Translate

lørdag 29. juni 2013

Giottiline på gamle trakter

Kan fort bli meir enn eg orkar. Kanskje fell du av du og, for nå har eg tenkt å slå saman ei heil veke i ein blogg.
Sist fredag, dvs 21 juni tok me ut broder Oddvar og eg. Roleg sjø over Skagerak. Me kom litt lenger enn til Kolding før me tok ein stopp for natta eller deler av første natta heimefrå nå i sommar.
Lørdag gjekk det unna heilt til ein rasteplass ikkje langt frå Rosenheim heilt sør i Tyskland. Etter kanskje litt kort kvile der, tok me ut att på veg mot målet for søndagsetappen til Firenze. Eg må nok vedgå at det var eg som var mest annig, men co-driver ytra lite i mot.

Rart kva eit batteri i ein mobiltelefon kan føre til. Eg hadde sett for meg ein ettermiddag i lag med David, ja du kjenner vel han som Michelangelo laga, men på grunn av nemnde batteri vart ikkje det noko av. Tidleg på dag slo mobilen seg av og sidan mobil og gps har gått opp i ei høgare eining for min del, gjorde det sitt til at eg fælte meg av frå å køyre inn i Firenze for å finne Camping Michelangeo. Enden på visa søndagen vart Poggibonsi. Giottiline Y400 Graal «den heldige» er fødd der. Mest som den rykka litt til av gjensynsglede i det me svinga opp framfor fabrikken der me overnatta like utanfor gjerdet.


Måndag 24. var planen å få gjort noko med batteriet i bubilen. Litt meir enn det Kjell Gunnar på Best Vigrestad med rimeleg grunn kan ventas å få til. Eg har fått meir og meir eit inntrykk av at bubilen et (spiser) forbruksbatteri, dvs batteri for budelen. Drift av pumpe til do, dusj og oppvask, leselys, ventilasjonsvifte, tenning av kjøleskap, tenning av Trumavarmar for vatn og romoppvarming, alt dette treng straum frå eit godt opplagt batteri. 

Sandra ved Giottiline tok oss vel imot og køyrde føre til eit verkstad som hadde greie på elektronikken i bilen. Veldig raskt vart det konstatert at styringspanelet var ute på lenger tur enn det eg var og forsåvidt og er på. Mannen på verkstaden skrudde ut panelet og sette inn eit tilsvarande frå ein annan Giottiline som tilfeldigvis var innom i eitt eller anna ærend. Feil andre stader i det elektriske systemet og viste det seg. Gode råd er ikkje billege, og her måtte eg bare finne meg i ein ekstratur opp att til Poggibonsi for å få bilen i brukbar stand att. Eit heilt lite flyttelass skulle først tømast frå bilen, broderen skulle få sjå Roma, eg skulle sjekke stoda på olivenlunden vår.


Når Oddvar set nasa heimover att frå Bari tek eg ein svipptur (ca 60 mil) vidare til Poggibonsi for vidare feilsøk og sjølvsagt naudsynleg feilretting. Tanken på at dei ikkje finn feilen har ikkje streifa meg overhodet.

Dette må visst delast opp. Det vart meir enn ein blogg ut av turen til Puglia. Klokka er 06, det er tid for luking. At det skal vera meg er mest meir enn ein kan tru. Betale seg til lukejobb i ganske stor målestokk. Gjere det heilt av fri vilje og endå finne glede ved det. Du merakkels får eg sei som bestefar Oskar fort kunne ha sagt. Her eg sit under olivetreet i tunet er det stort sett stille. Sikadane har endå ikkje starta, litt hundeglan i det fjerne, traktor som pløyer eller horvar på ein av naboeigedommane og ikkje minst sildring av vatn,  omtrent som heime frå nabo Oddvin sin bekk. Lydane av vatn her skuldast multitasking. Skrivestova under oliventuntreet er ikkje langt frå der 20 års gamle vinstokkar prøver å overleve. Vatning gjer sikkert ikkje skade og er det noko me har nok av her på tomta så er det vatn. Godt er vatnet og. Me reknar med å bli hoffleverandør til Villa Serena der Sofie og Livar held hus.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar