Translate

onsdag 31. juli 2019

"Olivenbonden"

Er ein olivenbonde, så lyt ein henge med. Før, då me fekk støtte frå Eu for drift av parsellen var det ikkje enklare. Me fekk omtrent 380 Euro pr år, men dei pengane vart sett til sides for å dekke utgiftene til stor beskjæring som bør gjerast kvart 5 - 6 år etter det eg har blitt opplyst. Småbeskjæring har me heile tida gjort sjølv. Dette året har Julio & Julia teke seg av litt rydding inni trekronene. Lys og luft må til skal det bli olivenhaust å snakke om. 
Manuell rydding med øks duger.  Men når det skal gjerast på 49 tre, tek det litt tid.
Renningane rundt stammen blir offer for øksa. Ingen ved blir det av det, bare haugar med kvist og lauv som skal brennast ein gong til hausten. Nå er her altfor turt til å tenke på fyring av slike bål. Ikkje for det, dei lokale styrer på med bål og brenning sjølv om  her må vere aldri så brannfarlig.
Sola har tært hol på isolasjon av røyra mellom innerdel og ytterdel på varmepunpe/AirCondition. Greitt med røyrleggar in spe som kan fikse ny isolasjon. Om det har noko å seie veit eg ikkje, men sidan røyra var ferdig isolert då det heile vart montert, vil eg tru det er ok at røyra får på seg ny isolasjon.
Det fins mange slag hageslangar. Den eine typen som held til her på tomta kraup ut av sitt gode skinn i dag. Om nokon skulle synast det ser ille ut, kan eg roe det av med det faktum at den er like giftig som stålormen heime.
Den andre typen slange me har, er av høg kvalitet. Me overtok den saman med huset i oktober 2012, og like god er den. Ikkje har den bytta skinn heller slik som ein ekstra slange eg kjøpte for 4 -5 år sidan. Den var nesten gjennomsiktig, men armert med noko eg trudde var glassfibervev. Indre og ytre slange delte seg og sollys tålte den ikkje. For å sei det slik så er den ikkje meir.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar