Translate

fredag 31. juli 2015

Beste timelønn ever

Brukbar komposisjon dette. Håpar turen vår og blir brukbar. Me har komponert ein liten rundtur Salentohalvøya rundt.  Nordre deler av sørlege del av Pugli kjenner me godt etterkvart. Kva finn me om me fer endå litt lenger mot sør?
Gallipoli skal vera ein bra by, med ein litt spesiell gamleby som ligg for seg sjølv ute på ei halvøy. Santa Maria de Leuca, sørlegaste punktet på Salentohalvøya vil me og ha med oss. På veg vidare mot Otranto, austlegaste punkt av Italia tek me ein stopp for å få med oss Grotta Zinzulusa. Klarer kanskje ikkje for å gjenta bragden fotografen her klarte, men etter reklamen å døma er der fint. På veg frå Otranto og nordover vel me kystvegen, og får då med oss Roca Vecchia. Sjøen har vaska ut holer i grunnen slik at det har blitt laga ganske så spektakulære gangar for vatn og luft. Gangane er ikkje til å gå i, det er lyden av naturkreftene som blir så spesiell.


Så vart det brått endring i planane. Når ein les Thursday for Tuesday, hadde det visst vore betre med dei italienske namna på desse dagane. Martedi og Giovedi er i allefall vanskelig å ta feil av. 



Agronomen eg hadde avtale med i går torsdag, venta meg på kontoret på tirsdag, for han var visst Thursday og Tuesday til forveksling same dag. Tirsdag var eg oppteken, torsdag var Marco oppteken. 
6 underskrifter på diverse papir og bryet med å møte på kontoret i Mesagne er absolutt verdt det i Euro og cent. Trea våre gjev oss ei inntekt på ca 280 Euro kvart år før avlinga er henta ned. 

Eg veit mest ikkje Åse Marie, om eg skal seie meg lei for det eller ikkje, men her til gards finn me ei kone som er medlem av Norges bonde og småbrukarlag, og samstundes er ho mottakar av stønad frå EU. Sjølv om våre oliventretre ikkje gav særleg avling siste sesong, dryp det nå litt olje på oss likevel. 50 liter olivenolje burde halde for både vårt og kanskje nokre andre sitt forbruk og. Clemente kjem med stor tank på bilen sin med olje me skal ha. Kanner til 50 liter olivenolje  må vera klar frå mandag av.

Nei, nå hamna eg visst på vidotta. Det eg ville ha sagt er at mine 6 underskrifter kunne avgis i dag, Venerdi, på Marco Argentiere sitt kontor i Mesagne. Turen vår Salentino rundt får starte i morgon. Reknar med at om me held oss unna motorvegane, unngår me det verste kaoset i starten av den italienske fellesferien.

Elles var det gladmelding i går. Helge fekk flytta reisa si fram 4 dagar. Gildt for han. Gildt for oss. Han fekk fjorårets Pugliaopphald såpass begrensa, at nokre dagar ekstra nå er ikkje anna enn rett og rimeleg. Ingen fotballkamp for Eikefjord denne gongen siste dag for avreise sørover, så om det skal bli  nytt opphald på Ospidale i Brindisi, blir det ikkje grunna lærkula.

Då var det gjort. 6 underskrifter i eit dokument eg ikkje eingong treng prøve meg på å lese. For meg komplett kaudervelsk, men likevel grunlag for ca 280 Euro. Tok kanskje 3 minutt heile seansen. Det blir faktisk ei timelønn som eg elles aldri har vore i nærleiken av. 50 tusen norske om eg hadde halde fram og skrive namnetrekket mitt i ein heil time. Men så kan det vera siste gongen me får pengar på konto på denne måten. Sylvia sine tankar om landbruk har visst eit svært så stort nedslagsfelt. Eller er det slik at ho har lista seg rundt nedi EU-land og snust seg fram til korleis ho kan gjera for å ta strupetak på dei små. Ikkje for det, dette er på ingen måte strupetak på oss. Eg undrast fælt då eg første gong fekk greie på denne oliventrestøtta. Kjenner det slett ikkje urettvist om me frå nå av må klara oss utan desse for meg litt morosame pengane.

søndag 26. juli 2015

Ei veke går så altfor fort

Enn så fort tida går. Ikkje før har Anne Marie stått på Bari Palesese og venta på nytt innrykk,
så har me kome til siste dag før Odd Olav og Jorunn dreg vidare til Roma.
Me har hatt varme dagar her, men ikkje verre enn at me klarer oss. Litt hjelp til kjøling av inneluft må rett nok til for å gjere det komfortabelt om natta og tuntreet vårt gjev skugge dagen lang, så der når ikkje sola oss med heite stikkande stråler. 

For gjestene var det bånn gass frå første stund. Direkte frå Bari til heimelaga pizza direkte frå forno a legna. Mykje godtfolk samla, vertskapet Gaute og Lill Karin i full sving med kjevling og steiking. Gaute, Signe, Rebekka, Torjus, Hilde, Målfrid, Terje og Livar i full sving med konversering ved langbordet under det flotte taket over uterommet. Ein god kveld med mykje godt drøs.

Lauging kan ein ordne både lokalt og med litt kjøring.(1/2 time til Adriaterhavet) I solnedgangen like etter 8 om kvelden fekk me dyppe både stortåa og resten av kroppen i det som rett ut sagt må karakteriseras som pisselunka vatn. 
Nemner en Ostuni er det mest som ein seier noko stygt synes eg å skjøna. Etter bad i det lunka vatnet, var det nett til Ostuni me vende nasen.  Eit kveldsbad i yrande ostuniansk turisme. Turistarar i fleng og ikkje minst småbutikkar som tilbyr varer frå både fjern og nær under felles merke; minne frå Ostuni. Stemning er der, og makelaus utforming av gamlebyen. Organiske former som smyg seg oppetter bakkane der trappene er som smelta saman med veggene. Utruleg stemningsfullt. For is og leskande væsker fann me oss ein plass på bytorget der me kunne få med oss eit pulserande kveldsliv av lokale og tilreisande.


Her er så mange gode uterom. Kor ein snur eg vender seg har spiseplassar og barar ordna til med bord og stoler slik at den svalare kvelden kan nytas ute.

Ein av dagane seinare var me innom hos Livar for at gjestene skulle få smake seg gjennom ein av hobbyane hans. Mykje skryt å få for flytande flaskegodt.
Det er visst ikkje den ting som ikkje kan brukas for å lage likør av ypperste merke. Etter å ha smakt gjennom ei heil rekkje av flasker, for me vidare til Martina Franca. Byen er ikkje så overbefolka av turistar som Ostuni, men utelivet er imponerande. Alt frå bittesmå, knapt tørre babyar etter fødselen til gamle stavrande koner og menn som skal ha med seg det som skjer. Men ulikt heime er her ikkje noko fyll å sjå. Kulturen er ganske så annleis på den måten.
Røyken var kvit nok, men her er ingen ny pave på gang. Han er sikkert god nok han som er, meir spennande enn mange av forgjengarane er han og.
Overnattingsgjester ved Villa Felizia skal ha med seg ein pizzabakedag. 3 -4 timar tek det å fyre opp forno a legna. Godt då at me har rikeleg med ved å ta av. Meir blir det til neste år, for då må me ha ei litt kraftig beskjæring av oliventrea. Etter 4 timars fyring er temperaturen tett opp rundt 400 grader.Har eige infrarødt termometer for måling. Gamle merket på om varmen er god nok har vore når sotet i taket går frå svart til grått, då er omnen klar.



Helper lite med dugande kjevleførar når same kjevleførar er mindre heldig som pizzabrettførar. Smaken vart nå god, og ein og annan pizza kom ut av omnen som 

perfekt både i form og smak.

Lørdag ettermiddag vart me invitert til Pantanaggiana til Angela og Clemente. Traff henne tilfeldig når Jorunn skulle til optikaren vår og få seg nye briller. Angela er syster av optikaren, og ho kjende oss att frå eit bryllup me var i lag i for 2 år sidan. Ho var ikkje snauare enn at ho inviterte og me takka ja.

Nå får dei som syns sneglar er ufyselege ta eit lite hopp nedover i teksten
Desse krabatene hadde tilhald nede hagen til Clemente. Tørre og fine, absolutt ikkje slimete, men bare namnet skremmer, SNEGL. Kan det vere folkemat. Eg åt 5 stk. Kjende ikkje på at eg var uhøflig då eg takka nei til fleire.
Bord på Taverna di Pascalone var tinga for kvelden, og tid for vår avreise frå Clemente si leikegrind var nær. 
Me kan få til mykje rør når språk-kunnskapane er i minste laget. Me trudde me hadde sagt frå om vår avgang for Latiano. Vertskapet trudde me melde avbud til Meggi. Då Jorunn stakk hovudet inn på kjøkkenet til Angela og sa arrividerci til henne medan ho var i full gang med å lage til antipasti for oss, då var forvirringa total.
Det gjekk så fint så. Meggi tek imot i dag og me fekk ein triveleg heil kveld hos Clemente og frue.
Ingen ende på alt  me måtte ha med oss etterpå. Melanzane, pepperoni picante, tomatar, cedre og 
zucchine, 

Pepperoniplanter for vidare dyrking her på tomta fekk me og. Me kan læra litt om det å vera raus når me er i lag med folk som dette.


mandag 20. juli 2015

Kamera på sommarferie

Nei no har eg jobba trufast tidleg og seint frå 28. april og heilt nå til 20. juli. De anar ikkje kor trøytt eg er og kor krevjande dette har vore. Spesielt siste vekene, når dei som meiner dei eig huset her har dukka opp, har det krevd ekstra mykje. Eg har gjort så godt eg kan, men når dei valsar rundt her ganske så lettkledde utan tanke på kva jobb eg er sett til å utføre, då blir det mykje å passe på.  Godt eg ikkje har gløymt meg av og teke bilete inn i soverommet i staden for ut av vindauget.  Er redd det kunne blitt i meste laget for nokon og kvar. Eg har ikkje eingong tenkt tanken på det som ein rampestrek. 

Nå blir det fri nokre veker før neste jobbøkt tek til. Han har snakka noko om at han vil starte turen til meir tempererte strok 24. august. Om eg då skal sjå etter ugras som veks, eller sommarplanter som turkar bort, får eg høyre med arbeidsgjevar om. Arbeidslaus blir eg nok ikkje der frå vinduskarmen i soverommet på Villa Felizia. 


Lurer forresten på korleis det blir å liggje her i ei nattbordskuffe? Eg som er vane med så mykje action kjem vel til å keie meg, men fint selskap har eg. Skattepapir, skjøte på Villa Felizia, kvitteringar på opptil mange motoriserte handlar, fint skal det vera som dei seier.
Nana, me sjåast mot slutten av august.

fredag 17. juli 2015

Ta tak, så gammalt tak blir nytt tak

I dag er det duka for eit vågestykke av dei heilt store. Omtrent 16 kvaratmeter gamle takbord står ferdig opplasta på Sofie sin Ape og skal fraktast på små og store vegar 26 kilometer til sin nye tilhaldsstad. Litt redd for at skrudd panel med shingel på i staden for halvroten bølgtakpapp ikkje vil halde uønska gjester borte, men nå prøver me. Er og litt redd for at Apen kan bli noko tylten såpass topptung som den er, men ein får tilpasse farten etter forholda. Då vil det sikkert gå godt.
Opelen trygt parkert hos den formelle eigaren.  Hadde tøystykket over Apen vore svart, kunne nokon kanskje trudd at eg har konvertert. Den trehjula saunaen har bare naturleg lufting, og med den fartsvinden ein kan oppnå, blir det ganske så heitt. Den omtenktomme mannen til eigaren av Apen, breidde over for å hindre altfor mykje oppvarming medan kjøretøyet venta på sjåfør.
Sveitten renn.Snart renn det vel i augene, og då er det lite hjelp i den pedaldrivne vinduspussaren. Brunning i San Michele på Dok-en der. Apen har nok slite meir før, men unnevind, unnebakke og heimlengt hjelper lite når ein kjører mot sola. Då er det som ein kamp kvar meter Apen dreg seg ramover.
Det gjekk likevel beint fram betre enn eg hadde venta. Ikkje tørsta eg i hel, og ikkje smelta eg og rann ut gjennom dørene.  Lite vane som eg er med motorsyklar eller mopedar  fell det ikkje heilt naturleg kvar gong å finne rett gir. 
Nå er det avlessing av eit gammalt tak som er gjenfødt som nytt tak over lagerrommet her på Villa Felizia.  

Apen står klar i innkjøringa for retur, denne gongen bare med vekta av ein sjåfør, men den vekta er stor nok den. Du skal ikkje sjå bort frå at 4. giret også kan tas i bruk når det går svakt nedover. Bare det at Ceglie ligg ein god del høgdemeter over utgangspunktet her i kanten av Salento-slettene.

torsdag 16. juli 2015

Bil og krom for gromkarar

Fiat Multipla var ein av bilane eg vurderte for eit par år sidan som aktuell for vår bruk her ned i Puglia.

Om denne er til salgs veit eg ikkje, men ein heilt utruleg bil er det. Det er vel gjerne Fiat 600 den er bygd på. Plass til 6 personar. Spør om ikkje Fiat har stelt med fleirbruksbilar ganske så lenge.

Bilen eg vurderte var denne:  Den har vel ikkje meir enn namnet til felles med smykket over.
Kanskje ein av dei styggaste bilane Fiat har laga, men veldig praktisk med plass til 6, 3 framme og 3 bak.

Ein ting held eg mot gjestene i veka som var. Dei kom hit med feil fartøy. Fly, kva er vel det når dei kunne kome gult og kult duvande i ein 65 modell Mustang med utan tak som gutane våre sa når dei var små. Ein gong heilt tilbake til sommaren 1990 var kommentaren utanfor Sørlandsenteret når en cabriolet parkerte ved sida av oss: Dei skal inn og kjøpa tak.
























Ingen tvil om at dette burde ha danka ut både bubil og fly. Tenk deg bare langs sjøen inne i Brindisi, cruisande i denne med litt VROOM   VROOM innimellom.

Litt av kvart frå ei ferieveke til glede og hugnad

Det er varmt, det er godt, det er mest meir enn godt. Godt nok er det iallefall. Men kva tid er det nok. Når jakken fer er det godt og varmt. Når skjorta fer er det godt og varmt. Når buksa fer er det framleis godt og varmt, men der går visst grensa her i garden. Nå skal eg vere snar til å vedgå at eg har ikkje kropp heller til å sprade rundt i bokserar, hjelper ingenting om den er aldri så fin, bokseren.

Om det er varmen som gjer det veit eg ikkje, men i dag prøvde eg same stunt som Hildegunn, dotter av syster Ingunn gjorde for aldri så mange år sidan. Ho var meir grundig enn meg. Kort sagt, skal du gjennom ei dør, pass på at du får alt med deg før du lukkar den att. Har døra stål eller aluminiumskantar funkar den som avbitar. Hildegunn tok bare litt av tuppen, eg tok endå mindre. Litt upraktisk i innspurten av vask og rydd før første innrykk kjem, men ein gammal eingongshanske held skinnfilla på plass både ved oppvask og golvvask.


Hadde eg vore litt snarare til å slenge att døra, kunne eg fort nok ha hamna i kø på akutten på Ospidale Antonio Perrino i Brindisi.
Nå slepp eg kanskje unn oppvasken eit par tre dagar. Eingongshansken var ein eg hadde med meg heimefrå til påske, for å pakke shampoen i . Dumt med shampo "all over" i toalettveska etter flyturen.
Oppvaskmaskinen tok til å opptre ganske så forvirra i slutten av påskeferien. Nokre gonger ville den arbeide, andre gonger nekta den. Meir samarbeidsvillig har den ikkje blitt fram til nå.
På COOP, kor elles?, i Brindisi fekk eg stadfesta 3 års garanti, så i dag får den turen tilbake til butikken og eg får håpe det ikkje tek altfor lang tid til dei har fått gjort noko med ubesluttsomheten til Bosch-en.

Når det gjeld alle leikene mine som forsvann, vart eg mest litt redd at Intasure hadde ny policy. Heldigvis var det bare det at eg hadde ringt dei kl 8 lokal tid her, og i England er det godt før opnningstid. Når eg endelig fekk skikkeleg napp hos ein kundehandsamar viste han endåtil ein god porsjon medynk med den uheldig nordmann. Eg fortalde om carabinierien som spådde heile huset borte i 2016, då lo kundehandsamaren. Han lo, og deretter beklaga han at han lo. Kva anna kan ein gjere sa eg. Eg kunne ikkje heller anna enn le.

Gjester landar, gjester lettar. For ei veke sidan landa dei første på Aeroporto Salentino Brindisi. Av huset sine eigne var bare halvparten representert, men frå laurdag var me fulltalige. Sakkyndige rapportar er plassert der di skal vera og ho som står for dei kunne endelig la hovudet kvile. Når ein har passert 60 får ein ei ekstra veke ferie, så denne sommaren vert det meir avkopling enn det har vore sidan PPT for 12 år sidan fekk ny medarbeidar.

Gjestene som for kunne gjerne vore lenger. Skikkeleg gilde folk, og absolutt 0 stress. Litt farting hit og dit fekk me tid til. Mat av ulike slag fekk me og med oss. Her er nok å ta av. Vårt eige friluftsbad held ein temperatur på ca 30 og deet er absolutt nok. Blir det meir varme i vatnet nå får eg tappe av noko av det varme og fylle på frå dei underjordiske kjeldene. Ph verdi ser bra ut, trneg ikkje noko justering av den så langt. Litt lite klor endå, men ingen grunn til sjokk-kloring. Me vil ikkje ende opp som likbleike gjenferd etter ein litt lang dupp i det avkjølande badet. Det Joniskehav lokkar med lange sandstrender. Nå i juli er det god plass, ein treng ikkje sitje i fanget på kvarandre for å få plass mellom ferierande italienerar slik ein mest må i august som er den store feriemånaden her sør.


Porto Cesareo er ein fin liten ferieby litt lenger sør på hælen enn der me har vårt hus.
Adriaterhavet er og vel verdt turen. I går kveld var bølgene passe høge, vatnet passe varmt, alt stemte like til klesskifte oppe ved bilen. Me hadde skift med oss for å reise direkte til Ostuni. Ikkje ein einaste av mine mange fargerike bokserar hadde eg hugsa å ta med. Kvit tynn shorts var plagget mitt for kvelden. For å sei det slik, og etter at Anne Marie hadde kvalitetssikra, det skjult akkurat nok til at plagget var aksetabelt. Litt sid T-skjorte hjalp og.
Me fann oss ein fin stad i Ostuni. Midt i ein trappegang ligg det ein plass der dei serverer rett så god mat midt i turistriket. Me hadde benka oss vel rundt bordet, då Aasa brått hang fast. Ho hang rett og slett heilt fast i stolen. Ser de nærare etter på stolen skjønar de kanskje korleis det kunne gå til. Etter god jobbineg og litt assistanse vart ho sett fri.

Men trur du ikkje hempa på shortsen min og sette seg fast i min stol. Hadde eg vore meir travel av meg, ser eg for meg korleis det kunne ha enda. Full fres over golvet med stolen dinglande bakpå. Etter nokre steg bortover golvet dingla ikkje stolen lenger, den slepte på golvet. Kva som då ville dingla kan vel snautt nemnast, men pinleg trur eg det ville vore for oss alle. Det gjekk godt og godt var det.
Medan  me har hatt gjester, har eg skaffa materiale til å erstatte det gamle taket der fantane tok eg inn og stakk av med mesteparten av motoriserte reiskapar. Enkelt sagt, riv eit litt mindre provisorik ta enn det som var her.  Før du tek til på arbeidet skaffar du deg Piede di porco
Det som heime heiter kubein, heiter her grisebein.
Fint om ein skal rive, kanksje fint og om ein skal leite etter det som eigentlig høyrer heime i vårt lagerrom. Ein lærer heldigvis av erfaring. Nå blir alt kostbart og motorisert lagra inne i sjølve bunkersen, nei huset meinte eg. Betre sikra enn huset her er nå, går det ikkje an å få det vil eg tru.






















Etter nokre timar i solsteiken er gamletaket fjerna. Straks gamletaket kom med vart det nyetak. Nå er det nyetaket som ligg lasta opp på Apen, klar for transport dei 26 km hit. Om eg heilt veit kva eg har gjeve meg ut på er eg litt usikker, men eg har sagt A og då lyt eg vel seia B og. Det er eg som skal kjøre. Det går som regel godt.
Ta gjerne ein kikk her når du først har lest ferdig min blogg.

lørdag 4. juli 2015

Brett ut og bøy helt tilbake

"Brett ut og bøy helt tilbake". Før skrukorken kom på melkekartongane var det instruksjonen på kartongen. Nokon tenkte visst på anna enn melkekartongar, men det trur eg ikkje eg vil gå nærmare inn på her. Samme hur, vil du inn ein stad kan det vere ok å bruke framgangsmåten nettopp "Brett ut og bøy helt tilbake".
Etter å ha skaffa meg  hovudrolla som naiv nordmann på tur til olivenlunden vår, gjekk det rett over i ny hovudrolle: Nå som " relativaa "FURTO IN ABITAZIONE RURALE". Siste års innsats med installering av alarm direktekopla til Vigilanza VigilNova i tillegg til grundig sikring av huset med gitter for alle vindauge og dører gjer det koselige huset til nærast ei armert festning. Manglar sjølvskot, men ikkjevaldeleg som eg prøver å vera , så passar det ikkje inn med slikt som smell og i verste fall påfører skade.
I portstolpen finn ein strauminntaket der ENEL måler kor mange kilowatt me tek i bruk. Skapet er låst, men når eg kom hit seint på kveld 1. juli stod det oppe. Det må finnast eitt eller anna triks for å opne slike skap utan å øydelegge eller lage merke. Tenkte ikkje så mykje meir på det. Låste opp porten; "tutto bene" kunne eg konkludere. Ingen mus i hus kunne eg konstatere. Innstengt ja, men med vindauge som kan opnas, var det eit svært forbigåande problem. 

Etter ei betre natt enn nettene i Giottilinen på veg sørover gjennom Europa, var det klar for innsats. Me får gjester om ei veke og då skal her skina.  Med fleire store tre i tunet blir det ganske mykje lauv som må sopast, eller rettare sagt blåsast bort.
Med ikkje mindre enn tre låspunkt ser denne døra trygg ut. Påsveisa tunger for hengelås gjere det umogelig å opne her utan rett og slett å ta døra ut saman med karmen.
Denne døra er nyare, men nok enklare  kome inn gjennom. Begge desse dørene er sikra med magnetkontakt, slik at om nokon opnar dei vil VigillNova bli alarmert. 

Lauvblåsaren har blese avgarde. Kor har eg ingen aning om. Høgtrykksspylaren har truleg teke same vegen, likeeins grastrimmaren, motorsaga, ei handsag, ei bensinkanne, totaksolja til lauvblåsaren og ein kabeltrommel med 20 meter skøyteledning. Dørene var som sagt urørt så lang eg kunne sjå. 

 
Ein gammal appelsinkasse med delvis utslitne sko må vere grunnen til at alt innomhus har fått fred denne gongen. Betre det enn besøk inne. Elles er det tydeleg at mus går etter damelukt, med andre ord tydar det på at dei er kvalitetsmedvitne. 
Mine første tåsandalar ever har overlevd museåtaket utan merke i det heile.

Anne Marie sine har blitt krafsa og rivne i til det heilt ubrukelege. Ein treng ikkje forske på det eingong. For mus er damer meir attraktive enn menn.
Der mine motorisert leiketøy med unntak av jordfresaren skulle stått, der var det tomt. 

Eg visste snautt at eg var gift med ei krimdronning og har ein son med tydeleg det same genet. 
Sjå opp, og der har me funne løysinga. Bortimot Bibelsk. Bare der var det ein som vart firt NED gjennom hol i taket. Den eller dei som har vore på ferde her, dei har heist noko OPP gjennom holet i bølgepappen som dei laga ved å "brette heilt ut og bøye tilbake". 
Litt hard har det gått for seg. Denne sprekka i taktekkinga har eg ikkje sett før.
 Platene er skrudde fast med pakningar for å halde tett.
Den delen av taket som er "bretta heilt ut og bøyd tilbake" er bare lagt nedpå utan at nokon har teke seg bryet med å feste platene att. 
Eit jamt støvlag oppå dagtanken for vatn har tydeleg spor av at nokon har vore der.
Idyllen er IKKJE broten. 

Meggi, vår venn frå Taverna di Pascalone assisterte då eg måtte oppsøke Carabinieri for å melde tapet. Triveleg kar han bak skrivebordet. Same mann eg traff sist eg var der. Nå var maskinpistolen på bordet vekke, men krusifikset på veggen var der framleis.
Du kjem vel att i 2016 og, sa caribinierien. Då er det vel heile huset som er borte. Eg svara at eg såg på det heile som ein del av sommarunderhaldninga ved å vere i Puglia. 
Dei tok eit heilt bad ein plass, fortalde han. Do, bidet, vask, badekar. Endåtil røyrane tok dei med seg.

I dag ringde eg Intasure som forsikrar huset. Dei tek kontakt att på mandag pr telefon sjølv om eg sa at her ikkje var dekning. Kanskje dei ringer på Skype, for det sa eg at eg gjorde. 

Utstyr for omtrent 9250,- må skaffast på plass att. Merkelig at dei 90 kronene frå Q8 stasjonen nord for Bari klarte å frustrere meg meir enn dei 9250 kronene som forsvann nå. Eg tur det må ha med det å gjera at blikka mannen og dama på bensinstasjonen sende den naive  frå nord var mykje meir trøttande enn tapet av ein snau hundrelapp.