Translate

lørdag 5. oktober 2013

Altfor mykje varme i kjøleskapet

03.10.2013
Truleg har det vore overspenning i straumnettet som har tatt knekken på pumpa som forsyner kranane i huset med vatn. Her er 13 uttak i alt når vaskemaskin og varmtvannsbereder er rekna med. Om så er, så har kjøleskapet også tatt kveld av same grunn. Frysedelen fungerer heilt fint, men sjølv kjøleskapet er heilt duglaust når det gjeld å få temperaturen ned.  Etter Øystein Bratland sitt tips for mange år sidan, har skapet vore ålveltes i ein halv time. Deretter kom det på rett kjøl, men like lite kjøl vart det inni skapet. Nytt kjøleskap er det, men eg finn ingen papir på kvar det er kjøpt eller kva tid det er kjøpt. Er redd for det endar med at me må kjøpte nytt det og. Slangen for kondens innanfrå skapet er tett, men eg kan ikkje tru det er det som drep kjølinga.(Men eit iskaldt spor er det) Eit siste forsøk blir å bruke kompressoren i bilen for å prøve å blåse opp slangen og få vekk det som blokkerer. Kan bli endå litt meir mas att på hjelpesmannen Livar. Greitt nok å ta kontakt på telefon med ein elektrikar eg har snakka med før. Verre å ringe helpdesk for Indesit kjøleskap når mine italienskkunnskapar avgrensar seg til å telje frå ein til hundre, namn på vekedagar og månadar og elles ein heil del gloser.
Før me for til Villa Serena hadde me ein tur innom banken i Francvilla Fontana. Roberto Ricchuta ringde for å finne ut om me kan få nettbank, men svaret var framleis negativt. Men der er endringar på gang. I løpet av året kunne det bli endra slik at personar frå land utanom EU også kan få nettbank i Deutsche Bank Italia. Han lova å maile når forandringa kjem. Ein kjem heller ikkje utanom den etter kvart obligatoriske ærend i banken espressoen/cappuccinoen. Har i god tru kjøpt cappuccino i Stavanger eit par gonger i det sist, men det har på ingen måte vore nokon saliggjerande oppleving. Ok at prisen er forskjellig, snaue 20 kroner her mot 40 i Stavanger. Skummet som er det som gjer cappuccino til cappuccino skil cappuccinoen i Stavanger ut som skvip med litt melkesøl i.
Då me kom frå til Villa Serena hadde Livar alt vore på nett og samla tilbod p nye kjøleskap. Han hadde og funne fram til fleire adresser der me kunne spør etter hjelp. Mellom anna to adresser  i San Vito dei Normanni. To karar for attende til der eg kom frå. Damene vart igjen for å stelle i huset. Første adressa me prøvde var bom. Skilt med namn på alle slag kjøkkenmaskinar, Whirlpool, Zanussi, Beko, Miele, Husqvarna var til lite hjelp i seg sjølv så lenge portane var nedrulla og ingen folk var på plassen anna enn me to nordmenn på leit etter kjøleskapshjelp. Den andre adressa viste seg å vera ganske tett på den første, men heller ikkje der var der folk tilstades. Ein kikk inn vindu viste ei heil rekkje med nye og gamle kjøleskap, utstyr elles tyda på at det var slikt som blir bruka til påfyll av kjølemedium. Dette må heilt klart vera rette staden om nokon reparasjon skal bli gjort. Ein rask telefonsamtale fortalte at staden ville opne att rundt ½ 6.
Vel tilbake på Villa Serena venta Sofie sin velsmakande heimelaga lasagne på oss, dessert av typen me tek det me finn (fiken, druer, eple, nøtter, litt rødvin, dryss av brunt sukker og topping med ein smørklatt) og så til sist ein liten kopp krutsterk kaffi.  Godt med gode folk som kan ta vare på oss ferskingar i faget «Å leva det gode liv i Italia»

Utpå kvelden når kjøleskapsreparatøren opne verkstaden sin fekk eg forklart at frysedelen av kombiskapet heldt -24C° medan kjøledelen kava med temperatur rundt 17 -18C°. Er det eit NO-frost skap spurde reparatøren om. No currente venti quattro ora, porti operta. 

Det bar heim for å ta ut stikk-kontakten. Fælt å måtte setje frysevarene for øydelegging på kjøkkenbenken, men isbitar og fryseelement funkar kanskje godt nok i ein kjølebag til at noko av maten kan etast nest dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar