Translate

onsdag 29. juli 2026

Straks ny avgang mot sør

//
Litt kjekt  å sjå at "irrigazione" fungerer på eiendommen der sør. Pumpa i borebrønnen dreg straum, no for 4. gong. Då kan eg ikkje anna tru enn at vatnet hamnar der det skal, på dei 22 oliventrea som vart sett i jorda i desember 2024.  Ei ekstra sløyfe med vatn til 8 - 10 sitrustre vart også laga til. Som om ikkje det var nok, fekk nokre eple og plommetre som Dylaver planta også ei sløyfe med vannforsyning. Vannslangane er det Dylaver som har stått for. 

Bøje har gjort koplingane opp i mot straumstyring og eit lite tidsur i tillegg til nivåbrytar som sørgjer for at dagtanken ikkje blir tom 


Sidan dette blir eit kort besøk, bare 2 veker, blir det å låne venger frå SAS. Galltidleg morgon, avreise frå Grønholsvegen 5 04.08.2026 alt klokka 03:45. Då bør eg vera tidleg nok til å koma med kl 06:00 frå Sola. Ein stopp med flybytte blir det det på Gardermoen, men alt kl 11:45 skal eg vera klar til å gå over til neste transportmiddel, bil. Det blir ein Fiat 600 med automatgir, passar seg for slike gamlingar som meg. Så slepp ein unna med å bare gje gass og bremse når trafikken på ringvegen rundt Roma blir tett. Ein må liksom inn i ringen og der kan det gå både fort for seg og innimellom bli ganske så bråe stoppar. Då er det veldig enkelt å sleppe den der pinnen mellom framseta i bilen og den der ekstra pedalen. Innpasse seg etter annan trafikk og leggje seg i rett felt for vidare kjøring blir prioritet. Retninga får mobilen ta seg av.

Av erfaring frå tidlegare veit eg at å kjøre bare 6 timar for å nå målet "casa a strada senza nome Cda Coltura" kan bli i meste laget. Litt sør for Napoli ved Eboli har eg funne meg ein "Agriturismo e B&B Selvanera".
Der tek eg inn og roar av for ei betre natt enn den siste før eg for heimefrå. 
Er ein ikkje søt frå før, er det god mulighet for å bli det etter slik ein frukost.
 
Omtrent 3 timars kjøring vidare, så er eg ved målet.

Alltid gildt å kome fram før det blir mørkt. Bør vere framme lenge lenge før mørket senker seg over campaniaen. Blir god tid til å lufte ut eit sommarvarmt hus og.

Kva skal eg så finne på 2 veker heilt aleine. Det blir varmt om ein skal tru vermeldingane. Men daglege rundar for å samle skritt skal det nok bli. Er ein lettkledd nok, bør ikkje varmen vere noko problem verken tidleg morgon eller dei par siste timane med dagslys. På natta hjelper propell i taket ved setje lufta i rørsle, då virkar det litt avkjølande på ein heit kropp. 

Me har ein del ytredører som etterkvart kan trenge litt oppshining, Dør til gjestesoverom, dør til stove, 2 dører den eine dobbel til cisternerommet og sist inngangsdøra. Må visst retta litt på det, bare dørene inn til cisternerommet er dører i tradisjonell forstand. Dei nadre dørene er gitterportar for å sikre litt ekstra mot ubedne gjester.  Eit dissestativ treng fornying av lakk, likeså treng porten ny lakk. 

Om benkeplatene på kjøkkenet år seg ein omgang får me nå bare sjå. Slipemaskin som slipte benkeplatene i Helmikhølen opp til nærast ny standard har alt blitt frakta sørover med bil og ventar på ein eller annan som vil bruke den. 

Elles vil eg nå innom dei faste minst ein gong. Gaute og Signe i Trullo Pernoll, Lisa og Bøje  og ikkje minst Palma som har selt sin store leilighet og flytta til ny stad.

Då får eg ønskje meg sjølv ei god reise.

 





søndag 19. juli 2026

Eg lurer meg avgarde ein liten tur.

 Det er stritt å vera pensjonist og vera heilt avhengg av å finne ok dagsprogram ein heil sommar.

Temperaturen er det siste eg skal klage på. Ikkje mykje anna heller som treng føre til jammer og elende.

Min far hadde aldri fred på seg til å feriere heime. Der me budde oppå Handelslaget, var det slik at vegen var fryktelig kort om noko stod på på arbeidet. Slik fekk eg det inn nokså tidleg at ferie, det er å reise bort. Sør-Norge rundt og på kryss og på tvers. Alltid med eit besøk hos tante Thea i Eilert Sundts gate 11. Det var i den tida Danmarksturar vart meir og meir vanlig, men ikkje eg. Bare syster Ingunn fekk seg ein Danmarkstur rett før motorferga Skagerak gjekk ned sommaren 1966. Mor, Oddvar og eg var tilbake på Evjetur i telt medan Ingunn og far tok seg ein svipptur til Danmark.

Første utanlandstur for min del vart i 1975. Då var det Vest-Europa rundt med Interrail. Ein del turar har det blitt etterkvart, både aleine og i godt lag. Normal Sydentur har det endå ikkje blitt noko av, men Sydentur meir enn god nok likevel. Etter å ha vore heime på Vigrest som det vel heiter frå nå av etter EBH si utsegn,  melder abstinensen seg. Villa Felizia kviskrar ikkje, her var ikkje ørens lyd å få lenger. Så ille vart det til sist at eg måtte til og leite på nett. Og jammen fann eg det eg leita etter. Tur til vårt Syden i 2 veker. SAS til fram og tilbake til Roma Fiumicino. Når Lufthansa la ned flygingane frå Sola, vart det rett og slett Luftstansa i forhold til det selskapet.  Frå Fiumicino blir det leigebil,  ein Fiat 600 med automatgir. 

560 kilometer til huset vårt, men sidan eg må opp midt på natta for å nå avgang frå Sola kl 06:00, har eg bestemt meg for å stoppe litt aust for Eboli. Det er langtnok å kjøre 3 timar etter ein dag som kjem til å starte så tidleg som den gjer.
Dagen etter er det ikkje mange timar att å kjøre siste biten fram til Latiano. Fine vegar gjennom fint landskap.
Fint å gå tur i Haugstadskogen der stien slynger seg mellom forakta stammar av sitkagran. 
Ikkje mindre fint å få seg ein eller to daglige turar langs olivenlundane i Puglia. Xylella har øydelagt mykje, men i området vårt har folk teke tak i problemet. Store område med sjuke tre er sanert og det er planta i nytt. Frå å vere eit ganske så deprimerande syn har det blitt eit syn som ber bod om håp. 
Hos oss vart 14 gamle tre fjerna og erstatta med 22 nyplanta, i tillegg til at det frå kvar av dei 14 stubbane er teke vare på ein kraftig renning som faktisk er i ferd med å bli eit lite nytt tre. Rik blomstring på dei nye kvistane frå den gamle rota. Litt forsiktigare blomstring på dei unge nyplanta trea. Blir spennande å sjå om all blomstringa på oliventra blir noko meir enn blomstring.

Anne Marie som let seg skræme av varmen der sør, har bedt meg plukke mandler. Men det er slett ikkje noko eg har fornøyelse av. Mandelbotn med gul krem er nærast favorittkaka mi, men det let seg jo gjere å kjøpe mandler. Uansett var det så liteå sjå på trea i mai at me kan ikkje levere til knekking. Skal ein leverer til knekking må ein opp noko i volum.
  
Varmt kan det bli, på tirsdag førstkomande er det meldt 39 gr, og det kan vel seiast å vera nok. Trur slett ikkje eg skal frysa. Elles ser eg på Il Meteo at temperaturen komande dagar er pluss minus 35. Reknar med noko omtrent der frå 4. til 19. august og.