Translate

torsdag 9. desember 2021

Gyldne dråpar, rein bonus.

Sjølvsagt visste me kva me kjøpte tilbake i 2012. På 8500 kvadratmeters tomt er der plass til meir enn bare  eit lite hus, et gammal dohus og ein vedfyrt bakaromn. Så langt har me ikkje teke del i hausting av anna enn fiken, appelsin, mandarin, sitron, valnøtter, mandler, fersken, morbær, plommer, pærer og eple. Oliventrea har alltid hatt sesong til tider då me har vore i Norge.
Då eg 15. november dette året inntok Villa Felizia, fekk eg fort besøk av Guilia og Giulio. Dei hadde vore i San Michele og henta nypressa olje. 
Eg har jo sett slikt før, men aldri med oliven frå eiga tomt.
Det er bare eit fantastisk syn. Det gule fluidium, resultatet av både gamle og ikkje heilt så gamle tre sin biologiske fabrikk, reine industriverksemda. Det undrar meg storleg at eit tre kan gjere om lys, luft, vatn og nærinsstoff i jordsmonnet til denne velsigna væska.
Så står nå dunken der i gangen her i Helmikhølen 5, endå uopna. Frå ein mindre dunk har me alt tatt ut litt til bruk nå med ein gong. Fungerer som ei tranflaske, men utan sure oppstøyt eller dårlig ettersmak. Gjev visstnok ikkje tilskot av D-vitamin, men elles er den visstnok fullverdig med omsyn til Omega-3.
Ei spiseskei pr dag lovar god helse når det gjeld alt i kroppen som treng smurning
Livseliksir trur eg eg vel å kalle det.
Alt det andre ein kan bruke olja til spenner frå som saus på is, ja du les rett. Det seiest at oppå is skal god oliveolje smake godt. 
Som dressing på salat er den god, i pizzadeig og i saus til pasta. Det går godt å steike i den og, men då bør ein ikkje bruke for mykje varme. Truleg er det bare fantasien som set grenser. For vår del blir det ikkje tilgangen som stoppar, me har olje så det held. Så får me nok heller kjøpe neste år, for i februar mars 2022 skal trea beskjærast radikalt.