Translate

onsdag 31. juli 2019

Med Boble til Belgia og Yeti til Puglia

Denne doningen sett på kaien i Risavika skulle heilt til Belgia. 57 modell var bobla, og lillebrorhengaren var nok frå første del av 60-talet. 4 personar ombord, syns mest eg kjenner varmen nedover mot Belgia. Kor fort bilen går veit eg ikkje men det er vel ikkje meir enn at det bare så vidt blafrar når vindauga vart opna. Motoren fekk litt ekstra pustehjelp ved at panseret ikkje vart heilt lukka.
Stavangerfjord kom og me fekk vår plass ombord. God mat for karane og avslutning med softis. Dei gamle fekk bespist seg dei og. 36 års bryllupsdag må vita. Kan godt feira det med eit måltid utanskjærs.


Kanskje mest kjent frå andre sida for nokon?
Mila går fort unna med 3 dyktige sjåførar. Eg, som før har stått for mesteparten av kjøringa sørover i Europa har beint fram hamna i baksetet. Så då gjelds det for sjåføren å tola kommentararne frå baksetet.


Første stopp i Puglia vart som vanleg hos Meggie og Pascalone i Latiano. Hadi hadde gira opp Andreas på kor god biff ein får der. Og jammen slo det til, biffen var akkurat passe grilla og kjøtet behandla på førehand slik at det var mørt. Dei snakkar om døgngrader, eit bestemt forhold mellom lagringstid og temperatur under lagring. Pascalone har tydeligvis funne rett formel.


To tynne og ein godt i hold.
Frå venner her i Puglia har me høyrt mykje snakk om ein restaurant i Savelletri. Me kom såpass nære at me passerte på fortauet. Må nok bestille ein gong for å nyte det dei serverer.
Forresten klarar me bra mat her hos oss og. Etter 3 timars fyring med ved frå oliventre, er innsida av forno a legna lyst grå, då er det klar for steiking. Du kan sei førebuinga tek meir tid enn sjølve steiking. På 2 - 3 minutt er det klar for å ta ut att pizzaen, ferdig til å nyte.
Etter siste innbrot for 2 år sidan fekk me ny dør og nytt system for å halde mygge ute av kjøkken. 
Heldigvis let festebrakettane 3 stk i talet seg erstatte. Men jammen var det litt jobb for å få det til. 2 gonger eins ærende til San Vito  (7 km) bare for å finne ut at verkstaden var stengt. 3. gongen sotd dørene vidopne, men ingen folk å sjå. Eg hadde meg ein sightseeing inne på verkstaden, gaula og ropte, men til inga nytte. Så prøvde eg å ringe eit nummer som stors på døra, og då var det lukkeligvis svar. På ein balkong på motsatt side av gata gav mannen som monterte dørene og insektnetter seg till kjenne. Me fekk gjort avtale og nå er brakettane på plass og myggnettet funkar som det skal. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar