Translate

onsdag 28. august 2019

Rome in rain

Denne gongen tenkte me å ta oss eit par dagar ekstra i Roma på veg ned mot vårt kjære Pugliaradis. Hotell er ordna like ved Termini, hovudjernbanestasjonen i Roma. 
Me hadde skaffa oss oversikt over kvar me kunne leige el-syklar og tenkte oss på tur langs Via Appia Antica.
Så er det nå slik at vermeldingar, det fins det faktisk ganske mange av. Yr, IlMeteo og AccuWeather er dei mest brukte her i huset. Greitt å vite kva ver ein har i vente, og det var neimen ikkje småtteri som vart lova. IlMeteo stiller med bøtter og spann og fortel oss at det i løpet av mandagen, som liksom skulle vere sykkeldagen vår, i løpet av den dagen vart det lova ikkje mindre enn 43,8 mm nedbør.

Tiberen ville fått godt påfyll kan du sei.

Fontana di Trevi ville noko gå som vanlig med kaskadar av vatn. I tillegg ville det nok vera væte ovante i rikelege mengder.

Tips for aktivitetar i Roma når det regnar, er å oppsøke Pantheon og få med seg regnet som fell gjennom holet i taket og ned på marmorgolvet.  Kunne blitt ein fin video det. Ikkje drypp, drypp, drypp,  heller dryppedidrypp dryppedidrypp dryppedidrypp.

Rådslaging i heimen har ført til endring av togbillettane frå Roma til Brindisi. Sjølvbetjening på nett fiksa den biffen. Då fer me vidare frå Roma på mandag i staden for tysdag. Hotellet blir rett nok dobbelt så dyrt, sidan me alt har betalt for å få rimeligast mulig og likevel akseptabel overnatting.

I Brindisi blir me møtt av limousin (tøyer begrepet litt) som fraktar oss dit bilen vår er å finna. 

Her har nok kameraet i satelitten Google brukar tatt bilete ein gong når Roomsteren har vore i bruk. 
Då me var nede i juli nemnde Pascalone at han ville sjekke batteriet før me kjem tilbake. Trur ikkje det er noko problem, for batteriet er nokså nytt og så kraftig som det kan vera i ein liten bil som vår.

onsdag 21. august 2019

Med egen ciserone i Ceglie

Handlar ein sko får ein nå bruke dei og. På jomfruturen leia av ciceronen vår fråCeglie, enda me opp her.
De ser vel kva det er. Kjøttøksa er velretta sett i døra til do, mest så ein kunne bli litt engstlig. kan øksa brukast til dørhandtak kan den vel brukast til ulikt anna og. Meir seier eg ikkje om det.
Her godgjer "dry aged" kjøt seg. Mørt, meir mørt enn det meste anna, men og dyrt, dyrare enn det meste anna.
Biff tartar som forrett med ei rista blondebrødskive som pynt. Biffen kan godt vere ganske så blodig den, men heilt rått, det har eg snautt prøvd før. Godt det og.
Skepsisen her var nok først begrunna i mengde., men me var 3 som delte på. Mette alle tre utan at siste bitane omtrent sat fast i halsen.
Siste dag på Cda Coltura fekk me oppleve bittelitt dramatikk sett med norske auge. Opprydding etter rotvelt i juni, førte til mykje greiner og spøna på ein eiendom ikkje lang frå vår. Eg undrast over sprakande lydar og måtte sjekke det ut. Jau, full fyr i det som kunne brenna. Dei som hadde sett det heile i gang var ikkje å sjå. Bles ikkje veldig mykje, men det var nå nok til å puste fart på elden. Det kom nokre innfødde forbi, og då dei tok det ganske så piano kunne ikkje me heller gjere anna enn å roe oss. Litt dumt var det at det kom røyk fra andre kanten av eigedommen og, men som lukka var daua det heile ut før det gjorde uboteleg skade. Ser bare for meg opplegget om elden fatar i eit oliventre. Sprengfullt av olje som det er, ville flammane fryktelig fort slå over til neste tre og så til neste tre og så vidare heilt utan kontroll.
Eit par hundre kvadratmeter vart svidd at og dei som har vit på slikt veit at så lenge lauselden ikkje fer heilt på ville vegar så gjer det bare godt med ei avsviing ein gong innimellom.
Siste kveld er alltid saman med Meggie og Pascalone. Når me kjørte med bil  slik me gjorde no i sommar, slepp me å bry Meggie med kjøring til flyplassen, men me må liksom innom. Etter 6 års vennskap har siste måltidet gått i blodet i allefall på meg. Roomsteren har stått på sin eigen trygge plass i gardsrommet hos Meggie. Høyrde forresten Pascalone mumla noko om at han måtte sjekke startbatteriet før me kjem nedover att. Det er akkurat slik dei er, dei bryr seg.
Me har ikke gjestebok i Villa Felizia. Sommarens gjest fekk dette avtrykket. Andreas gløymte eller sette att badeskoa sine, og eg fant ut at dei var perfekt til kile mellom hengelås og dør. Problemet med denne døra er fort at når vinden tek tak, så bevegar døra seg akkurat nok til at alarmen av og til vert løyst ut. Med eit par slippers i spenn håpar eg frekvensen av feilmeldingar til VigilNova vert noko mindre.
Det grøne lyset betyr egentlig motsett av det ein skulle tru. Det er ikkje fritt fram til å ta seg inn. Det er ikkje berekna på tobeinte i det heile tatt. Bare varsel til oss sjølv om at me har hugsa å slå på det systemet som skal trygge huset.
Elles har eg lært i sommar at ein skal vere vaken når ein er norsk, heiter Geir er på tur i Italia og skal fylle bensin. Om eg ser spesielt naiv eller dum ut klarer eg ikkje heilt å slå fast sjølv. At eg absoulutt ikkje ser ut som ein innfødd er det lettare å fastslå. For andre gong denne sommaren prøvde dei seg på ein Q8 stasjon.
Pumpa viste 45,56 Euro. Då eg var inne for å betale hadde dei bytta på plassering av tala. Nå hadde prisen blitt 54,65 Euro. Eg bare konstaterte fakta for han bak disken, han unnskyldte seg og gav tilbake det han hadde krevd for mykje. Sinnet klarte han ikkje få ram på meg, det hadde eg nok brukt opp tidlegare denne sommaren ved fylling hos same selskap. Der la dei bare på ein 10 frå 83 Euro til 93 Euro. Fekk at den og med den heihjerta unnskyldninga. Bandisos vart siste ord til dei då eg for ut døra som ein olm stut.
Mykje fint å sjå langs vegane. Ikkje mange Folkevogner med hevetak som slepp unna mitt blikk. Der andre ser alt mulig anna, der ser eg kanskje det same, men er der ein bubil eller campingbil i nærleiken så får eg det og med meg.
Gerlos, litt aust for Innsbruck fekk besøk i sommar av to jærbuar som trong ein pause i kjøringa frå Puglia til Jæren.
Om Heide og bestefar hennar hadde kome vandrande ned bakken her, hadde ikkje eg blunka ein einaste gong. Må ha vore slik det såg ut der Geite-Peter dreiv geitene til fjells på beite.
 Her utsikt frå altanen ved rommet vårt.
For gamle folk, unge og forresten, kan det vera behagelig med transporthjelp når ein skal opp i høgda. Målet for dagen låg på 1900 meter høgd over havet. Utgangspunktet var 1200 m.o.h. Isskogelbahn fekk oss opp utan svette og strev. Føtene bar oss ned att. Det var varmt, det var svett, det var bratt. Utrente legger melde frå om at dei var der i eit par dagar etter denne nedturen.






Dagen me skulle vidare ville me tidleg avgarde. Vertinna foreslo å setje fram det me trong for god frukost før lang kjøredag. Veldig gildt å bli møtt av slike vennlige og omtenktsomme folk. Erfaring viser at tidleg start er veldig bra om ein har planar om å legge bak seg mange kilometer ein dag. Klokka 06 er mest i seinaste laget.


 I Bispingen litt sør for Hamburg overnatta me, men ikkje akkurat i dette huset. Sikkert ikkje lett å halde seg på føtene inni der. Måtte nok hatt veldig mykje balanse om ein skulle klart det.
Ser jo ganske greitt ut dette. Litt kvitt på bølgtoppane, men ikkje meir enn at ein sikkert ikkje ville merka noko særlig i ein meir sjøsterk båt. FjordCat vart forsinka, og det vart me og. Hadde tankar om å kjøre inn i gardsrommet i Helmikhølen mellom 23 og 24 tysdag kveld. Så vart det ikkje ankomst heime før mellom 04 og 05. Det er då ein kan seie at ein er trøytt, bortimot utsliten.
Kjekt med EIN kjøretur til Puglia i løpet av ein sommar, men det er nok med EIN. Neste tur går med fly til Roma og så jernbane frå Roma til Latiano. Går jo litt fortare det og ikkje er det lenge til heller. Alt 1.september set me oss på fly frå Sola til Roma.