Handlar ein sko får ein nå bruke dei og. På jomfruturen leia av ciceronen vår fråCeglie, enda me opp her.
De ser vel kva det er. Kjøttøksa er velretta sett i døra til do, mest så ein kunne bli litt engstlig. kan øksa brukast til dørhandtak kan den vel brukast til ulikt anna og. Meir seier eg ikkje om det.Her godgjer "dry aged" kjøt seg. Mørt, meir mørt enn det meste anna, men og dyrt, dyrare enn det meste anna.
Biff tartar som forrett med ei rista blondebrødskive som pynt. Biffen kan godt vere ganske så blodig den, men heilt rått, det har eg snautt prøvd før. Godt det og.
Skepsisen her var nok først begrunna i mengde., men me var 3 som delte på. Mette alle tre utan at siste bitane omtrent sat fast i halsen.

Siste kveld er alltid saman med Meggie og Pascalone. Når me kjørte med bil slik me gjorde no i sommar, slepp me å bry Meggie med kjøring til flyplassen, men me må liksom innom. Etter 6 års vennskap har siste måltidet gått i blodet i allefall på meg. Roomsteren har stått på sin eigen trygge plass i gardsrommet hos Meggie. Høyrde forresten Pascalone mumla noko om at han måtte sjekke startbatteriet før me kjem nedover att. Det er akkurat slik dei er, dei bryr seg.
Me har ikke gjestebok i Villa Felizia. Sommarens gjest fekk dette avtrykket. Andreas gløymte eller sette att badeskoa sine, og eg fant ut at dei var perfekt til kile mellom hengelås og dør. Problemet med denne døra er fort at når vinden tek tak, så bevegar døra seg akkurat nok til at alarmen av og til vert løyst ut. Med eit par slippers i spenn håpar eg frekvensen av feilmeldingar til VigilNova vert noko mindre.
Det grøne lyset betyr egentlig motsett av det ein skulle tru. Det er ikkje fritt fram til å ta seg inn. Det er ikkje berekna på tobeinte i det heile tatt. Bare varsel til oss sjølv om at me har hugsa å slå på det systemet som skal trygge huset.




Om Heide og bestefar hennar hadde kome vandrande ned bakken her, hadde ikkje eg blunka ein einaste gong. Må ha vore slik det såg ut der Geite-Peter dreiv geitene til fjells på beite.
Her utsikt frå altanen ved rommet vårt.
For gamle folk, unge og forresten, kan det vera behagelig med transporthjelp når ein skal opp i høgda. Målet for dagen låg på 1900 meter høgd over havet. Utgangspunktet var 1200 m.o.h. Isskogelbahn fekk oss opp utan svette og strev. Føtene bar oss ned att. Det var varmt, det var svett, det var bratt. Utrente legger melde frå om at dei var der i eit par dagar etter denne nedturen.



Dagen me skulle vidare ville me tidleg avgarde. Vertinna foreslo å setje fram det me trong for god frukost før lang kjøredag. Veldig gildt å bli møtt av slike vennlige og omtenktsomme folk. Erfaring viser at tidleg start er veldig bra om ein har planar om å legge bak seg mange kilometer ein dag. Klokka 06 er mest i seinaste laget.
I Bispingen litt sør for Hamburg overnatta me, men ikkje akkurat i dette huset. Sikkert ikkje lett å halde seg på føtene inni der. Måtte nok hatt veldig mykje balanse om ein skulle klart det.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar