Translate

lørdag 29. juni 2013

Ulovleg oppsett byggverk Cda Coltura?

Dei som har lese føregåande bloggar her har truleg fått med seg at det i provinsen Brindisi fins ein nordmann som kan og vil det meste. Karakteristikken kunne forsåvidt passe på underteikna, men det er ikkje meg sjølv eg tenkjer på. Stolt som ein hane har han trippa rundt her på tomta med ei klukkleande hønemor etter seg. Dei har synt fram kreative evner av høg klasse. Man tager hvad man haver, litt juks i tillegg så får ein det slik ein vil. Å ta seg inn på annan manns eigedom og setje opp nye byggverk utan å søke gjeldande autoritetar om lov, det nærmar seg fareturande sjølvtekt. 
Nå skal det i forbifarten nemnast at på kjøkkenbenken stod det sylt av mange slag, alt heimelaga. Plommesylt av plommer herifrå, aprikossylt og appelsinmarmelade frå Villa Serena og sitronsylt frå venner av Sofie og Livar.
Egg frå Villa Serena – hønå au var meldinga nedstpå lappen som låg ved på benken. 
Måtte me bare rett vidare opp til Ceglie for å hente egg? 

Om det var ei hane som gol eller ei høne som klukka hugsar eg ikkje, men etterkvart fann eg med litt hjelp ut eg måtte ta ein tur rundt huset. Byggverket ved sida av uthuset var resultat av fleire kloke hovud som har lege i bløyt. I verpekassen låg det 6 egg. 
2 er fortært, dei andre 4 ligg i kjøleskapet og ventar på høve til å bli slukt. Inni buret trippa det ei høne rundt, lystig og glad. 
Ho hadde jo fått trimma seg tidlegare på dagen då ho ein heldig augneblink fekk ein liten smak av fridom. Ho lurte seg ut av buret slik at Sofie og Livar rett og slett måtte på hønejakt. Eg ser det for meg, og legg eg til lyd slik den må ha vore, så blir det rett ei fornøyelig stund utav det. Roberto i Deutsche Bank Francavilla Fontana åtvara om volpe på Cda Coltura. Her har visst reven fått assistanse med hønejakt. Godt for høna får ein sei, for ho slapp levande frå denne jakta så langt eg veit.
Dagane sidan onsdag har gått fort. Innhaldsrike som dei er, trur eg eg nøyer meg til å vise til Livar sin blogg. At det har gått i bånn gass er sikkert. Ikkje tenk at han overdriv, det har faktisk vore bånn gass med dobbel turbo.
http://italiareferat.blogspot.no/ Torsdag 27. juni 2013


Der smalt det

Me fekk ein kveld og ein dag i Roma. Eit blinklys som bare virka av og til, det virka ikkje når det skulle lyse, men det virka jo elles. Ein ledning med svært dårleg kontakt viste seg å vera problemet.

Om det var verdt å reparere veit eg mest ikkje, for seinare hende noko som kunne få meg til å tvile på at det var bryet verdt. Meir om det når turen frå Roma til Villa Felizia er hovudtema. Men skal ein køyre innafor ringvegen rundt Roma er det fint å kunne signaliserer til andre trafikantar når ein vil bytte fil. 

Romastoppen var eine og aleine til ære for støttekontakt, co-driver og underhaldar på vegen sørover. Overnatting skjedde på Lgp Roma, ein bra bubilstopp 6 km frå Termini, hovudjernbanestasjonen i Roma. Ein såpass spasertur på gode joggesko er vel ingenting for to karar som har site to heile dagar pal i bilsete medan Danmark, Tyskland og Nord-Italia har flimra forbi. Ned til Coloseum frå Termini er og eit godt nok stykke å gå, men me heldt koken. I flomlys og med mindre turistar enn på dagtid, er det eit flott syn dette anlegget som har danna mønster for andre arenaer seinare. Gjekk me 6 km tilbake til fots? Ja, faktisk så gjorde me det. Det var tid for nattt og trongen for søvn var så absolutt til stades. Utkvilde neste dag stod andre bragder for tur. På horisontalplanet køyrde me kollektivt. På vertikalplanet derimot valde me på ny apostlane sine hestar. 



320 trappetrinn «a piedi» syns nå eg er ein ganske så bra tur. 


Når den går gjennom den eine meir spektakulære trappa etter den andre og til sist endar med høve til å sjå ned på alle romarar inkludert paven, då har ein liksom oppnådd noko. 



Innvendig er Peterskyrkja kort sagt imponerande. 



Overdådig er den, det er interessant å sjå seg kor stor forskjell det er på den og ei nymotens arbeidskyrkje i Norge. Du kan jo tenkje sjølv kva som er verst og best. For nokre er vel begge deler verst, medan andre set pris på både det storslåtte og det meir smålåtne. 

Fangeholet der Peter etter tradisjonen har site fanga og kanskje Paulus og, det var neste mål denne dagen. 

På veg attende til bubilparkering var det reisefølgje som kom med den glupe ideen. «Eg har igrunnen sett nok av Roma, kva med å bare reise sørover med ein gong?» Kl 19:50 svinga me ut på Via Casilina med nasen vendt mot Puglia. 

Kl 07 omtrent parkerte eg utfor ROTEX i Casamassima der bassenget låg klar for avhenting. Klokka vart 9 før der vart opna, men deretter bar det strake vegen vidare til Contrada Coltura. Lite kunne nå hefte oss rekna eg med. Ved Carovigno small det, ein kraftigare smell enn det som kunne reknast som normalt. Då gjekk det opp for meg. Ein lastebil like framfor oss sette på naudblink og stoppa. Eg gjorde likeins, medan eg køyrde like framforbi lastebilen. Ein kikk i spegelen viste ein sjåfør som hadde gått ut av bilen og løfta på heile slitebanen til eit av dekka frå ein lastebilen.Me la oss på kne i grøfta og kikka under bilen og konstaterte at her var ingen skade skjedd på vår bil. Bare å køyre vidare dit me skulle. 

I San Vito stoppa me utfor Famila for å handle mat. Ingen storhandel, men litt slik at me kunne klare oss resten av dagen og til frukost på torsdagen. Mildt sagt vart eg overrumpla då eg etter handling oppdaga at registreringsskiltet bak på bilen var borte. "Kven har bruk for norsk skilt her i Italia?" tenkte eg. Ved nærare ettersyn kunne me sjå at lysrampen var øydelagt. Eine lyset bak hang og slang og som sagt, skiltet var ikkje der.  Det ligg nok og vansmektar på motorvegen ved Carvigno. Slik gjekk det til at bilen køyrde sørover med AS23290 som kjennemerke og returen nordover att vil gå føre seg med RZ 36590 som kjennemerke.

Ikkje bare skiltet som endrar seg for heimturen. Sjåførbyte blir det og. Sidan co-driver fer flygande heimover alt komande onsdag, blir det ny passasjer også når Giottiline skal forlate heimlandet og halde fram livet sitt i eit framandt land, Norge. Sjåførteamet er ventande lørdag 19. juli. Då landar dei i Bari etter ein snarvisitt innom Riga.

Giottiline på gamle trakter

Kan fort bli meir enn eg orkar. Kanskje fell du av du og, for nå har eg tenkt å slå saman ei heil veke i ein blogg.
Sist fredag, dvs 21 juni tok me ut broder Oddvar og eg. Roleg sjø over Skagerak. Me kom litt lenger enn til Kolding før me tok ein stopp for natta eller deler av første natta heimefrå nå i sommar.
Lørdag gjekk det unna heilt til ein rasteplass ikkje langt frå Rosenheim heilt sør i Tyskland. Etter kanskje litt kort kvile der, tok me ut att på veg mot målet for søndagsetappen til Firenze. Eg må nok vedgå at det var eg som var mest annig, men co-driver ytra lite i mot.

Rart kva eit batteri i ein mobiltelefon kan føre til. Eg hadde sett for meg ein ettermiddag i lag med David, ja du kjenner vel han som Michelangelo laga, men på grunn av nemnde batteri vart ikkje det noko av. Tidleg på dag slo mobilen seg av og sidan mobil og gps har gått opp i ei høgare eining for min del, gjorde det sitt til at eg fælte meg av frå å køyre inn i Firenze for å finne Camping Michelangeo. Enden på visa søndagen vart Poggibonsi. Giottiline Y400 Graal «den heldige» er fødd der. Mest som den rykka litt til av gjensynsglede i det me svinga opp framfor fabrikken der me overnatta like utanfor gjerdet.


Måndag 24. var planen å få gjort noko med batteriet i bubilen. Litt meir enn det Kjell Gunnar på Best Vigrestad med rimeleg grunn kan ventas å få til. Eg har fått meir og meir eit inntrykk av at bubilen et (spiser) forbruksbatteri, dvs batteri for budelen. Drift av pumpe til do, dusj og oppvask, leselys, ventilasjonsvifte, tenning av kjøleskap, tenning av Trumavarmar for vatn og romoppvarming, alt dette treng straum frå eit godt opplagt batteri. 

Sandra ved Giottiline tok oss vel imot og køyrde føre til eit verkstad som hadde greie på elektronikken i bilen. Veldig raskt vart det konstatert at styringspanelet var ute på lenger tur enn det eg var og forsåvidt og er på. Mannen på verkstaden skrudde ut panelet og sette inn eit tilsvarande frå ein annan Giottiline som tilfeldigvis var innom i eitt eller anna ærend. Feil andre stader i det elektriske systemet og viste det seg. Gode råd er ikkje billege, og her måtte eg bare finne meg i ein ekstratur opp att til Poggibonsi for å få bilen i brukbar stand att. Eit heilt lite flyttelass skulle først tømast frå bilen, broderen skulle få sjå Roma, eg skulle sjekke stoda på olivenlunden vår.


Når Oddvar set nasa heimover att frå Bari tek eg ein svipptur (ca 60 mil) vidare til Poggibonsi for vidare feilsøk og sjølvsagt naudsynleg feilretting. Tanken på at dei ikkje finn feilen har ikkje streifa meg overhodet.

Dette må visst delast opp. Det vart meir enn ein blogg ut av turen til Puglia. Klokka er 06, det er tid for luking. At det skal vera meg er mest meir enn ein kan tru. Betale seg til lukejobb i ganske stor målestokk. Gjere det heilt av fri vilje og endå finne glede ved det. Du merakkels får eg sei som bestefar Oskar fort kunne ha sagt. Her eg sit under olivetreet i tunet er det stort sett stille. Sikadane har endå ikkje starta, litt hundeglan i det fjerne, traktor som pløyer eller horvar på ein av naboeigedommane og ikkje minst sildring av vatn,  omtrent som heime frå nabo Oddvin sin bekk. Lydane av vatn her skuldast multitasking. Skrivestova under oliventuntreet er ikkje langt frå der 20 års gamle vinstokkar prøver å overleve. Vatning gjer sikkert ikkje skade og er det noko me har nok av her på tomta så er det vatn. Godt er vatnet og. Me reknar med å bli hoffleverandør til Villa Serena der Sofie og Livar held hus.  

fredag 21. juni 2013

Så nær i tid og likevel så langt borte i km


Nærare Puglia enn dette kjem me ikkje endå på nokre dagar. Giottilinen er klar så langt den kan bli klar. Det vil sei den skal få seg ei ytre oppshining. Meguir's er entusiastar sitt val over heile verda. På Varhaug i Sentrumsgården eller som me nok heller vil seie på Jæren, i dæ gamla handelsslagje, der held det til eit lite firma som skal gjere bubilen klar for gjensyn med fødelandet. Blir sikkert ein bil som skal stråle om kapp med seg sjølv i det den trillar over grensa frå Austerrike til Italia over Brenner passet i 1374 meters høgd over havet. Blank er den utanpå og inni er den full, stappfull. Med gode Pugliavenner frå Varhaug er det bare ei STOOOOR glede for oss å vere litt til hjelp for dei. At ei øskje med  bøker skal vege mange tonn er mest meir enn eg forstår. Ved innveging av ekvipasjen på vegvesenet si vekt på Krossmoen synte det seg at me hadde ei overvekt på 60 kilo. Nå er ikkje det eit stort problem nettopp. I % utgjer overvekta bare rundt 1,7. Heller ikkje er det eit problem i reiseselskapet når ein har med seg ein broder som fekk oppdrag med hurtigslanking. Nutrilett eller lågkarbo, Grethe Roede eller Geir, mange metodar å velgje mellom men ingen med hovudfokus på korleis bli kvitt flest mulig kilo på færrast mulig dagar. Tømming av dotank, ferskvatntank og fylling av diesel på Helleland blir visst lettare å få til enn å ta kilo frå dei to som reiser. Utan å vite om overvektsproblematikken me d bilen, gav mor eit oppdrag til broderen: Du må passe godt på han at han ikkje et for mykje. Han er glad i mat veit du. Han, det er eg.

Då har me gått over frå å bruke dagar som eining til å måle tida fram til avreise, det går i timar nå. Faktisk er det mindre enn 10 timar til me bør vera klar i Giottilinen. Med nok olje i maskineriet og nysjekka bremser bør det ligge an til ein fin tur til Kristiansand, gjennom Danmark og Tyskland. Ein liten svipp innom Austerrike får me og, før Italia blir entra ein gong på føremiddagen søndag. Med sjåførbytte og semje om å gje på det me klarer ligg det godt an.

Utruleg spennande blir det å sjå att eigedommen. Sofie og Livar har informert og sendt oss bilete jamnleg sidan påske, så litt ser eg for meg. Her er eit lite potpouri:

Pen bil, pen port

Pent palass

Pene morbær

Pene tomater

Pent ugras

Pen forno a legna (forbrenningsoven for  olivenlauv)

Pen pedell kviler etter innsats med sopekost i gardsrommet


Pene plommer

Pen syltetøygryte

Pene produkt frå frukthagen vår



Bilete frå Villa Felizia © Livar Dubland

Som de skjønar av bileta har tenarskapet vore i full sving med å ta vare på hus og ferieheim for oss, og det er me rimeleg nok takksame for. 
Neste blogg blir truleg frå Iper Coop Brindisi. Har med meg ein arv der, kan du sei, med far som mest heile livet jobba i kooperasjonen. Nå er det nå litt det og at på Iper Coop har dei god tilgang til fri Wi-Fi. På eigedommen vår er visst nett-tilgang noko av det som er og blir vanskeleg. Ein liten kjøretur på 20 min må til, men samstundes kan me jo handle.©

mandag 10. juni 2013

HØ-NE-KROLOG

Me som fekk lære Felizia å kjenne kan sjå tilbake på tida saman med henne med gode minner. Ho kom til Villa Serena som den eine av to søsken. Overgangen heimefrå vart noko hard, men etterkvart såg det ut til at ho fann roen på den ny plassen. Hønefosterfar la tilrette så godt som tenkjast kan. Nytt hus, nytt vagl, kva meir skal ein vente seg i eit høneliv?
For nokre få veker sidan bare, fekk Felizia første harde slaget. Broder Felizio vart deportert. Han hadde problem med kjønnsidentiteten sin stakkar og med ein stolt hane frå før i hønsegarden var det duka for problem. Det låg an til uro og for å unngå meir bråk og i tillegg sleppe unna «den sorte gryte» fekk Felizio hjelp til å flytte over til Pasquale sin hønsegard.



Men Felizia heldt stand. Ho la nokre egg, men fann seg ikkje heilt tilrette. Vaglet var ein stad ho ikkje lika. Etterkvart viste det seg at ho truleg var blind på eine auge. Kanskje var det grunnen til at ho sov på nettinggolvet i hønsehuset. For få dagar sidan kom den triste meldinga om at Felizia hadde forsvunne. Alt tyder på at det er reven som har vore på ferde. Han har på revevis lurt seg forbi elektrisk gjerde og tatt den som sat mest lagleg til. At det var slik Felizia skulle ende sine dagar fyller oss som kjende henne med vemod. At eit liv som bare såvidt hadde starta skulle ende så brått er mest uverkeleg.

lørdag 8. juni 2013

Klø meg litt bak forgassaren

Tekst: Geir Hausken
Foto: Livar Dubland

Det går unna om enn ikkje ganske så fort som utolmodige meg skulle ønske. 
Felizia II trivst og blir visst betre og betre i kunsten å legge egg. Ho som fekk namnet først, viste seg å vere ein han(e). Ikkje har eg greie på hønsefuglar, men det er visst slik at når dei legg egg, då er det overveiande sannsynleg at det er ei høne. Felizia I har måtta skifte namn til Felizio og som om ikkje det er nok så har han også blitt deportert til Pasquale sin hønsegard. Der slepp han å konkurrere med Bøgvald. Fleire høner enn på Villa Serena er der og, så livet smiler kanskje til han likevel.  På to veker frå nå av klarer kanskje Felizia II eit brett så det kan bli både omelett, eggerøre og pannekaker av det. Godt med mat kjem dei til å få bruk for dei to brødrene Hausken som dreg til Italia ikkje for å gjere seg feitare, til det er det for mykje arbeid å gjera. Blir lite med slaraffenliv.
Organisatoren i Villa Serena har på eige initiativ sørga for at høveleg reiskap er klar. Korkje Knut eller eg var mann om å få gang på kantklypparen, men som de ser klarer Livar det. 



"Klø meg litt bak forgassaren." sa Stihl. "Det er kanskje det som trengs for å få meg igang. Det gjorde godt, men eg må visst ha oppfølging av fagfolk skal det bli noko meir med meg". 
Ein tur innom Argese Maccine Agricole gjorde underverk. Etter det var det bare resolutt trekk i startsnora som skulle til. 
Med kjempebilleg Meec motorsag frå Jula, kantklippar frå Stihl og Honda 160 cc jordfresar frå Benassi ligg det godt tilrette for rydding av tomta mellom huset og vegen. Godt me  slepp å tenkje på resten av eigedommen for graset elles i olivenlunden har bønder i litt større målestokk teke seg av. Det lange graset som kunne vore hesja eller lagt i silo er nå vel forvart, godt nedpløygd og harva over. 

Gras som får turke utgjer stor brannfare og må difor fjernast har eg forstått av naboane og av Guido, guiden vår til huskjøp og rettleiar i småskaladrift som olivenbønder.


                           
Ein skulle kanskje tru det var øvste tilstand som var ønskjeleg, men slik er det ikkje. Får graset turke blir det ei skikkeleg brannfelle.