Translate

fredag 28. september 2018

Aldri sei aldri,

men der sa eg det visst allikevel. I allefall innvendig.   Nei, dette er ikkje noko for meg. Ubehag i beina, tørr i munnen og kjensle av å få for lite luft. Høyrest mest ut som eit aldri så lite innestengt panikkanfall. Betre på landjorda der eg sjølv er sjef. Kan gå på do utan samtidig å utføre avanserte akrobatiske øvingar med svikt i kne og nakken bøygd for å kome i rett posisjon. Kan få meg eit måltid mat utan å vrenge lommeboka. Sjølv i kø på motorveg har eg meir herredøme over situasjonen enn det eg har i kø for ombordstiging. Neste tur bli garantert i bil, turen deretter og. Så får me sjå kva framtida vidare byr på. Hjelper kanskje å bruke eit flyselskap der beina får plass med meir ei handsbreidd mellom kne og seteryggen framfor.
Ikkje for det. Her flyg dei i det minste. Ser ikkje så godt ut for dei som skal avgarde med Ryanair på fredag 28. sep. Litt merkelig forresten at parkering nokre meter frå tuben og passasjerar opp og ned trapper skal gjera det rimelegare enn om ein hadde unngått dei nemnde trappene. Men alt kan ein vel ikkje forstå.
Isklar for turen var eg då eg gjekk ombord Norwegian sitt fly til Manchester. Vatn frå Reisæter er alltid favoritt dersom det er å få tak i.
Kjøkkenhagen er ganske så overgrodd, men så lenge me ikkje er her og kan sørge for stell undervegs, så får den bare ligge brakk. Oppfresing sånn innimellom hindrar jorda i å pakke seg altfor mykje.Julia  & Julio har jobba godt og heilt etter avtale + litt til. Jorda under oliventrea er preparert før hausting. Nå må bare oliven bli ferdig mogne.Mandlene ville visst ned viste det seg. Flisene på uteplassen framfor kjøkken var dekka av eit minst 10 cm tjukt lag mandler med fruktkjøtet innturka i varierande grad. Det vart jobb for oss som kom hit. Knut har vore rett så uthaldande, verre med meg. Har fått klemt inn nokre restar av turka fruktkjøt på innsida av  tommelnagla. Fin unnskyldning for ikkje å gjere jobben vidare? 

Me var ute ein kveld på Sale e Pepe saman med Livar. Gina var der og, og jammen let ho seg lokke når ei av damene på kjøkken kom ut og lokka på henne og gav henne ein pølsesnabb.
Fiskestenger i haugevis får ein annan og mindre ærerik skjebnen enn hjelpemiddel for å dra opp fisk. For ikkje å plage naboen må eg prøve om eg kan få kappe ned heile greia, så får eg heller gjere jobben på ny til neste år. Bambus veks mykje i løpet av eit år har eg funne ut. Hadde ein lagt kvar stong etter kvarandre hadde det blitt ganske mange meter vil eg tru.
Caffe høyrer med. Det er liksom slik at først når eg har vore innom og fått ein espresso, så kjenner eg og forstår at eg er i Italia. Den vesle tåren er i grunnen ganske god. Eg tenkjer konfekt når eg drikk den.
Me for til Lecce på onsdag kveld. Parkering var ikkje heilt enkelt. Tenkte helst det måtte vera betalparkering, men fant ingen automat å betale på. Har fått bot før her i Italia, så greiast å betale. Der borte såg eg noko som kunne likne på ein betalingautomat. Kunne hola her passe som myntinnkast. Nei, det var bare dekor på eit slags sikringsskap. "Her er lov å parkere i 20 min" var svaret då eg spurde ein som kom og henta bilen sin. 
For ikkje å bli heilt lost når me skulle tilbake til bilen, passa eg på å få eit lite bilete av gateskiltet som synte kva gata heitte. Kunne ha vore julegata om du tøyer det litt.
Kyrkja her er vel ei av dei som er mest namngjetne i Lecce. Hovudalteret er eit syn , og sideskipa står ikkje mykje tilbake for det dei heller.
Nokre seier at standarden på do viser mykje av standarden på ein restaurant. Her var alt på stell kan du sei.
Dei kunne anna enn å halde doen innbydande. Mussels til forrett. 
Fritert blekksprut og reker til hovudrett.


Desserten var kanskje det som var minst å skryte av.  Pannacotte med karamellsaus, det vart i søtaste laget. Plassen me var på bar namnet: Lerian. 
Etter litt omorganisering får ein kanskje litt betre inntrykk av kor stor mandelhausten har vore dette året. Bør bli nok til både mandel i grauten og ein ganske så stor marsipangris.  Spørs om me må arrangere dugnad i Helmikhølen når mandellasta har kome heim, så kan me knekka til tonane av Nøtteknekkersuiten av Tchaikovsky

torsdag 6. september 2018

Medan me ventar.

Det dreg seg til med haust nå. Endåtil småfuglar skjønar det. Dei trekkjer saman og gjer seg klar for ferda sørover. Godt å kome seg vekk frå det kalde og sure verlaget me som oftast har utover hausten.
For oss vengelause er alternativet å bli boren på andre sine venger, anten det måtte vere SAS, Norwegian, KLM, ALITALIA eller Ryanair, LaudaMotion, EasyJet, Lufthansa, Swiss eller Wizzair. Trillande på hjul er jo og mulig, men sidan eg alt har hatt to tur-retur Vigrestad - Latiano, så blir det fly ned denne gongen. Tilbake blir det bil Ikkje det at eg har så forferdelig hug på så lang biltur putt aleine, men Roomsteren må heim. Då EU bestemte at alle kjøretøy skulle godkjennast med jamne mellomrom, då var Norge som rimeleg kan vera med på det. At det aukar tryggleiken på kjøretøya er det vel lite tvil om. Kanskje er det og sjølvsagt at slik kontoll må gjerast i det landet bilen er registrert, men det hadde jo vore enklare om ein kunne utført revisione veicoli på AutoPro i San Michele, men slikt gjev ikkje reglane rom for. Før året er omme kan eg alstå bokføre 2900 km * 5. Godt det endå ikkje er tildelt kvoter på kor mange ureinande kilometer kvar person kan legge bak seg i løpet av eit år.
Ver er alltid interessant anten det er her eller der.
Ikkje meg imot å dryge tida før hausten får skikkeleg tak. 

Men eg har meir imot å dryge tida til me får oversikt over og søkt om å få lage eit lite påbygg på "hydna".


Har sikkert sagt det før, men mykje vil ha meir. Di meir ein skaffar seg,  di meir rom må ein ha. 
Sist me søkte om påbygg for huset, fekk me beskjed om at huset vårt ligg i "area protetta", kva nå det betyr. Svaret var i allefall nei. Det seiest at reglar har blitt mjuka opp.
Nedunder her kan du sjå kaoset som rår når me reiser nordover. I Soverommet for gjester går det mest ikkje å setje foten ned på golvet utan å sikte eller gå på tå. 





Det ligg jo litt frustrasjon i det som ser ut til å vera svært lite romslig tolkning av reglar for slike påbygg i Latiano. Blir nok siste gong me prøver med søknad. Hadde me tatt i bruk taket  som byggeplass,  kunne det visst gått. 

Me får ta ein tur på standa og sjå kva som skjer.