Translate

mandag 10. juni 2013

HØ-NE-KROLOG

Me som fekk lære Felizia å kjenne kan sjå tilbake på tida saman med henne med gode minner. Ho kom til Villa Serena som den eine av to søsken. Overgangen heimefrå vart noko hard, men etterkvart såg det ut til at ho fann roen på den ny plassen. Hønefosterfar la tilrette så godt som tenkjast kan. Nytt hus, nytt vagl, kva meir skal ein vente seg i eit høneliv?
For nokre få veker sidan bare, fekk Felizia første harde slaget. Broder Felizio vart deportert. Han hadde problem med kjønnsidentiteten sin stakkar og med ein stolt hane frå før i hønsegarden var det duka for problem. Det låg an til uro og for å unngå meir bråk og i tillegg sleppe unna «den sorte gryte» fekk Felizio hjelp til å flytte over til Pasquale sin hønsegard.



Men Felizia heldt stand. Ho la nokre egg, men fann seg ikkje heilt tilrette. Vaglet var ein stad ho ikkje lika. Etterkvart viste det seg at ho truleg var blind på eine auge. Kanskje var det grunnen til at ho sov på nettinggolvet i hønsehuset. For få dagar sidan kom den triste meldinga om at Felizia hadde forsvunne. Alt tyder på at det er reven som har vore på ferde. Han har på revevis lurt seg forbi elektrisk gjerde og tatt den som sat mest lagleg til. At det var slik Felizia skulle ende sine dagar fyller oss som kjende henne med vemod. At eit liv som bare såvidt hadde starta skulle ende så brått er mest uverkeleg.

2 kommentarer:

  1. Du har nok foregrepet begivenhetens gang en smule. Det ble aldri noe egglegging av hønen som nå er avgått...
    De to andre nyankomne stiller i en annen klasse. Den ene er i full produksjon, selv om eggene er små. Den andre har så smått begynt å lage seg reir til å legge egget i. Bøgvald viser omsorg for den lille sorte, han er på vakt inne i "pollaio'en" og passer på at alt går riktig for seg og at ingen kommer og forstyrrer. De to gamle er trofaste og produserer nesten daglig. Alle overlevende lever det gode liv med kjøpemat og kjøkkenrester.

    SvarSlett
    Svar
    1. Om ein er skrivefør eller skriveufør blir fort avhengig av kor kritisk ein er til kjeldene. Men skal det bli ein lesverdig tekst kan ein vel ikkje vere altfor streng med dobbelsjekk og undersøkjingar på åstad. Litt dikterisk fridom vil eg ha.

      Slett