Translate

fredag 21. oktober 2016

Bil i størrelse XS

For meir enn 60 år sidan plasserte dei meg i dette kjøretøyet. Guten var søt og vogna av ypperste merke. Hugsar eg som 7 - 8 åring ville ha hjula til Ola-bil, men nei. Vogna skulle takast vare på. Kompakt kjøretøy med mjuke linjer. Eg trur alt at då interessa mi må ha blitt vekt.  God design med motor inni seg, det er interessant det.
Grandtante Ingrid skaffa seg ein slik som dette tidleg på 60-talet, med sjølvmordsdører. Hugsar far undrast på at slekta inni Oslo kunne gå ned så mange størrelsar i bil, men alt då var det nok lettare å finne parkering for ein Seicento enn for den digre amerikanaren dei hadde før.
Det vart aldri noko Ola-bil av barnevogna mi. Draumen eg hadde som barn fekk aldri liv. Barnet i meg har derimot blitt halde godt i live opp gjennom åra.  Alle andre karakteristikkar enn barnleg fryd ville vera feil å bruka om opplevinga av å få setja seg vel tilrette inne i ein Cinquecento. I den grad det er mulig å setje seg vel til rette. For ein som stadig må ha XX og gjerne ein X til saman med L, er det mest så ein må både vri og vende på heile seg for få på seg ein bil i storleik XS.
Den er søt, den er smilande som bare ein liten Fiat kan vera.
Han som eigde bilen kunne opplyse om 5 cavalli bak i motorrommet. Høflig som eg er, eller i det minste gjerne vil vera, let eg vere å bidra med kunnskapen om at modellen i utuna versjon rår over 18 hestar. Dei blir tatt ut av ein knatrande lilleputtmotor på 594 kubikk.
Hadi og Attaullah krølla seg saman og fekk ein minitur i baksetet der på parkeringsplassen. Med knea opp mot taket og føtene såvidt inn under setet framme gjekk det greitt nok for dei få metrane me kjørte. Bagasjerommet hadde definitivt ikkje vore plassen for transport, verken på korte eller lengre distansar.
Idrettsstjerner lever gjerne på sponsormidler. Ei slags sponsing var det vel snakk om her og. Han i den raude buksa hadde fiksa det heile på rett så bra vis for meg. Prøvesitjing og prøvekjøring av bil først. Deretter inn på La Silvana for etegilde, ja det er nettopp etegilde det blir når ein set seg til bords der. Har vore der eit par gonger før, og forventningane blir ikkje mindre for kvar gong. Utvalet av rettar er stort, og denne gongen var det heile sett saman på ein måte som gjorde det greitt go for dei to ungdommane våre, Hadi og Attaullah. 

Besøket oppe på Fasano di Selva vart starta og slutta av med spretne småtassar, den putrande 500-en først og til sist kjøt av kje som hadde putra i leigryta og godgjort seg saman med potet, tomat og ulike urter. 

Eg må mest avslutta med den herlige klisjeen: Me var alle samde om at me hadde hatt ein gild dag. 

torsdag 20. oktober 2016

Naturen sjølv sitt under

 Me får håpe trea kan gjere seg nytte av all væta. Det har undra meg meir enn ein gong korleis jord og vatn kan bli omgjort til oliven, dei oljerike fruktene til oliventreet.  At det kan kome olje av det ti sist går over min forstand. Ein gartnar eller ein biolog ville kanskje kunne bidra med noko kunnskap, men eit under er det slik eg ser det.  Det seiest at røtene går djupt, skikkeleg djupt. Hadde ikkje behøvd det bryet her, for djupt treng ein ikkje gå for å få tak i vatn.

Elles fann eg svaret på kvifor det var så vanskelig å få tak i desse bileta til førre blogginnlegg. Sidan eg ikkje har fått tips frå andre måtte eg leite i eigne kanalar. Hjernevinningane kom opp med eit forslag, og det viste seg at ein "brytar" i programma i mobilen sto i feil stilling. Gjeld om å ha tunga beint i munnen og fingrane på rett plass. Enklare med lysbrytar som står på sin faste plass på veggen. Av på, og så ser du det med ein gong, mørkt lyst. Langt bak der under mange andre lag, der var brytaren som gav melding om bileta skulle la seg overføre til boksen der eg vil ha dei. I farten hadde brytaren blitt ståande i stilling av. 

Hadde nettet vore litt meir samarbeidsvillig, skulle du nå straks fått ein porsjon FIAT cinquecento, men det får vente til Lyse stiller med noko meir fart på nettet enn det eg har her. 


tirsdag 18. oktober 2016

Regn og sol, hand i hand

Kan vel ikkje vera her i fleire veker utan å levera blogg? Dei seier det ikkje er størrelsen på utstyret det kjem an på, men om det er gammalt eller nytt har nå noko å seie. Ein Pc som var altfor glad i Cola for nokre år sidan,  har blitt pensjonert til fordel for ein endå slankare og lettare utgåve. Korleis kan forresten ein Pc vere altfor glad i Cola? Overskot i eit glas vart svegt unna som bare det. Eit under at den funka etterpå, men over tid har sukkkeret i drikken laga meir og meir trøbbel i tastaturet. Nå vart det til sist nok. Kamera er det same, sit inni ei padde av ein mobil som hadde ein bli ny dag i slutten av september. Eg klarer å snakke med begge, men dei klarer dårleg å snakke saman. Korleis eg har fått tak i desse bileta under her hugsar eg ikkje. Den videoen og det biletet eg ville hatt her i staden for denne innleiande teksten, dei har eg rett og slett måtta gi opp. Kanskje kjem det lysare dagar når både mobil og pc får kople seg opp mot Lyse. 


Dagar med sol og dagar med regn. Dagar med turke, vekslar med dagar der væte absolutt ikkje er mangelvare.  Serveringa av vatn var ganske så effektiv. Me fekk nok på ganske kort tid, og etter det fekk me påfyll både ein og fleire gonger. Fasinerande å sjå korleis vatn samlar seg alle stader i terrenget der det er litt lågare. 
Her er det neste års kolleksjon av fikenblad som det vert klargjort for. Spirer rundt stammen blir fjerna for at fikenblada på sjølve treet skal bli store nok. Store nok til kva?
Pust inn djupt og lenge. Rosmarinduft er drivande på godt minne. Om eg ikkje hugsar feil kan ein tilsette det i likør eller i mat. Det skal hjelpe på minnet. Får tru at innanding kan vere effektivt det og.
Litt finstuss med saks etter at Hadi har fore over med maskin, då blir det slik Anne Marie vil ha det.

I dag er et forresten dag for finstuss med saks og barberkniv for underteikna. Blir så fin av det at eg trudde mest ikkje det kunne gå an.  Men tru meg, det går. Full pakke: 12 Euro.

tirsdag 4. oktober 2016

Uønska velkomstkomite

Slik kan det gå. Eg som helst vil kjøra bil til og frå Puglia, enda denne gongen opp i fly. Ein snakkar som ein har vit til når det ikkje har noko å seie. Den dagen då det gjeld, er det visst kronene som styrer anten ein held seg til venstre eller til høgre i det politiske landskapet. At eg skulle ende opp med å reise med både Kjos og OLeary viser bare kor langt ein kan kome frå lære til liv.
Det er ikkje eg som har sagt desse bevingede ord, han kallar seg rasshøl heilt sjølv.Har forresten aldri før blitt bydd på isbitar oppi lufta. 

Men sanneleg, isbitar fekk eg, og det likar eg jo.  Det som fer inn skal for min  del fort ut att. Litt strekk på beina fekk eg meg og. Plassen ved vindauga heilt på bakerste benk er ikkje så veldig romslig for storleik XXXL. Interessant å følgje med på trafikkavviklinga inn og ut av do. Ein skal vere smidig i både kropp og hovud når mange står i kø og fleire må flyttte på seg for kvar manøver ein person skal gjere.

Her tenkte eg rasshølet skulle vore. Om eg fekk isbitar for første gong i lufta, så var det og første gong eg har sett panel med så store sprekker mellom som nettopp her ombord i flighten frå Manchester til Brindisi måndag 3. oktober. Kanskje dei har drive med skikkeleg tungtransport. Kanskje ein skikkeleg tungvektar har sett seg på setet litt skeivt? Godt det ikkje er del av bærande konstruksjonar anna enn eventuelle rasshøl av grovare kaliber.

Velkomstkomiteen var på plass ja. I hopetal og helst endå litt til. Dei har sikkert venta sidan midten av august då me reiste. Det verste for dei i velkomstkomiteen er nok at eg set lite pris på den form for velkomst. Difor har eg gjort det eg kan for å samle saman så mange som mulig av dei. 

At så mange vart lokka i døden skuldast dette stoffet. "Made in USA" kan bety så mykje i mine auge, men dette illeluktande gørret har lokka meir enn ei flue på siste flygetur her på tomta. 
Blanda med vatn oppi flasker med små hol i toppen, har det vore rett så effektivt. 

Nå er det rett nok slik at eg tek til å tvila. Her sit eg med kort veg til ikkje mindre enn 3 av dei før nemnde så effektive fluefellene, men tur du dei vil oppi der? Eg dusja i dag, men likevel vil fluene heller til meg. Det illeluktande gørret lokkar dei ikkje. Faktisk luktar det skikkeleg rote kjøt, men som sagt, fluene vil heller til meg. Ikkje forstår eg det. At odøren etter lang reisedag kan vera så som så skjønar eg, men nå etter både dusj og såpevask? Eg har trudd det USA produserte stoffet arbeidde etter prinsippet, di verre det luktar di betre lokkar det fluene.
Om nokon skulle sakne siste rapport om musebestand på tomta så kjem her siste nytt: Inne ved vaskemaskinen hadde ei gått i fella. For henne blir det ikkje jul igjen. Ho var innturka og lite lekker. Ikkje søt ein gong. Av eit rikeleg utval av posar med musegift har eg bare funne 2 opna posar. Dei andre 10 - 12 posane ligg urørt der eg la dei. Ute låg det 4 åtestasjonar med giftklosse i. Alle klossane er gnagd på, men der er rikeleg att med aktivt stoff for kamp mot mysene utover vinteren. 
Elles er dei ikkje heilt opprådde heller. Får me ikkje koma innn og forsyna oss i fred, så får me ta det me finn. I cisternerommet vågar eg meg etter å ha installert infraråd sensor til å oppbevare nokre av dei motoriserte leikesakene mine. Kantklippar, motorsag, lauvblåsar for å nemne det viktigaste. Når der er sikra mot tobeinte, tenkte eg der var sikra godt nok. Men dei små søte firbeinte som stortsett held seg unna inne i huset, dei har ordna seg med materiale til å bygge bol som held mot kjøligare dagar. 
Heilt dumme kan dei forresten ikkje vera. Dei har drive rekognosering i god tid og funne ut at han som polstringa skulle vere for, han er godt nok polstra i utgangspunktet og treng ikkje noko ekstra på bæreselen for lauvblåsaren.

søndag 2. oktober 2016

Ikkje enkelt å vera bil i Italia med Geir som sjåfør

Gje ikkje opp. Hald ut nokre linjer, så kjem du til sist kanskje til poenget. Du kan telje opp: 1, 2, 3, 4, . . . . .498, 499 og der kjem du til poenget.

Greitt å ha bil i Italia når ein har slått seg til langt ute på campagnaen, langt frå alt som kan kallast kollektivtrafikk.   Bil nr 1, Opel Corsa, stakkars liten, den tok sin død i møte med stål på motorvegen nede i Calabria. Ærverdige Audi født i 1992 tok turen sørover til Italia på strak arm. Hadde ikkje bruk for den siste olje i anna form enn nokre skvettar før avreise frå Vigrestad 4. mars dette året.  Olje for servostyring vart og fylt på, kjølevæske likeså. Bremsevæske stod det bra til med i utgangspunktet heldigvis. Ein sunn og velfungerande 24 åring gjorde teneste på Puglianske vegar i sommar. Det einaste den ikkje var god til, var å tackle varmen. Når kvikksølvet på gradestokken kryp lenger enn gradestokken er lang, då blir det varmt. Ned med alle vindauge hjelper litt, men det fører og til at førar vert ganske så omtumla i hovudet, meir omtumla enn det som godt er og det han til vanleg er. Superstradaen frå Brindisi mot Taranto er verre enn det folk jamrar for når det gjeld vegane her i Norge. Vindsus og slag frå hol og halvvegs ifylte hol, gjer sitt til at kjøring med ein elles kjekk Audi ikkje er altfor behagelig. Fordel er at ein ikkje sovnar så fort i alt ståket,  men lyden kan vere søvndyssande. Haust, vinter og vår går greitt nok, men til neste sommar må me få ei anna løysing når det gjeld transport. Audien får få avløysing, Roomsteren eller Skoomsteren som til nå har gjort teneste vert sett på nye oppgåver i Puglia. Med andre ord syng det på siste vers for Audien, men endå er det ikkje avgjort om den skal få kome heim og gjere teneste som øvingsbil for ungdom som vil ta førarkort, eler om den skal bli armeringsjern eller spiker i Puglia.

Siste som var med bilen før me reiste heim att etter sommarferien var at bilen måtte til verkstad for å få reparert eit dekk som stod flatt siste morgon før avreise. Med hjelp av kompressor fekk eg nok luft i dekket til å kjøre dei 8 km til vår faste verkstad.  Det som så skjedde vidare var at eg vart kjørt tilbake til huset vårt, for så å bli henta att når dekket etter nokre timar var tetta.




















Sjølvsagt gløymte eg i farten å levere nøkkelen til Meggi då eg parkerte bilen trygt hos henne på overvåka område. Hadde vore greitt om dei hadde hatt nøkkel, for då hadde eg sluppe å ta til med hjulskift som det første når eg i morgon er tilbake. Sein ankomst til Brindisi, bortimot natt. Hadde nøkkelen vore på plass hadde nok dekk MED luft også vore på plass til eg kom.

Har en drøm om å komme hjem syng Jørn Hoel. Om det er å kome heim eg tenkjer på veit eg ikkje, men DRAUM er det. Det er ikkje mange bilar ein kler på seg. Det må i såfall vere slike formel 1 bilar der føraren må ta vekk rattet for å kome på plass, og så smyg dei rattet på plass etterpå. Når eg nå skal få oppfylt min draum om å ikle meg ein ekte cinquecento, reknar eg med å kunne gli på plass bak rattet utan å måtte demontere det.
Cinquecento fanga på Via del Aurora Catania oktober 2015

Tek ein på seg buksa, blir det av dei fleste menn sett på som særs viktig å lukke gylfen. Ein knappar vanlegvis dei fleste knappane i ei skjorte og. Kva må eg passe på å lukke att i det eg tek på meg cinquecentoen?
Om den har dører som er hengsla i bakkant bare MÅ eg hugse på å lukke døra. Elles får eg vel bare ta det som det kjem. Alt treng vel ikkje planleggjast like nøye.