Translate

tirsdag 28. juli 2026

Straks ny avgang mot sør

Litt kjekt  å sjå at "irrigazione" fungerer på eiendommen der sør. Pumpa i borebrønnen dreg straum, no for 4. gong. Då kan eg ikkje anna tru enn at vatnet hamnar der det skal, på dei 22 oliventrea som vart sett i jorda i desember 2024.  Ei ekstra sløyfe med vatn til 8 - 10 sitrustre vart også laga til. Som om ikkje det var nok, fekk nokre eple og plommetre som Dylaver planta også ei sløyfe med vannforsyning. Vannslangane er det Dylaver som har stått for. 

Bøje har gjort koplingane opp i mot straumstyring og eit lite tidsur i tillegg til nivåbrytar som sørgjer for at dagtanken ikkje blir tom 


Sidan dette blir eit kort besøk, bare 2 veker, blir det å låne venger frå SAS. Galltidleg morgon, avreise frå Grønholsvegen 5 04.08.2026 alt klokka 03:45. Då bør eg vera tidleg nok til å koma med kl 06:00 frå Sola. Ein stopp med flybytte blir det det på Gardermoen, men alt kl 11:45 skal eg vera klar til å gå over til neste transportmiddel, bil. Det blir ein Fiat 600 med automatgir, passar seg for slike gamlingar som meg. Så slepp ein unna med å bare gje gass og bremse når trafikken på ringvegen rundt Roma blir tett. Ein må liksom inn i ringen og der kan det gå både fort for seg og innimellom bli ganske så bråe stoppar. Då er det veldig enkelt å sleppe den der pinnen mellom framseta i bilen og den der ekstra pedalen. Innpasse seg etter annan trafikk og leggje seg i rett felt for vidare kjøring blir prioritet. Retninga får mobilen ta seg av.

Av erfaring frå tidlegare veit eg at å kjøre bare 6 timar for å nå målet "casa a strada senza nome Cda Coltura" kan bli i meste laget. Litt sør for Napoli ved Eboli har eg funne meg ein "Agriturismo e B&B Selvanera". Der tek eg inn og roar av for ei betre natt enn den siste før eg for heimefrå. Omtrent 3 timars kjøring vidare, så er eg ved målet.


Alltid gildt å kome fram før det blir mørkt. Bør vere framme lenge lenge før mørket senker seg over campaniaen. Blir god tid til å lufte ut eit sommarvarmt hus og.

Kva skal eg så finne på 2 veker heilt aleine. Det blir varmt om ein skal tru vermeldingane. Men daglege rundar for å samle skritt skal det nok bli. Er ein lettkledd nok, bør ikkje varmen vere noko problem verken tidleg morgon eller dei par siste timane med dagslys. På natta hjelper propell i taket ved setje lufta i rørsle, då virkar det litt avkjølande på ein heit kropp. 

Me har ein del ytredører som etterkvart kan trenge litt oppshining, Dør til gjestesoverom, dør til stove, 2 dører den eine dobbel til cisternerommet og sist inngangsdøra. Må visst retta litt på det, bare dørene inn til cisternerommet er dører i tradisjonell forstand. Dei nadre dørene er gitterportar for å sikre litt ekstra mot ubedne gjester.  Eit dissestativ treng fornying av lakk, likeså treng porten ny lakk. 

Om benkeplatene på kjøkkenet år seg ein omgang får me nå bare sjå. Slipemaskin som slipte benkeplatene i Helmikhølen opp til nærast ny standard har alt blitt frakta sørover med bil og ventar på ein eller annan som vil bruke den. 

Elles vil eg nå innom dei faste minst ein gong. Gaute og Signe i Trullo Pernoll, Lisa og Bøje  og ikkje minst Palma som har selt sin store leilighet og flytta til ny stad.

Då får eg ønskje meg sjølv ei god reise.

 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar