Translate

fredag 23. oktober 2020

Mobil karantenestasjon II

Fico d'India eller kaktusfiken som me brukar å seie, dei kan bli sorbet av første klasse. I allefall når Gaggia har tatt på seg oppgåva med å fryse det heile ned.
I vatnet måtte me, men ikkje så mange gonger som eg skulle ha ynskt. Strendene ved Torre Colimena er fantastiske, nokså brådjupt men det er bare bra. Så slepp ein langpining etterkvart som meir og meir av skrotten kjem under vatn. Ikkje for det, med temperatur like oppunder 30 får ein ikkje akkurat noko kuldesjokk.
Så vart det litt uryddig her. Eg ville starte bloggen med noko godt, og då ser de utfra dei 3 første bileta kva det er.
Saftsentrifuge var rett så effektivt når kaktusfiken skulle gjerast om til sorbet og gele. Først flammekastar for å bli kvitt nålene, deretter skjere i småbitar for å få mest mulig saft ut av det.
Til våren kan me lage clementinjuice. Blir det frukt av alle blomane kunne det blitt nokre liter, men truleg er det bare nokre av blomane som blir til frukter. Dessutan veit ein slett ikkje noko om det til våren blir mulig å reise nedover.
Hadde det ikkje vore for alt som bind oss til heimland og heimbygd, kunne me gjort som Signe og Gaute og flytta permanent. Me kan bare takke for høve til å bytte ut vårt enkle hus med litt meir standsmessig eit par netter. 



Huset er standsmessig og maten står ikkje tilbake den heller.  Carpaccio og spekeskinke i fiken som antipasti.
Trullo Pernoll byr på mat av mange slag, men dagen etter ankomst tok me oss vidare til Silvana der me har vore ganske mange gonger før.
Ny scene, ny dag. Ferskost laga på kjøkkenet på Silvana. Ikkje sikkert alle har gode minne knytta til råmelkspudding, men det har eg. Denne osten minner meg litt på puddingen mor laga av råmelk ho fekk av Marta på Bø. Presale eller Formaggio presale, altså usalta ferskost er visst rett namn på denne rett.
Namnet på denne spise veit eg ikkje. (Frå godt informert hald har eg fått vite at denne retten heiter Lumaca) Kor godt det er kan nok også diskuteras, men smaka måtte eg. Eg åt faktisk ein heile del meir enn 1.    Anne Marie tok av brillene for å sleppe å sjå kva ho åt.

Gryte med kjekjøt smakar KJEmpegodt. Alt i ei stor leirgryte som tek vel vare på alle dei gode smakane.
Etter lang middag sundag vart det tid for basseng, for min del i første omgang bare med våte bein. Vart meir etterkvart, rett og slett dyvåt vart eg.
Det vart mandag og ny restaurant, denne gong i Putignano. Scinua kunne by på lekre rettar med utsøkt smak.



Dette trur eg er blom frå zucchini, dyppa i tempura og deretter ein omgang i frityrgryte.
Margbein skulle vera nokså kjent her i traktene, men første gong eg har fått det på restaurant.
Gelato runda av det heile.
Ein liten runde for å sjå til eigedommane til nordmenn i området. Her fekk me bare sjekke at porten og låsen er like heil som når husfolket sist låste etter seg.
Livar skaffa seg eit Judastre og planta før han reiste nordover att. Men vatn treng det jo, sjølv om det absolutt står til liv. 140 liter vatn fekk det før me for derifrå.

Knapstad sin villa står og bak låst port med oblat frå Cosmopol som tydelig avskrekking av mulige uærlige besøkande.

Ærendet hos Livar og Sofie var å ta hand om litt av valnøttene.

Me tok på veg heimover etter 4 veker. Så fekk me oppleva å kjøre to bilar samstundes. Det har seg slik at Skoda Roomster som har flytta sørover på meir permanent basis, må gjennomgå EU-kontroll, og sidan den er registrert i Norge må kontrollen bli utført i Norge. Har snakka med rett instans her og meldinga er tydelig på at å få gjort kontrollen gjort av praktiske grunnar i utlandet, det er ikkje grunnlag for unntak frå hovudregel. Covid-19 trøbbel med reising har ingenting å seie for Staten vegvesen. Slik vart det til at eg tok plass bak rattet i bubilen, medan Anne Marie gjore det same i Roomsteren og gjorde sitt beste for "vil du vere med så heng på".
Me starta godt utpå dagen og enda opp ikkje langt frå Termoli, like nord for Garganohalvøya.
Varsellampene i Giottilinen lagar av og til sitt eige lysshow. Denne gongen var det lampa for Einspritzsystem som tok til å lyse. Etter litt tid tok den pause, men pausane vart kortare og kortare. Samtidig som lyset blinka eller lyste, var det som 100 av dei 208 hestane i bilen også tok pause. Utriveleg å kjøre med. Ny telefon til Helge på Maskin & Auto Service Sandnes. Finn deg ein verkstad og be dei sjå på det. I Silvi Marina fann me verkstad og tydeligvis rette folka og. Det tok utfordringa på strak arm. Null venting og medan me lufta oss litt i Roomsteren, gjekk dei inn i hjernen på styring av motor og turbo. Etter 2 og 1/2 time var det som bilen hadde fått ei dugeleg vitamininnsprøyting.  Den var mest som då me kjøpte bilen for 9 år sidan. Alle hestane galloperte med nye krefter.  Ingen sinke i trafikken på grunn manglande krefter. Manglande mot frå sjåføren si side fører  fort til at maksfart ikkje blir marsjfart. 140 km/t går lett nok, men det er meir fredelig å halde seg mellom 100 og 110.

Me heldt oss for oss sjølv i den mobile karantenestasjonen. Kva tid sprit og bilkjøring vart sidestilt veit eg sanneleg ikkje, men nå hang det uskiljeleg saman. Kvar fylling av tanken fekk følgje av spriting av hender.
Ein ikkje planlagt Covid19 test fekk me og med oss. Ikkje langt frå grensa mellom Austerrike og Tyskland på tysk side ville eg plent inn på ein større parkeringsplass. Det eg ikkje visste var at der hadde dei rigga seg til med testestasjon, og slik gjekk det til at me reiste derifrå ferdig testa. Resultatet som var negativt kom dagen etter på mail.
Motorveg er motorveg og etter å ha lagt bak oss ein del mil, kom me til Hirtshals. Sidan me på spørsmål svar at me kom frå Italia, vart begge bilane skanna i ein skanner som vistnok klarer å avdekke alt som måtte befinne i ein bil og speielt i dei holrom som fins. Må mest ha vore skuffande å kontollere oss sidan me ikkje hadde noko kontrabande med.
Ny tollkontroll i Kristiansand med like dårlig resultat for tollarene altså.
Så er me heime att og kan nyte utsikten mot vest. Akkurat denne tida er kanskje den finaste på hausten, når sol går i hav og kastar lys mot skyer som lagar dei mest fantastiske fargespel.
Pr dags dato veit me lite om kva tid neste tur vil finne stad. Det må nok roe seg ein heil del før me hiv oss i bilane og tek retur sørover att. 
 

torsdag 8. oktober 2020

Mobil karantenestasjon

Definisjonen av nødvendig reise til utlandet kan sikkert variere ein del. Sjølvsagt tenkjer me at vår reise i høgste grad var nødvendig. Etter bare eit snautt halvår utan lufting eller reinhald, såg det ikkje plent godt ut inni. Mugg på murvegger tek klor godt hand om. Verre med tekstilar som ikkje tåler kloring på grunn av fargar som ville bli øydelagde.

Me får sjå på det som eit høve til rundvask. Mellom det postive  får me ta med oss at vaskemaskinen fungerer som den skal, inntil vidare iallefall.

Etterkvart fekk doningen vår nytt namn. Mobil karantenestasjon. Faktisk var det ganske nære på at det var det bilen var. Me hadde med oss det me hadde bruk for undervegs. Fylling av diesel gjekk føre seg med med eingongshanskar og handsprit. Lite sjanse for å få del i korona, når nivået på sikring låg såpass høgt. Middagsmat frå Varhaug for fleire dagar. (Fjordland) Knekkebrød i skapet og Paulbrød i frysaren. Trongen for å kome inn einkvan staden gjekk ikkje på det å få tak i mat. 

Her fann me ein avgøymt krok i eit nokså tomt lokale for ein kopp cappicino og pane med mortadella. Ser ut som servelat men smakar himmelsk til samanlikning.
Me delte ikkje køyringa i dagar og netter. Kjørte til anten sjåfør eller passasjer var trøytte nok til pause. 1, 2 eller fleire timar kvile, alt ettersom. Me hadde vel oppi 54 timar pausar til saman,  men om pausen var dag eller natt hadde ikkje noko å seie.

Litt spenning lyt me nå ha og, anten det er sjølvvalgt eller bare slikt som skjer.  Vel over Alpane nede ved Bozano tok varsellyset for bremsene til å lyse. På Naf rådde dei til å søke verkstad der i Bolzano.  Eg tok også ein telefon til Helge på Maskin & Auto Service Sandnes, det er dei som er merkeverkstad for Iveco på Jæren. Han kunne fortelje at lyset starta å lyse ei god stund før bremsebelegget var heilt utslite. Kunne kjøre nokre mil etter første varsel. Det vart nokre mil der eg kjørte endå meir defensivt enn vanleg. God avstand til bilar framfor og raskt over på lågare gir i nedoverbakkar.
Vel frammme fekk latskapen rå når det gjaldt matstell. Pizzeria MyWay leverer pizza av kvalitet høg nok for oss. Samanlikna med et ein får som takeaway her heime, så kan ein i det minste sei det smakar annleis.

Godt å få setje seg ned og nyte midtg i alt arbeidet som det vart. Ja, for arbeid vart det, meir enn nokon gong tidlegare når me har kome nedover. Før har ikkje huset stått tomt så lenge om gongen, men heilt å forstå kvifor det vart slik frå 13 mars til starten av september det klarer eg ikkje
Eitt av problema som skulle løysast denne gongen var å få gang på vaskemaskinen som ikkje har vore særleg samarbeidsvillig etter at den vart kjøpt i juni 2018. 
Det vart jo sagt av reparatør som var på huset i mars, at spenninga på straumnettet var så varierande at det var det som laga trøbbel med styringa av maskinen.
Me hadde hjelp av elektrikar Fernanando Masi til å kople alt av straumbrukarar utanom brønnpumpa via ein stabilizzatore eletrico. 
Og vaskemaskinen tok utfordringa. I det minste nokre gonger. Men så, etter 20 til 25 vask ville den ikkje anna enn å tappe inn og pumpe ut vatn. Så einaste hjelpa var då å få væte kleda før handvask. Eigentlig lettare å bare gjere det direkte ute i den store vasken utfor kjøkkenet.
Me er heldige med naboen. Lina er den einaste i rimeleg avstand, men til tider har ho besøk. Martina var ein særs god tolk, slik at Lina fekk spør alle dei spørsmåla som hadde lagra seg opp gjennom 8 år med oss i nabohuset. 
Andrea var også i god form. Sikkert gildt med eit avbrekk frå Roma i lag med ei kjekk dotter.
Han var helst skral denne katten , men som den dyreelskaren eg er fekk den i allefall vatn. 
Men skulle du ha sett. Etter at vaskemaskinen fekk siste skyss til det han kalla økologisk oppsamlingsplass for hushaldningsapparat var det brønn pumpa eller rettare sagt motoren til pumpa som var neste på lista over elektrisk utstyr som ikkje ville meir. Ny pumpe og nye folk til å få den på plass. Nye leiting i lommen etter pengar dei skulle ha for jobben.Godt me stadig er i lågkostland.
Det tek litt tid når desse røyrara skal stablas oppå kvarandre ikkje mindre enn 135 meter ned i bakken.
Men vatn får me, kalkrikt, men veldig bra vatn som er ettertrakta av fleire nordmenn i området.




Då trur eg du skal få litt pause. Har jo meir på lager, men det får kome litt seinare. Er vel ikkje så mange som ville orke alt i ein dose.