Gallipoli skal vera ein bra by, med ein litt spesiell gamleby som ligg for seg sjølv ute på ei halvøy. Santa Maria de Leuca, sørlegaste punktet på Salentohalvøya vil me og ha med oss. På veg vidare mot Otranto, austlegaste punkt av Italia tek me ein stopp for å få med oss Grotta Zinzulusa. Klarer kanskje ikkje for å gjenta bragden fotografen her klarte, men etter reklamen å døma er der fint. På veg frå Otranto og nordover vel me kystvegen, og får då med oss Roca Vecchia. Sjøen har vaska ut holer i grunnen slik at det har blitt laga ganske så spektakulære gangar for vatn og luft. Gangane er ikkje til å gå i, det er lyden av naturkreftene som blir så spesiell.
Så vart det brått endring i planane. Når ein les Thursday for Tuesday, hadde det visst vore betre med dei italienske namna på desse dagane. Martedi og Giovedi er i allefall vanskelig å ta feil av.
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEgkSJ01cqkQNQ96XaTy4hgSDQYXaiZJLWKeqjaSWFu8QNbaj5tW1qlnnOAiNlfbf5mEiqM7vMv9LqdbY1NgKZhT48MtWQkFWMeb06vncdnLKkfzcIrvL4L9FOlxfX4PwZvjhYKoIMsn4P0/s200/kontor+argentiere+%25282%2529.jpg)
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEgr97CyW2Z2ez4VN-P2lWeapa2ewyf9ruJxTx_yIApm4_PWjHuGiqDOtOIXXG7_6Sku01slzLreQpqvwxEUF23VgEP3dslMaYbou-C3EGOaJKk-ZjsoBUTA20a0Fs4brEJXzRFkJKNQn4w/s400/kontor+argentiere+%25281%2529.jpg)
Agronomen eg hadde avtale med i går torsdag, venta meg på kontoret på tirsdag, for han var visst Thursday og Tuesday til forveksling same dag. Tirsdag var eg oppteken, torsdag var Marco oppteken.
6 underskrifter på diverse papir og bryet med å møte på kontoret i Mesagne er absolutt verdt det i Euro og cent. Trea våre gjev oss ei inntekt på ca 280 Euro kvart år før avlinga er henta ned.
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEjYj48Dv2VRSoVArE3wsKeimi41XEgR2jVOX5WTYGdD2TThOnfBNfMnFuKqJ10duje6_daM7PBhBPJ3BHHevKLPplH3SKtu6usGsE4dsYvpORgKWFiqtjmx7CxumAbIlpD2jtgmVCDaSZs/s200/20150524_155617.jpg)
Nei, nå hamna eg visst på vidotta. Det eg ville ha sagt er at mine 6 underskrifter kunne avgis i dag, Venerdi, på Marco Argentiere sitt kontor i Mesagne. Turen vår Salentino rundt får starte i morgon. Reknar med at om me held oss unna motorvegane, unngår me det verste kaoset i starten av den italienske fellesferien.
Elles var det gladmelding i går. Helge fekk flytta reisa si fram 4 dagar. Gildt for han. Gildt for oss. Han fekk fjorårets Pugliaopphald såpass begrensa, at nokre dagar ekstra nå er ikkje anna enn rett og rimeleg. Ingen fotballkamp for Eikefjord denne gongen siste dag for avreise sørover, så om det skal bli nytt opphald på Ospidale i Brindisi, blir det ikkje grunna lærkula.
Då var det gjort. 6 underskrifter i eit dokument eg ikkje eingong treng prøve meg på å lese. For meg komplett kaudervelsk, men likevel grunlag for ca 280 Euro. Tok kanskje 3 minutt heile seansen. Det blir faktisk ei timelønn som eg elles aldri har vore i nærleiken av. 50 tusen norske om eg hadde halde fram og skrive namnetrekket mitt i ein heil time. Men så kan det vera siste gongen me får pengar på konto på denne måten. Sylvia sine tankar om landbruk har visst eit svært så stort nedslagsfelt. Eller er det slik at ho har lista seg rundt nedi EU-land og snust seg fram til korleis ho kan gjera for å ta strupetak på dei små. Ikkje for det, dette er på ingen måte strupetak på oss. Eg undrast fælt då eg første gong fekk greie på denne oliventrestøtta. Kjenner det slett ikkje urettvist om me frå nå av må klara oss utan desse for meg litt morosame pengane.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar