Translate

torsdag 17. februar 2022

Penna che capisce l'italiano


Det har vore eit tungt kapittel å nærme seg det italienske språket. Er nok mange grunnar til det, kanskje det det mest nærliggjande er å skyte på underteikna. For dryge 10 år sidan hadde eg ganske god tru på at eg skulle skaffe meg ein evne til å forstå enkel dagligtale. Det er forresten ikkje så vanskelig å gjere seg forstått i butikkar eller på restaurantar. På ferramenta går det og greitt, eit stykke papir, ein blyant og brukbar evne til å lage små pedagogiske teikningar har vore til hjelp meir enn ein gong. Endåtil å skaffe seg snøkjettingar til Roomsteren gjekk det greitt nok å skaffe seg. Nå kjem dei til nytte endå ein gong. På veg over Brenner i november låg kjettingane fint innpakka i boksen, men det er faktisk krav om slikt utstyr dersom bilen ikkje er utstyrt med vinterdekk. Påbod om å vera skodd for vinterføre gjeld framleis, men eg har god tru på bar veg over Alpene sjølv no medan det endå er vinter.

Det vart mest som ei lita openbaring då eg oppdaga at den vesle pennen inne i mobilen min
 kan brukast til omsetjing av tekst. Ved å føre pennen over det vanskelige ordet kjem det opp ei omseting. På det viset kan eg stotre meg gjennom ein italiensk tekst, og sjekke opp dei enkeltorda eg ikkje har forstått. 

Nabo Lina er ganske så oppgitt over det ho meiner er min manglande iver etter å lære med italiensk. "Og så du, som som er lærar, og så lærer du deg ikkje språket." Og for å vere sikker på å ikkje bli mistydd legg ho ansiktet i teatralske folder som understrekar  fortvilinga ho kjenner på.

tirsdag 1. februar 2022

Det er framleis gildt å drøyma

Derimot har det blitt antydet at alderen på et oliventre på Kreta er over 2000 år på grunnlag av treringdatering. I Istria Kroatia, på øya Brijuni står et velkjent oliventre som etter beregningene skal være omtrent 1600 år gammelt. det er fortsatt fruktbart, omtrent 30 kg pr år.    Frå Wikipedia

Stolte, sterke, framfor alt ganske så gamle. Oliventrea våre står der og har truleg gitt avling i fleire hundre år. Me skal slett ikkje skryte på oss alder på trea tilsvarande i Krotia eller Kreta. Men dette er eit av trea våre som er anslått  å vera rundt 250 år. Enn så interessant det ville vore om trea hadde vore i stand til å fortelje historien sin.


Det er meininga å hjelpe til ved "radiacale tagliare".  Xylella har kome til vårt område også.   Ikkje så merkelig at Lina, vår høgst oppegåande nabo oiar seg, akk og ve, det er begynnelsen på slutten, verdas undergang nærmar seg seier ho.  Folk stryk med av Covid-19 og oliventrea stryk med av Xylella. 

Giulia og Giulio planlegg stor beskjæring av våre oliventre frå midten av februar til midten av mars. Dei vil etter det eg har forstått gjera det veldig grundig. 
Sist beskjæring vart gjort, var i 2017 på våren. Etter 5 år er det påkrevd på ny. 
Å dra saman smågreiner for brenning klarer me godt. Og med ein kar som likar å leike med elden blir det bare velstand av det. Blir ikkje lite ved av det heller, så får me sjå etterkvart kva me kan gjera med det. Endå ein god del ved att frå førre beskjæring.
Ny olje hausten 2022 blir det lite av for ikkje å seie ingenting av. Me får nok ta ein tur til Masseria San Giacomo på vegen mellom San Vito og Francavilla, der har me handla før og vore fullt nøgde. Ikkje det at me har så forferdelig god greie på det, men til vårt bruk har olja vore god. Men sjølvsagt er siste olje frå eiga tomt makelaus.

Litt spent på turen sørover er eg. Men nå som Anne Marie både er med og mota på sjølv å sitje bak rattet, bør turen gå greitt. Får leggje meg på sinne orda frå kundekontakten på Autohaus Scheller i Fulda: Ikkje fyll på meir bensin!

Det er Fjordline som får æra av å ha oss ombord frå Risavika til Hirtshals. Dei har lagt om rutene sine slik at me får ikkje ilandkjøring i Danmark før langt på dag. Når me ikkje får starte kjøringa før klokka 11:30 blir jo første dagsetappe mykje kortare om me skal sleppe å ta natta til hjelp. Halvannan kjøredag i Tyskland er akseptabelt.  
Slik det nå er går det visst inn i Danmark utan å bli stoppa av Covidtiltak. Truleg det same i Tyskland og Austerrike.  Når det gjeld Italia er eg meir usikker, får lese oss opp når me nærmar oss avreise. Me kan jo også lite på Lill Karin og Gaute som fer sørover eit par veker før oss.
Her er anna og som kan føre til uro, men det får me ta etterkvart.  Det er nok framleis vinter over Brenner, men normalt skal der ikkje vera glatte vegar der. For heile A22 frå Brenner til Modena finn ein oppdatert informasjon på nett.  Då kan ein ta turen utalige gonger på førehand, rett og slett tørrtrene og slik sett vere godt førebudd.  A22, Brenner - Modena
Det blir gildt.