til omtrent 25 grader, og det er til leva med. 


Etter sjølve vigslinga tok dei norske ein liten stopp i villaen vår. Litt drikke for tørste gjester kunne kome vel med.
Etter brunning bar det vidare til Le Torri der festen vart halden. For ein fest og for ein plass.  
Brudeparet let vente på seg der og, men så endelig høyrde me ei brumming nedi vegen.  Maseratien svinga opp framfor hovudinngangen, alle gjestene vart skyssa inn der det var duka til fest, brudeparet skulle geleidas inn i festsalen med stil.

Ikkje vanskeleg å skjøne at folk kan klare mange rettar, for mellom kvar rett var det dans til musikk med eit lydnivå som kunne sprenge trommehinnene på dei om sat nærast høgtalarane. 
Danseløva Geir kunne ikkje la sjansen gå frå seg til å få første dans med brura etter at brudgommen hadde starta ballet. 
Du ser han Livar idet han har fata brura frå danseløva.

Men sanneleg min hatt, der var der ein varhaugsbu som ikkje kunne sjå på slikt. Der stakk han av med brura rett framfor nasen min og eg enda opp med ei like fin ei, bare litt annleis.


Dei likar seg visst best på andre sida av kamera: Tanja og faren Clemente

Me sat på bord med Clemente, bror av far til brura, kona hans Angela og dottera Tanja som er politi (carabieneri) i Padova. Enn så stolt faren var over dottera som nokså nylig var ferdigutdanna politi.
Festen som starta kl 14:30 vart for vår del runda av kl 22. 

Då var bryllupskaka servert, me hadde fått bytta gaver.  I Italia er det visst slik at gjester gir stort sett pengar. Beløp tilsvarande kuvertpris er forventa. Me hadde med oss ein liten figur i Willow tree serien med eit par som tydeleg set pris på kvarandre. I byte fekk me ei lita pynteklokka av tufo, steinen dei brukar til både husbygging og muring elles. Ein slag kalkstein som kan sagast i.

Pakking og rydding light i dag. Anne Marie dreg med fly frå Brindisi om halvannan time. Så er her att litt rydding for min del for i morgon. I dag tek eg meg ut til Matera.  Blir litt vel stussleg å bare bli sitjande her.

Poltrone marrone

fredag, 9. august 2013

I går kveld vart me invitert til Lill Karin og Gaute på grillmat. Bra tiltak det. Torjus og Rebekka var der og saman med mødrene sine, Ann Kristin og Hilde. Naboar stakk innom og jammen santen så vart dei invitert med dei og. Mat var det nok av. Brukar å vera det i dei kretsar me ferdast i. Naboane var folk frå Firenze som hadde arva ein eigedom like ved Auglend sitt Paradiso. Trivelege folk i tidleg pensjonsalder. Orichiette for alle i dag var melding fruen kom med, alle, også dei langvegsfarande som kom heile vegen frå San Vito/Latiano. Me treng ikkje tur på butikken i dag allikevel for å få tak i middagsmat, men handleturen må til av andre grunnar. Me ligg midt i løypa mellom kyrkja der Cosimo og Daniela skal smis i hymens lenker og La Torre der festen skal gå føre seg. Det blir nok eit par timar daudtid då medan brudeparet vert avbilda osv.,  og då har Livar invitert heile sullamitten hit til litt forfriskningar ein dryg times tid. Kald drikke må det bli, og sidan me nå var på veg heimover i helga og like etter helga, hadde me ikkje vore så nøye på å halde oss med lager av kjøpedrikke. Vatnet er godt det, og med is i er det heilt fortreffeleg. 

I ettermiddag kjem dei frå møbelbutikken Fiusco arredi Megastore i Fracavilla Fontana.  Domani a due mezzo sa dei på telefonen. Not today, domani. Om så det er halv to eller halv tre står att å sjå. Ei brukstid på 5 veker burde ikkje slite ut ein dyr skinnstol. Nå får me sjå kva dei seier, om dei vil reparere eller gi att pengane eller la oss velje eit anna produkt. Må vere klar til ta av garde når dei ringer. Kan ikkje venta at ukjende skal finne fram her langt ute på landet.  Difor var avtalen at dei skulle ringe når dei kom til kyrkjegarden i Latiano, så skulle eg plukke dei opp der. Det er i slike tilfelle det er lett å misforstå. Klokka er nå 5, me skal til dei Auglend i kveld og men denne sogen som naboen sine gjester. Orichiette er hovudrett. Me ser om vår poltrone relax pensione kan manøvrerast  inn  bilen, så får me stille ved Fiusco sin klagemur og sjå kva veg me kjem med det. 

Inn i bilen med den gamle. Der vart den til ny vart trilla fram utfor butikken i Francavilla Fontana. 

Om den gamle relaxen hjalp til med å kaste folk av setet, så kan du trygt sei den nye er endå meir hjelpsam. Slik går det når urøynde får hand om utkastarknappen. Er du ikkje då klar med beina endar du på baken på golvet.



Det syng på nest sistevers denne sommaren i Puglia

torsdag, 8. august 2013

Det syng på eit vers her. Kan det vera det siste i denne omgang? Dagen i morgon går med til å rydde vekk bassenget. Tek nokre timar, men sett opp mot gleda ein har hatt av å kunne kjøle seg ned både seint og tidleg, så har det vore verdt bryet.
I går kveld fekk me beskjed frå Guido at arkitekten ville kome og ta bilete av Villaen. Påbygget med soverom og bad bør jo henge saman med det eksisterande og då er det nok greitt for arkitekten å ha nokre bilete som utgangspunkt.  Her er varmt i dag, så veldig mykje blir nok ikkje gjort. Når det manglar ei halv grad på førti passar det best å finne seg ein krok der ein kjenner ein klarer å eksistere og så vente til kvelden når temperaturen går noko ned. Ikkje at det er noko problem, ein må bare lære seg å leve litt annleis enn heime.
Til kvelds er me invitert til Lill Karin og Gaute. Me gler oss til å vera i lag. Siste kvelden denne sommaren med unnatak av laurdag då me alle skal vera med og feira Daniela og Mino. Dei har det travelt i varmen dei og. Då eg spurde Guido korleis det låg an med førebuingane var svaret catastrophy. Me var innom hos dei her om dagen, og eg skjønar godt kva han meiner. Den EINE dottera dei har skal ha verdig bryllup og heime skal det sjå nystrigla ut. Gravemaskin ved porten i full sving med finpuss. Eit par murarar jobba inne ved garasjen og sanneleg der kom Daniela i søt sommarkjole, støvlar og trillebåre med stein som skulle flyttas på. Det blir visst både skippertak, guidotak, danielatak og fleire tak før festen tek til laurdag kl 11:00. Håpar dei då kan lene seg tilbake og sukke: Perfetto.

Smått om senn skjer her noko. Men varmen er drivande, om enn ikkje i forhold til arbeidslyst. Kom meg endelig på taket for å feste solcellepanelet for sjokklyset som skal møte eventuelle ubedne gjester som kjem til gards under dekke av kvelds- og nattemørke. I det dei nærmar seg døra, vil dei bli bada i lys, i det minste slik at dei kvepp litt til. Om ikkje lenge er murane inn langs vegen ned til huset ferdig kalka. Anne Marie let seg absolutt ikkje stoppe. Ho har lenge drøymt om den kvitkalka bakaromnen, og jammen vart den kvit.



Frukthaust og turking, fiken  og fico di india (kaktusfrukter), dei få mandlene som var her i år er i hus. Solturka tomater er ikkje å forakte. Når dei i tillegg ligg i olje frå eiga tomt må det vere nærast perfekt.




Skal dei ettermåten nyplanta sitrustrea klare seg, MÅ eg få på plass vatning. I morgon før temperaturen tippar normal kroppstemperatur bør eg klare å få det til. Alle koplingar er på plass så langt eg har oversikt over. Tenkearbeidet bør ikkje vere verre enn at ein overheit nordmann på tampen av ferien skal kunne få det til. Dryppvatning til jamne mellomrom døgnet gjennom bør leggje grunnlag for god vekst vidare. Me vil meir enn gjerne hauste både sitron, appelsin, mandarin, klementin og kumqat, men då må me stelle godt med trea som ikkje har stått på tomta her meir enn eit par år.

Kva skulle me gjort utan gode hjelparar?

tysdag, 6. august 2013
Kva er vel nauda med slike folk rundt seg? Før Anne Marie reiste heim midtvegs i ferien, var me på Polimarmi og kjøpte bordplate til bordet ute i tunet. Ei støypt betongplate held ikkje høg nok standard må vite. Taversin heitte visst materialet og steintungt var det. Korleis fraktar ein slik når målet er 0,90 i redde og 2,00 langt og vekta altfor tung for meg og Anne Marie. Clemente har varebil med krok, han kan kanskje hjelpe oss. Eg ringde han opp og jau, hjelp skulle det bli råd med. Kva tid? Få det unna tenkte eg og prøvde med 10. Klokka var då litt over 9. Ved posten møttes me. Måtte innom ein kaffibar for ein kopp kaffi før me tok til på oppdraget. Bordplata var så tung at eg tenkte her har me visst tatt oss stein over hovudet. Med litt kartong, bakdøra på gløtt og forsiktig behanding av gasspedal skulle det gå bra. I det me kjørte ut frå Polimarmi kom Clemente på at han vile sende med eit par liter av eiga olje, extra virgine, beste sort med andre ord.  Vel parkert utfor huset midt i byen kom han på at glas ikkje var rett materiale å frakte olja i. Raskt avgårde til utsal av oljekanner i metall, så tilbake til Clemente si heimeadresse. I garasjen hyste han mangt og mykje, ei ganske så stor samling foto og filmapparat. Mellom anna eit eksakt likt Voigtänder som det eg lånte av min far på første Interrailtur i 1975. Ein Lambretti under restaurering hadde han og. Ein diger dunk for olje stod i eit hjørne og var det eigentlige målet for besøket i garasjen. Du vil vel sjå huset og? Det takka eg ikkje nei til. 3 etasjar gedigent møblert i ein stil eg kjenner meg lite heime i, men flott var det. Tor Sveinung konstaterte at Napoleon sin stol i Fountainbleu hadde krøller. Her var det krøller i hopetal både på møbler og lamper og gardinoppheng. Trappa enda i ein takterrasse med uteplass i retning både på aust og vest.
Korleis får me dryge 100 kg ut av bilen og opp på bordet som er frå før i tunet vårt?  Lina kom med sekketralle med altfor små hjul. Ho hadde nok litt lyst til å ta kommandoen, men Clemente visste kva han ville. Utan veldig mykje bry hamna den nye bordplata der ho skulle. Det ser retteleg bra ut om eg så skal seie det sjølv.  Litt kiling med heimelaga trekiler tek av for spenning i plata. Den får liggje slik inntil vidare, så får me heller sjå om me vil ta vekk den opphavlege bordplata og få den nye ned på passe høgd som spisebord.

Det har vore det som vel må seiast å vera uår når det gjeld mandler her på bruket. Me har vore over alle trea, og enda opp med ei halvfull 15 liter bøtte. Anne Marie agerer tilbake til steinalderen der ho med hjelp av passande stein knekker mandel for mandel. Liten vits å dra skalet heimover. Me får prøve å rasjonalisere på vekt. Ikkje for det, 23 kg i innsjekka koffert og 
8 kg i handbagasje gange to skulle halde til heimtransport av meir enn dei små tekstilane me har hatt bruk for her nede i sommar. Temperatur rundt 30 mesteparten av tida har ikkje inspirert til mykje leiting i garderoben. Siste dagane med nærare 40 enn 35 krev lite garderobe. Blad frå fikentrea hadde nok halde i rikeleg mon om det ikkje var sømelege omsyn å ta.

mandag 5. august 2013

FARTSGAL NABODAME PÅ 67

måndag, 5. august 2013
Ei freda stund på morgonkvisten. Anne Marie er kapra av naboane.  Mercato a San Vito, Lina kjører.

I går kveld vart me invitert med på friluftsgudsteneste nedi hogget her. Langt nok til å bli imponert/livredd over kjøringa. Den vesle Peugeoten har krefter i hopetal og når dei vert brukt så aktivt som det Lina får til, då går det i både 70 og 80 og 90 på vegar som passar vel så godt for ein fart på 50 eller til nøds 60. Ho merka nok ein viss uro i baksetet. Då kom gullkommentaren: «Io Nicki Lauda». Med slikt eit førebilete kan ein ikkje anna enn gi på, full gass.

Ved kyrkja der gudstenesten fann stad, var det samla ganske så mange. Sikkert mellom 120 og 150 ein stad.  Hovudprest på over 90 år. Han brukte tida fram til gudstenesten skulle starta til å læra kyrkjelyden ny lovsang. Ein ungdom heldt tonefølgje på gitar. Det går i skriftlesing, song og bønn. Kjenner etter kvart att ein del ord, men innhald må ein bare gisse seg til. Har ofte lurt på det med nattverd for ikkjekatolske. Har fått ulike og motstridande svar. Her var ein velkommen til å ta del. Då det heile var over, gav Lina kortversjonen av innhaldet.  Tutto gratis. Endå eit likt ord med norsk. Serviett, tassin og nå gratis. Ikkje lenge att nå før me kan ta tunge intelligente samtalar. Eg som professore og ho som ignorante. Det er ho som brukar desse utrykka.

Ikkje langt frå staden vår ligg det eit masseria. Der ville Netta og Lina ha oss med. Tett trafikk på vegane her på campagnaen er ikkje vanleg, men i går kveld var det tett med bilar.  Ved innkjøringa til masseria var det sett opp bom, det var rett og slett fullt.  Før me fekk snudd oss om var neste plan klar. Pizza a San Michele?  Si si nikka me i baksetet. Pizza vart det, og den var god. Byen vibrerte av liv endå der ikkje var noko spesielt som gjekk føre seg anna enn at det var søndagskveld, og tek eg ikkje mykje feil har ferien tatt til for italienarane og. At me skal heim og starte på jobb att nå i starten av august var merkelig. Her startar skulane att i midten av september. Det er vel først då temperaturen inne på skulane har kome ned på eit akseptabelt nivå.


Om eg svettar? Ja eg gjer det. Akkurat nå er stova som ei badstove. Luftkjølaren er av. Ingen vifter går. Her er varmt ja, men ikkje for varmt. Nettene går fint utan luftkjøling. Med eit heimekomponert system av tre vifter som dreg luft inn utanfrå først og så leier luftstraumen mot sovande nordmenn med lite eller ingenting over eller på seg, så går det så fint så.  Blir det likevel for varmt, har me høve til å lauge oss i dei 26000 litrane med vatn som er sett av til det føremålet. Vatnet held jamn temperatur rundt 29°C, varmt nok til at det er ein lyst å gå uti, kjølig nok til og å vere forfriskande. Me har det godt. «Dolce vita» seier dei her. 

søndag 4. august 2013

Parkere Opelen eit par månader, no problema.

Sundag  04.08.2013
Her trengs ikkje mykje eigeninnsats for å ordne saker og ting. Livar sin bil har nå fått ei svært så ok parkeringsløysing når brukarane er heime i Norge.  Meggi på Taverna di Pascalone baud seg til å ta la eventuell bil vere parkert på hennar eigedom i Latiano.  Eg skreiv det bak øyra då ho i november nemnde det, men har seinare ikkje vore nøydd til å hente fram originalteksten. Ved kvart seinare besøk der i restauranten har ho minna om det. Sidan det no vart så aktuelt, hadde eg med ei heil side av røykelaks når me nå tok turen til Taverna di Pascalone. Mors flatbrød hadde eg frå før i skapet her og den fekk følgje laksen. Det vart bukka og nikka på beste italienske vis, men det jo me som mest grunn til å takke. Laksen og flatbrødet vart overlevert. Det tok ikkje lenge før bitar av flatbrød med røykelaks på smakt til med litt pepar av beste slag og litt sitron vart sett fram som ein forrett speciale for oss nordmenn. Et ein seg gjennom ein heil meny på Tavernaen går det i helst tunge rettar, men du verda så godt.Det var her eg åt grilla hestebiff og spør om det var godt. Blir du bydd esel derimot, kan du slik eg ser det takke nei utan å skjemmast. Eller kan det vere slik atdet æsele me fekk har fått fiskefor eller fiskemjøl. Eg syns smaken var stram med noko som for meg likna smak av fisk. Fisk kan sakte vera godt nok, men ikkje om den går omvegen via eit esel

Vatnet har stoppa opp. Null vatn frå alle kranar. Kva kan det vera? Feilmelding på pumpepanelet og lite vatn i tanken vatnet vert pumpa opp i før fordeling til dei ulike kranane på bad, kjøkken og 3 kranar ute. Er nok hard belastning å forsyne nordmenn med vatn i dei mengder me er utskjemde til å bruke.  Sitrustre i mange variantar + vindrueranker tek unna nokre liter i døgnet om dei skal trivast. Dei 26000 litrane me har tappa opp for sjølv å trivast krev lite av pumpene når det først er fylt opp, men fyllinga går føre seg i 20 timar utan avbrot. Det fins røyr/slange med sikkert fire gonger så stort tverrsnitt som hageslangen som så langt er brukt. Etter oppfylling av tank og restart av matepumpe ser problemet ut til å vere løyst. Engelskmennene som rådde grunnen her før me overtok har vore flinke til å ta vare bruksanvisningar og kvitteringar. I den grad ein då kan løyse problema sjølv, er det mulig å få den hjelp ein treng ved å bla i desse viktige papira.

Det var på Taverna di Pascalone eg var, ikkje sant?  Meggi minna og denne gongen om mulighet for parkering hos henne. Når måltidet tok slutt, følgde Meggi oss til bilen for å vise veg dit ho bur. Hovudvegen frå Latiano til Torre Susanne, til høgre ved skilt mot Oria og deretter til høgre, eg tur det var første til høgre. Innover ein litt smal svingete veg og der dukkar eigedommen opp. Vel, me såg lite til den for muren rundt var høg og porten heilt tett. Her bur eg, sa Meggi. Her kjem du og parkerer, så kjører eg deg til flyplassen med min bil. Ring ein dag eller to før du skal reise og minn meg på avtalen. Når du kjem fram må du og ringe, for ringeklokka ved porten fungerer ikkje.  Tenk så sutalaust det kan vera når ein bare tek ting med ro.

I dag er varmen god, helst betre enn ein ber om, men ein kan ikkje sei nei takk heller. Varmen bare kjem den, take it or leave it. Inne har me nå 27°C, ute 33,2°C. Me skaffa oss ein liten flyttbar luftkjølar. Den har vore lite i bruk så langt, men i dag har det vore godt å sitje inne i stova og skrive. 

Godt med god kaffi

Laurdag 03.08.2013
Det vart ein tur heim ja. Først for Anne Marie og ei lita veke etterpå reiste eg og heim. Ei travel veke vart det, for Anne Marie vart det jo ekstra intenst.
Torsdag 1. august var me klare for å ta opp att ferieringa vår i Puglia.  Det som for Anne Marie skulle vore 5 samanhengane veker, vart to veker her, to veker heime og nå ei dryg veke her att til avslutning. Sjølv bør eg vel ikkje klage, først kjøretur Vigrestad Latiano, deretter tur retur Latiano Poggibonsi for å fikse skadane på bilen, så vertskap for Reisete slektningane og sist besøk av Sissel og Reidar, han trailersjåfør med mange mil bak seg som transportør av mellom anna druer frå Puglia til Norge. 23. juli starta dei på bubiltur og transport av Giottilinen heimover til Vigrestad. Så langt eg veit har visst den transporten gått fint. Dei kjørte om bord i FjordExpress i Hirtshals  på same klokkeslett som eg borda flyet på Sola med Brindisi som mål.
Medan eg var heime fekk eg telefon frå DeLonghi verkstaden i Brindisi. Dei hadde reparert kaffimaskinen eg leverte inn før eg for heimover. Det tek til å bli nokre år sidan nå. I ein veik augneblink lova Anne Marie meg ei gåve til 52 årsdagen min tur eg det var. Du kan få ein kaffimaskin sa ho. Hadde nok ikkje rekna med eg skulle ta det såpass ut, men sagt er sagt og gjort er gjort. Ikkje lenge etter var kaffimaskinhandelen gjort på Expert Raglamyra. Maskinen gjorde ein god jobb den i eit drygt år. Etter reparasjon med frakt i kuldegrader og sundfrysing av leidningar for vatn måtte den endå ein tur austover til Oslo for rep. Vel tilbake gjorde den teneste til vel over utløpstida for garantien. Så vart det full stopp att. Truleg nytt varmeelement som må til sa dei som reparerte sist, men fraktkostnadar  + rep kostnadar gjorde sitt til at DeLonghi Magnifica vart parkert i ei øskje i kjellaren, og der har den visst hatt det greitt nok nå i fleire år. Sidan me hadde plass til så mykje i Giottilinen sørover, tenkte eg kaffimaskinen kunne vel få bli med den og. Den er italiensk, kunne kanskje hjelpe på å kome heim att.

Slik har det seg at me har kaffimaskin både på Vigrestad og her i Latiano. Ein viss smitteeffekt innan familien har det og vorte. Helge har sin i Mo i Rana og Knut sin kaffimaskin står enn så lenge i Sandnessjøen. Pasjonerte kaffielskarar heile bunten.  Nykverna bønner gjev ein heilt annan smak enn sur kaffi frå ein i verste fall gammal traktar der ingen har brydd seg om å gjere den rein.

fredag 26. juli 2013

Avbrekk i Italiaopphaldet

Det vart eit avbrekk i Italiaopphaldet denne sommaren. Svigermor Sofie, som siste åra har budd på sjukeheim i Ølen, døde 23. juli i ein alder av 89 1/2 år. Anne Marie reiste først av oss to heim frå Puglia 18. juli, dagen før heimreise for dei 6 Reisetingane me hadde på besøk. Alt dagen etter, dvs 19. kom det nytt innrykk, denne gongen bare 2, men einkvan måtte jo vere der og ta imot. Sissel og Reidar tok på seg å kjøre heim Giottilinen då me fekk invitasjon til <daniela sitt bryllup. Bryllup 10. august og jobbstart 13. august går ikkje så godt sman om ein skal rekne forsvareg tempo nordover.  Tysdag føremiddag 23. juli tok ekspedisjonen med Sissel og Reidar  ut på veg nordover. Seinare på dag fekk eg telefon om at Sofie hadde fått fred, og då var det bare å skaffe seg reisedokument nordover med passande fly. 

Opelen er parkert på Aeroporto Brindisi Salentino til torsdag 1. august når eg kjem nedover att.  Merkelig med flybillettar. Dersom Anne Marie skulle vore med på same fly som meg nedover, ville enkeltreise kome på meir enn det doble av den tur retur billetten eg har.  Me reiser frå Sola samstundes, men medan eg har helst korte fristar ved flybytte i Amsterdam og Roma får ho ikkje mindre enn 5 timar til å gjere seg kjendt på Kastrup. Eg rekk opp til Villa Felizia for å gjere klar for ankomst nr 2 for Anne Marie denne sommaren. Det har vore ei intens tid siste veka, så 2 snaue veker i Puglia på tampen av sommarferien skal bli bra.

tirsdag 23. juli 2013

Fyrverkeri og eit himla leven

20. juli 2013

Med iskald drikke i glaset, skugge frå taket over frukostbordet, litt svalande vind og like over 30 grader kan vel livet knappast bli betre. Ikkje uroa deg nå, det er vatn. Vatn av eiga kjelde, ca 135 meter ned i bakken får ein tak i grunnvatn av beste kvalitet. For den del kunne me visst godt tatt opp konkurransen både med Imsdal, Olden, Voss, BonAqua og Isklar.

Eg forstår det slik at det er gode temperaturar heime og, og bra er det. Kvifor skal vel me her sør stikke av med all varmen?
Turen til Bari lørdag ettermiddag gav fangst. 2 stk Vigrestbuar vart resutatet. 

Trass lang reisedag fekk me lagt inn besøk til Taverna di Pascalone Latiano.
Korleis smakar det med esel er eit sterkt påtrengjande spørsmål. Me fekk svar på det etter prøv og kjenn metoden.
I tillegg til eselkjøt fekk me med oss feiring av Santa Margerita, skytshelgenen til Latiano. Opptog og lufting av helgen til full korpsmusikk. Fyrverkeri, tivoli, boder med Jærdagsvarer, lys, lyd, eit himla leven. Den elles tilsynelatande så døde og dystre byen Latiano hadde vakna av dvalen. Når me skulle betale for oss på Pascalone rista kelneren på hovudet.  Signore, sa ho. Etter å ha konferert med signore kom ho tilbake med rekninga: 15 euro. Me var verken svoltne eller tyrste når me for heimover til nystrigla Cda Coltura.

fredag 19. juli 2013

Ei veke går fort for fort

Ei veke går fort, altfor fort. Ikkje meir enn eg har henta gjestene på flyplassen,så har eg jamman avlevert dei og. At det gjekk fort tydar på at det har vore gildt. Dette var nemlig slike gjester ein skulle ynskje ikkje ville gå. Det var som eit heilt crew for organisering av fest var komen til husar. Ikkje bare det, skikkeleg koselege gjester kvar og ein av dei.

God norsk mat vart stelt i stand av rutinerte hender. Norsk røykelaks, norsk røykt aure, spekeskinke, salami, fårepølse, reisdyrpølse, flatbrød frå Vigrest, ein fantastisk salat med vannmelon var bestilt hos Sofie, (ho som held orden på Livar til vanleg), eggerøre av kortreiste egg frå Livar sin hønsefarm, foccacia frå forno a legna, marinerte småpoteter og ikkje minst ekte rømmegraut frå Varhaug. (Fjordland)
Eg har sikkert gløymt eitt og anna slik som sursild, tomatsild og brunost. Men det gjer ikkje noko, for det vart attgløymt i kjøleskapet og kom aldri så langt som til bordet. Me får glede oss over det sjølv når me først har frakta det med oss hit.

Underteikna har gjort mykje for fyrste gong. Me kjenner jo sitatet for førte gang for første gang det giver mang en småting rang. Geir syngjande karaoke på restaurant, har nokon høyrt om det før?
Love, love, love var debutsangen. Skal eg leggje til at me var einaste gjestene akkurat då? Nei, eg syns ikkje det er nødvendig.
Utanom feiring av perlebryllup fekk gjestene med seg Ceglie Messapica, Ostuni, Lecce, Alberobello og Martina Franca. Av andre attraksjonar kan nemnast Auchan og IperCoop Brindisi.
Marked i Ceglie var suksess. Sjølv fekk eg kjøpt mine første tåsandalar. Ikkje kva som helst altså, dei hadde eit lite italiensk flag på og då passa dei meg ekstra godt. Ny pengetaske i ekte marokkansk plast fekk eg og tak i. Kortbukse med prøverom på fortauet, dei som kom forbi fekk bare snu seg vekk tenkte eg om dei vart plaga av å sjå ein middelaldrande velfødd nordmann i onnikken. Buksa vart kjøpt den, og sidan har eg budd i den. Den eg hadde med heimefrå måtte pensjonerast. Eit digert hol tvert over kneet vart for drygt sjølv for meg.

I går reiste Anne Marie heim på grunn av alvorleg sjukdom i familien. Når gjestene, Marit, Olav Johan, Åse Marie, Bjørn, Jorunn og Ingeborg reiste i dag vart eg putt aleine. Planlagt aleine opphald er ok. Det same vil eg ikkje seie om situasjonen akkurat nå. Skulle gjerne ha planlagt alt, men kan hende er det best at me ikkje kan ta styring på alt sjølv.

Med gjestene vel avlevert på Aeroporto Brindisi Salentino sette eg meg føre å få ordne nokre praktiske saker. Pensjoniststolen vår, poltrone marone vil ikkje opp i oppreist posisjon lenger. Eg la den over på magen og fann ut at treramma under var grunnen til problemet. Tok nokre bilete og fann fram kvittering. På butikken var det lite spørsmål anna enn at dei ville kome for å sjå. Med den uvisse som gjeld pr nå om vidare opphald vart det til eg bad dei ringe første veka i august. 
Neste punkt på fikselista var Per-Camper. Å kjøre bubil på småvegane mellom olivenlundane er meir enn ei utfordring. I fjor auka den utvendige dekoren ganske så merkbart. Proff boning tok heldigvis det verste. Nå har eg lært, og har unngått kjøring med bubilen så langt som råd er. Men så skjedde jo det som måtte skje. Bilen er så og seie heilt på topp, endåtil service har den fått. Men så må eg flytte den for å gje plass til ein lastebil med 3 kubikk sand. Under eit tre som dessverre ikkje er høgt nok, høyrer eg knaselydar frå taket. Lukkeligvis var det bare eit endedeksel for markisen og det er det dekselet eg skal til Per-Camper for å få.


Sliping av eit par ekstar nøklar til ny hengelås på porten tok eg i Ceglie, faktisk der låsen vart kjøpt i oktober ifjor. 
Mellom alt det andre har vaskemaskinen gått ein del rundar i dag. Alt av sengeklede er reint og tørt. Det kjem vel med for i morgon får eg nytt innrykk av gjester. Sissel og Reidar kjem med fly til Bari via Riga. Dei skal hentas der 18:00. Halvannan time tek det å reise dit. Kanskje eg tek ein dag som turist på strekninga San Vito Bari. 
Då trur eg det er tid for kveldsbad/nattbad. Bassenget er nå oppe i 29 grader. Truleg på tide å kople frå soloppvarminga, blir sikkert meir bakterieaktivitet når temperturen stig.

søndag 14. juli 2013

Vennligsinna invasjon frå Hardanger

12. juli 2013

Dagen for invasjon er komen. Heldigvis veit me om det. Heldigvis er dei vennligsinna dei som vil innta Contrda Coltura. 6 stk frå slekta Reisæter er venta med fly til Brindisi fredag kveld kl 22:00.
Siste par dagane har me tatt store tak for å vera klar. Lukkelegvis var det slik at det meste av det ein treng fylgde med då me kjøpte huset. Her var sengklede og handklede. Me kunne ha starta B&B så lett som bare det. Litt lite gryter, men med noko medbrakt heimefrå og litt innkjøp har me det me treng. Koking på gass set ikkje så store krav til plan botn på kokekara. Eit romsleg og godt kjøleskap kjem og vel med. Ekstra 10 cm bredde gjev plass til ei uendelig mengde mat og drikke. Invasjonsstyrken frå Hardanger, Seim og Bergen skal gjerast ære på med nybaka brød frå den vedfyrte bakaromnen. Kva godsaker dei elles skal få seier eg ikkje meir om.
 

Sterk jobbsøknad levert: Grillkonge
Kveldssete 

Medan me ventar på påbygg brukar me det me har. Me har jo ein bubil som tente som transportmiddel for alskens stort og smått for både oss og andre meir eller mindre heil og halvitalienarar. 2 av soveplassene i bubilen er innrekna når me har telt opp kor mange me kan finne akseptabel plass for. Dei som hamnar i bilen får det ikkje dårlegare enn dei inne i huset. Med vifte i taket og ei anna bordvfte som vender luftstraumen mot senga har me erfaring for at det går fint sjølv i 10 gr meir enn dei rundt 30 me har her nå.

Avtale med tilsynsmann i boks

10.juli 2013

Dagane går fort. Fortare enn fort. Men framleis ligg ein heil Pugliamånad framfor oss. Her er nok å henge fingrane i. Bassenget viste seg å vere større enn eg hadde trudd. Sikkert best å gjera noko meir med grunnen under før det får stå permanent, dvs medan me er her og har det i bruk. 


4-5 timar å montere, deretter ca 20 timar å fylle med vatn frå eigen brønn. Pumpa får litt av ein jobb når 24000 liter vatn skal opp i dagslyset, men det går nå greitt.

I går snakka eg med Guido. Han kom her i lag med yngste bror i syskenflokken. Han tek frå nå av over når det gjeld alt stell av land under og rundt oliventrea. Han tek seg og av hausting og sørger for pressing av olje. Pruning eller beskjæring må ein leige folk til å gjere, det skjer kvart 5. til 6. år.  Som lønn får Clemente den olja som ein klare å vinne ut, minus ein del olje vi som eigarar skal ha. Det er visst ein vanleg måte å organisere oljerelatert verksemd på når eigarane ikkje sjølv kan få arbeidet gjort.
Clemente ville ta seg av grasveksten på tomta frå huset og opp mot vegen. Ei gåve som som takk for at han får ta seg av nedre del aveigedommen. Eg tenkjer han med glede takkar ja til litt betaling for dei 4 – 5 timane han har brukt. Hadde nok tenkt å gjere dette sjølv, men nå som di Reisete inntek området om eit par dagar er det rett så høveleg å få leigd hjelp til å ta unna. Sand til betre underlag for bassenget ligg i ein haug utanfor og ventar på trillebåre og spade og ikkje minst mann eller dame til å ta seg av spaing og trilling. 3 m3 fin kvit sand skal flyttas nokre meter før planering og deretter oppsett på ny av basseng.
Godt med bil der reservehjul er bytta ut med gasstank, for då kan reserveløysinga brukast til fylling av luft i trillbårehjul. Kompresseroen funka heilt fint. Skulle bilen punkterer må me nok supplere med tetnngsmiddel i tillegg til luft.


Det meste kan lett gå skeis

Ein liten bloggpause kan det fort bli med dei hyperraske bånda til Internett som ein finn her på tomta
6.juli 2013

I dag går det i førebuing for avgang til Poggibonsi. Skal nokon få skikk på det elektriske Giottiline systemet må det vere Eurodue,
verkstaden Sandra frå fabrikken synte veg til. I tillegg til det elektriske får eg prøve å få alt anna som ikkje sviv heilt som det skal reparert. Ny lysrampe på motorsykkelstativet er bestilt og ferdig lakkert. Kor eg skal gjere meg av medan liminga turkar der stativet er festa, sjå det veit eg ikkje. Om eg får overnatte i bilen veit eg heller ikkje, men det fins nok ei råd for det og.

Bassenget har overnatta med vatn. Her er flust med insekt og heller ikkje mangel på flygande blokker, ja slike som kjem frå oliventrea, ikkje slike ein bur i.
Pumpa og skimmeren ser ut til å vera skikkeleg effektive. Heilt klart og reint vatn. Ingen uidentifiserte flytande objekt.

Fresaren funkar fint, men ristar gjer det og når eigaren gløymer å dra til boltar og mutrar kan det fort bli liten bolt som stoppar stor maskin. Fekk tak i ein ny mutter etter med flaks å ha funne bolten i den nyfresa jorda. Sjølv då tenkte eg ikkje på at det kunne lønne seg å sjå over dei andre boltane. Nå har eg ettertrama, men manglar den bolten som fekk meg til å sjekke.

Broder Oddvar fekk nok av Italia i denne omgang, men eg trur han oppdaga deler av min fascinasjon for landet, særleg Apulia eller Puglia som er området på hælen. Eg slapp han av i Bari på veg attende til Poggibonsi. Avtalen var at eg skulle koma tilbake dit for vidare feilsøking på det elektriske på bubilen. I mellomtida hadde me jo eit incidente ved Carovigno, så Eurodue fekk nokså omfattande oppgåver å ta fatt på. 



Etter ein og ein halv arbeidsdag tok eg ut på heimeveg att, ikkje mot nord men mot sør. Baklysrampen med skjerm er ny. Nå virkar blinklyset.Ikkje lenger av, av, av, av. Nå er det av, på, av, på slik som meininga er med blinklys.
Jobben med det elektriske og den elektroniske styringa vart og utført på tilfredsstillande måte. 


Absolutt staden å gå til om trøbbelet med bubilen tek til å ta overhand.

tirsdag 2. juli 2013

Bil opp og basseng i mente, kor lenge skal me vente?

Det er ny dag, ny veke og endåtil ny månad. Etter planen første heile månad her i Villa Felizia. Nokre dagar nå sidan sist me onsdag rulla innn framfor huset vårt i Puglia. Me hadde akkurat hatt eit utriveleg møte med slitebanen til eit lastebildekk. Då visste me ikkje kva bry det ville føre med seg.
Observasjonsevnen like i det noko skjer kan tydeligvis vera nokså redusert. Me slapp unna med ein kraftig smell. Me trudde det der og då. Seinare har det jo vist seg at ørlitegrann meir var det. 

Vips var skiltet vekk. I staden ein glassfiberskade på bak-
stussen  verdt ganske mange Euro og sikkert endå fleire Kroner.

Det sprakk i møtet med restane av eit utslite lastebildekk.

Baklyset heng såvidt med på turen vidare
Nummerskiltet var vekke. Bakskjermen eller baklysrampen var knekt. Høgre baklys heng og sleng, blinklys er tilbake i tidlegare tilstand, ryggelys funkar ikkje og av den grunn heller ikkje ryggekamera som får straum frå ryggelyset. Skal nok bli skikk på det, men for å få det til må eg tilbake til Poggibonsi.Heldigvis er det nå gjort avtale med Eurodue som skal feilsøke vidare på det elektriske i bilen. Eg kan ikkje anna tru enn at dei klarer å finne feilen, spørsmålet er bare kor lang tid og kanskje og kva det til slutt vil koste. Anne Marie skal framleis hentas på Aeroporto Salentino i Brindisi seint laurdag kveld. I bagasjen har Anne Marie med seg nye skilt til bilen. Når eit skilt bare blir borte er det visst det som er prosedyren. Nå blir det RZ kva nå det står for.

I går tok me endeleg til med montering av det nye bassenget. Eg visste det var stort, men at det var så stort hadde eg ikkje trudd. 


Med ein diameter på 5,49 m og høgde på kanten på 1,22 m blir det ein del liter som skal gjennom pumpa. Godt å ha eige og godt vatn. Etter 17 timar er det rundt 20 cm att å fylle opp. Sandfilter og soloppvarming skal i drift så fort som råd er. Bassenget er ikkje meint til pynt, heller ikkje lokkemat for eventuelle bassengtjuvar. Det skal brukast til vederkvegande aktivitet dag som natt.

Dagen for henting av bil er komen. Gjekk fort for seg på torsdag, men karane som var på bilhandel måtte innfinne seg med at å fikse alt på EIN dag, det er ikkje mulig hos Zito Auto San Michele. Sikkert ikkje andre stader heller der dei sel bilar. Francesco baud på kopp etter kopp med espresso då me var der. 


Kva serum han hadde oppi vet eg ikkje, men me kom oss ikkje derfrå før avtale om handel var gjort. Olje og filterservice vart avtala. Det er det som er grunnen til at me ikkje får bilen før i dag.  

Opel Corsa 2010 modell med drift både framme og bok, nei drift på både gass og bensin var det. Ser de etter på logoen ser de at den var blankpussa til tusen for eigaren som melde seg.  Der resevehjulet høyrer heime låg det ein gasstank tilpassa holet. Full automatikk på skifte mellom bensindrift og gassdrift. Kan ein vente anna enn å punktere på veg heim att til Villa Felizia. Vi tru det ligg med eit sett for naudreparasjon, men det gløymde eg å sjå etter.

Jomfrubadet er unnagjort. Ikkje særleg varmt, men 23 grader er nok når badelysten er stor nok. Eg trur me skal bli tilfreds med dette bassenget, så får me bare håpe ingen andre set større pris på det enn oss. 24000 liter må tappast ut først, deretter er det ein halvdags pakkejobb med resten av utstyret. Skimmer og pumpe ser så langt ut til å fungere. Me hadde ein tur opp til San Vito nå i kveld og då me kom tilbake var det fritt for både insekt og blad frå oliventrea rundt bassenget. Før pumpa vart sett i gang brukte eg hov til å samle rusk og der var sannelig ikkje lite av det heller.

Guido meglaren var innom i forbifarten i går. Altfor dyr bil å ha ståande for å bli stolen. Du skulle hatt ein slik som min sa han. Ein eldgammal Saxo (Citroen) er det han køyrer rundt i på veg frå eine oppdraget til det andre. Meir ennn 500 bør ikkje tjuvpakket få med seg. Tonen vart nok anna då eg kunne fortelje at eg hadde avtale med Taverna di Pascalone om å parkere hos dei når me ikkje er her. Guido kunne og fortelje at søknad om tilbygg var ferdigbehandla og godkjent. Litt småpuss for arkitekten, så der må me gjerne inn med siste eventuelle endringar + litt meir opplysingar rundt detaljar. Me har det godt. Ikkje meir å seie om den saka.

Ein eller annan gong blir det sikkert litt feriekjensle og, men om det har vore lite av slikt så langt, så trur eg nok roen vil senke seg etter kvart.